Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Leiarskifte ved Spar Uskedalen.

11.05.2020
Klikk på bilete for full storleik
Mangeårig dagleg leiar, Bente L. Nilsen(t.h.), overlet 1.juni leiaransvaret til Gunn Mari Moberg.
 
Den 1.juni blir ein merkedag ved Spar Uskedalen.  Då trekkjer nemleg dagleg leiar gjennom 30 år, og tilsett i nær 40 år, Bente Lie Nilsen, seg ut av drifta av den populære og veldrivne daglegvarebutikken i bygda vår. Heldigvis er det også ei velkjend og godt omtykt dame som overtar stafettpinnen når Gunn Mari Moberg set seg i leiarstolen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Denne trioen, Gunn Mari Moberg(f.v.), Kjersti Nilsen og Bente L. Nilsen, kan sjå tilbake på mange trivelege år på butikken på Sanden.
 
 
Sidan 1991 har trioen Bente Lie Nilsen, Gunn Mari Moberg og Kjersti Børve eigd og drifta Spar Uskedalen på Sanden. Dei har vore tilknytta fleire kjedeprofilar i perioden, men har vore i SPAR frå 2001. Butikken har utvikla seg til ein særs viktig bauta i bygda.  Den har vore svært veldriven.  Kundane har sett stor pris på det, men det har også blitt lagt merke til langt utanfor Kvinnherad sine grenser.  Dei har motteke mange prisar for sin spesielt gode service og si gode drift.  Folk som har besøkt bygda har lagt merke til den gode atmosfæren i butikken med den hyggelege betjeninga.
 
I heile perioden frå 1991 har Bente Nilsen fungert som dagleg leiar, men no skjer det altså endringar. Prosessen starta allereie  hausten 2019, og trioen er no klare for at Gunn Mari skal ta steget  og ha hovudansvaret for butikken saman med Kjersti.  Dei to søstrene overtar no svigerinna sin del i Nilsen Handel AS og eig då kvar sin halvpart.
 
- Vi overtok eit svært godt fundament etter svigerforeldra mine, Harald og Hjørdis. Vi har bygt vidare på det, stein på stein, og saman har vi bygd opp ei solid bedrift. Det ligg mykje hardt arbeid bak det å drive butikk, men dette er noko som eg har stortrivst med. Det har vore ein stor del av livet mitt, fortel Bente som no er klar for å trekkja seg tilbake etter nærare 40 år ved butikken på Sanden. I tillegg har ho engasjert seg  og hatt verv  oppover i systemet, både i SPAR og Norgesgruppen.
 
- Eg føler meg priviligert som har vore med å utvikla butikken til den vi har i dag, og eg er enormt takksam for alle dei lojale kundane vi har. I snart 40 år har eg jobba på Sanden, og no er tida moden for å trekkja seg ut av drifta, det er ei tid for alt.
Heile tida understrekar ho at dette ikkje hadde vore mogeleg utan det gode samarbeidet som dei har hatt i leiartrioen.

- Det har vore kjekt og utviklande å arbeida så tett saman med to så flinke og arbeidssame jenter som Gunn Mari og Kjersti.  Eg kan ikkje få fullrost dei nok! Når eg no har valt å trekka meg ut, er det godt å vita at dei vil føra skuta trygt vidare, seier Bente og føyer til lovord om dei andre ho har jobba saman med.

 
- Dei har vore heilt uunnverlege kvar og ein! Og så har det vore kjekt å oppleva alle ungdommane som har vore innom og jobba her. For dei har jobben her vore eit springbrett ut i arbeidslivet, fortel ho på ein måte som viser at ho har sett pris på alle som ein, før ho plutseleg er over på sin eigen oppstart då ho var først i 20-åra.
- Sjølv hadde eg gleda av å ha Hjørdis og Harald som mentorar  i mange år frå eg starta i bransjen. Det har alltid lege til grunn for vårt «driv». To fantastiske menneske som har lært meg mykje, og eg er veldig takknemleg for den tillit dei alltid har gitt oss som har drive butikken vidare etter dei.
 
Det er ein sprek dagleg leiar som trekkjer seg tilbake 1.juni, og eg forstår at ho slett ikkje ser for seg noko vanleg pensjonisttilvære enno.
- Eg er bare 61 år og har mykje energi. Eg har ikkje staka ut kursen vidare, men plutseleg kan det opna seg ei ny dør, avsluttar ho og vi anar at ho kan koma til å bruka driven, dugleiken og kreativiteten sin på eit eller anna prosjekt til glede for andre også i komande år.
 
Klikk på bilete for full storleik
Bente L. Nilsen synes det er trygt og godt å trekkja seg tilbake når dei to svigerinnene hennar fører skuta vidare.
 
 
Vi henvender oss så til dei to som no skal hoppa etter Wirkola for å få deira syn på omorganiseringa. For dei kjem heilt naturleg ros av den avgåande leiaren først:
- Sjølv om Kjersti og eg er fødd inn i butikkdrifta, har vi alltid hatt stor tillit til Bente som vår daglige leiar. Det samarbeidet vi har hatt har vore heilt unikt, startar den komande daglege leiaren. Sidan nyttår har dei hatt ei ryddig overlevering av arbeidsoppgåver.
 
Vidare understrekar både Kjersti og Gunn Mari at Bente har vore ein tydleg og engasjert leiar. Ho har vore svært sentral i Spar si utvikling og drift. 
- Ho har eit stort nettverk innan bransjen og innehar mykje kunnskap. Sjølv om ho sel seg ut vil vi kunna nytta oss av kunnskapen hennar i lang tid framover.
 
Dei ser også positivt på åra som kjem for butikken på Sanden:
- Vi er heldige som overtar drifta av ein butikk med gode rutinar og god drift. Vi har og dei beste medarbeidarane. Dei er engasjerte, tar ansvar og yt meir enn forventa. Vi håpar og trur at det er marknad for ein dagligvarebutikk i Uskedalen, seier ny dagleg leiar Gunn Mari Moberg og legg til at Kjersti og ho i alle fall er innstilt på å gjera det dei kan for at det skal vera ein god arbeidsplass og eit godt tilbod til kundane.  Eigentleg hadde dei hatt lyst til å markere leiarskiftet med både kake og klem til kundane, men det let seg ikkje gjera i den situasjonen vi har no.
 
Vi kjem nok framleis til å ha ein daglegvarebutikk i den absolutte eliteklassen i Uskedalen. Dei kjem nok til å landa like godt og vakkert som Wirkola.  For oss som kundar er det godt å vita at når ein dyktig leiar trer av, står desse to flotte parhestane klare til å overta.  Spar Uskedalen vil nok også i framtida vera det flaggskipet i bygda som vi som bur her kan vera så stolte av!
 
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
30.05.2020
Thaivogna open i dag, pinseafta, og 2. pinsedag.
Thaivogna er open i dag, pinseafta, laurdag 30. mai og måndag, 2. pinsedag. Stengd i morgon 1. pinsedag grunna arrangement.

kb
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
22.05.2020
MF MATRE er tilbake i Uskedalen.
MF MATRE er tilbake i Uskedalen etter tur til Skånevik og testing på alle dei tre ferjekaiane. Det har nokre dagar vore prøvetur og opplæring på det faste mannskapet som til vanleg er på ferja  Utåker - Matre - Skånevik.

kb
21.05.2020
Minner om Heilagdagsfreden.
Ein lesar minner oss på det som er skrive i Norsk lov om Heilagdagsfreden. I dag på Kristi Himmelfartsdag har det vore mange bensindrivne hagemaskinar å høyra, frå fritidsbustader og frå fastbuande. Det har vore mykje lyd frå kl. 09.00 og utover dagen.

kb
21.05.2020
Nilsen Tangen har fått tilbod om ny kontrakt.
Harald Nilsen Tangen(19), barnebarnet til Hjørdis og Harald på Sanden, har fått tilbod om ny kontroakt med elitedivisjonsklubben Viking.  Trenar Bjarne Berntsen er svært interessert i å ha ungguten med vidare.  Trenaren uttalar til Stavanger Aftenblad at Harald har vore kjempepositiv, han har vore svært god i heile vinter og han tar ein heilt annan plass no.  Harald ønskjer på si side å utvikla seg i Viking, han er tolmodig og håpar på tilbod frå utlandet om 5 år.  Dermed skulle det liggja godt an til at dei blir samde om kontraktforlenging. 

tid
Siste Nyhende
02.06.2020
Skjortefodno i Eikedalen ligg til langt ut i juni månad.
Snøen kom seint i år og den markerte og tydlege Skjortefodno i Eikedalen let venta på seg, men frå februar har fodno vore på plass. Dersom Skjortefodno var stor, sa dei gamle på Eik: Ho er dryge Skjortefodno i år. Det varme veret den siste veka med stor snøsmelting har ført til at fennene rundt Uskedalen minkar dag for dag.
31.05.2020
Samarbeid om bubilplassering har skapt god PR for bygda.
Det går mot ei rekordheld når det gjeld gjester i båthamner og camping i Uskedalen. Vi kan knapt minnast at det har vore så mange tilreisande. Stor pågang av gjester i bubil gjorde at Uskedal Båtlag opna opp for å bruka grøntarealet ved servicebygget til parkering. Dette vart gjort for å avhjelpa Rabben Camping og dermed finna plass til så mange som mogeleg. Parkeringsplassen ved Vertshuset vart også brukt.
30.05.2020
30.000 til flott dugnadsprosjekt.
For eit par år sidan vart det etablert ei dugnadsgruppe etter initiativ frå Pål Haugland.  Gruppa har hatt fast møtetid om torsdagane, og har hatt mange prosjekt til nytte for Uskedalen.  Fredag ettermiddag vart dei tildelt 30.000 kroner frå Sparebankstiftinga Kvinnherad til eit prosjekt som vil bli til stor glede for turgåarar; - gapahuk på Flåtene.
30.05.2020
Startar opp med gudstenester etter koronastenging.
Vi har vore gjennom ei spesiell tid der alle gudstenester i kyrkjene har vore avlyst. Kyrkja har stått saman med resten av samfunnet i den store dugnaden for å avgrensa smitte av korona. Når vi no på nytt kan invitera til gudsteneste, må vi gjera vårt til at det kan skje på ein trygg måte. I Uskedal kyrkje er benkene merka for å halda på ein meters avstand.
30.05.2020
Solskinsmusikk ved Spar!
Det har vore ei strålande pinstiafta, og det passa då svært godt at veteranane i Uskedal musikklag brukte litt av dagen til å spreie glede med glade blåsetonar ved Spar Uskedalen. Musikken samla godt med tilhøyrarar som ved applaus og tilbakemeldingar viste at dei sette pris på den uformelle konserten på ni nummer.
29.05.2020
SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad med tildeling til 7 prosjekt i Uskedalen
Det vart i dag tildelt midlar frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad til heile sju prosjekt i Uskedalen. Fem av tildelingane går til ulike tiltak i Uskedal Idrettslag. I tillegg er det løyvd midlar til Uskedal Musikklag ( nye instrument ) og Uskedal Utvikling - dugnadsgruppa. På samkoma i dag på Husnes var 10 prosjekt av totalt 38 plukka ut for overrekking av gåvebrev. Dei 27 andre mottek brev med informasjon om overføring av midlane. 
28.05.2020
Leigetakarane er tilbake i reiret sitt i takstigen hos Birger Myklebust.
Måsen er på plassen sin i same reiret slik det har vore dei siste åra. Birger Myklebust eig og bur i huset og det same skjer kvart år om lag på same tida. Det er ein fiskemåse, eit par der hannen og hoa byter på å ruga. Hekketida er frå 24 til 28 dagar og ungane er flygeferdige på 4 - 5 dagar. Birger snakkar med måsen kvar dag, noko som gjer at den ikkje er aggressiv og pågåande. Det er med andre ord eit godt forhold mellom eigar og leigar.
27.05.2020
Hugs at det er generell bandtvang på hund i Kvinnherad.
Lause hundar og manglande respekt for Hundeloven § 6, bandtvang, er ein gjengangar av ei sak på uskedalen.no. No gjeld det lause hundar på elvekanten der det for tida er stokkender med ungar, særleg i område elvosen, Djupehølen og på begge sider av elva på Leite og i Holmane. I utmarka er hjortekalvinga i gang. Det er alt kome storfe på beite, til dømes i område der ein går tur i skogsvegen på Haugland. Lov om hundehald  (Hundeloven) er presis og klar på kva omsyn og plikter hundeeigar har i høve til ålmugen, andre dyr og menneske.
27.05.2020
Har nokon kjennskap til Andreas Christian Wernøe frå krigsåra.
Motstandsmannen Andreas Christian Wernøe var i Kvinnherad i 1943, truleg også i Uskedalen. Artikkelen Menneske, tiden og tanken er skriven i Uskedalen 28. oktober 1943, eit halvt år før han omkom. Han vart arrestert april 1944 og sat på Gestapohuset  i Bergen. For å ikkje røpa viktig informasjon om etterretningstenesta og motstadnsorganisasjonen kasta han seg ut frå eit vindauga i stor høgde og døydde av skadene. Han er gravlagd på Møllendal kyrkjegard, Bergen.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS