Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Staselege køyretøy på Rabben.

25.07.2020
Klikk på bilete for full storleik
VW- og retro-entusiastane frå Haugalandet kosa seg på Rabben Feriesenter.
 
Det vart lagt merke til då fire bilar frå Nord Rogaland VW Klubb rulla inn på Rabben Feriesenter utpå ettermiddagen fredag.  Sjølv om dei var av eldre årgang mangla det ikkje på glansen.  Den eine trekte også på ei lita, nær 50 år gammal campingvogn.  Då uskedalen.no tok turen litt seinare i kveldinga, møtte vi fem humørfylte og trivelege karar som hadde rigga seg til i ein leir med retro-preg.
 
Klikk på bilete for full storleik
Brørne Jørgensen framfor campingvogna deira av merket Lillebror. Bobla til Magne til venstre.
 
 
Dei fem karane kom frå Haugesund og Tysvær, og dei tilhøyrer den ivrigaste kjernen i Nord Rogaland VW Klubb.  Dei kunne fortelja at sjølv om hovudtyngda av medlemmene kjem frå Haugalandet, har dei medlemmer frå heile landet, også Kvinnherad.  Dei som vil vita meir om klubben, kan gå inn på facebooksida deira, Nord Rogaland VW Klubb.  Om ein ønskjer å bli ein del av dette trivelege fellesskapet, vert ein heilt sikkert tekne mot med opne armar.

Turen til Rabben Feriesenter var meir av det spontane slaget, og dermed vart ikkje fleire med. Vanlegvis pleier dei å reisa rundt på ulike treff, men det har det blitt lite av i desse koronatider.  Sjølv skal dei arrangera treff på Grinde 7.-8.august. På det treffet vert konene også med.  Søknad og godkjenning er i boks så då håpar dei også at kvinnheringar tar turen.

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Tore Kirketeig med den flotte Bobla si.

Med seg på Rabben hadde dei 4 glinsande bilar og ei campingvogn, men nokre av dei hadde også fleire bilar i si eige. Det var tydeleg at interessa for både bilane og andre retro-ting var på topp.  Vi la merke til at ein av dei hadde ein kasse med gamle leikebilar.  Dei sat i fluktstolar som minna oss om somrane i barndommen då vi hadde ein slik på deling.  Grillar og kokeutstyret deira er nok ikkje å få kjøpt i vanlege butikkar i dag, og på bordet stod ein velbrukt Kurèr reiseradio ved sida av to litt større leikebilar, - ein Transportar og ei gul Boble.  Bobla var siste investering.  Den hadde dei kjøpt på Lises Bruktbutikk, for der måtte dei sjølvsagt innom.

- Vi kom der når ho heldt på å stenga, men den hyggelege dama opna for oss.  Der var mykje kjekt, og trivleg var ho å snakka med og, fortel dei om den opplevinga.
 
Så må vi over til dei staselege køyretøya.  Vi startar naturleg nok med den eldste.  Tore Kirketeig eig ei flott Boble, 1957 model.  Den kjøpte han i 1912 og har hatt bilen i dei minste bitar.  Han brukte 5 år på jobben.  Det var verd det.  No er den tilbake til originalen, like fin som ny og han har hatt glede av den på vegen i 3 år.  Han har heile historia til bilen. Den vart kjøpt ny i Bodø.  Han har kome i kontakt med borna til første eigaren og sende bilde til dei då den var ferdig restaurert.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Magne Jørgensen framfor Bobla si saman med broren Odd Morten
 
Magne Jørgensen har også ei Boble.  Den er raudfarga og var ny i 1964.  Magne fortel at han kjøpte den i 2012, eller rettare sagt han fekk den i 40 årspresang.  Det vart arrangert ei gåveinnsamling, og så kjøpte han bilen for det.  Saman med broren, Odd Morten Jørgensen, eig han også den spesielle campingvogna dei har med seg.  Den er norskprodusert av merket Lillebror og er 1972 model.  Dei kom over den for nokre år sidan.  Då hadde den stått på ein låve i Austevoll sidan 1978, og det var lite dei måtte gjera med den.
 
Geir Morten Larsen er den stolte eigar av ein flott Transportar, 1966 model.  Den er også spesiell, etter det eg kjenner til, ved at det var siste året den vart produsert med delt frontrute.  Heile sitt tidlegare liv var den firmabil hos Gullhuset i Haugesund(Victor Carlsen).  Butikken vart lagt ned i 2005, og då var bilen sendt til Polen for fullstendig restaurering.  Geir Morten kjøpte den av son til Victor Carlsen, Jacob, i 2014.
 
Klikk på bilete for full storleik
Denne Transportaren har hatt ei lang og trufast teneste som firmabil for Gullhuset i Haugesund før den kom i Geir Morten Larsen si eige.
 
 
Den siste bilen er også ei sjeldan perle.  Eigar er Steinar Høyvik, og han er president i klubben, visstnok sidan han er både eldst og snakkar høgast! Bilen er ein VW K70, 1973 model. Den er sjeldan av den enkle grunn at denne bilen vart berre produsert ein kort periode då den ikkje vart nokon suksess.  Dermed er er det svært få av desse fine bilane på vegane i Norge i dag.  Bilen til Steinar er berre kjørt nokre og nitti tusen.  Den har nemleg stått i ein garasje i Nord-Hordland frå 1994, då førre eigar døydde, til Steinar kjøpte den i 2017, og han har berre skifta nokre slitedeler på den.
Vi la merke til at på taket var ein spesiell sykkel.  Den er svært sjeldan, og eg vart fortalt at verdien var fullt på høgde med syklane som vert bruka i Tour de France.  Kor mange tusenlappar den hadde kosta han, ville han ikkje ut med. Han hadde også med seg passasjerar i bilen, og heldigvis heldt lettkledde Gunnhild seg heilt roleg medan eg var der.
 
 
Det er ikkje ofte vi treff ein K70 på vegane no. Legg merke til sykkelen på taket. Eigar: Steinar Høyvik.
Dei fem karane kosa seg tydelegvis på tur i lag.  Laurdagen håpa dei å få mulighet til å sjå traktor og maskinsamlinga til Asbjørn og Trond Olsen.  Bilsamlinga til Einar Gjertsen kjende dei også til så dei vurderte også å ta kontakt med han.  Ein tur til på Lises Bruktbutikk forstod eg at også stod på ønskelista. Det var nok ikkje tilfeldig at Uskedalen var vald for det spontane treffet.
 
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
12.08.2020
Bil utfor vegen tysdag kveld.
Naudetatane rykte ut til ei bilulukke i går kveld kring kl. 22.30. Det var utførkøyring. Den kvinnlege føraren i 40 åra vart ikkje skada. Alkotest synte utslag. Saka ligg på nettsida til Kvinnherignen og er open for alle.

kb
09.08.2020
Informasjon om skulestarten.
Velkommen til nytt skuleår! Det vert skulestart for alle elevane ved Uskedalen skule måndag 17.august frå kl. 08.20. Elevane, som skal starta i 1.klasse, møter kl. 09.00. Ved skulen vår startar det 11 elevar i 1.klassen dette året, og vi vil vera 95 elevar ved skulen totalt.

Rektor
07.08.2020
Haustplan for Uskedal Bedehusforsamling.
Uskedal Bedehusforsamling har lagt ut alle møta for hausten 2020. Her er datoane for møta i august: 9. og 23.  September: 6. og 20. Oktober: 4. og 18. November: 1., 15. og 29. Alle møta tek til kl. 11.00. Sundag 13. desember kl. 16: Vi syng jula inn. Fredag 25. des: 1. juledagsmøte. Alle er velkomne til møta på Bedehuset.

kb
07.08.2020
Stengd inntil vidare for elvefiske frå sundag 9. august.
Det er lite vatn i elva. Det er grunnen til at det vert stengd for fiske frå sundag 9. august kl. 18.00 og inntil det vert nok vatn for opning igjen. Melding kjem på heimesida og på Uskedalen.no.

Styret
07.08.2020
Thaivogna opnar i dag, fredag 7. august.
Thaivogna har vore stengd i to veker. I dag, fredag 7. august, er mattilbodet på plass og er ope etter vanlege opningstider.

kb
05.08.2020
Tomtegropa i Halsabrotet er sikra.
Det er utført arbeid med å sikra byggetomter i Halsabrotet. Arbeidet er sluttført og skrenten ned til tomtegrop er sikra med gjerde mot vegen som går inn i byggefeltet. Arbeidet er solid utført med netting og støypte fundament for stolpane.

kb
05.08.2020
Gunslingerkonserten 4. sept. på Dønhaug er utseld.
Konserten og dansen med gruppa Gunslingers fredag 4. sept. er utseld. Alle dei 200 billettane er kjøpt og betalt. Koronarestriksjonane gjer at ingen får gå ut og inn under arrangementet. Porten vil vera open ein time, frå kl. 21 til kl. 22. Det kan bli endring dersom FHI legg inn nye føringar for slike arrangement. Det er Magne Huglen som melder dette i dag. Meir info om sjølve gjennomføringa kjem seinare.

kb
04.08.2020
Friluftskonsert på Stemneplassen om ei veke, tysdag 11. august.
Med atterhald om brukande ver inviterer Uskedal Friluftslag til friluftskonsert på Stemneplassen neste tysdag, 11. august kl. 18.00. Uskedal Musikklag og Rustne Menn vert med. I ei koronatid vil arrangøren finna ei løysing på det som alltid har vore eit artig lotteri. Vedlotteriet går sin gang med trekning 1. september. Friluftslaget sin Vipps er: 605565

kb
03.08.2020
Mayesha Samiha ynskjer jobb.
Mayesha Samiha (30 år) bur på Eik og har jobba som reinhaldar i  Båtlaget sitt sanitærbygg i sommar. Om to veker vert arbeidet avslutta for sesongen. No er ho ledig for nye oppdrag. Det kan vera reinhald, rydding, matlaging, butikk m.m. Mayesha kjem frå Bangladesh. Ho snakkar litt norsk. Skal gå på norsk på Vaksenopplæringa. Ho har tidlegare studert ved universitetet i Oslo. Interesserte kan kontakta henne på mobil: 466 60 972.

kb
30.07.2020
DNT Ung med tur til Englafjell laurdag 1. august.
DNT Ung Kvinnherad skipar til tur til Englafjell f.k. laurdag 1. august. Toppen på Englafjell ligg 1200 moh. Her er flott utsikt frå Haugalandet i sør til kommuane nord for Bergen.  Likeins ser ein langt ut i Nordsjøen og ikkje minst mot Folgefonna og Hardangerfjorden. Kle deg etter veret. Ta med rikeleg med niste. Meir info på Kvinnherad Turlag si heimeside. Siste: Turen vart avlyst p.g.a for lita påmelding.

kb
Siste Nyhende
13.08.2020
Norskekysten på langs med Jan H. Sunde som reiseleiar på MS SUNNHORDLAND.
Jan H. Sunde i RunWay - Norway ligg ikkje på latsida. 20. august er han ferdig med sommarjobben sin som resepsjonist på Olden Fjordhotel. Same dagen går han om bord i hurtigruteskipet MS FINNMARKEN som reiseleiar for norske gjester på turen Bergen - Kirkenes - Bergen. Ikkje nok med det. Deretter vert det ein tur til med hurtigruta før han er klar for turen med MS SUNNHORDLAND frå Tromsø til Bergen/Leirvik i tidsperioden 20. - 25. september.
12.08.2020
Stemningsfull konsert i kveldssola på Stemneplassen.
Eit femitals menneske fann vegen til Stemneplassen i kveld for å vera med på friluftskonsert på det vakre friområde sentralt i Uskedalen. Arrangøren Uskedal Friluftslag er godt nøgd med frammøte i det fine og til tider svært varme veret. Konsertaktørane Uskedal Musikklag og Rustne Menn gjennomførte sine program etter oppsett plan og etter det vi kunne registrera, likte publikum repetoaret til begge gruppene.
10.08.2020
Nye elevtoalett står klar til skuleestart.
Kvinnherad kommune har renovert elevtoaletta på Uskedal skule i sommar. Dei gamle var slitne og lite tilpassa dagens krav til hygiene og personleg komfort. Kvinnherad Bygg har hatt jobben med fornyinga. Alt røyrarbeid er gjort av Husnes Røyr. Elektro: Teknisk Bureau. Sektorleiar i Kvinnherad kommune, Knut Bjørvik, har hatt tilsynet med arbeidet.
10.08.2020
Friluftskonsert med Musikklaget og Rustne Menn på Stemneplassen.
I morgon, tysdag 11. august kl. 18.00 vert det skipa til ein uformell og publikumsvenleg konsert på Stemneplassen. Uskedal Musikklag og Rustne Menn står for programmet. I tillegg vert det leikar og vedlotteri. I det fine veret kan det bli ei gild stund for fastbuande og tilreisande gjester.
08.08.2020
Singing Tweens og Småbarnstreffet er klar for oppstart.
Alt klart for ein ny sesong for songgruppa Singing Tweens. Samlingane er på Uskedal Bedehus. Singing Tweens er for born, som likar å syngja, frå 1. klasse og oppover.  Samlingane vert gjennomførte med bakgrunn i Covid 19 og smittevernreglane.
07.08.2020
Kvinnherad Vekst er tilbake til ordinær drift med vanlege opningstider.
Kvinnherad Vekstbedrift er tilbake til ordinær drift og med opningstider slik det er kunngjord på skilt og på heimesida deira. Opningstida på avdeling for trelast er: Kvardagar frå kl. 08.00 til kl. 16.00. Laurdagar: kl. 09.00 til kl. 14.00. Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast i Beinavikjo er godt skilta frå Fylkesvegen og vidare fram til lageret deira i Beinavikjo. På sikt vert alt arbeid knytta til verkstad, ved, betong og trelast samla på Vikjo. Vask og kantine vert verande i noverande lokale.
06.08.2020
SeaDream Yacht Club innstiller cruisetrafikken inntil vidare.
Cruisetrafikken med SEADREAM 1 og SEADREAM 2 vert innstillt inntil vidar. Årsaka er at ein dansk passasjer på cruise i perioden 21. juli til 2. august testa positivt på koronasmitte. Det var nok til at Folkehelseinstituttet bestemte at ingen får gå i land på kystcruisa i Noreg. Dermed var det ingen SEADREAM skip å sjå i Storsund i dag, 6. august.
06.08.2020
To kroner i pant er betre enn smertefulle dyrelidingar.
Det er klart for håslåtten og store areal er klar for hausting langs fylkes- og kommunevegane i Uskedalen. Kvart år er det eit problem med flasker og boksar, som er kasta ut i graset frå forbipasserande bilistar i Uskedalen. Dette er ei sterk oppmoding frå landbruksnæringa om å ikkje kasta pant i graset.
05.08.2020
Har nokon informasjon/ bilete av kuttaren FIX
Frå tid til anna dukkar det opp spørsmål om farty heimehøyrande i Uskedalen og som vart brukt i råstoffarten. Så langt vi kjenner til er MK HAUSTEN seld. Eit anna farty er MK FIX i Sigurd Arnesen si eige i perioden 1926 - 1935 og som no står på ein slipp på Tertnes i Bergen. FIX fekk seinare namnet TUNES, eigd av Gunnar Reigstad på Halsnøy, og  gjekk i farktefarten fram til 1982. Ein med interesse for fartyvern etterspør om det kan finnast bilete frå tida i Uskedalen.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS