 |

Hjorten bukka under |  | | Bukken på Musland vart eit offer for den harde vinteren. |
| | | | Ein fire år gamal bukk som har vore observert i Musland-området dei siste dagane er no funnen død i vegkanten.Hjorten var kraftig avmagra og i svært dårleg form og er truleg eit offer for den uvanleg harde vinteren. | | | | - Det er no grunneigaren si oppgåve å fjerna hjorten, seier viltforvaltar Leiv Tryge Varanes til uskedalen.no. | | | | | | | Han har fått meldingar om denne hjorten fleire gonger i helga. | | | | Sjølv om vinteren er hard har Varanes så langt ikkje fått melding om fleire hjortar som har bukka under. | | | | - Men det vil slett ikkje vera uventa at det etter kvart kjem meldingar om fleire døde dyr denne vinteren. Eg finn heller ingen spesiell grunn til å beklaga at dei svakaste bukkar under, seier viltforvaltaren. | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |
 |