Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ingebjørg Haugland - studiepoeng på 78 grader nord.

08.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Mastergradsstudent Ingebjørg Haugland med rifle på Svalbard.
 
I serien vår med innlegg frå Svalbard er vi no komne fram til Ingebjørg Haugland som er student på UNIS i Longyearbyen. Ho er mastergradstudent i geologi. Oppgåva handlar om Folgefonna og skal leverast før jul i år. Artikkelen hennar med bilete har før vore publisert i Grenda. Åse Hjetland Bringedal var student på UNIS i år 2000. Ho var tilbake i 2001 og 2002 for å gjera ferdig feltarbeidet og skriva hovudfaget. Tema var: Paleoklima siste 4000 år. Åse var også studentrepresentant i styret for UNIS.
 

Mastergraden i geologi starta for min del med eit semester ved universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Nærare tre månadar som innbyggjar i Longyearbyen har vore spanande, lærerikt og gjeve nyttige erfaringar. Longyearbyen er med i overkant av 2000 fastbuande den største busetnaden på Svalbard og skil seg frå alle andre stadar eg har set før. Her er snøskuterar meir vanlege enn bilar.  Vegane har nummer – ikkje vegnamn, turbukse og ullgenser er kleskoden på skulen og rifle er obligatorisk på tursekken.

 
UNIS er Universitetssenteret på Svalbard med tilbod om realfagstudie i ulike fagområde.
I tillegg har skilnaden i dagslys gjeve stortinntrykk. Då eg landa midt på dagen 1. februar var det så mørkt at ein knapt kunne sjå fjella som ligg kring byen. Gatelysa stod på dagen lang, og alle gjekk rundt i refleksvest. Fleire kveldar og netter kunne vi sjå nordlys som dansa over himmelen. For ein vestlending var det spesielt å spenna på seg skia og gå på tur midt på natta medan det grøne lyset bevegde seg over himmelen.  
 

Frå nærast polarnatt-mørke vart det raskt lysare, og ein kunne merka stor skilnad frå dag til dag. Utover februar, før sola vart synleg på himmelen, var det anten blått som ein blåtime eller eit flott rosaskjær på himmelen. Det var stor stas då sola for alvor kom til Longyearbyen. På soldagen 8. mars var heile byen samla ved den gamle sjukehustrappa for å markera at sola var kome attende. Etter at sola først kom har det lysna utruleg fort, og allereie frå 15. april er det midnattssol i Longyearbyen! 

 
Nordlyskveld tysdag i denne veka. PÅ bilete står Solveig og Veslemøy Haugland som var på besøk nokre dagar.

Å vera student på Svalbard har vore stas på mange måtar. Miljøet er svært internasjonalt og undervisninga feltbasert med høgfagleg kvalitet. UNIS er verdas nordlegaste utdanningsinstitusjon og vart grunnlagt i 1993. Universitetssenteret driv forsking og undervising innafor arktisk biologi, geologi, geofysikk og teknologi.

Det er ikkje mogeleg å fullføre ein heil grad på UNIS, men studentar har høve til å ta enkeltemne eller delar av utdanninga si her oppe. Eg tar mastergraden min ved Universitetet i Bergen, og kom opp for å ta to fag: glasiologi (læra om isbrear) og snø-og snøskreddynamikk.

 

Semesteret starta med eit tryggleikskurs over to dagar. Vi var på skytebanen og lærte sikker handtering av våpen, fekk opplæring på snøskuter og lærte elles om andre farar ein må ta omsyn til når ein ferdast utandørs i Arktis. I februar var det først og fremst kulda ein måtte tenkja på.

 
Vi erfarte fort at på kalde dagar vert både niste og drikkevatn stivfrose før første pause, og at ein bør unngå å stikka ei metallskei i munnen utan å røra i den varme maten først! I februar varierte temperaturen rundt 20 minus, med både varmare og kaldare dagar.  
 

Longyearbyen har på grunn av permafrosten berre totalt 10 km med veg, men på vinterstid kjem ein seg lett rundt med skuter. Skulen har mange skuterar til bruk på feltarbeid, og ein heil avdeling av tilsette som arbeidar med logistikk, utstyr og trygg ferdsel i området kring byen.

 
I byen er det trygt å ferdast utan isbjørnbeskyttelse, men dersom ein skal på tur utanfor busetnaden, må ein ha med rifle og gjerne signalpistol i tilfelle ein skulle treffa på isbjørn. For at studentar skal kunna gå på eigne turar på kveldstid og helg, arrangerer skulen annakvar veke eit riflelotteri der ein kan søka om å få tildelt ei rifle og signalpistol til eige bruk i 14 dagar.  
 
 
På tur med glasiologiklassen reiste vi og såg på ulike brear og gjorde diverse målingar. På tur mot Tempelfjorden og Tunabreen måtte vi ta tidleg lunsj då ei isbjørnmamma med to ungar var på veg over sjøisen. Vi heldt god avstand for å ikkje uroa bjørnane medan vi kikka på dei i kikkert. Ein anna tur gjekk til Scott-Turner breen der vi kartla og undersøkte ei fleire hundre meter lang isbregrotte. På feltkurs med ski til Foxfonna målte vi -32,6 C i lufta, og det vart ein heller mindre effektiv feltdag. Den dagen var vi heldige å bli plukka opp av ei beltevogn, og fekk varma opp frosne tær i ein garasje i Gruve 7.
 
Mot slutten av kurset var vi på dagstur med skuter til den russiske gruvebyen Barentsburg. Då vi nærma oss byen kom det Velkommen til Russland melding frå Telenor. I Barentsburg åt vi ein kraftig lunsj på hotellet og tusla rundt å kikka på flott natur, russiske bygg og den store Leninstatuen. 
 

Medan glasilogiundervisinga var retta mot brear og klimaendringar på Svalbard, handla snøskredkurset meir om snøskred og skredfare i og rundt Longyearbyen. For å få ta kurset måtte ein ha med toppturski og sjølvsagt skredutstyr, då feltdagane stort sett har vore skikøyring og graving av snøprofilar.

 
Siste helga i mars pakka vi ski på skutersleden og reiste på helgetur til Sveagruva. Akkurat no bur og jobbar det mellom 50 og 70 personar i Svea. UNIS hadde leigd rom frå gruveselskapet og vi fekk god mat i messa til gruvearbeidarane. Målet med turen var å utarbeida regionalt skredvarsel for området. I tillegg til å grave eit par snøprofilar fekk vi stått mykje på ski i knallsol og puddersnø. Utanom dagane i felt har undervisninga på UNIS vore forelesingar og gruppearbeid.  
 

På fritida her oppe har det òg blitt mykje ski og turar. Dei fleste studentane er glade i å vera ute, og det er ikkje vanskeleg å finna nokon som vil vera med på tur. For min del er det no berre ei god veke igjen med lange lyse dagar, skiturar, snøprofilgraving og litt lesing fram mot eksamen. I påskeveka reiser eg frå midnattssola og heim til vår, grønt gras og masterprosjekt om smeltevatn på Folgefonna. 

 
 

Tekst/foto: Ingebjørg Haugland                                                                       

Nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Scooter er den vanlege måten å ta seg fram på.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
22.02.2020
Tomtegrop i Halsabrotet skal sikrast.
Ei tomtegrop på 122/8 i Halsabrotet skal sikrast, slik det går fram av brev frå seksjon forvaltning i Kvinnherad kommune til eigar. Arbeidet skal gjerast innan 1. mars 2020. Det skal setjast opp eit permanent gjerde for å hindra fall eller utforkøyring i bratt skrent ned til byggetomter.

kb
22.02.2020
Thaivogna er stengd i dag, laurdag 22. febr.
Den sterke vinden i går påførte Thaivogna skader. Skadene vert utbetra straks. Det fører til at innehavar må halda stengd i dag, laurdag 22. februar. Thaivogna opnar alt i morgon, sundag, med ordinære opningstider kl. 14 - 20.

kb
21.02.2020
Lenge leve Kong Harald - flagging på skulen.
Uskedal skule syner respekt for vår folkekjære Kong Harald som fyller 83 år i dag. Trass dårleg ver er flagget på plass, slik det skal vera på alle ofenntlege bygg i dag. Ros til rektor, elevar og tilsette.

kb
21.02.2020
Minner om pubkvelden på Dønhaug i kveld frå kl. 20.
Veret er inga hindring. Kom og ver med på pubkveld med Tore Nordahl-Pedersen på Dønhaug i kveld, fredag 21. februar, frå kl. 20.00. Pederen med bassen er klar med sitt fyrste sett kl. 21.00. Det er koseleg stemning i Dønahaugkjedlaren med fyr på grua i kveld.

kb
20.02.2020
Magne Huglen er tilbake i politikken.
Magne Huglen går inn som vararepresentant på Ap si liste i Kommunestyret. Bakgrunnen er at Tor Thorsen har søkt og fått fritak frå politiske verv. Vibeke Fredheim går inn på fast plass og Huglen vert varamedlem. Magne Huglen har før vore fast medlem i ein periode. Dessutan var han leiar i utvalet for Oppvekst og kultur.

kb
20.02.2020
Thaivogna opnar i morgon, fredag 21. februar, kl. 14.00.
Thaivogna Poon Tip`s Thai opnar for sesongen i morgon fredag 21. februar kl. 14.00. Opningstidene er: Fredag - sundag kl. 14 - 20. For tingingar: Ring 970 68 597.

kb

19.02.2020
Til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt og i område rundt Mannsvatnet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.

Tverrelva Kraftverk AS

Siste Nyhende
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
20.02.2020
Representantar frå Uskedalen valde inn i politiske utval.
Etter vedtak i Kommunestyret i kveld vert det ikkje samanslåing av Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Jostein Saghaug fekk fast politisk plass i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Magne Huglen fekk fast plass i Eldrerådet. Møyfrid Kristoffersen vart varamedlem i Eldrerådet.
20.02.2020
THK innsamling til Ukraina med stopp i Uskedalen, 9 mars.
Måndag 9. mars kjem THK – trailaren til Kvinnherad. På vårparten er det tradisjon med innsamling til Ukraina i bygdene her.Traileren har stopp i Rosendal, Uskedalen og Husnes. I over eit år har vi samla inn sekker og utstyr på lageret i Uskedalen. Dette er eit tilbod for folk som ryddar, eller har ting dei vil gje til Ukraina, og som vil ha det ut av huset.
20.02.2020
FAU takkar alle for gevinstar og god støtte.
No har vi endeleg landa etter Basaren vår på søndag. Fyrst vil vi nytta høvet til å takka: Tusen takk til alle bedrifter og privatpersonar som bidrog med gevinster til både loddbok og åresalg, vi måtte ein fantastisk givarglede. Tusen takk til Arvid Nes i Rosendal Turnlag for god hjelp. Tusen takk til alle som baka herlege kaker.Tusen takk til alle som kom på basar, kjøpte lodd og årer
19.02.2020
Høyrde mora sin vakre, gamle song i nytt arrangement.
Engel Stensletten, fødd på julaftan 1896 med jentenamnet Eik, var kjend for å vera flink å skriva.  Ho etterlet seg mange fine dikt og songar. På slutten av 1940-talet skreiv ho ein vakker song, Eikedalen.  Dei siste tiåra har den vore lite brukt då melodien har vore ukjend.  Siste året har den fått ein renesanse.  Øvinga i musikklaget tirsdag var i så måte ein merkedag.  Då vart songen framført med song og korpsarrangement for nær familie etter Engel Stensletten.
19.02.2020
Miniworkshop - Bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, 7. og 8. mars.
Det vert mini workshop med bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, helga 7. og 8.mars med instruktør Tor Arne Håve og Hale Tasli. Programmet legg mellom anna vekt på enkle grep og øvingar for å få tilgang til meir ro, vitalitet og ei sterkare sjølvkjensle.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS