Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Meddommarar frå Uskedalen, valde i perioden 2021 - 2024.

19.05.2020
Klikk på bilete for full storleik
Sunnhordland Tingrett vert administrert frå Sorenskirvargarden på Leirvik.
 
Etter innstilling frå Valstyret  valde kommunestyret på det siste møte meddommarar i ulike retsinstansar. Valperioden er i tida 2021 - 2024. Nokre av ei valde har vore meddommar før og har lang erfaring. Mange er nye. Meddommarane skal representera breidda i den norske befolkninga, i høve til alder, yrke, sosial bakgrunn og kompetanse. Alle må vera i aldersgruppa 21 til 70 år. Etter valet er Uskedal godt representert i tre rettsutval.
 

Sunnhordland Tingrett

 

Sakene går stort sett i Sorenskrivargarden på Leirvik. I nokre høve er forhandlingane lagt til ein anna plass i Sunnhordland. I Kvinnherad kan det vera på Husnes eller i Rosendal. Det er til vanleg ein fagdommar og to meddommarar med. Ein skil mellom straffesaker og sivile saker. Kvar straffesak går som oftast over ein til to dagar, men ein må rekna med ein dag til då dommen skal underskrivast. I snitt må ein rekna med å bli innkalla to gonger i året.Kristian Bringedal har vore meddommar i minst fire periodar og held fram med det, sjølv om han fyller 70 til neste år.

  • Kjell Yri
  • Kristian Bringedal
  • Nils Ragnar Myklebust
 

Gulating Lagmannsrett

 

Juryordninga er avskaffa.. Ein ulempe med den var at ved innkalling og frammøte, kunne ein rekna med å bli skoten ut. Av 14 innkalla lekdommarar kunne fire bli skoten ut. Det vart gjort etter at retten var sett. Då var det berre å gjera vendereis, sjølv om ein hadde fått permisjon frå jobben. No fungerer Lagsmannsretten om lag som Tingretten. Det er 2 fagdommarar og ein medlemsrett på 5 meddommarar. Kjell Yri frå Uskedalen har vore jurymedlem og meddommar i Gulating Lagmannsrett i 12 år. No er han vald inn som lekdommar i Tingretten. Tingseta er til vanleg på Tinghuset i Bergen.

 
  • Brit Hjetland
  • Esben Zimmer
  • Marte Kristoffersen Øyjord

Sunnhordland Jordskifterett


Her er det ein jordskiftedommar og to meddommarar i kvar sak. Jordskifteretten har som oftast med fagkunnig person på oppmåling og som avklarar andre tekniske og innfløkte tema. Ved jordskifte er det vanleg med reise og synfaringar i skog og mark.


  • Møyfrid Kristoffersen
 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Sunnhordland Tingrett

Kjelde: Advokat Haldor Tveit.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.09.2020
Maria Malmsten har nokre ledige songtimar på torsdagar.
Det er nokre ledige songtimar på torsdagar etter kl. 13.00. Maria Malmsten er songpedagog. Dette songtilbodet er for alle, ikkje berre for dei som syng i kor. Undervisninga er i Gamleskulen, i den perioden møterommet på Stemneplassen vert renovert. Interesserte: Ta kontakt på mobil 976 99 887.

kb
21.09.2020
Varsel om politiøving i Uskedalen.
I området Uskedalen vil det bli gjennomført ei øving for politiet onsdag 23. september. Øvinga vil vera synleg i sentrum, både med kjøretøy og personell. Trafikken vil stort sett gå som normalt. Grunnen til at øvvinga er lagt til Uskedalen, er tilgang til eigna øvingsobjekt.

Knut Olav Myklebust - koordinator for operativ trening, Vest Politidistrikt.
20.09.2020
Ny bokbuss - stopp ved Grano i morgon, måndag kl. 17.05
Den nye bokbussen er på plass. Bussen har alt vore på Uskedal skule med bokutlån til elevane. I morgon, måndag 21. september, er det lagt inn stopp i sentrum, ved Grano, mellom kl. 17.05 og kl. 17.30. Møt fram. Lån bøker. Lever inn bøker eller du kan tinga bøker for lån. Bruk bokbussen.

kb
18.09.2020
Jan Morten Myklebust - gjest i sofapraten i Nysæter kyrkje.
Nysæter kyrkje på Stord har eit fast innslag dei kallar I sofakroken. Tidlegare prest i Kvinnherad, Reidar Ådnanes, inviterer utvalde personar til prat om viktige spørsmål i livet. Tittelen i møte med flyhamnsef Jan Morten Myklebust ( frå Uskedalen ), er: Høgt og lågt - i medvind og motvind. Samtalen vil mellom anna handla om det å takla ulukker. Nysæter kyrkje - tysdag 29. september.

kb
17.09.2020
Anja Njøten Leite - nytilsett lærar på Uskedal skule.
Anja Njøten Leite er tilsett i den ledige stillingen på Uskedal skule. Det var stor interesse. Heile 15 personar var på søkjarlista. Anja har takk ja og vil ta til i den nye jobben med det fyrste. Det er rektor, Odd Steinar Arnesen, som fortel dette til Uskedalen.no.

kb
17.09.2020
Søk gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad innnan 13. oktober.
Det er fram til fristen 13. oktober høve til å søkja om gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Midlane skal gå til ålmennyttige føremål. Alle søknader skal fyllast ut og sendast elektronisk. Meir informasjon finn du på stiftinga si heimeside. www.kvinnheradstiftinga.no

kb
17.09.2020
Fornying av nettsida uskedalen.no.
Ei gruppe i Uskedal Utvikling gjer førebuande arbeid til ei fornying av nettsida Uskedalen.no. Bakgrunnen er ei kommunal løyving på kr. 30.000,- til profilering av Uskedalen. iDrift har det tekniske driftsansvaret og vil uansett fasa ut dagens modell, noko som gjer at ein må finna fram til ny modul med meir fleksible løysingar. Meir informasjon kjem i oktober.

Red.
16.09.2020
Hugs den viktige REFLEKSEN.
Det haustar, og det er verkeleg på tide å ta fram refleksvesten og andre refleksar.  Ein lesar melder at han i dag møtte to mjuke trafikantar, ein syklist og ein gåande, på kvar si side av vegen på eine brua i Uskedalen.  Begge var på rett side av vegen, men dei var svært vanskelege å sjå på litt avstand i grålysninga.

tid
15.09.2020
Rustne Menn utset pubkvelden som var tillyst på fredag 18. sept.
Slik koronaen har utvikla seg vert den tillyste pubkvelden i Dønhaugkjedlaren på fredag utsett inntil ein veit meir om smittesituasjonen. Rustne Menn avventar og ser korleis ein kan få til ein song- og presentasjonskveld for nytt allsonghefte ved eit seinare høve. Innbetalte billettar på VIPPS vert refundert.

kb
14.09.2020
Mykje ros og scoring til Harald Nilsen Tangen.
Harald Nilsen Tangen scora det viktige andremålet då Åsane imponerte ved å slå Kongsvinger 4-2 på bortebane på Gjemselunden i kveld.  I Eurosportstudioet var dei rause med rosen til den talentfulle Viking-spelaren som er på korttidslån til Obosliga-klubben Åsane. I følge panelet hadde han blomstra og verkeleg sett sitt preg på Åsane-laget i kampane han har spelt.  Låneperioden varer ut september månad.

tid
Siste Nyhende
24.09.2020
Reguleringsplan - fyrste steget fram mot eit ferdig prosjekt.
Det er varsla oppstart av arbeidet med reguleringsplan for eit utvida aktivitetshus med klatrehall. Uskedal Idrettslag ved Klatregruppa inviterte til eit to timars informasjonsmøte, organisert som som stand, i går. Alt kl. 19.00 var naboar og andre intereresserte møtte fram for å få vita meir om innhaldet og prosessen. Det er rekna fire steg i sjølve prosjekteringa. Fase ein er reguleringsplan.
23.09.2020
Skonnerten IDEAL av Kristiansund i Storsund i dag.
Det var ei staseleg skute som i 15 tida i dag, onsdag 23, september, kom inn Storsund på sin seglas til Rosendal. IDEAL er kopi av skonnerten ROSENHEIM, bygd på Skaaluren Skibsbyggeri 1910. Det vart bygd fire farty av denne typen tidleg på 1900 talet. Originale teikningar frå perioden 1903 - 1910 er lagt til grunn, men bygginga er tilpassa dagens krav til styrke og passasjersertifikat.
23.09.2020
Melding om oppstart - invitasjon til møte om detaljregulering for Aktivitetshuset.
Uskedal Idrettslag, konsulentfirma Civitas og arkitekt frå Lala Tøyen inviterer til oppstartmøte/stand i kveld, onsdag 23. september kl. 19 - 21, som gjeld detaljregulering knytta til utbygginga av Aktivitetshuset i sentrum av Uskedalen. Det vel 10 dekar store planområde omfattar både offentleg og privat areal. Uskedal Idrettslag er forslagsstillar. Civitas AS er plankonsulent. Lala Tøyen er arkitekt og landskapsarkitekt.
22.09.2020
Ny bokbuss med tre stopp i Uskedalen.
Den nye bokbussen i Kvinnherad er på plass og har starta køyreruta for hausten. Uskedalen er lagt inn med tre plassar for stopp. Det er Uskedal skule, sentrum v/ Gamleskulen/Grano og Dønhaug Gardsbarnehage. Bussen er svenskbygd, frå Fellvings i Billesholm. Det er ei lita verksemd som har spesialisert seg på bussar for mobile tenestetilbod, som blodbankbuss, tannlegebuss og bokbuss.
22.09.2020
Gode helsingar til Carsten Mrusek - ny sokneprest i Uskedalen.
Carsten Mrusek er tilsett som sokneprest i Uskedalen, Ænes og Åkra sokn, førebels for eit år. På innsetjingsgudstenesta sist sundag vart det sagt fram helsingar med gode ynskje for den tenesta han skal gjera i vår norske kyrkje. Soknerådsleiar, Sigmund Myklebust, las brevet frå biskopen  Bjørgvin, Halvor Nordhaug. Prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, henta orda frå 1. mosebok, kap. 32 om å leva i nåden og dela Guds ord med alle.
21.09.2020
Bruk 1,B på Skorpo - innspel til Kulturminneplan.
Ei gruppe på fem medlemer, som har arbeidd etter metoden Gjestebod, har sendt innspel til ny kulturminneplan i Kvinnherad kommune. Gruppa har samla seg om bruk 1, B på Skorpo, det som ofte vert kalla Tunet i det blå, etter tittelen på Herbrand Lavik sin roman på John Griegs forlag 1945. Arbeidsgruppa har vurdert den kulturhistoriske verdien ved å ta vare på gardsbruket etter at den siste eigaren, Johannes Hauge, døydde i 2019.
21.09.2020
Konfirmantåret startar med felles sykkeltur og samling på Varaldsøy.
Ni konfirmantar 2021, ikkje 10 slik vi har skrive før, vart presentert på gudstenesta i kyrkja i går. Alle, saman med foreldra, møtte fram. Namna vart lesne og kvar einskild fekk Bibelen i gåve frå Den norske Kyrkja. Etter gudstenesta var det orientering. Nytt er det at soknepresten i Kvinnherad, Kjersti B. Boge, tek konfirmantane med på sykkeltur frå Ølve til Varaldsøy med overnatting og undervisning i Hestviken på Varaldsøy.
20.09.2020
Audun Eik attvald som leiar i Kvinnherad Sogelag.
Audun Eik frå Uskedalen vart på årsmøte i Kvinnherad Sogelag attvald som leiar. Med seg i styret har han: Lars Jostein Røyrvik, Rita Martens Meyer, Borgny Særstein, Egil Steinar Tofte, Frøydis Fjellhaugen og  Margun Malmanger. Ny varamedlem: Astrid Haugse. Frå årsmeldinga 2019 tek vi med:
18.09.2020
To vikepliktskilt køyrde på i Uskedalen.
Skilt vert frå tid til anna rivne ned eller køyrde på. Litt uvanleg er det at dette skjedde med to vikepliktskilt i ei og same veke, eit på Seinsletto og eit i sentrum. Uskedalen.no kjenner ikkje til bakgrunnen, men reknar med det eit uhell i det vogntog, traktorar med hengarar eller lastebilar har svinga ut på Fylkesvegen.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS