Bli med på orreleiken! |
|
| |
Etter mange netter på orreleik og tiurleik er det ikkje vanskeleg å slå fast at dette er ein av dei mest fascinerande naturopplevingane ein kan ha. Og no om dagen utfaldar skodespelet seg att - ikkje lenger unna enn på Storhaug! Vil du oppleva det kan du bli med Barnas Turlag på overnatting i lavvo frå laurdag til sundag. Men då må du ringa til Knut Berge Eik og melda deg på - nummeret er 959 67 811.
|
| |
Han skal vera turleiar saman med Bjørn Olav Tveit og fortel onsdag føremiddag til uskedalen.no at 10-12 førebels har meldt seg på. Ein ynskjer at foreldre med born i skulealder vert med og har ei grense på 25 deltakarar. og 6 år som aldersgrense.. |
| |
Prisen er berre 100 kroner pr. familie og føresetnaden er at ein skal ta med mat sjølve. Lavvoen sørger turlaget for og det blir leik og bålkos i ventetida fram til orreleiken startar, grytidleg morgon. |
| |
Vi veit at det i fleire dagar har vore stor aktivitet av fuglar i området og bileta her understrekar det. Dei er tekne av fotograf Atle Helland som plar å fotografera på leiken kvart år. Men i år ettterlyser han hønene, som glimra med sitt fråver Kanskje kjem dei til helga? |
| |
Deltakarane skal møta ved Grano klokka 14 laurdag og køyrer i eigne'bilar så langt det går opp skogsvegen før dei går den siste biten fram til teltplassen. |
| |
FAKTA OM ORRFUGL * Høyrer til hønsefuglfamilien, orrhanen er vel 50 centimeter og orrhøna vel 40. Hanen er svart med blålege fjær på brystet, høna er brunspraglete |
| |
* Samlast på faste spelplasser om våren, hekkar til juni med 8-10 egg på bakken, |
| |
* Hanane er eit syn når dei spelar i oppreist stilling og utspilt stjert. Den boblande lyden kan høyrast langt og særleg den kraftige sjoinga 'tsjoo-yysch'. Høna kaklar 'kakakaeeæ'. |
| |
* Orrfuglen et knoppar både av lauvtre og bartre og også blad og bær samt insekter. |
| |
| Av Ola Matti Mathisen |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
|
|