Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

To systerskip gjennom Storsund i dag.

29.06.2020
Klikk på bilete for full storleik
Det norske reiarlaget SeaDream Yacht Club eig og driv SeaDream skipa.
 
To eller fleire prikk like skip vert kalla systerskip. SEADREAM 1 og SEADREAM 2, bygde i 1984 og 1985 i Finland, går på kystcruise denne sommaren og begge skipa er i Rosendal i dag. Skipa kom frå Oslo via Skagen i Danmark og fyrste destinasjon i Noreg er Rosendal. Cruiseskipa tilhøyrer reiarlaget SeaDream Yacht Club ved Atle Brynestad som eigar.
 

Skipa, som er 105 meter lange og har plass til 112 gjester, går med Bahamas flagg og har heimehamn i Nassau. Mannskapet tel 95 og det vert lagt vekt på helse, velvære, spaaktivitetar. Det er høg kvalitet på service og alle fasilitetar.

 

Det er lagt inn tilsaman 19 stopp i Kvinnherad. To av dagane er begge skipa i hamn på same tid, i dag 29. juni og på 23. juli.

 
Klikk på bilete for full storleik
SeaDream 2 på veg mot Rosendal i dag i 11 tida.

Passasjerane kan velja mellom to typar cruise, eit på 7 dagar og eit på 12 dagar. Begge cruisa startar i Oslo og går anten til Bergen eller til Tromsø med mellomhamner. Rosendal er med på begge cruisa.

 

I dag kom skipa inn Storsund på ulike tider. SeaDream 1 gjekk framom Uskedalen kl. 07.45, SeaDream 2 kring kl. 11.00. Begge er sett opp med avreise i kveld. Dersom begge skipa går på innsida av Skorpo på same tid, kan det vera eit interessant fotomotiv.

 

I så fall er det truleg fyrste gongen at to systerskip av denne typen går gjennom Storsund på same dag.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Øystein Enæs

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
14.01.2021
Ord for helga - innspelt frå Uskedal kyrkje.
Ord for helga er denne gongen frå Uskedal kyrkje. Andaktsstunda er ved sokneprest Carsten Mrusek. På orgel: Eva Megyesi. Foto og redigering er ved Jan Ove Fagerheim. Du finn innspelinga på Youtube og på nettsida Kyrkja i Kvinnherad.

Ord for helga

kb
14.01.2021
Minus 14 grader i Friheim i dag tidleg.
Det er målt minus 14 grader i Friheim i dag tidleg, torsdag 14. januar. Det er den kaldaste dagen så langt i vinter. Meld frå om temperaturen der du bur.

kb
13.01.2021
Bente Nilsen - ny dagleg leiar i Rosendal Utvikling.
Bente Nilsen er tilsett som ny dagleg leiar i Rosendal Utvikling. Ho tek til i stillinga 1. februar. Bente Nilsen var dagleg leiar og medeigar i Nilsen Handel AS ( SPAR Uskedalen ) i perioden 1991 - 2020. Bente har hatt ei rekkje tillitsverv innan daglegvarebransjen, lokalt og på nasjonal plan. Det er styreleiar i Rosendal Utvikling, Asbjørn Soltveit, som melder dette i dag.

kb
12.01.2021
Helikopter vert brukt til rydding etter linjearbeid.
Det er helikoptertrafikk oppe i dalen i dag. Det er rydding etter linjearbeid i regi av Haugaland Kraft. Brukt utstyr vert samla ved Vonheim for lasting og bortkøyring alt i dag, tysdag 12. januar.

kb
11.01.2021
Trafikkulukke i Uskedalen.
NRK Hordaland melder om trafikkulukke i Uskedalen på Uskedalsvegen på Eik ved avkøyrsla Eikevegen i dag tidleg, måndag 11. januar. Bilen ligg på taket. Det er ikkje meldt om personskade. Bilen ligg utanfor vegbanen. Presisering: Bilen sklei av vegen i Buasvingen. Det har ikkje noko med Eikevegen å gjera.

kb
10.01.2021
Årsmøte i Uskedal Helselag, måndag 15.02.2021, i Gamleskulen.
Årsmøte i Uskedal Helsleag er måndag 15. februar kl. 19.00 i Gamleskulen. Årsmøtesaker: Årsmelding, rekneksap og val. Innmelde saker frå medlemene skal sendast til styret v/ Eli Roseth Eik innan 1. februar. Det gjeld også søknader om støtte.

Styret
10.01.2021
Endra ruteplan for boshenting.
For å betra logistikken på ruteplanen for boshenting vert det gjort ei  endring i Uskedalen. For nokre adresser vert tømmedagen måndag, ikkje tysdag slik det har vore i lengre tid. Alle med SIM app eller melding på SMS, har fått melding. Endringa gjeld frå i morgon, måndag 11. januar.

kb
09.01.2021
Rekord på Fjellandsbøvatn i dag ?
Det var truleg rekordframmøte av bilar og folk på Fjellandsbøvatn i dag, laurdag 9. januar. Om lag 100 bilar har i løpet av dagen vore innom plassen. Tett i tett stod bilane parkerte til sides og på vegen langs vatnet. Talet på born og vaksne må vera rundt 200. Uskedalen.no merka seg at det var gjester frå mange bygder.

kb
07.01.2021
Ikkje julebukkar i 2021.
Det kom ikkje julebukkar på døra i går. Nokre fann ei løysing privat innan eigen familie. Med dette vart det teke omsyn til oppmodinga frå kommuneoverlegen om å ikkje gå julebukk på vanleg måte.

kb
06.01.2021
Isen på Fjellandsbøvatn er trygg.
Det er over 10 cm. stålis på Fjellandsbøvatn. Isen vert rekna som trygg, men ikkje ver på isen ved innløp og utløp. På sundag vart det målt 6 cm. Isen veks 2 - 3 cm. i døgeret. Det er uansett på eige ansvar ein vel å bruka isen på Fjellandsbø til leik og moro.

kb
Siste Nyhende
18.01.2021
Lekter med borerigg gjer jobben med utdjuping av Børneskaien.
Ein lekter frå Johannes Røgelstad Maskin AS er på plass på Børnes for boring og sprenging av ei grunne som ligg på den kommunalen delen av tømmerkaien. Førebuing og klargjering tok til fredag i veka som var. Lekterfirma frå Skånevik vert mykje brukt ved bygging av kaiar, moloar og fundament i sjø i heile regionen. Lekteren fungerer også som ein ambulerande og flyttbar tømmerkai, om det trengst.
18.01.2021
Massevaksinasjon i Kvinnherad kommune.
Kvinnherad kommune startar massevaksinasjon for korona. Informasjon om arbeidet vil bli lopande oppdatert på kommunen si heimeside. Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. Denne infomasjonen er henta frå Kvinnherad kommune si heimeside, oppdatert i dag 18.01.2021.
17.01.2021
DS NORSE KING der Hans L. Landa var mannskap er omtalt i krigsseglarbok frå Finnmark.
I ein bokserie med tittelen Krigsseilere fra nord omhandlar bok 1 sjømenn frå Finnmark i handelsflåten ute og heime. Roger Albrigtsen frå Evenes i Nordland er forfattar. Bok 2: Krigsseilere frå Troms 1939 - 1945 kjem til sommaren. I den fyrste boka legg vi merke til DS NORSE KING på reise frå Swansea til Boston, lasta med kol. Skipstømmermann Han Laurits Landa ( f. 1903 )  frå Uskedalen var mannskap og omkom i torpederinga 28. og 29. desember 1942.
16.01.2021
Pålavegen - Uskedalen sitt svar på Fløysvingane.
Bergen har Fløysvingane og Føyfjellsvegen. Uskedalen har skogsvegen på Haugland, også kalla Pålavegen. Det er nokre skilnader. I Bergen kan du ta Fløybanen opp og aka ned, om lag 300 høgdemeter. På Haugland går du til toppen og akar eller skreider 500 høgdemeter ned i dalbotn. Etter Uskedalen.no la ut på nettsida at vegen var preparert og køyrt opp med scooter, har det vore stor tilstrøyming dag og kveld.
15.01.2021
Uskedalen vart vurdert for plassering av Dagsturhytta.
Etter vedtak i Levekårsutvalet vart det bestemt at Dagsturhytta skal plasserast ved Nautavatnet. Etter framlegg frå Uskedal Idrettslag var Uskedalen med i vurderinga like til siste behandling. I desember vart det gjennomført synfaringar i fleire aktuelle bygder, mellom anna på Hatlestrand, Husnes og i Uskedalen. Etter ei total vurdering med bakgrunn i krav til plassering og bruk, vart plassen Nautavatnet.
14.01.2021
Klagar på vedtaket i Forvaltningsutvalet om steinknusing.
Innan fristen er det sendt klage på vedtaket i Forvaltningsutvalet 16.12.2020 om å gje løyve til knusing av stein på Børnes Industriområde. Klagen er underskriven av 17 naboar. Brødrene Hjønnevåg har sendt eigen klage på same vedtaket. Klagen gjeld steinknusing, ikkje sprenging.
14.01.2021
Skulen før er tema i neste filmprosjekt på Uskedal skule.
Skulen på 1940 og 1960 talet er tema for 7. klasse sitt filmprosjekt med filmskapar Merethe Offerdal Tveit som instruktør. Informantane er Bjørgulv Eik og Thor Inge Døssland. Den fyrste delen av innspelinga vart gjort i går i 11 tida. Dei 17 elevane med ulike arbeidsoppgåver var delte i to grupper, ei på skulen i arbeidet med tittel og rulletekst, ei gruppe i Gamleskulen med intervju, lyd og opptak. 
13.01.2021
Finn fram ski, akebrett, rattkjelke og kom i Pålavegen.
Skogsvegen på Haugland, på folkemunnen kalla Pålavegen, er klargjort for aking og skigåring dag og kveld. Pål Haugland melder at vegen er brøytt og køyrd opp med snøcooter. Vegen er fast og fin og kan brukast fritt av alle som vil ut i det fine vinterveret. Snøen ligg på trea og det er reint idyllisk å ta seg fram.
12.01.2021
Cruiseplanen - positiv og høgst aktuell for Uskedalen
Cruisestrategi for Kvinnherad 2021 - 2030 ligg ute på høyring. Fristen for å koma med merknad er alt i morgon, onsdag 13. januar. Dokumentet er ein del av temaplan for reiseliv, som igjen sorterer under ein overordna plan for næringsutvikling i Kvinnherad. Vi kan alt no sei at planen er gjennomtenkt og at mange av tiltaka er aktuelle for ei bygd som Uskedalen med sine natur- og kulturattraksjonar.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS