Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
Spørjeundersøking
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Usikker situasjon for Festidalen, ikkje festival i år

Klikk på bilete for full storleik
Kaizers spelar under Festidalen. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Festidalen er oppe i ein usikker situasjon. Det blir ingen festival korkje i år eller til neste år hvis ein ikkje klarer å rekruttera nye krefter, skriv Kvinnheringen i dag. Festidalen er avvikla 6 gonger sidan 2003 og det har naturleg nok oppstått ein viss slitasje blant eldsjelane. Det var også ein pause i 2008.

 

Av dei opphavelege er det no berre Daidalos Dahle, Eirik Sævareid og Sveinung Pile som sitt att i festivalstyret. Pile opplyser at det ikkje blir nokon festival i år. Men neste år kan det bli festival, for målet er at Festidalen skal leva vidare.
 
Målet for styret er no få opp eit nytt styre med den økonomi og tryggleik som må til og utfordra kommunen, lagsliv og næringsliv i håp om å få fleire aktive medspelarar.
 
I fjor var det 3.200 innom Festidalen, ein omsetnad på 1,5 millionar og 140.000 kroner i overskot.Pile peikar på at eit så stort besøk gir store ringverknadar og han er litt forundra over at kommunen og næringslivet har vore lunkne - med nokre heiderlege unntak.
 
Dei har hatt samarbeid med kommunen om 'Kom heim'-prosjektet, men føler ikkje at kommunen har gitt så mykje tilbake, til dømes for å løysa ut økonomisk støtte frå stat og fylke.
 
Eldsjelane bak Festidalen legg vekt på at dei har gått inn for å gjera festivalen til eit Kvinnherad-tiltak. Det er tungt å driva ein slik festival med berre 10.000 kroner i kommunestøtte. I fjor fekk dei minst av dei 8 festivalane i Kvinnherad med unnatak av Fjellstreif.
 
Kultursjef Kristian Bringedal seier at dei må ha eit politisk vedtak i ryggen hvis dei skal favorisera Festidalen. Han held fram at det er eit tap for Kvinnherad at festivalen ikkje blir arrangert i år, ettersom dette er ein av dei mest nyskapande festivalar vi har.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
Klikk på bilete for full storleik
Ein av frivillige-gjengane under Festidalen. (Foto: Kvinnheringen)
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Uskedeling med storverk om fjordabåtane
Les meir[31.07.2010]

Internasjonalt på Sandakaien
Les meir[31.07.2010]

Tagging på Skorpetrollet
Les meir[31.07.2010]

Kantslått også om natta
Les meir[30.07.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS