Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Adventskalendar med rekordmange gevinstar i salg.

06.11.2020
Klikk på bilete for full storleik
Den populære adventskalendaren er i salg.
 
- Vi er heilt overvelda og veldig takksame for den velvilje vi møter hos både bedrifter og privatpersonar når vi ber om støtte til den årlege adventskalendaren vår, seier Monica Hermann og Haldis Aakra i styret for Uskedal skulemusikk.  No er den populære kalendaren i salg, og på årets utgåve er det rekordmange flotte gevinstar!
 
Klikk på bilete for full storleik
Det er ei imponerande gevinstliste i år.
 
 
Det er det 8. året Uskedal skulemusikk sel adventskalendaren, og den er blitt så populære at i mange heimar er den eit 'must' for at dei skal sikra den gode førjulsstemninga.  Med trekking av gevinstar som vert kunngjort kvar morgon i notisspalta på uskedalen.no, skaper den både stemning, spenning og glede fram mot juleaftan.  Den geniale idèen kom frå Fitjar skulekorps.
 
I år er det fleire gevinstar enn nokon gong.  Heile 43 gevinstar skal skape glede hos vinnarar fram til juleaftan.  Monica Hermann og Haldis Aakra i styret er svært takksame for all støtta dei har fått.
- Det er ikkje til å tru!  Alle er positive når vi kontaktar dei, og i tillegg har mange tatt kontakt med oss.  Dette har resultert i ei variert gevinstliste med mange flotte ting.  I år kan vi særleg skilta med så veldig mange flotte handarbeid.
 
På grunn av korona-sitasjonen vert det utfordringar når det gjeld salget.  Det vert ikkje lagt opp til vanleg dørsalg.  Det blir nok eit sakn for mange at dei blide musikantane ikkje kjem på døra.
- Men vi håpar likevel at vi skal klara å selja ut heile opplaget på 500 i år også.  Det pleier å vera rift om kalendarane.  Dei blei lagt ut for salg hos Zjakk frisørsalong og hos Gros Blomster i går. 
 
I tillegg er kalandaren å få kjøpt hos musikantane eller hos Haldis Aakra (tlf 970 43 869) eller Monica Hermann (tlf 906 35 493). Ring eller send ei melding, så gjer me avtalar om betaling/levering av kalendar, forklarer dei to eldsjelene om korleis salget vil føregå.
 
 
Dei avsluttar med å igjen takka alle som har gitt gevinstar, og håpar at mange vil kjøpa den i år og.  Kalendarsalget er viktigaste inntektskjelda til skulemusikken.  Dei vil også retta ei stor takk til Zjakk og Gros Blomster som hjelper til med salget, og til Auto 88 AS som også i år hjelper med å levera ut gevinstane til dei heldige vinnarane.
 
Tekst, foto og tekst:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
04.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 4.desember 2020
Vinnartala i den fjerde luka i Skulemusikken sin adventskalendar er klare.  Dagens vinnarar har nr. 84 og nr. 186.  Eigar av kalendar 84 har vunne heimestrikka vottar medan gevinsten til eigar av kalendar nr. 186 er heimestrikka tøfler.  Vi gratulerer vinnarane, og dei kan henta gevinstane sine hos Auto 88 AS.

tid
03.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin Adventskalender 3. desember 2020.
I dag, 3. desember, er det trekt ut to nye vinnarar av Uskedal skulemusikk sin adventskalender. Heimestrikka vottar er vunne på nr. 126. Strikkesett lue og vottar er vunne på nr. 457. Gevinstane kan hentast på Auto 88.

kb
02.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2.desember 2020
I dag er det trekt ut to nye heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Begge har vunne fine heimestrikka gevinstar.  Eigar av kalendar nr. 212 har vunne vottar medan det er trekt ut gryteklutar på nr. 264.  Gevinstane kan hentast på Auto 88 AS.

tid
01.12.2020
Kommunevegane er ikkje salta eller strødde.
Fylkesvegen gjennom sentrum og vegen på Døsslandssido og vidare mot Musland er salta. Det er derimot ikkje kommunale vegar som t.d. vegane i byggefelta og vegen ned til Beinavikjo, heller ikkje vegen på Kjærlandssido. Dette må alle vera merksame på for å unngå fall og skade.

kb
01.12.2020
Lysmesse i Uskedal kyrkje sundag 6. desember kl. 15.30.
Den årlege lysmessa i adventstida er sundag 6. desember kl. 15.30. Konfirmantane er med og foreldra er særskild inviterte. Lysmessa er open for alle. Maks. frammøtetal er 50 personar. Liturg er Carsten Mrusek. Organist er kantor Eva Megyesi.

kb
01.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 1.desember 2020
Då er vi komne til 1.desember, og spenninga er i gang.  Første trekningar er gjort, og det er to heldige vinnarar.  Heimestrikka lue er vunnen på kalendar nr.13, og heimestrikka skjerf til småbarn er vunne på nr.280.  Vi gratulerer dei heldige vinnarane som kan henta gevinstane sine på Auto 88 AS.  Skulemusikken vil også nytta høvet til å takka alle som har støtta korpset på ulike måtar.  I morgon tidleg kjem vi med to nye vinnarnummer.

USM.
30.11.2020
Juletresal på Elins Matgleder frå torsdag 3. desember.
Juletresalet startar torsdag 3. desember på Elins Matgleder. Det er juletre frå bonde i Ølen.

kb
29.11.2020
Garderobehuset på Heio er på lista for tildeling av Spelemidlar.
Rehabilitering av garderobebygget på Heio er prioritert på 8. plass over ordinære anlegg for spelemidlar i 2021. Kostnaden er rekna til kr. 845.000,-. Søknad spelemidlar er sett til kr. 281.000,-. Det er til vanleg eit etterslep på desse tildelingane. Difor er det lite truleg at Heio når opp i denne omgang.

kb
27.11.2020
Næringsfondet - løyving til Elins Matgleder.
Næringsfondet i Kvinnherad løyver kr. 150.000,- til Elins Matgleder. Søknaden gjeld vidareutvikling av prosjekt. Den totale ramma frå det ekstraordinære næringsfondet var på 1,6 millionar kr. Kroka Eidedom AS vart i same møte løyvd kr. 35.000,- til reguleringsendring.

kb
26.11.2020
Koronakafe og trim for vaksne vert stengt på ubestemt tid.
Eit samla styre i Uskedal helselag har avgjort at kafe og trim vert stengt på ubestemt tid pga. smittesituasjonen.

Styret
Siste Nyhende
04.12.2020
Endre Eidsvik - ny administrerande direktør i Zinus.
Endre Eidsvik ( 58 ) frå Uskedalen er tilsett som ny administrerande direktør i bømloselskapet Zinus. Zinus er ein global leverandør av kabelløysingar og ladestrukturar for hamner og skip. Ny låg- og høgspentteknologi gjer at reiarane kan slå av hjelpemotorane mens dei ligg i hamn, noko som fører til redusert forureinsing og klimagassutslepp.
03.12.2020
Lokal julemat frå Friheim Gardsmat sel godt.
Bjørg Inga og Kurt Inge Miljeteig i Friheim Gardsmat er godt nøgd med  salet av kjøtprodukt til jul. Det vart rett nok ikkje Jul i Rosendal i år, heller ikkje Julemessa på Nå. All omsetnad er lagt til Friheim. Kundane gjer avtale og finn fram til produksjonslokalet øvst i Uskedalen. Mange har vore faste kundar sidan oppstarten i nye lokale i 2006. 
02.12.2020
Budsjettforlik sikrar vidare drift i Dønhaug Gardsbarnehage.
Eit budsjettforlik på Stortinget sikrar vidare drift av Dønhaug Gardsbarnehage. Eit framlegg om å kutta kapitaltilskotet og pensjonsoverføringa til private barnehagar er ikkje aktuelt å gå vidare med. Gadsbarnehagen på Dønhaug har 19 born og 6 tilsette. Barnehagen, som opna i 2007, er svært populær og har ved fleire høve skåra høgt på foreldreundersøkingar.
02.12.2020
Sauer og geiter beitar på innmarka like til jul.
Snittemperaturen i november har vore høg. Dertil ha det vore mykje nedbør. Det som kunne vore tredjeslåtten for mange bønder, vart safig og godt beite for sauer og geiter. På Myklebust og på Leite er det meste av arealet nedbeita slik det skal vera før frosten set inn.
01.12.2020
Kvinnherad Arena - spørjeundersøking om bruken.
I samband med utbygging av Kvinnherad Arena på Husnes ønskjer Kvinnherad kommune å undersøkje kor mykje dei einskilde organisasjonane ser for seg å nytta hallen. Undersøkinga er retta mot organisasjonar som direkte eller indirekte har ein aktivitet som tangerer med dei areala vi planlegg inn i Kvinnherad arena:
30.11.2020
Hyttefeltet på Rød er eit steg nærare realisering.
Hyttefeltet på Rød, med ein lang historikk, er eit seg nærare realisering. Det føreligg søknad om oppstart av opparbeiding av veg, VA anlegg og planering av tomter slik reguleringsplanen syner. Søknaden gjeld også opparbeiding av veg og planering av tomter til regulerte naust. Hyttefeltet Rødshagen har gards- og bruksnummer 121/22. Det er teikna inn 9 hyttetomter og 7 nausttomter.
29.11.2020
Aksnes familien takkar. Framleis mulighet til å gi støtte.
Innsamlinga til transport og operasjon for nakkeskadde Eirik Aksnes har no passert 300.000.  Eirik og familien er svært takksame for støtta dei har fått både frå privatpersonar, aviser, firma og lag.  På grunn av koronasituasjonen er dessverre operasjonen utsett, og derfor er perioden for innsamlinga blitt utvida til månadskiftet januar/februar.
27.11.2020
Julegrantenninga - ein ubroten tradisjon frå 1963.
Musikklaget var der. Meir folk enn venta var der og ljoset frå 78 pærer vart tend nøyaktig kl. 17.00. Om ikkje Børsdalsnissen kom, fekk våga seg. Det var heller ikkje kafe og sal frå boder. Koronaen sette nemleg ein stoppar for ei fullstendig markering. Musikklaget talde 9 medlemer i kveld. Fire av dei var med på den fyrste julegrantenninga for 57 år sidan.
27.11.2020
4. klasse vil setje verdsrekord!
4.. klasse ved Uskedal skule er i gang med eit spennande prosjekt.  Dei satsar på å setja verdsrekord i fingerhekling.  Pågangsmot og motivasjon er på topp, og dei har alt hekla så mykje og brukt så mykje garn, at dei treng hjelp med meir garn.  Derfor har vi motteke meldinga nedanfor.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Røyr og Multiservice
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS