Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
Spørjeundersøking
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Snart klårt for nytt byggjesteg i Hagetunet

Klikk på bilete for full storleik
Tomannsbustadane skal liggja opp mot Geilo.
 
Hagetunet, som Uskedalen Eigedom byggjer sentralt i Uskedalen, er snart klårt for eit nytt byggjesteg.Det er byggjing av dei tre tomannsbustadane i området opp mot Geilo. 

 

Første byggjesteg, byggjing av fire bustader oppå den gamle muren, har allereie kome langt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Grunnarbeidet for tomannsbustadane er no igang. (Foto: Ola Matti Mathisen)
Johannes Hjønnevåg, ein av dei som står bak prosjektet, er svært godt nøgd med den jobben som er gjort gjennom vinteren.- Det er flinke folk som verkeleg har stått på, seier han til uskedalen.no. Det er Nedrevåg Trevare på Seimsfoss som har ansvaret for trearbeidet.  Etter avtalen skal innflyttinga her skje 15. juni.
Klikk på bilete for full storleik
Arbeidet med bustadane på den gamle muren har gått raskt unna. (Foto: Ola Matti Mathisen)
Kvinnherad Bygg søktes kommunen om løyve til oppstart med riving av eksisterande skur og grunnarbeid for tomannsbustadane. Då grunnentreprenøren hadde hatt stopp grunna frost og tele på andre prosjekt, var det  mogeleg for han å koma i gang på kort varsel. Arbeidet har no kome igang. I føremiddag var gravemaskinen i full verksemd på tomta.
 

Uskedalen Eigedom er i dialog med kommunen om løysingar for vatn og avløp. Mindre vesentleg endring av reguleringsplanen er godkjent og detaljendring av byggjesøknaden er under arbeid, opplyser Trond Rusten i Kvinnherad Bygg.

 
Johannes Hjønnevåg opplyser at det berre er grunnarbeidet som skal gjennomførast i fyrste omgang .Det står att ein del av prosjekteringa av tomannsbustadane. Så kjem turen til prisinga og endeleg kan marknadsføringa starta. 
 
Hjønnevåg antar at byggjinga av tomannsbustadane vil kunne starta før april er til ende.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Uskedeling med storverk om fjordabåtane
Les meir[31.07.2010]

Internasjonalt på Sandakaien
Les meir[31.07.2010]

Tagging på Skorpetrollet
Les meir[31.07.2010]

Kantslått også om natta
Les meir[30.07.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS