Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Overlevde dramatisk skipseksplosjon for snart 50 år sidan.

20.07.2020
Klikk på bilete for full storleik
Mange minne kom fram då Liv Janne, mora Liv og far Jan Henrik Hansen, var samla i helga.
 
Familien Liv og Jan Henrik Hansen og dotter deira, Liv Janne, overlevde den dramatiske skipseksplosjonen på MS FERNCASTLE onsdag 17. februar 1971 kl. 18.00 lokal tid. Det er snart 50 år sidan. Familien var samla i helga i Uskedalen og snakka om hendinga i havet 300 nautiske mil vest for Gibraltar. Mange minne kjem fram. Liv Janne, som var 20 månader, hugsar ikkje noko, men foreldra fortel i detalj frå eksplosjonen og frå berginga og turen med ein fiskebåt inn til Lisboa. Kapteinen, Bjarne Helvik, var frå Herøysundet.
 

Jan Henrik Hansen var 2. maskinist på FERNCASTLE til Fearnley & Eger. Famien var samla om bord like før jul. Turen gjekk frå Wilhelmshafen og målet var Nigeria. Onsdag 17. februar eksploderte fordekket. LIv og Liv Janne var på lugaren. Jan Henrik var saman med ein reperatør i maskinrommet. Mykje røyk førte til at det var vanskeleg å få pusta. Steamrøyr og kjelar fauk rundt. Den vanlege utgangen var blokkert av flammar. Han fann ein annan utgang og kom seg på dekk. Der stod Liv og Liv Janne og venta på han. Reperatøren og seks av mannskapet på dekk, som utførte tanksjau, omkom. 36 overlevde ulukka.

 

Liv Janne er utdanna sivilingeniør og har arbeidet sitt i Equinor i faget prosess og automasjon. Ho har til tider vore offshore og hatt ansvaret for større prosjekt på plattformer, mellom anna på Johan Sverdrup og Snorre.

 
Skispulukka er godt dokumentert og familien Hansen ser det som ein styrke å ta fram minne og snakka om ulukka for snart 50 år sidan.

Etter nokre timar i livbåt vart dei plukka opp av ein spansk fiskebåt og ført inn til Lisboa. Turen tok eit døger og dagen etter stod eit chartra fly klar til å ta mannskapet til Oslo. Veslejenta på 1,5 år var midtpunkt kor ein kom med mykje merksemd i aviser, blad og på TV. Etter sjøforklaringa i Oslo gjekk turen heim til Uskedalen.

 

I 1974 var heile familien samla på sjøen på nytt. Liv Janne sin bror, Jonny, var fødd redaren spanderte jordomsegling på alle om bord på MS FERNGROVE. Jan Henrik var då 1. maskinist. Fem månader på sjøen med mange opplevingar, mellom anna frå verdas minste republikk, Nauru, i Stillehavet. Turen starta i Emden i Tyskland og gjekk via USA til Japan, Australia med endehamn Antwerpen.

 

Jan Henrik segla utanriks til 1974. Då vart det HSD, på MS HALSNØY og seinare på mange av ferjene i flåten, fram til fylte 62 år og dermed pensjonist. Det er lite snakk om seinverkander etter ei slik skipsulukke, bortsett frå at han kan oppleva å reagera på høge og skrape lydar. Nokre legg lok på slike hendingar og vil ikkje snakka. For Liv Janne, Liv og Jan Henrik er det naturleg å ta fram utklippspermen med alle presseoppslaga, det same med flytevesten med brennmerke og oljeflekker.

 
 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Brennmerke og oljesøl er godt synleg på redningsvesten.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
12.08.2020
Bil utfor vegen tysdag kveld.
Naudetatane rykte ut til ei bilulukke i går kveld kring kl. 22.30. Det var utførkøyring. Den kvinnlege føraren i 40 åra vart ikkje skada. Alkotest synte utslag. Saka ligg på nettsida til Kvinnherignen og er open for alle.

kb
09.08.2020
Informasjon om skulestarten.
Velkommen til nytt skuleår! Det vert skulestart for alle elevane ved Uskedalen skule måndag 17.august frå kl. 08.20. Elevane, som skal starta i 1.klasse, møter kl. 09.00. Ved skulen vår startar det 11 elevar i 1.klassen dette året, og vi vil vera 95 elevar ved skulen totalt.

Rektor
07.08.2020
Haustplan for Uskedal Bedehusforsamling.
Uskedal Bedehusforsamling har lagt ut alle møta for hausten 2020. Her er datoane for møta i august: 9. og 23.  September: 6. og 20. Oktober: 4. og 18. November: 1., 15. og 29. Alle møta tek til kl. 11.00. Sundag 13. desember kl. 16: Vi syng jula inn. Fredag 25. des: 1. juledagsmøte. Alle er velkomne til møta på Bedehuset.

kb
07.08.2020
Stengd inntil vidare for elvefiske frå sundag 9. august.
Det er lite vatn i elva. Det er grunnen til at det vert stengd for fiske frå sundag 9. august kl. 18.00 og inntil det vert nok vatn for opning igjen. Melding kjem på heimesida og på Uskedalen.no.

Styret
07.08.2020
Thaivogna opnar i dag, fredag 7. august.
Thaivogna har vore stengd i to veker. I dag, fredag 7. august, er mattilbodet på plass og er ope etter vanlege opningstider.

kb
05.08.2020
Tomtegropa i Halsabrotet er sikra.
Det er utført arbeid med å sikra byggetomter i Halsabrotet. Arbeidet er sluttført og skrenten ned til tomtegrop er sikra med gjerde mot vegen som går inn i byggefeltet. Arbeidet er solid utført med netting og støypte fundament for stolpane.

kb
05.08.2020
Gunslingerkonserten 4. sept. på Dønhaug er utseld.
Konserten og dansen med gruppa Gunslingers fredag 4. sept. er utseld. Alle dei 200 billettane er kjøpt og betalt. Koronarestriksjonane gjer at ingen får gå ut og inn under arrangementet. Porten vil vera open ein time, frå kl. 21 til kl. 22. Det kan bli endring dersom FHI legg inn nye føringar for slike arrangement. Det er Magne Huglen som melder dette i dag. Meir info om sjølve gjennomføringa kjem seinare.

kb
04.08.2020
Friluftskonsert på Stemneplassen om ei veke, tysdag 11. august.
Med atterhald om brukande ver inviterer Uskedal Friluftslag til friluftskonsert på Stemneplassen neste tysdag, 11. august kl. 18.00. Uskedal Musikklag og Rustne Menn vert med. I ei koronatid vil arrangøren finna ei løysing på det som alltid har vore eit artig lotteri. Vedlotteriet går sin gang med trekning 1. september. Friluftslaget sin Vipps er: 605565

kb
03.08.2020
Mayesha Samiha ynskjer jobb.
Mayesha Samiha (30 år) bur på Eik og har jobba som reinhaldar i  Båtlaget sitt sanitærbygg i sommar. Om to veker vert arbeidet avslutta for sesongen. No er ho ledig for nye oppdrag. Det kan vera reinhald, rydding, matlaging, butikk m.m. Mayesha kjem frå Bangladesh. Ho snakkar litt norsk. Skal gå på norsk på Vaksenopplæringa. Ho har tidlegare studert ved universitetet i Oslo. Interesserte kan kontakta henne på mobil: 466 60 972.

kb
30.07.2020
DNT Ung med tur til Englafjell laurdag 1. august.
DNT Ung Kvinnherad skipar til tur til Englafjell f.k. laurdag 1. august. Toppen på Englafjell ligg 1200 moh. Her er flott utsikt frå Haugalandet i sør til kommuane nord for Bergen.  Likeins ser ein langt ut i Nordsjøen og ikkje minst mot Folgefonna og Hardangerfjorden. Kle deg etter veret. Ta med rikeleg med niste. Meir info på Kvinnherad Turlag si heimeside. Siste: Turen vart avlyst p.g.a for lita påmelding.

kb
Siste Nyhende
13.08.2020
Norskekysten på langs med Jan H. Sunde som reiseleiar på MS SUNNHORDLAND.
Jan H. Sunde i RunWay - Norway ligg ikkje på latsida. 20. august er han ferdig med sommarjobben sin som resepsjonist på Olden Fjordhotel. Same dagen går han om bord i hurtigruteskipet MS FINNMARKEN som reiseleiar for norske gjester på turen Bergen - Kirkenes - Bergen. Ikkje nok med det. Deretter vert det ein tur til med hurtigruta før han er klar for turen med MS SUNNHORDLAND frå Tromsø til Bergen/Leirvik i tidsperioden 20. - 25. september.
12.08.2020
Stemningsfull konsert i kveldssola på Stemneplassen.
Eit femitals menneske fann vegen til Stemneplassen i kveld for å vera med på friluftskonsert på det vakre friområde sentralt i Uskedalen. Arrangøren Uskedal Friluftslag er godt nøgd med frammøte i det fine og til tider svært varme veret. Konsertaktørane Uskedal Musikklag og Rustne Menn gjennomførte sine program etter oppsett plan og etter det vi kunne registrera, likte publikum repetoaret til begge gruppene.
10.08.2020
Nye elevtoalett står klar til skuleestart.
Kvinnherad kommune har renovert elevtoaletta på Uskedal skule i sommar. Dei gamle var slitne og lite tilpassa dagens krav til hygiene og personleg komfort. Kvinnherad Bygg har hatt jobben med fornyinga. Alt røyrarbeid er gjort av Husnes Røyr. Elektro: Teknisk Bureau. Sektorleiar i Kvinnherad kommune, Knut Bjørvik, har hatt tilsynet med arbeidet.
10.08.2020
Friluftskonsert med Musikklaget og Rustne Menn på Stemneplassen.
I morgon, tysdag 11. august kl. 18.00 vert det skipa til ein uformell og publikumsvenleg konsert på Stemneplassen. Uskedal Musikklag og Rustne Menn står for programmet. I tillegg vert det leikar og vedlotteri. I det fine veret kan det bli ei gild stund for fastbuande og tilreisande gjester.
08.08.2020
Singing Tweens og Småbarnstreffet er klar for oppstart.
Alt klart for ein ny sesong for songgruppa Singing Tweens. Samlingane er på Uskedal Bedehus. Singing Tweens er for born, som likar å syngja, frå 1. klasse og oppover.  Samlingane vert gjennomførte med bakgrunn i Covid 19 og smittevernreglane.
07.08.2020
Kvinnherad Vekst er tilbake til ordinær drift med vanlege opningstider.
Kvinnherad Vekstbedrift er tilbake til ordinær drift og med opningstider slik det er kunngjord på skilt og på heimesida deira. Opningstida på avdeling for trelast er: Kvardagar frå kl. 08.00 til kl. 16.00. Laurdagar: kl. 09.00 til kl. 14.00. Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast i Beinavikjo er godt skilta frå Fylkesvegen og vidare fram til lageret deira i Beinavikjo. På sikt vert alt arbeid knytta til verkstad, ved, betong og trelast samla på Vikjo. Vask og kantine vert verande i noverande lokale.
06.08.2020
SeaDream Yacht Club innstiller cruisetrafikken inntil vidare.
Cruisetrafikken med SEADREAM 1 og SEADREAM 2 vert innstillt inntil vidar. Årsaka er at ein dansk passasjer på cruise i perioden 21. juli til 2. august testa positivt på koronasmitte. Det var nok til at Folkehelseinstituttet bestemte at ingen får gå i land på kystcruisa i Noreg. Dermed var det ingen SEADREAM skip å sjå i Storsund i dag, 6. august.
06.08.2020
To kroner i pant er betre enn smertefulle dyrelidingar.
Det er klart for håslåtten og store areal er klar for hausting langs fylkes- og kommunevegane i Uskedalen. Kvart år er det eit problem med flasker og boksar, som er kasta ut i graset frå forbipasserande bilistar i Uskedalen. Dette er ei sterk oppmoding frå landbruksnæringa om å ikkje kasta pant i graset.
05.08.2020
Har nokon informasjon/ bilete av kuttaren FIX
Frå tid til anna dukkar det opp spørsmål om farty heimehøyrande i Uskedalen og som vart brukt i råstoffarten. Så langt vi kjenner til er MK HAUSTEN seld. Eit anna farty er MK FIX i Sigurd Arnesen si eige i perioden 1926 - 1935 og som no står på ein slipp på Tertnes i Bergen. FIX fekk seinare namnet TUNES, eigd av Gunnar Reigstad på Halsnøy, og  gjekk i farktefarten fram til 1982. Ein med interesse for fartyvern etterspør om det kan finnast bilete frå tida i Uskedalen.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS