Ny siger for Nesjarane! |
 | | Sigerslaget Nesjarane besto denne gongen av Mariann Pedersen, Birger Myklebust, Dag Hermansen og Berit Lappegård. Her er laget saman med programleiar Morten Nilsen. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
| |
| Det er ikkje lett å setta til veggs det lokale quiz-lag Nesjarane. Det fekk konkurrentane erfare også under runde nummer 4 som gjekk på Vertshuset i kveld. Men overlegen var kvartetten ikkje, det vart eit nytt spanande oppgjer der ingenting var avgjort før i siste runden - som var Tiaren med ordførar Synnøve Solbakken som oibjekt. |
| |
| Veit du kva nypresten i Uskedalen heiter og veit du kven som no har vore generalsekretær i Europarådet det siste året? Dette var to av dei over 40 nøttene som laga vart sette til å knekka. Det var stor spennvidde over spørsmåla som Torfinn Myklebust og Åse Sivertsvoll hadde klekka ut. |
| |
| Dei var nok eit hakk vanskelegare enn i førre runden og det lukkast då også betre denne gongen å skilla klinten frå kveiten. |
| |
| Nokre lag kjem, nokre går og nokre består i alle quiz-arrangement og det var fleire nye og spanande og tildels skarpskodde innslag i denne runden med omsyn til mannskap. Til dømes stilte jentene på SPAR med ein kvartett og frå Omvikdalen kom ein kjent kar inn i laget som kallar seg Bringebust, det var Lars Børge Seberg. For ikkje å nemna det nye laget Skorpo 1. Men også gjengangarar som Stord 1 hevda seg nok ein gong. |
| |
Vertshussjef Morten Nilsen leia runden sjølv også denne gongen og hadde god hjelp av personalet. Leiinga blir meir profesjonell for kvar gong. - No går det snart av seg sjølv, var kommentaren hans i kveld.
|
| |
| Også denne gongen var premiane gåvekort - på 700, 400 og 250 kroner. |
| |
7 lag var med medan det var 9 sist.
|
| |
| Her er resultatlista: |
| |
| 1. Nesjarane 54 |
| |
| 2. Skorpo 1 50 |
| |
| 3. Bringebust 48 |
| |
| 4. Stord 1 48 |
| |
| 5. Byggmester Stensletten 41 |
| |
| 6. Sparjentene 29 |
| |
6. Old Boys junior 29
|
| |
| Av Ola Matti Mathisen |
| |
 | | Lars Børge Seberg kom inn på laget Bringebust som frå før besto av Linda Bringedal og Svein E. Myklebust. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
| |
|
|
|