Uskedalens anerkjente tindebestigar Morten Nilsen gjer no ein ny kreativ satsing på heimebane - han arrangerar ein fjelldag kommande laurdag. Dagen kune like gjerne ha overskrifta Nåso til topps.
Men Morten satsar på å bestiga Uskedalens stolte og 1248 meter høge fjell frå ein uvanleg vinkel med det han kallar ei fjellsportgruppe. Ei turgruppe satsar på den tradisjonelle ruta. Turopplegget skjer under Kvinnherad Turlag sin paraply.og startar klokka 9.15 frå Sandakaien.
Morten Nilsen satsar no på tur på heimebane
Fjellsportguppa skal gå opp Akslo og Morten kallar ruta ei alternativ rute for den meir turvante. Ruta går opp den venstre ryggen i Geitedalen til Høgateen. Morten lovar å sikra bratte og utsette parti undervegs. På toppen av ryggen kryssar gruppa ein egg med luftig utsikt. Til toppen tek ruta 5 timar. Frå Høgateen skal gruppa gå normalruta saman med turgruppa. Klatreutstyr kan lånast av turlaget.
Bjørn Olav Tveit på eggen (Foto. Morten Nilsen)
Turgruppa skal gå den vanlege ruta opp frå Kalkstasjonen. Det kan verta noko venting på toppen der gruppene møter kvarandre.Vert det regn, vert berre denne lette ruta gjennomført. Fjellsportgruppa får skyss til Geitedalen medan dei andre set bilane ved Kalkstasjonen.
Morten satsar på eit heildagsprogram som også byr på fjellkveld på Systrene Nilsen. Han syner film, fotos og fortel frå ymse fjellturer, ikkje minst i Andesfjellene og Himalaya. Han presenterer turopplegget som han skal ha i haust og ynskjer også andre velkome med materiale. Denne delen av fjelldagen startar klokka 19.
Morten kan kontaktast på 45002059 eller på morten.nilsen84@yahoo.no
Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
Morten saman med 2 kameratar på toppen av Himalaya