 |

Overfylt med båtar også i Øyro |  | | Princess 54 til Martin Holme kjem på plass i Øyro, overvaka av hamnevert Egil Høgemark. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| | | Det var ikkje berre i båtlaghamna det vart sett årsrekord med 53 gjestebåtar natt til sundag. Det var også fullt i Øyro Marina med 16 båtar, fortel hamnevert Egil Høgemark til uskedalen.no Han gjev også uttrykk for eit luksusproblem - båtane har vorte så store! Tilsaman var det med andre ord 69 gjestebåtar i Uskedalen denne natta. | | | | I føremiddag kom ein velvaksen båt til på plass i Øyro. | | | | Martin Holme med familie frå Haugesund såg fram til eit nytt opphald på ein plass der han har vore før og vorte begeistra for: - Uskedalen er flott, ikkje minst for ungane, sa Martin som opprinneleg er bømling. | | | | Båten hans er ein nyinnkjøpt Princess 54 og akkurat no er den nok størst i hamnane våre. | | | | Men Martin preiserar at den eigentleg er midt på treet i familien ettersom den største Princess måler 105 fot!. | | | | Martins båt er ein 2006-modell og ny kosta den 10 millionar medan noverande eigar måtte punga ut med 6,5 millionar. | | | | Karakteristisk nok har Martin kalla båten 'No shame'! | | | | (Av Ola Matti Mathisen) | | | | | | | | | | | | | |
| |
 |