Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Største laks førebels: 4,5 kilo

Klikk på bilete for full storleik
Leif Magne Jordal er ein av storfiskarane i Uskedalselva.
 
Det har førebels ikkje vore nokon stor fiskesesong i Uskedalselva, men ein av dei som har fått storfangstar i elva før leiar i statistikken også i år.

 

Det er Leif Magne Jordal, til daglag postbud i Fyllingsdalen i Bergen, som har fått ein laks på 4,5 kilo. 

 

Jordal har gjennom åra vore ein flittig fiskar i Uskedalselva, men i år har han vore her berre to gongar.
 
Det har samanheng med at vassføringa har vore svært beskjeden. Jordal fekk laksen då det endeleg kom eit regnskyll.
 
For 3 år sidan fekk han ein laks på 10,22 kilo ovanfor Dønhaughølen, noko som var både årsrekord og personleg rekord.
 
Leif Magne har fiska i elva sidan han fekk hytte i Herøysund for 20 år sidan. Helst nyttar han wobbler og det gjorde han også få 10-kiloslaksen beit på i 2007. Men det gjorde han ikkje då han tok 'årets laks'.
 
Det har vorte teke ein god del aure sidan fiskestarten 1. juli, men få laksar og ingen verkeleg store. - Det er nok ikkje mykje fisk på elva no, seier Leif Magne.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Spørsmål om klatreveggen
Les meir[09.09.2010]

Treng konsesjon for kraftverk i Mauranger
Les meir[09.09.2010]

Inn på tunet framleis i Uskedalen
Les meir[09.09.2010]

Kven har Vonheim-stoff?
Les meir[09.09.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS