Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

2011 eit godt år for Uskedalen

10.01.2012
Klikk på bilete for full storleik
Mange svingar seg på Dønhaug, mellom andre Berit Harriet og Ivar Kåre Døssland. No kjem også Festidalen dit (Foto:Ola Matti Mathisen)
 
2011 var på alle måtar eit godt og innhaldsrikt år for Uskedalen.
Mykje samfunnsnyttig arbeid vart utført, mykje er under arbeid
og det føreligg planar for framtida.
I stikkordsform vil vi oppsummera året slik:
 
Klikk på bilete for full storleik
Hagetunet er eit vellukka prosjekt og fleire kjem. Gunnar Kjærland trivs i ny bustad. (Foto: Ola Matti Mathisen)
* Det føreligg godkjende reguleringsplanar for bustadbygging i
øvre og nedre Halsabråtet og det fyrste huset er på plass i
Ospelund byggefelt
* Det kjem fleire hus til i Skårhaug
* Det er semje om vidare utvikling av Rabben feriesenter og Øyro Marina
* I veka før jul vart det montert vegljos på vegen ned til Beinavikjo
* Vegen ved Dønhaughølen på Øvre Fet er sikra og utbetra
* Busslomma på Ljosnes er på plass
* Kloakkreinseanlegget for sentrum er i drift
* Børnes Industriområde med kaien er langt på veg rydda for skrot.
Det føreligg planar for vidare utvikling av område.
* Uskedalen Brygge AS har starta arbeidet med dei siste
bueiningane i Beinavikjo. Med ei ferdigstilling høyrer 20 seksjonar til
Sameiga Uskedalen Brygge.
* Bustadprosjektet på begge sider av vegen i Myro er fullført
* Kvinnherad Vekstbedrift ( før AFA ) gjer grunnarbeidet for
ei større utviding av sine produksjonslokale
* Hjønnevåg utviklar nye produkt av høg kvalitet og har eit godt
omdøme som fiskematprodusent
* Vegen ned til skulen er utvida og asfaltert.
* Alle formelle vedtak er på plass for oppstart av bygging på Eikelandet
* Bustadfeltet langs riksvegen på Eik fyllest opp
* Kafe TIaren har funne si form og det er montert nytt kjøkken i Gamleskulen
* Spar Uskedalen har starta arbeidet med ei større utviding av
butikken og parkeringsplassen
* Systrene Nilsen driv restaurant og Myklebust kai er renovert
* Dønhaug Feriegard har funne si driftsform og plassen er særleg profilert
som ein av dei største låvedansarenaene på Vestlandet
* Det er montert ei rekkje turskilt med kart og informasjon om fjellturane i Uskedalen
* Arbeidet med å profilera Uskedalen som eit besøksmål held
fram med mellom anna ny informasjonsbrosjyre,facebookside
og mykje positiv omtale av tilreisande gjester
* Nettsida uskedalen.no med langt over 1000 brukarar i døgeret held fram med
god og fylding informasjon om det som skjer i bygda
* Eit eige kultiveringsarbeid i Uskedalselva syner gode resultat og elva
er rekna mellom dei beste i regionen
* Mange grupper finn vegen til klatreveggen i Ulvanåso og fjella i Uskedalen
er eit kjend utfartsmål i Sør Noreg
* Friheim gardsmat merkar eit aukande besøk og det er stor interesse for produkta deira
* Eidsvik skipsbyggeri er sikra nye kontraktar
* Uskedal Trelastlager er ei tradisjonsrik verksemd med vekt på kvalitet iutført arbeid og vareutval
* Auto 88 med ei tilpassa driftsform er etterspurd og vert nytta av kundar frå heile kommunen
* Vi har lukkast med aksjonen Fyll opne butikkvindaugo, no sist ved
at ei verksemd for kjøleservice tek i bruk butikklokala som i si tid var Jac.Haugland eft.
* Uskedal Vassverk har styrkt sin stilling med dei siste godkjenningar for ei sikkker vassforsyning
* Det føreligg planar for renovering av Uskedal skule. Den fyrste løyvinga er sikra i budsjettet
* Kommunevalet 2011 var eit godt lokalval for Uskedalen med 6 mandat,
representant i Formannskapet og medlemer i sentrale råd og utval
Så har vi mykje å gle oss til i 2012.
 
* Festidalen førebur ei stor kulturell hending på Dønhaug 2. helga i august.
* Planarbeid for renovering av kjellaren i Gamleskulen vil ta til.
* Ei von har vi og om ein stadanalyse som eit grunnlag
for vidare arbeid med ein sentrumsplan
 
Ei oppmoding til slutt.
Tenk positivt, tenk samarbeid og tenk bygdeutvikling til beste for kvar
einskild og for fellesskapet.
Kom og ver med i eit samfunnsgagnleg arbeid for ei betre bygd å
bu og feriera i.
 
Uskedalen Utvikling
Kristian Olav Bringedal
Arbeidsgruppe for informasjon, turisme og profilering
 
Klikk på bilete for full storleik
Dette området har eitstort potensiale for utvikling
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
Fangsresultata vert registrerte på Elveguiden.no
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no. Det er tilgang for alle som er registrerte som brukarar ved å lasta ned ein app. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 8 kg. Nytt namn på elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
Siste Nyhende
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
07.07.2020
Drenering og nye massar før asfaltering.
Det er utført eit stort og omfattande arbeid ved Kunsgrasbanen dei siste veke. Musland Maskin har hatt fleire maskinar i arbeid med masseuskifting, drenering og planering før asfaltering i slutten av denne veka. Det er mellom anna midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjer det mogeleg å ferdigstilla ein ny del av prosjektet Gull av Grus. Løyvinga var på kr. 500.000,-
07.07.2020
Kjenner nokon til denne båten?
Frå tid til anna dukkar det opp ukjende båtar på båtplassene i hamna til Uskedal båtlag.  No har båten på biletet lege i hamna ei tid utan at båtlagstyret har kjennskap til eigaren.  Dei bed difor dei som har kjennskap til båten om å ta kontakt snarast.  Viss ikkje det gjev resultat, seier båtlagsstyret at dei vil ta kontakt med politiet for å undersøkja om dei kan hjelpa til med ei løysing.
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS