 |

Reguleringsarbeid i Halsabrotet |  | | Plangrensen er vist på denne skissa. |
| | | | Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS kunngjer no oppstart av reguleringsarbeid i Halsabrotet i tråd med vedtak i forvaltningskomiteen i fjor vår. Då gav komiteen løyve til oppstart av detaljregulering. Oppdragsgjevar er Erlend Bjørnebøle og heimelshavarar Bjørnebøle og Magne Huglen. Det heiter i kunngjeringa at føremålet er bustadområde med einebustad og fleirfamiliebustad med tilhøyrande leikeareal med meir. Området er avsett til bustadområde i kommuneplanen. | | | | Heile det aktuelle område er 34 dekar og føremålet er tilretteleggjing for ca. 15 bustader, vart det opplyst då saka vart handsama i komiteen.. | | | Forvaltningskomiteen la ei rekkje føringar for det vidare planarbeidet, mellom anna at ein ny adkomstveg skal vurderast nøye og at ein bør utarbeide ein kulturlandskapsvurdering. Anlegg for vatn og kloakk bør dokumenterast og bør vera i tråd med forurensingslova. | | | | Det heitte også at plangrensa burde utvidast fram mot eksisterande byggjeområde i vest og at planen bør visa tilstrekkjeleg med fellesareal og leikeplass innanfor planområdet.Vatn- og kloakknett bør vere på plass før bustader i området blir byggjemeldt. | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |
 |