 |

Uskedelingar mottakarar av Kulturprisen | | | | Uskedelingane Jofrid Eik og Siv Framnes, som sit i styret for Kvinnherad Turlag, var blant mottakarane av Kulturprisen for 2011 då han vart utdelt i Rosendal Samfunnshus i kveld. Laget har drive aktiv kulturarbeid i mange år og ordførar Synnøve Solbakken sa at kommunen er heldig som har slike entusiastar som dei i laget.
| | | Leiar Anne Karin Enes syntes laget fortente prisen og trakk fram turleiarane som gjer eit så omfattande turprogram mogeleg. Ho rosa alle idealistane i laget som merkjer og vedlikeheld alle løypene året rundt. Ho berømma også dugnadsfolka for vedlikehaldet av hyttene og slo fast at svært mange bidrar til å gje folk gode naturopplevingar. Arbeidet er samfunnsnyttig av omsyn til folkehelsa og og trivselen ved å bu i kommunen, heldt leiaren fram
| | | På biletet står sju frå styret slik frå venstre: Siv Framnes, Svein Bergseth, Anne Kari Enes, Jan Helge Opsanger, Bunnlaug Vågen Tjelmeland, Sigve Solheim og Jofrid Eik.
| | | | Tekst og foto: Kristian Hus, HusnesNett
| | | | | | | | | | |
| |

 | | Siste Nyhende | | Berre sal av døgnkort i elva | | Les meir | [23.05.2013] |
|  | | Kommunen positiv til riving på Skorpo | | Les meir | [23.05.2013] |
|  | | Meir markering av stemmerettsjubileet | | Les meir | [23.05.2013] |
|  | | Gymstick avlyst i kveld | | Les meir | [23.05.2013] |
|  |
|  |  | | Teljar | Antal besøkjande siste døgn: | | 1449 |
|  |  | | Sponsorar | |  | |