Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Informasjon frå Kyrkja i Kvinnherad om å avgrensa koronaviruset.

14.03.2020
Klikk på bilete for full storleik
Viktig informasjon frå Kyrkja i Kvinnherad.
 
Her er generell informasjon frå Kyrkja i Kvinnherad om tiltak for å avgrensa smitte frå koronaviruset. Tiltaka gjeld sjølvsagt også for Uskedal kyrkje. Uskedal sokneråd  hadde eit ekstraordinært møte torsdag 12. mars der ein gjorde vedtak om nedstenging av lokale aktivitetar og arrangement.
 

INFO frå Kyrkja i Kvinnherad i samband med tiltak mot spreiing av korona-viruset:

 
  • Gudstenester, trusopplæringstiltak, konfirmantundervisning, konsertar m.m. er avlyst på ubestemt tid, men i alle fall så lenge skular og barnehagar held stengt.
 
  • Enkel dåpsgudsteneste kan gjennomførast, kun med foreldre, fadrar og besteforeldre (avgrensa antal) til stades. Om det skal vera fleire dåp same stad vert det separate samlingar t.d. kl. 10.30, 11.15 og 12.00.
 
  • Gravferd: Kun næraste familie får vere til stades (maks femti personer). Unnatak må godkjennast i samråd med kommunelegen.
 
  • Det kan vera at ein stenger kyrkjekontoret på Valen for publikum.
 

Meir infomasjon på :


post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no
eller tlf.: 90 53 19 10
(fungerer dessverre ikkje med SMS)

 

Nokre av desse tiltaka er jfr. Bjørgvin bispedøme si heimeside: https://kirken.no/…/fors…/corona%20-%20ingen%20gudstenester/

 
 
 

Tekst: Pressemelding

Foto: Einar Gjertsen

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
02.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2.desember 2020
I dag er det trekt ut to nye heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Begge har vunne fine heimestrikka gevinstar.  Eigar av kalendar nr. 212 har vunne vottar medan det er trekt ut gryteklutar på nr. 264.  Gevinstane kan hentast på Auto 88 AS.

tid
01.12.2020
Kommunevegane er ikkje salta eller strødde.
Fylkesvegen gjennom sentrum og vegen på Døsslandssido og vidare mot Musland er salta. Det er derimot ikkje kommunale vegar som t.d. vegane i byggefelta og vegen ned til Beinavikjo, heller ikkje vegen på Kjærlandssido. Dette må alle vera merksame på for å unngå fall og skade.

kb
01.12.2020
Lysmesse i Uskedal kyrkje sundag 6. desember kl. 15.30.
Den årlege lysmessa i adventstida er sundag 6. desember kl. 15.30. Konfirmantane er med og foreldra er særskild inviterte. Lysmessa er open for alle. Maks. frammøtetal er 50 personar. Liturg er Carsten Mrusek. Organist er kantor Eva Megyesi.

kb
01.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 1.desember 2020
Då er vi komne til 1.desember, og spenninga er i gang.  Første trekningar er gjort, og det er to heldige vinnarar.  Heimestrikka lue er vunnen på kalendar nr.13, og heimestrikka skjerf til småbarn er vunne på nr.280.  Vi gratulerer dei heldige vinnarane som kan henta gevinstane sine på Auto 88 AS.  Skulemusikken vil også nytta høvet til å takka alle som har støtta korpset på ulike måtar.  I morgon tidleg kjem vi med to nye vinnarnummer.

USM.
30.11.2020
Juletresal på Elins Matgleder frå torsdag 3. desember.
Juletresalet startar torsdag 3. desember på Elins Matgleder. Det er juletre frå bonde i Ølen.

kb
29.11.2020
Garderobehuset på Heio er på lista for tildeling av Spelemidlar.
Rehabilitering av garderobebygget på Heio er prioritert på 8. plass over ordinære anlegg for spelemidlar i 2021. Kostnaden er rekna til kr. 845.000,-. Søknad spelemidlar er sett til kr. 281.000,-. Det er til vanleg eit etterslep på desse tildelingane. Difor er det lite truleg at Heio når opp i denne omgang.

kb
27.11.2020
Næringsfondet - løyving til Elins Matgleder.
Næringsfondet i Kvinnherad løyver kr. 150.000,- til Elins Matgleder. Søknaden gjeld vidareutvikling av prosjekt. Den totale ramma frå det ekstraordinære næringsfondet var på 1,6 millionar kr. Kroka Eidedom AS vart i same møte løyvd kr. 35.000,- til reguleringsendring.

kb
26.11.2020
Koronakafe og trim for vaksne vert stengt på ubestemt tid.
Eit samla styre i Uskedal helselag har avgjort at kafe og trim vert stengt på ubestemt tid pga. smittesituasjonen.

Styret
26.11.2020
Mange kjøper skulemusikken sin adventskalendar digitalt både rundt om i landet og i verda elles.
Skulemusikken har hatt svært god respons etter oppslaget vårt om at adventskalendaren deira kan kjøpast digitalt.  Kjøparane som har sikra seg den kjekke og populære kalendaren kjem frå både inn- og utland.  Interesserte kan framleis melda frå til Monica Hermann(906 35 493) eller Haldis Aakra(970 43 869) innan 29.november.  Betaling kan så skje med vipps eller anna avtala måte.  Deretter tar dei bilde av kalendaren med nummer og sender til kjøpar samtidig som dei arkiverer orginalkalendaren.  Gevinstoverlevering vert seinare avtala med vinnarane. Kalendaren er viktigaste inntekskjelda til korpset og kostar 100 kroner.

tid


25.11.2020
Ordføraren bed om innspel til Skyss sine ruter.
Kommunen skal kvart år koma med uttale til eksisterande ruter og kva forbetringar ein kan gjera for evt. endringar. Det gjeld Skyss sine ruter for buss, ferjer og snøggbåtar. Ordføraren er takksam for innspel og gode framlegg. Send til post@kvinnherad.kommune.no

kb
Siste Nyhende
01.12.2020
Kvinnherad Arena - spørjeundersøking om bruken.
I samband med utbygging av Kvinnherad Arena på Husnes ønskjer Kvinnherad kommune å undersøkje kor mykje dei einskilde organisasjonane ser for seg å nytta hallen. Undersøkinga er retta mot organisasjonar som direkte eller indirekte har ein aktivitet som tangerer med dei areala vi planlegg inn i Kvinnherad arena:
30.11.2020
Hyttefeltet på Rød er eit steg nærare realisering.
Hyttefeltet på Rød, med ein lang historikk, er eit seg nærare realisering. Det føreligg søknad om oppstart av opparbeiding av veg, VA anlegg og planering av tomter slik reguleringsplanen syner. Søknaden gjeld også opparbeiding av veg og planering av tomter til regulerte naust. Hyttefeltet Rødshagen har gards- og bruksnummer 121/22. Det er teikna inn 9 hyttetomter og 7 nausttomter.
29.11.2020
Aksnes familien takkar. Framleis mulighet til å gi støtte.
Innsamlinga til transport og operasjon for nakkeskadde Eirik Aksnes har no passert 300.000.  Eirik og familien er svært takksame for støtta dei har fått både frå privatpersonar, aviser, firma og lag.  På grunn av koronasituasjonen er dessverre operasjonen utsett, og derfor er perioden for innsamlinga blitt utvida til månadskiftet januar/februar.
27.11.2020
Julegrantenninga - ein ubroten tradisjon frå 1963.
Musikklaget var der. Meir folk enn venta var der og ljoset frå 78 pærer vart tend nøyaktig kl. 17.00. Om ikkje Børsdalsnissen kom, fekk våga seg. Det var heller ikkje kafe og sal frå boder. Koronaen sette nemleg ein stoppar for ei fullstendig markering. Musikklaget talde 9 medlemer i kveld. Fire av dei var med på den fyrste julegrantenninga for 57 år sidan.
27.11.2020
4. klasse vil setje verdsrekord!
4.. klasse ved Uskedal skule er i gang med eit spennande prosjekt.  Dei satsar på å setja verdsrekord i fingerhekling.  Pågangsmot og motivasjon er på topp, og dei har alt hekla så mykje og brukt så mykje garn, at dei treng hjelp med meir garn.  Derfor har vi motteke meldinga nedanfor.
27.11.2020
Torkel Myklebust med slekt i Uskedalen skriv kvardagsord.
Torkel Myklebust med slekt frå Rabben i Uskedalen skriv boka Møte etter vegen, refleksjonar og kvardagsord etter møte offisielt og privat med personar i ulike situasjonar. Myklebust kjem frå Etne, men bur på Sand i Ryfylke. Han var ein profilert ordførar i Suldal og medlem i Fylkestinget i Rogaland. Mange minnest han frå NRK programmet Nytt på nytt.
26.11.2020
Lundheim - 100 år gamalt hus i sentrum klar for riving.
Det vert i denne veka klargjort for riving av huset der Anders Bringedal dreiv Lundheim Landhandleri med start i 1919. Huset er eit av fleire trehus frå tida før 1940 som har sett sitt preg på Uskedalen. Desse husa med forretningar i fyrste høgda ligg på begge sider av hovudvegen mellom Uskedal bru og nedkøyrsla til Myklebust kai. I same husrekkja ligg Lærarbustaden, bakar Hansen sitt hus, skomakar Bjelland sitt hus og Helgheim frå 1934. Vi må også ta med huset til Dagny og Olav Haugland.
25.11.2020
Plakat- og informasjonsvegg i Båthamna med levegg og overbygg.
Det er stending forbetringar i Uskedal Båtlag sin hamn. Det siste er levegg og tak over det som er plassen for plakatar og informasjon. Arbeidet er gjort på dugnad av Joachim Ekeland, snikkar i Lio Sag og Treforedling. Materialkostnader er dekka av Båtlaget. 
24.11.2020
Adventskalendar med fantastiske gevinstar kan også kjøpast digitalt!
Aldri har den populære adventskalendaren til skulemusikken hatt ei flottare gevinstliste!  Likevel har koronaen gitt nokre utfordringar når det gjeld salet.  Det er ikkje alle som er klar over at dei kan kjøpa kalendaren og få den tilsendt digitalt.  Dermed kan spenningen i førjulstida sikrast om ein bur på Fjelberg, i Oslo eller USA.  På same tid støttar ein opp om den viktigaste inntektskjelda til skulemusikken i ei utfordrande tid.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Røyr og Multiservice
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS