Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Høyringsuttale 2 - frå Thor Inge Døssland.

24.03.2021
Klikk på bilete for full storleik
Thor Inge Døssland kjem mellom anna inn på det flott uteområde til skulen og barnehagen.
 
Uskedalen.no held fram med presentasjon av innkomne høyringsuttalar, registrert på kommunen si postliste. Thor Inge Døssland er til vanleg lærar på Vaksenopplæringa. Han er samfunnsengasjert og skriv ofte innlegg i media og på Facebook. Mange kjenner Døssland som fast skribent på uskedalen.no. Les fråsegna til Thor Inge Døssland.
 
 
Eg ønskjer å koma med nokre innspel til saka. Eg har ikkje gått gjennom heile planen, men eg har fått info gjennom begge lokalavisene. Dessutan meiner eg å kjenna Kvinnheradskulen godt etter å ha jobba i grunnskulen i Kvinnherad i rundt 30 år. (Rosendal ungdomsskule, Husnes ungdomsskule og Undarheim skule.)  
 
For meg verkar det som om Nordconsult og andre som står bak utarbeiding av planen, har hatt liten kunnskap om Kvinnheradskulen og barnehagetilbod i dag, og dei lokale tilhøva. Eg skal gje nokre grunnar for det.·
        
  • Den velkjende teiknefilmen skal eg ikkje kommentera så mykje, men den beskriv dei nedleggingstrua mellomstore skulane så langt frå realitetane som det er mogeleg. Det vil eg tru dei aller fleste ser. Det er eit partsinnlegg som ikkje høyrer heime i ei saksførebuing som skal takast på alvor.        
  • Nordconsult seier i oversikten Status og utfordringsbilete sett utanfrå at dei nedleggingstrua skulane har: Delvis 'fattige' uteområde. Dette er så feil som det kan vera, for dei fleste av desse mellomstore skulane. Ved mange av dei har det, ved hjelp av stor dugnadsinnsats av foreldre og lag, blitt opparbeida fantastiske aktivitetsområde! Det er svært respektlaust å omtala dette slik. Eg kjenner Uskedalen best, og brukar det som døme. Der er mange og varierte leikeapparat, klatrepark, kunstgrasbane, hytte, strand like ved som gjer det mogeleg å ha mykje utviklande uteskule. I tillegg er det mange turløyper i nærområdet som vert brukt flittig av både barnehage og skule. I fleire av desse er det bygd lavvoar og gapahukar som vert mykje brukt. I tillegg har dei også Aktivitetshuset som er bygt på dugnad, og no er det spennande planar om klatretårn som ein del av eit klatresenter i tilknytning til Ulvanåso. Andre mellomstore skular har også flotte uteområde. Eg har vanskeleg for å sjå at storskular kan erstatta noko liknande. Heilbom frå Nordconsult! Gjennom aktivitet på skulen vert det også naturleg for barna å bruka desse tilboda på fritida.        
  • Bygdeskulane gjer at foreldre og elevar får eit spesielt eigarforhold til skulen og barnehagen.  Dette har resultert i utallige dugnadstimar frå foreldregruppa og lag.  Dette viser att i m.a. uteområda som det hadde vore umogeleg å byggja opp utan denne dugnadsinnsatsen.  Ved å samla elevane i storskular vil denne dugnadsinnsatsen gå tapt. Det vil vera betydelege tap, også økonomisk, for kommunen.
  • Det nære forholdet til bygdeskulane gjev og muligheter for eit betre heim – skule-samarbeid.  For mange elevar er det behov for meir enn dei få faste møta mellom lærar og foreldre/elev gjennom året.  Dette er lettare å gjennomføra når behovet er der med nærleik til skule/barnehage.
  • Det vert hevda at med store skular vil ein få eit større og meir stabilt fagmiljø blant lærarane. Eg trudde erfaringane i Kvinnherad var at det er større gjennomtrekk av tilsette ved den største barneskulen enn ved dei mellomstore? Tek eg feil?
  • Å måla utviklinga til elevar veit vi er både samansett og vanskeleg. Nokre av dei som ikkje har jobba i skulen, har stor tillit til nasjonale prøvar. Vi veit at desse fortel lite om utviklinga til elevane, og at dei blir gjennomført ulikt frå skule til skule.
  • For å få god læring, er trygghet viktig.  Dette meiner eg elevane får ved oppvekstsentermodellen som vi har i Uskedalen og andre bygder med trygg overgang frå barnehage til ein mellomstor skule i det same området.
  • Mange av skulane, som er føreslått nedlagde, har eit særs godt elevgrunnlag for å gje eit godt pedagogisk tilbod. Elevtalet vil alltid gå i syklusar. I Uskedalen til dømes har tilgangen på byggeland hatt stor innverknad på dette.  Før oppstarten i Korsnes byggefelt hadde vi ein betydeleg nedgang.  Byggefeltet gav ein solid oppsving. No har vi hatt ei tid med liten tilgang på byggeland og bustad. Det gir sjølvsagt utslag. No er det stor aktivitet i Ospelunden, og vi vil hausta fruktene av det framover.  Berre sidan nyttår veit eg at det er flytta inn to tilflyttarfamiliar med 4 barn under skulealder. Det kan verta fleire.  Det blir i følgje utbyggar stor aktivitet utover dette året.
  • For elevane ved Malmanger og Undarheim er eg også ganske sikker på at større skular ikkje vil vera ei forbetring av det pedagogiske tilbodet deira.
  • Eg syns også at det er merkeleg at storskulen for indre luten blir plassert i Rosendal i planforslaget.  Dersom ein tenker på litt lengre sikt, burde elevane frå Maurangerområdet fått tilbod om skule i Odda. Det må gå an at dei to nabokommunane gjer avtalar om dette. Trygg og kortare skuleveg, og på fritidsaktivitetar vil det vera lettare for dei å trekka mot Odda.  Elevane frå Gjetingsdalen går vel i Jondal?  Dermed vil eit klart fleirtal av elevane ved noverande Malmanger skule komme frå området Seimsfoss – Skåla.  Det vil vera heilt unaturleg og korttenkt å plassera den nye storskulen i yttergrensa av krinsen. Etter mitt syn er Omvikdalen ei langt meir naturleg plassering.
  • Ved sentraliseringa vil framkomstmiddelet på skulevegen bli til dels lange, passiviserande, slitande bussturar. Med noverande struktur kan svært mange gå/sykla til og frå skulen. Dette er viktig moment i ei tid der mange born er mindre og mindre fysisk aktive.
  • Når det gjeld skuleskyssbehovet ser det ut som det også er lite gjennomarbeidd i planen. Det gjeld både økonomi og tidsbruk. Vi veit alle at det må reknast inn stopp, hindringar og at ein ikkje alltid kan halde høgste tillatte fartsgrense. Det går ikkje å setja tider ut frå eit kart!
  • Eg har også reagert på dei estimerte busstidene. Bussreisene vil i praksis ta betydeleg lengre tid.  Av erfaring veit vi at skulebussar har både mange stopp og venting. I planen ser det ut til at dei berre har sett på kart, brukt maks. fartsgrense, ikkje teke omsyn verken til stopp eller vegstandard/føre. Kort sagt: Dei har kjørt buss på skrivebordet.
  • Eg trur dei aller fleste ser at det ikkje er noko god løysing å senda 6 åringar med med buss frå t.d. Fjellandsbø innst i Uskedalen (der eit ungt par no er busett) tidleg om morgonen for å få dei heim att etter heildagsskule på Malmanger langt ut på ettermiddagen.
  • Eg har for liten grad nemnt barnehagestrukturen i punkta mine.  Der meiner eg at det er heilt avgjerande med god barnehagedekking i alle bygder for å sikra busetting. God tilrettelegging for travle småbarnsforeldre er heilt avgjerande for å sikra at dei buset seg i bygdene. Småbarnforeldre flyttar ikkje til Kvinnherad utan at dei får barnehageplass i rimeleg nærleik.

Tidlegare såg eg at det var nødvendig å gjera noko med skulestrukturen. Då var det snakk om å legga ned småskular. Det er det ikkje no. Det er føreslått å leggja ned velfungerande, mellomstore skular med eit godt pedagogisk og sosialt tilbod, og så langt eg kjenner til har desse skulane godt kvalifisert personale. Tidlegare meinte eg at små(fattige) sosiale og faglege miljø tala for skulenedleggingar. Dette gjeld slett ikkje skulane som no er føreslått nedlagde.  Desse mellomstore og godt fungerande skulane høyrer til ein heilt annan kategori.

 

Eg er svært redd for, og overbevist om, at kommunestyret vil skapa sovande bygder dersom dei går inn for eitt av dei to nedleggingsalternativa.  Det kan ikkje vi som innbyggjarar godta!  Eg trur og håpar at kommunestyret ser det same.

 
 
 

Tekst: Thor Inge Døssland

Foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.04.2021
Politiøving i kveld og i natt.
Nokre har merka seg politiaktivitet langs vegen og i Uskedalen, mellom anna ved Uskedal bru. Det er ei varsla politiøving som held fram utover kvelden og natta.

kb
19.04.2021
Vertshuset Perla opnar med tapas og vinsmaking, laurdag 24. april.
Etter hard jobbing heile vinteren, kan Elin og Geir Enes ynskja velkomen til etterlengta heilafen med fokus på gode smakar. Tone og Geir frå Graawe-Jacobsen tilpassar vinar til 12 rettars tapasmeny, og fortel om desse vinane. Det blir begrensa antal plasser der alle blir plassert på 2- eller 4-personars bord med god avstand for å sikra trygge rammer. Påmelding på sms til 47012125. Frammøte kl. 17.30.

kb
18.04.2021
Eli Roseth Eik - ny leiar i Soknerådet.
Etter årsmøte i Uskedal sokneråd har det vore val på ny leiar og varaleir. Eli Roseth Eik er ny leiar etter Sigmund Myklebust. Hallgeir Snilstveit er ny varaleiar. Skrivar: Kristian Bringedal. Kasserar: Liv S. Eik. 1. varamedlem: Arne Møller.

kb
18.04.2021
Badesesongen er i gang.
Badinga er starta i Beinavikjo og stranda ved Nausthaugen. Unge og spreke badegjester nytta høve til sitt fyrste sjøbad 18. april, på ein elles fin dag. Då er det berre å sjå fram til ein fin sommar med mykje bading og kos i stranda.

kb
15.04.2021
Gudstenesta sundag 18. april går ut.
Kyrkjekontoret melder at gudstenesta i Uskedal kyrkje fyrstkomande sundag, 18. april, går ut. Årsaka er sjukemelding. Neste gudsteneste vert truleg 2. mai, sjølv om konfirmasjonen er utsett til 29. august. Meir informasjon kjem når vi veit meir.

kb
14.04.2021
5. - 7. steget til Rosendal - framlegg frå K.direktøren.
Saka om Oppvekstkår i Kvinnherad startar i Levekårsutvalet  21.april og går vidare via F.skapet ( 20. mai ) til K.styret ( 27. mai ). Kommunedirektøren rår til å overføra 5. - 7. steget til Rosendal og la 1. - 4. klasse halda fram i Uskedalen. Barnehagen vert vidareført i Uskedalen som i dag. Det vert innleia forhandlingar med Dønhaug Gardsbarnehage om overtaking/samanslåing. Uskedalen.no kjem tilbake med utfyllande informasjon. Jfr. postlista sak: 2020/1228.

kb
13.04.2021
Utset møte i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe ei veke.
Den andre samlinga i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe var tenkt å vera torsdag i denne veka. Steg 1 i gjenopninga gjeld frå fredag 16. april. Difor går det ut ny melding om ny samling: Torsdag 22. april kl. 19.00 på Stemneplassen. Ta kontakt dersom du vil vera med i gruppa. E-post: kristian.bringedal@gmail.com 

kb
11.04.2021
Korona-ros til Spar Uskedalen.
Fleire har teke kontakt og meiner vi må rose SPAR Uskedalen for måten dei minner kundane om å halde smittevernreglane.  Ikkje berre brukar betjeninga munnbind, men gratis munnbind har også vore plassert ved handsprit-doseraren ved inngangen.  Svært tydelege og viktige signal, rosar fleire lesarar.

tid
10.04.2021
Innspurt i SPLEISEN til ungdomslaget!
SPLEISEN som styret i Uskedal ungdomslag starta for å skaffa midlar til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet har blitt ein suksess.  Siste 10 dagane har det komme inn over 22.000 kr, og resultatet er i skrivande stund på 37.751.  Til saman har 77 givarar bidrege.  Dei fleste er naturleg nok privatpersonar, både bygdefolk og andre, men nokre firma har også i høgste grad bidrege til det solide resultatet med rause gåver.  No er det berre to dagar att, og kanskje er det framleis fleire som vil støtta det gode tiltaket?  Dei som ønskjer det, finn SPLEISEN HER.

tid
10.04.2021
Uskedalsjenter med inspirasjonsfilm til koronatrøtte.
Mange av oss er nok ganske så koronatrøtte, men det gjeld å halda motet oppe. Då kan det vera godt å få nokre tips til motivasjon.  Amalie Hovden Rød og Camilla Ripel Myklebust som går siste året på breiddeidrettsfaget ved KVV har derfor laga ein kjekk inspirasjonsfilm med gode tips til korleis vi kan halda oss i aktivitet.  Eg anbefaler filmen for alle, og dei som er abonnentar på Kvinnheringen.no, kan sjå den ved å klikka HER.

tid
Siste Nyhende
20.04.2021
Slik vil vi ikkje ha det på Kunstgrasbanen !
Elevane på Uskedal skule ryddar minst ein gong i veka på område rundt skulen, på uteområde og i badestranda. Likevel ser vi, og andre, at det er behov for å rydda litt oftare, og då spesielt på og ved området rundt Kunstgrasbanen. Rektor oppmodar alle om ta ein prat med borna og ungdomane om kor vi gjer av boset vårt, slik at vi kan unngå å møta slikt som vist på biletet. 

20.04.2021
Spikkekurs på Bygdetunet Rød i helga
Barnas turlag inviterer til spikkekurs på bygdetunet Rød i Uskedalen. Kurset eignar seg for born i alderen 6-13 år. Kurset går frå kl. 12.00 til kl. 15.00. Kursleiarar er Jan Øvstebø, Kjellrun Eik og Siv Framnes. 
19.04.2021
Positive tilbakemeldingar på tildelinga frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad.
Det vert synt til pressemeldinga om tildeling av 0.8 mill. kr. til det som vert kalla Aktivitetsmidlar. Stiftinga har alt fått kjekke tilbakemeldingar på tildelte Covid 19 gåver og som ei oppfølging på dette, ynskjer stiftinga å formidla at gåvene også er tenkt brukt til det formål at  Alle skal med.
19.04.2021
GÅVER FOR Å STYRKA ØKØNOMIEN I LAG OG ORGANISASJONAR
Styret i SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad har i styremøte 13 april tildelt Kr. 0,8 mill til lag og organisasjonar for å kompensera for bortfall av inntekter som følgje av Covid 19 restriksjonar i lokalsamfunnet vårt. Som ein følgje av nedstengingar og redusert tilbod til born og unge, er det viktig at ulike lag og organisasjonar kjem seg gjennom Covid 19 krisa med tanke på økonomien i laget, og at dei kan gjenoppta aktivitetstilboda så snart denne pandemien er over.
19.04.2021
Bed eigaren henta salongbordet i lavvoen på Skårhaug.
Det har den siste tida vore litt festing og attlate bos/søppel i lavvoen på Skårhaug. Det er mellom anna sett inn eit salongbord, som sjølvsagt ikkje høyrer heime i ein lavvo. Lavvoen på Skårhaug skal i utgangspunktet vera open for alle med interesse for turgåing og friluftsliv. Barnehagen og skulen har fyrsteprioritet. No bed Friluftslaget om at salongbordet vert henta og at det vert slutt på festing og uønska åtferd i lavvoen.
18.04.2021
Stor utfart til Ulvanåso også denne helga.
Sist helg blei det meldt om storutfart til Ulvanåso.  Slik er det også denne helga.  Det nydelege vårveret med gode snøforhold trekkjer til seg sprekingar frå fjern og nær.  Mange går opp frå Tveitedalen og får seg ein nydeleg tur der.  Andre vel den endå sprekare varianten og går opp frå kalkestasjonen her i Uskedalen.  Svært mange gjorde det i dag.
17.04.2021
Målet er 150 sau i den moderne sauefjøsen på Myklebust.
Lisbeth Stensletten og Roy Helge Døssland kjøpte og overtok bruk 9 på Myklebust for to år sidan. No er dei inne i sin andre sesong med sau og lembing i den moderne sauefjøsen på bruket. Dei har 37 lamsauer. Målet er 150 sauer om nokre år. Kvar sau får i snittet to lam, for det meste saulam. Lisbeth og Roy har både Spel og Norsk kvit sau. Han set på saulamma dersom dei er store nok. Nokre trillingar vert plukka frå som kopplam.
16.04.2021
Folkehelseprisen til Astrid og Pål Haugland.
I dag er det gjort kjent at Astrid og Pål Haugland er tildelt Folkehelseprisen for Hordaland 2021.  Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak prisen.  Uskedal helselag hadde fremja forslaget på Hauglandsekteparet som gjennom meir enn 50 år har gjort ein stor innsats med fokus på folkehelsa.  I føremiddag mottok leiar i Uskedal helselag, Eli Roseth Eik, den gledelege meldinga over telefon, og ho gratulerte omgåande dei to velfotente prisvinnarane.
16.04.2021
Vikøren si krimbok kan kjøpast på SPAR, Uskedalen.
Alle kjenner Sigurd Vikøren, nokre frå media med mellom anna Hardangerfjordmagasinet i heile 16 år, mange frå fotballen der han både har vore trenar, oppmann og tillitsvald. I ein alder av 74 år debuterer han med krimboka Blod er tjukkare enn vatn. Ikkje nok med det. I same køyret skriv han like godt ei bok til: Mitt liv med Hattebergsvassdraget - Folgefonna Nasjonalpark.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS