Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Mannskap frå Uskedalen på fabrikkskipet CLUPEA.

07.01.2021
Klikk på bilete for full storleik
Mannskap og fabrikkarbeidarar på DS CLUPEA. 1. rekkje: Nr. 2 f.v: Svein Myklebust ( i uniform ) Nr.4: Kaptein Kråkenes. Nr 5: Martin Hauge. Nr. 7: Johannes Øye. Bak kaptein Kråkenes: Tor Kalven ( i kufta ). Til venstre og midt i bilete: Hallvard Framnes frå Førde i Sveio.
 
DS CLUPEA var eit nesten ferdig bygd landgangsfarty då krigen var slutt i 1945. Skipet kom til AS Stord i 1949 og vart bygd om til eit morderne fabrikkskip med sildoljemaskineri og lossekranar. Eigar var Sigfinn Bartz Johannesen saman med Staten og Sildelaget, fordelt med ein tredjedel på kvar. DS CLUPEA vart sett i drift i 1950. Mange frå Kvinnherad hadde arbeidet sitt om bord på 1950 talet fram til skipet vart seld i 1960.
 

Svein Myklebust frå Uskedalen var stuert. Myklebust ( f. 1901 ) var krigseglar, stuert på MS MARTIN BAKKE i Knudsen O.A.S. Han mønstra i desember 1939 og stod om bord på same skipet til avmønstring januar 1947. Skipet gjekk for det meste i troppetransporten Amerika - Europa. Etter det kom han til Bartz Johannesen som studert på CLUPEA.

 

Martin Hauge frå Skorpo var overstyrmann. I tida etter CLUPEA var Hauge skyssbåtførar for AS Stord Verft, på NJÅRD som mellom anna vart brukt til personaltransport og skyssing av bedriftsleiinga.

 

Johannes Øye frå Barmen på Snilstveitøy var 3. stymann. Bror hans, Øystein Øye, var 2. kokk. Tor Kalven, også frå Snilstveitøy, var fabrikkarbeidar.

 

Ove Magne Myhre fortel at far hans, Lars Myhre, var om bord i CLUPEA i ein periode. Det same var Thomas Eik.

 

Hallvard Framnes frå Førde i Sveio, gift med Solveig Rød, var i turka, turka fiskemjølet. Leif Magne Framnes var faktisk salonggut ombord, 15 år gamal vinteren 1959/60. Leif  Magne minnest godt fyrste turen til sjøs på norskekysten med CLUPEA. Han hadde ansvaret for offisermessa der skipper, maskinsjef, overstyrmann og stuerten åt. Månadshyra for ein messegut var kr. 320,-.

 

Ein artig historie var at oppsop av fiskemjøl kunne brukast til gjødsel. Leif Magne fekk oppdraget med å henta fiskemjøl frå GLUPEA til onkel sin, Brigt Rød på indre Rød der Bygdetunet Rød er i dag. Mjølet vart brukt som gjødsel på eit nyplanta granfelt.

 

I byssegjengen med stuert Svein Myklebust finn vi Malvin Olsen frå Sunde. Det var kring 1955.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Sunnhordland Museum

Informantar: Olav Hauge/ Leif Magne Framnes/ Ove Magne Myhre

 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
DS CLUPEA på Leirvik. Tonnasje: 5000 Tdw. Maskin: 5200 HK. Fart: 16 knop.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.01.2021
Semi køyrde seg fast - måtte ha bilberging.
Ein semi frå Tipp Frakt, Bjarkevik listehøvleri, køyrde seg fast i Beinavikjo i kveld, onsdag 27. januar. Etter lossing på Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast, var det stopp på det glatte føre i den skarpe svingen frå KV si verksemd i Beinavikjo og inn på kommunevegen. Ein større bergingsbil frå Odda Bilberging vart tilkalla. Med kjettingar, utstyr og drag vart det funne ei løysing.

kb
27.01.2021
Småbarntreffet er utsett - oppstart 10. mars.
Småbarnetreffet, som var tenkt å vera i dag, er utsett. Ny dato er 10. mars. Ny melding og informasjon kjem på Uskedalen.no.

kb
25.01.2021
Årsmøte i Kvinnherad Mållag på Stemneplassen, onsdag 10. februar kl. 19.00.
Kvinnherad Mållag vil bruka møterommet på Stemneplassen til sine møte. Etter styremøte i kveld vert det kunngjort at Årsmøte 2021 vert onsdag 10. februar kl. 19.00. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert Målblomn 2021 tildelt ei verksemd som syner positiv vilje og evne til å bruka nynorsk i profilering, marknadsføring og i alt skriftleg tilfang.

Styret
24.01.2021
Småbarnstreffet vert ute ved Fjellandsbøvatn.
Småbarnstreffet startar sine samlingar onsdag 27. januar kl. 10.00 i Lavvoen ved Fjellandsbøvatn. Parkering i Friheim. Det vert leikar og andre aktivitetar, andakt og varm drikke. Ta med niste og noko å sitja på. Takk til Ingvild og Jone som let oss få bruka plassen og lavvoen. Tilbodet med småbarnstreff er for born i alderen 0 - 6 år med foreldre. Meld frå dagen før om du kjem på lukka Facebookside eller ved å kontakta Nelly Kjærland på mobil: 950 82 320.

Leiarane
23.01.2021
Singing Tweens startar måndag 25. januar kl. 17 på Bedehuset.
Singing Tweens i regi av Uskedal Sundagsskule tek til med sine samlingar måndag 25. januar kl. 17.00 på Bedehuset. Tilbodet er for dei som går i 1. klasse og oppover. Det vert song, andakt, leikar/hobby og drama. Drama er ny aktivitet. Musikkterapeut vert med på fyrste øving.

kb
21.01.2021
Årsmøte i Uskedal Friluftslag måndag 8. februar kl. 19.00.
Det vert med dette gjort kjend at årsmøte i Uskedal Friluftslag er måndag 8. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vert det informert om oppussinga så langt og tiltak for å auka bruken i tida framover. Kvart av dei 10 medlemslaga har høve til å møta med to representantar på årsmøte.

Styret
21.01.2021
Legg sjøkabel til Skorpo i dag.
Det vert lagt høgspentkabel i sjø frå Børnes til Skorpo i dag, torsdag 21. januar. Det vert gjort for å sikra straum fram til hus, hytter og oppdrettsanlegg, dersom kabelen over Snilstveitøy fell ut. Det er kabelskip frå Seløy Undervasservice som gjer jobben.

kb
19.01.2021
Opnar opp for barne- og ungdomsaktivitetar.
Etter den siste pressemeldinga frå Regjeringa vert det opna opp for fritidsaktivitetar for born og ungdom i alderen opp til 20 år. Dette gjeld aktivitetar både inne og ute. Meld frå til uskedalen.no om oppstart av treningar, musikk- og songøvingar for born og ungdom. Det er framleis ikkje tillate med kampar, stemne og cup.

Red.
14.01.2021
Ord for helga - innspelt frå Uskedal kyrkje.
Ord for helga er denne gongen frå Uskedal kyrkje. Andaktsstunda er ved sokneprest Carsten Mrusek. På orgel: Eva Megyesi. Foto og redigering er ved Jan Ove Fagerheim. Du finn innspelinga på Youtube og på nettsida Kyrkja i Kvinnherad.

Ord for helga

kb
14.01.2021
Minus 14 grader i Friheim i dag tidleg.
Det er målt minus 14 grader i Friheim i dag tidleg, torsdag 14. januar. Det er den kaldaste dagen så langt i vinter. Meld frå om temperaturen der du bur.

kb
Siste Nyhende
27.01.2021
Lovande skiløparar frå Uskedalen i årets fyrste karusellrenn.

15 av 50 deltakarar i årets fyrste karusellrenn på ski kjem frå Uskedalen. Dei går i 11 ulike klassar og løypa varierer frå 1,3 km til 10 km. Jenter og gutar 8 og 9 år går den kortaste løypa utan tid. Jenter og gutar 11 år og oppover går på tid. I tillegg kjem alle som går det som vert kalla barnerenn, også det utan tid.
27.01.2021
Nye krinsgrense og samanslåing av skular.
Dersom det vert nye krinsgrenser for grunnskulen, kan det gå mot samanslåingar av fleire barneskular. Eit av framlegga er at Uskedalen vert slegne saman med Malmanger, Omvikdalen, Mauranger og Åkra med ny skule i Rosendal. Elevtalet med denne modellen vert 275 elevar. Dersom ein ikkje gjer noko med krinsgrenser og samanslåing, vil Uskedalen halda fram med skule som i dag. 
26.01.2021
Sola er tilbake i Uskedalen.
Vi har henta fram ei sak frå slutten av januar 2019 om sola som er tilbake i det meste av Uskedalen, like aktuelt kvart år. På fine dagar ser vi glytt av sola, meir og mindre sol alt etter kor du bur i Uskedalen. På Fjellandsbø/ søre Musland og Skorpo har dei sol heile året. Liv og Audun Eik på søre Kjærland og Håkon Haugland i Urdo har ein liten solglytt, faktisk berre 4 minuttar sol på det minste. Nokre på Haugland ser i sola straks etter. På nokre veker auka tida til ein time.
25.01.2021
Trommis Bjørn Moe går nye vegar med musikken sin.
Bjørn Moe går nye vegar med musikken sin og prøver seg no som låtskrivar med  eigne tekstar. Ein demo er klar og han ynskjer å gå i studio med dyktige musikarar for å gjera opptak. Prosjektet har ein kostnad på over kr. 100 000,- og han treng støtte og sponsorar for å koma i mål. Uskedalen.no vil vita meir og har vore på Trommeloftet i nedre Halsabrotet.
24.01.2021
Grasrotandelen - over kr. 200.000,- til 9 lag i Uskedalen
Grasrotandelen er ein del av overskotet frå Norsk Tipping som går tilbake til lag/ organisasjonar og lokale tiltak i lokalsamfunnet. Uskedal Idrettslag toppar lista i Uskedalen over dei som vert tildelt midlar i 2020. Løyvinga er på heile kr. 102.088,-. Neste på lista er Skulemusikken med kr. 38.659,-. Totalt vert det overført rundt rekna kr. 200.000,- til ni uskedalslag. Det er ein auke frå året før.
23.01.2021
Varsel om at Mannsvatnet er regulert.
Dette er eit varsel frå Sunnhordland Karaftlag ( SKL ) til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt i område rundt Mannsvatnet. SKL gjer merksam på at  skifte i veret gjer at snømengda og situasjonen er i endring veke for veke.
22.01.2021
Sjøkabel frå Børnes til Nautaneset på Skorpo
Kabelskipet NAUTILUS MAXI frå Seløy Undervasservice har vore på fjorden i går og i dag og lagt ny høgspentkabel til Skorpo. Sjøkabelen går frå Børnes til Nautaneset og vidare i luftspenn fram til brukarane. Kjell Enes i BKK nett er prosjektleiar og fortel at arbeidet vert gjort for å sikra Skorpo med alle sine abonnentar sikker straum. Det gjeld både til hus, hytter og til dei som driv næring, som til dømes oppdrettsanlegget på nordsida.
21.01.2021
Flyttar buskapen inn i den største og mest moderne fjøsen som nokon gong er bygd i Uskedalen.
Med ei golvflate på knappe 1000 rutemeter og med innredning og bingar til 120 dyr må den nye fjøsen på Haugland vera den største og mest modrne som nokon gong er bygd i Uskedalen. Brørne Stian og Tor Ove Haugland gjer klar for innflytting og har alt fått meir enn halve buskapen på plass. No er det tilvenjing og innkøyring både for dyr og menneske med det aller nyaste som finst av utstyr i ein moderne fjøs, anten det er mjøkerobot, gjødselrobot eller formixar med digital og automatisk styring. Det er plass til 43 mjølkekyr i den nye fjøsen. I tillegg kjem 30 kalvar og 22 kviger/ stutar.
20.01.2021
Aktivitetstilbod til seniorar og eldre i ei tid med Covid 19.
Kvinnherad frivilligsentral set i gong aktivitetstiltak for å motverka einsemd hjå eldre. Målet er å raskt leggja til rette for auka aktivitet i målgruppa under den pågåande koronasituasjonen. Målgruppa er seniorar og eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Vi ynskjer på ein enkel og ubyråkratisk måte å leggja til rette for at eldre kan få hjelp og støtte til gjennomføra sjølvvalde aktivitetar, som dei grunna koronasituasjonen, ikkje gjer på eiga hand. Til dette treng vi eit godt samarbeid med frivillig sektor.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS