Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Heimeskule på nett - eit digitalt løft.

17.03.2020
Klikk på bilete for full storleik
Malena Hjelmeland, 8. klasse på Rosendal ungdomsskule, starta med 1. time på nett kl. 09.00 i dag.
 
I ei tid med korona og mykje usikkerhet er det viktig for skulen å skapa tryggleik og ein meiningsfull kvardag. Mange born er redde for mykje nett no. Skulen si oppgåve vert å leggja til rette for læring og utvikling ved bruk av digitale plattformer utan at det fører til stress. Det er rektor på Rosendal ungdomsskule, Bjørn Olav Tveit, som seier dette i samtale med Uskedalen.no.
 

Rosendal ungdomsskule er godt førebudd på heimeskule. Mykje er nytt og ikkje prøvd før, men lærarane er motiverte og klar for å starta heimeskule frå i dag, tysdag 17. mars, kl. 09.00.

 

Eit viktig prisnsipp er at elevane har faste rutinar heime, står opp til vanleg tid og er klar for skulearbeid og kontakt med skulen. God dialog og samtale med læraren og medelevane er viktig.

 
Klikk på bilete for full storleik
Faget er matematikk. Læraren er Mattias Zimmermann.

Foreldra må fylgja opp. Det er dei som ser borna no, kjenner deira behov og gjer det ein kan for at eleven er aktiv. Hjernen må vera aktiv gjennom læring. Ein må likevel vera merksam på stress og uheldige hendingar i heimen. Lærarane er klar for å vera oppuntrande og støttande.

 

Systema og den digitale læringsplattforma kan vera ulike frå skule til skule, men grunnlaget er det same. Skulen brukar Teams i Officepakken. Alle e-post kommunikasjon går via Wisma. Det vert lagt opp til videomøte med klassen og eller deler av klassen kvar dag. Lærarane treng ikkje møta fram på skulen. Arbeidet kan gjerast der læraren bur. Leiinga vil vera på skulen.

 

Løysing av oppgåver skriftleg og munnleg vert gjort gjennom programmet Skooler. Ved bruk av verktyet One Note har alle klassenotatbok i alle fag. 

 

I tillegg til Rosendal ungdomsskule er Bjørn Olav Tveit også rektor for Malmanger skule og Mauranger skule. Heimeskulen gjeld for alle, uansett klassesteg. Heimeskule eller fjernundervisning i grunnskulen vil vera eit digitalt løft. Mykje er nytt både for elev og lærar, men med gode strukturar, vil det gå seg til.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Arvid Hjelmeland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
28.03.2020
Landbruksplan 2020 - 2025 er ute på høyring.
Landbruksplan for Kvinnherad 2020 - 2025 er lagt ut til ettersyn og høyring. Fristen for å koma med merknader er sett til 17. april 2020. Planen vert definert som ein Kommunedelplan og er etter vedtak bindande for kommunal landbrukspolitikk i åra framover. Merknader og innspel kan sendast til: post@kvinnherad.kommune.no

kb
27.03.2020
Jørn Øyrehagen Sunde: Guds skjønne døtre.
I kveld skulle den dyktige formidlaren Jørn Øyrehagen Sunde ha hatt eit program i Uskedal kyrkje.  Han har fleire gonger før hatt føredrag i kyrkja i barndomsbygda.  Kvar gong med fullsett kyrkje!  Denne gongen måtte det avlysast, men som ei restatning kan de høyre den interessante framlegginga hans om Guds skjønne døtre ved å klikka HER.

tid
27.03.2020
Kvinnherad Vekstbedrift, avd. Beinavikjo er open.
Kvardagar kl. 08.00 til kl. 15.30 er Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Beinavikjo open for trelast- og byggevarehandel. Laurdag: Stengd. Det er ei redusert opningstid i høve til slik det var før permitering. Meir informasjon og innlegg kjem seinare.

kb
26.03.2020
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad utset vårtildelinga.
Grenda melder i dag at SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad utset gåvetildelinga, som nomalt skulle vore på denne tida. Årsaka er koronaviruset. Styret for stiftinga har hatt eit møte og innkomne søknader vert vurderte før ny melding kjem.

kb
24.03.2020
Dagstur til hytta/ fritidseigendom utan å overnatta.
Ein lesar gjer oss merksam på at ein kan vera på dagstur til hytta/fritidseigendom utan å overnatta. Redaksjonen er takksam for tilbakemeldingar, presiseringar og gjerne positive og kreative tankar frå hendingar i kvardagen i tida framover.

Red. 
24.03.2020
Restriksjonane held fram til over påske.
Dagens koronatiltak held fram til 13. april. Dermed er skulen og barnehagane i Uskedalen stengde til over påske. Restriksjonane gjeld også for fritidsreiser og det å ikkje vera på hytta i annan kommune.

kb
24.03.2020
Kommunale kunstgrasbanar er stengde.
Kvinnherad kommune melder at alle idrettsanlegg og kunstgrasbanar er stengde. Dette vert gjort i påvente av ei presisering frå Helsedirektoratet om smittefaren i tida framover. Kunstgrasbanen i Uskedalen er privat og er så langt ikkje omfatta av dette påbodet.

kb
24.03.2020
Hardangerfjordekspressen: Ettermiddagsruta er innstillt.
Hardangerfjordekspressen melder på Facebook at ettermiddagsruta til/frå Bergen er innstilling. Det gjeld avgang Rosendal kl. 14.25 og avgang Bergen kl. 16.30. Årsaka er dårleg ver.

kb
23.03.2020
Fasteaksjonen vert gjennomført på nettet.
Konfirmantane er til vanleg engasjert i den årlege fasteaksjonen. Dato var bestemt til tysdag 31. mars. I desse koronatider vert Fasteaksjonen 2020 gjennomført digitalt ved å bruka VIPPS eller SMS VANN til 2426 ( kr. 200,- ). Innsamla midlar går Kirkens Nødhjelp for å sikra reint vatn, også for å hindra smitte, i fattige land.

kb
23.03.2020
Kommunestyret gjev mynde til F.skapet.
Det er ei sak på lista til fjernmøte i Kommunestyret på torsdag. Fram til august 2020 vert alle møte i K. styret avlyst. K.styret delegerer alle sine saker til F.skapet. F.skapet tel 9 medlemer. To parti, Venstre og Miljøpartiet, er ikkje representert i F.skapet. Dei skal ha observatørstatus. Mynde gjeld saker lagt i K.styret, ikkje saker i utval og nemnder.

kb
Siste Nyhende
28.03.2020
Vil presentera prosjektet for Levekårskomiteen.
Prosjektgruppa for Aktivitetshus med klartresenter i Uskedalen bed om møte med Levekårskomiteen for å gje informasjon om mulighetsstudien og forprosjektet. Neste steg er reguleringsplan. Prosessen så langt har vore god, i dialog med kommune, skulen og organisasjonane. Lala Tøyen er rådgjevar og fagkunning i arbeidet med reguleringsplanen.
27.03.2020
Medlem i Eldrerådet, Magne Huglen, bed eldre ta kontakt.
Medlem i eldrerådet, Magne Huglen, fortel at han ikkje har blitt kontakta av folk som treng spesiell hjelp i pandemi-situasjonen, og at han håpar at ingen eldre brenn inne med spørsmål. Framleis er ikkje det nye styret i eldrerådet valt, men på Kvinnherad kommune sine heimesider er det sett ein digital møtedato for eldrerådet i starten av april.  
27.03.2020
Ikkje delegasjon til Formannsskapet likevel.
Kvinnherad kommunestyre hadde sitt fyrste møte på Teams i går kl. 17.00. Jostein Saghaug ( MDG ) sat heime i stova si og var med på det fyrste fjernmøte på nettet. Kommunedirektøren la fram ei ny innstilling der eit samla kommunestyret gjekk inn for å halda på møteforma og ikkje gje mynde til F.skapet. Neste møte vert alt torsdag 2. april. Det er uvisst kva tid Brannstasjonssaka kjem opp.
26.03.2020
80 år i mai og sel 40 - 50 bil- og båthengarar kvart år.
Sigurd Myklebust, snart 80 år, sel mellom 40 og 50 hengarar kvart år. God helse og ei unik interesse for bilfaget er mellom anna svaret på kvifor Sigurd sidan starten med bilverkstad på 1960 talet gjer det å godt. Kvinnherad Auto er eit firma frå 1967. Redningstenesta gjennom Viking vart frå 1. jan 2020 overdrege til Tor Paulsen AS i Odda. No driv Sigurd Myklebust eit Tysse agentur i tillegg til bilutleige.
25.03.2020
Hald smitten borte - gode tiltak i heimane.
Alle prøver så godt ein kan å halda smitten vekke. Møyfrid Kristoffersen sender oss ei helsing med god rettleiing og råd. Heime hos henne kjem alle inn via vaskerommet. Men det er lett å gløyma seg ut. Så i dag hengde ho for sikkerheits skuld opp ein plakat som ei påminning om å halda smitten borte. Les kva Møyfrid skriv:
25.03.2020
Kunstgrasbanen, klatreparken og trimområde er stengd.
Kunstgrasbanen, klatreparken og trimområde er inntil vidare stengd. Det er Christoffer Fossli, leiar i Uskedal Idettslag, som melder dette og bed oss gjera det kjend for alle brukarar og brukargrupper. Stenginga er gjort etter tilråding frå Norges Friidrettsforbund ( NFF ). Dei kommunale kunstgrasbanane og idrettsanlegga er alt stengde. 
24.03.2020
Ingen påskegjester på Rabben Feriesenter i år.
Det vart ikkje slik Tove og Magne Heggøy hadde tenkt og planlagd. Den fyrste påsken etter overtakinga blir ikkje noko av. Innehavaren av Rabben Feriesenter må retta seg etter pålegg frå styresmaktene om å ikkje feriera eller opphalda seg på hytter og fritidseigedomar i annan kommune enn der ein bur. Magne Heggøy sender helsing til alle sine gjester på Facebook. Tove og Magne har motteke oppmutrande tilbakemeldingar på denne helsinga, med forståing og gode ynskje for drifta vidare.
23.03.2020
Oppgraderer gjerde ved Uskedal skule.
Arbeidet med fornying og oppgadering av gjerde rundt barnehagen og skulen held fram. No gjeld det eit område mot Stølavikjo, frå pumpehuset til porten ved kunstgrasbanen, om lag 50 meter. Gamal gjerdenot og stolpar skal bort, men før det må murfundamentet reiskast for røter og tre. Det er Valen Gartneri og Vedlikehald ved Jone Harkestad som er innleigd for å gjera jobben for Kvinnherad kommune.
23.03.2020
Finn ein blom og betal med VIPPS.
Gro`s Blomster er kreativ og går nye vegar i ei koronatid. Dersom du kvir deg med å gå inn i butikken, kan du finna ein blom og betala på VIPPS. Innehavar Gro Myklebust har tillit til sine kundar og ho er trygg på at varene vert betalte. Tale Hauso i NRK1 merka seg dette kreative tiltaket og hadde innslag på radioen i veka som var.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Byggeriet
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS