Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Underskrifter frå næringslivet med støtte for eit lokalt brannvern.

05.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Næringslivet i Uskedalen argumenterer sterkt for å ikkje leggja ned brannstasjonen ( Arkivfoto ).
 
Saka om framtidig brannvern kjem opp i Fomannskapet i morgon, torsdag 6. februar. Næringslivet og nokre organisasjonar har sendt skriv til politikarane med opprop om å halda fram med brannvern og brannstasjon i Uskedalen.
 


Til Formannskapet og varamedlemmer i Kvinnherad kommune.
Vedrørende Saksframlegg til formannskapsmøte 6 februa r2020. Alternativer til brannstasjonsstruktur i Kvinnherad kommune.


Vi har følgjande kommentarer / spørsmål til innstilling frå kommunedirektøren ( saksbehandlar: Atle Josdal) der Kvinnherad kommune skal endra brannstasjonsstrukturen i tråd med alternativ 3 i saksutgreinga som medfører nedlegging av Uskedalen og Fjelberg brannstasjon.


Innleiing: Det er frustrerande både for innbyggjarane og næringslivet å bu i ein kommune, der ein opplever at Uskedalen brannstasjon mange år tilbake i tid, og fortsatt skal bli handsama som ein «salderingspost» i formannskap og i kommunestyre, etter innstilling frå brannsjef og kommunedirektør ( tidlegare rådmenn ).


Uskedalen er ei bygd med 1052 innbyggjarar. Bygda er i vekst med nye husvære i øvre Korsnes og nye bustader er planlagt i sentrum. Industriområdet på Børnes er i vekst og nye bedrifter er etablert på Eidsvik Eigedom sitt verftsområde. Jordbruk er og ei stor og viktig næring i Uskedalen.


Uskedalen Brannstasjon: Branntroppen i Uskedalen har i dag 8 brannmenn i sin beste alder og alle er godkjente røykdykkarar. Etter vårt syn må dette vera ein stor og viktig ressurs også for branntroppen på Husnes og i Rosendal. Det er nemt i saksutgreinga at folk ikkje bur og arbeider på same stad lenger, og at dette er ei utfordring for beredskapen på dagtid. Vi kan ikkje sjå at dette skal vera eit moment for nedlegging av enkelte brannstasjonar. Vi har fortsatt 16 timar igjen av døgeret + helgane.


I saksutgreiinga er det lagt vekt på at utrykningstida frå Husnes er 15 minutt til Uskedalen og 13 minutt frå Rosendal. Dette synes vi høyres litt optimistisk ut, då brannmenn både i Rosendal og Husnes bur i ulike avstandar fra brannstasjonane, og treng ei viss tid til frammøtestad. Gardsbruka i Uskedalen ligg på begge sider oppover dalen og frå sentrum til øverste gardsbruket er det ca. 9,5 km.Tidsfaktoren er ein av dei viktigaste faktorane med tanke på redning av liv og verdiar. Etter vårt syn må Kvinnherad kommune oppretthalda dei brannstasjonane ein har i vår langstrakte kommune.


Skal ein få til nyetableringar i næringslivet og auke i folketalet så meiner vi at nedlegging av Uskedalen brannstasjon vil vera svært negativt, også med tanke på framtidige etableringar på Børnes og i andre bygder. Nedlegging av Uskedalen brannstasjon vil etter vårt syn svekka beredskapen i heile kommunen, spesielt for Husnes og Rosendal ved større aksjonar.


Kommentarer / spørsmål til saksframlegg.

Vi stiller oss undrande til oppstillinga Samanlikning med andre brannvesen
Kvinnherad kommune er langstrakt med fjord og fjell, øyer og ferjestrekningar og det er naturleg at ein har fleire brannstasjonar enn dei kommunane som er nemt i denne samanlikninga.


Pålegg frå Arbeidstilsynet i 2016 der det vart avdekka til dels store manglar ved alle brannstasjonane i Kvinnherad kommune. Kvifor har ein ikkje sett i verk tiltak for å betra situasjonen på eit langt tidlegare tidspunkt?


Tidlegare handsaming:
I Formannskapet den 06.12.2018: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken.
Kvinnherad formannskap vil be om utgreiing om det er mogleg å omgjera stasjonane i Uskedalen – Halsnøy – Åkra – Fjellberg til depot som sikrar lokal beredskap og tidleg innsats.


Formannskapet ber vidare rådmannen gå i ny dialog med Arbeidstilsynet med sikte på å få i stand løysing for å vidareføra dagens brannordning. Dette vert å leggja fram i ny sak for formannskapet. Har dette vore oppe som ny sak i formannskapet ?
Vi kan ikkje sjå at det er nemt noko om dette i saksutgreiinga til møte den 6 februar.


Kostnader: Ombygging av brannstasjonar.
Her viser ein eit oppsett med oppgradering av 5 brannstasjonar x 2,6 mill = 13 mill i alternativ 1. I alternativ 3 går ein for nedlegging av Uskedalen og Fjellberg og kostnadane er redusert til 3 x 2,6 mill = 7.8 mill.


Vi vil tru at det er snakk om ulike kostnader som må til på dei ulike brannstasjonane. Etter vårt syn bør kostnadane som legges til grunn vera eks mva.Vi synes saksutgreiinga ber preg av akkumulerte kostnader som følge av manglande vedlikehald og fornying av utstyr over lengre tid, samt pålegg frå Arbeidstilsynet i 2016.


Det er nemt at det ein vil spara på nedlegging av Uskedalen og Fjellberg brannstasjonar ca. Kr. 900.000 skal nyttast til tilsetjing av 1 person i fast stilling.
Får vi eit betre brannvern av det ?


Kvinnherad brann og redning har dei siste åra fått nye oppgaver med tanke på ulykker, livredning, (First respond» LHR – hjartestarter – opplæring frå Luftambulansen), ekstremvær, oljesøl og eit tettare samarbeid med politi og ambulanse. Desse tre etatane utgjer Kvinnherad kommune sitt beredskaps og redningsteam. Sist men ikkje minst har vi motiverte og gode brannmenn som saman med politi og ambulansetenesta gjer ein fantastisk jobb i lokalsamfunnet.


Vi saknar og ein uttale frå politiet og ambulansetenesta i denne viktige saka.
Vi har den tillit at de som folkevalde gjer beslutningar for brannstasjonane våre som ivaretar sikkerhet for liv/helse og materielle verdiar for innbyggjarane og bedriftene i heile kommunen.


Med vennlig hilsen
Eidsvik Eigedom AS - Prosjekt Konsult Kvinnherad AS - Kest Eiendom AS -
Brødrene Musland Maskin - AS Brødrene Hjønnevåg AS - S.Rødsten Bilforretning AS - HT Industri AS - Tveiten Maskin AS - Selstad AS - Dimmelsvik Bil AS - Slangeservice AS - Reins Maskinering AS - Gro`s Blomster - Arne J. Haugland Maskin AS - Uskedal Eigedom - MultiSolutions AS - EM Holding AS - Spar Uskedalen - Auto 88 AS - Uskedalen Utvikling - HMR Husnes AS

 
 

Tekst: Pressemelding

Foto/ nett: Kristian Bringedal

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
22.02.2020
Tomtegrop i Halsabrotet skal sikrast.
Ei tomtegrop på 122/8 i Halsabrotet skal sikrast, slik det går fram av brev frå seksjon forvaltning i Kvinnherad kommune til eigar. Arbeidet skal gjerast innan 1. mars 2020. Det skal setjast opp eit permanent gjerde for å hindra fall eller utforkøyring i bratt skrent ned til byggetomter.

kb
22.02.2020
Thaivogna er stengd i dag, laurdag 22. febr.
Den sterke vinden i går påførte Thaivogna skader. Skadene vert utbetra straks. Det fører til at innehavar må halda stengd i dag, laurdag 22. februar. Thaivogna opnar alt i morgon, sundag, med ordinære opningstider kl. 14 - 20.

kb
21.02.2020
Lenge leve Kong Harald - flagging på skulen.
Uskedal skule syner respekt for vår folkekjære Kong Harald som fyller 83 år i dag. Trass dårleg ver er flagget på plass, slik det skal vera på alle ofenntlege bygg i dag. Ros til rektor, elevar og tilsette.

kb
21.02.2020
Minner om pubkvelden på Dønhaug i kveld frå kl. 20.
Veret er inga hindring. Kom og ver med på pubkveld med Tore Nordahl-Pedersen på Dønhaug i kveld, fredag 21. februar, frå kl. 20.00. Pederen med bassen er klar med sitt fyrste sett kl. 21.00. Det er koseleg stemning i Dønahaugkjedlaren med fyr på grua i kveld.

kb
20.02.2020
Magne Huglen er tilbake i politikken.
Magne Huglen går inn som vararepresentant på Ap si liste i Kommunestyret. Bakgrunnen er at Tor Thorsen har søkt og fått fritak frå politiske verv. Vibeke Fredheim går inn på fast plass og Huglen vert varamedlem. Magne Huglen har før vore fast medlem i ein periode. Dessutan var han leiar i utvalet for Oppvekst og kultur.

kb
20.02.2020
Thaivogna opnar i morgon, fredag 21. februar, kl. 14.00.
Thaivogna Poon Tip`s Thai opnar for sesongen i morgon fredag 21. februar kl. 14.00. Opningstidene er: Fredag - sundag kl. 14 - 20. For tingingar: Ring 970 68 597.

kb

19.02.2020
Til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt og i område rundt Mannsvatnet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.

Tverrelva Kraftverk AS

Siste Nyhende
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
20.02.2020
Representantar frå Uskedalen valde inn i politiske utval.
Etter vedtak i Kommunestyret i kveld vert det ikkje samanslåing av Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Jostein Saghaug fekk fast politisk plass i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Magne Huglen fekk fast plass i Eldrerådet. Møyfrid Kristoffersen vart varamedlem i Eldrerådet.
20.02.2020
THK innsamling til Ukraina med stopp i Uskedalen, 9 mars.
Måndag 9. mars kjem THK – trailaren til Kvinnherad. På vårparten er det tradisjon med innsamling til Ukraina i bygdene her.Traileren har stopp i Rosendal, Uskedalen og Husnes. I over eit år har vi samla inn sekker og utstyr på lageret i Uskedalen. Dette er eit tilbod for folk som ryddar, eller har ting dei vil gje til Ukraina, og som vil ha det ut av huset.
20.02.2020
FAU takkar alle for gevinstar og god støtte.
No har vi endeleg landa etter Basaren vår på søndag. Fyrst vil vi nytta høvet til å takka: Tusen takk til alle bedrifter og privatpersonar som bidrog med gevinster til både loddbok og åresalg, vi måtte ein fantastisk givarglede. Tusen takk til Arvid Nes i Rosendal Turnlag for god hjelp. Tusen takk til alle som baka herlege kaker.Tusen takk til alle som kom på basar, kjøpte lodd og årer
19.02.2020
Høyrde mora sin vakre, gamle song i nytt arrangement.
Engel Stensletten, fødd på julaftan 1896 med jentenamnet Eik, var kjend for å vera flink å skriva.  Ho etterlet seg mange fine dikt og songar. På slutten av 1940-talet skreiv ho ein vakker song, Eikedalen.  Dei siste tiåra har den vore lite brukt då melodien har vore ukjend.  Siste året har den fått ein renesanse.  Øvinga i musikklaget tirsdag var i så måte ein merkedag.  Då vart songen framført med song og korpsarrangement for nær familie etter Engel Stensletten.
19.02.2020
Miniworkshop - Bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, 7. og 8. mars.
Det vert mini workshop med bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, helga 7. og 8.mars med instruktør Tor Arne Håve og Hale Tasli. Programmet legg mellom anna vekt på enkle grep og øvingar for å få tilgang til meir ro, vitalitet og ei sterkare sjølvkjensle.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS