 |

90-åring i Odalen les Uskedalsposten |  | | Tormod Myklebust les Uskedalsposten. |
| | | På tur inn frå Sverige over Kongsvinger gjer vi eit kort stopp på Skarnes i Odalen og møter Tormod Myklebust frå Uskedalen. Han er 90 år og onkel til den Tormod Olav Myklebust vi kjenner i bygda vår. | | | Tormod på Skarnes er nr 4 i ein syskeflokk på 6, fødd i 1920 og kjem frå bruk 14 på Myklebust. Foreldra hans er Anna og Amund T. Myklebust. Tormod Mykelbust fortel levande frå heimbygda, minnest godt barndomen sin, hendingar før og er godt orientert om korleis bygda har vakse fram. Han kjenner mange på namn og kan lett sei kva tun og slekt dei kjem frå. Tormod Olav i heimbygda sender han Uskedalsposten og på Skarnes finn vi dei i samla utgåve. | | | | Det vert tid til kaffi, is og kake. Ein kjapp telefon og så er barn og barnebarn samla i stova. Trass si høge alder bur Tormod åleine utan heimehjelp i huset dei bygde på 1970-talet. | | | Sjølv har han laga trappene i huset. Tormod har nemleg hatt sitt arbeid i trevareindustrien på Skarnes. | | | | Det blir førebudd ein utfyllande artikkel om Tormod Myklebust på Skarnes i julenummeret til Uskedalsposten. | | | | | | | Av Kristian Olav Bringedal | | |
| | |  | | Kristian Olav Bringedal møter Tormod Myklebust på Skarnes. |
| | | | | |
| |
 |