Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Uskedal Bondelag mobiliserer for Brannstasjonen i bygda.

04.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Styret i Uskedal Bondelag skriv brev til Kommunedirektør og politikarane. F.v: Kjell Arne Myklebust, Ingvill Ersland Myklebust, Marita Kjærland, Lars Haugland ( leiar ) og Runar Myklebust.
 
Uskedalen Bondelag reagerer kraftig på framlegget om å legga ned Brannstasjon i Uskedalen. Uskedalen er ei langstrakt bygd i vekst, både når det gjeld bustadbygging og næring. Landbruket er den største næringa i bygda. Gardsbruka ligg spreidd frå Ljosnes til Steinsletto, og heilt til Friheim og Fjellandsbø. Frå Uskedalsvegen til Friheim er det om lag 8 km. Og enda litt lenger til Fjellandsbøvatnet, eit populært skøyteområde med ofte litt for tynn is. I driftsbygningane vert det stadig fleire dyr, meir elektrisk utstyr, her er utstyr som kan eksplodere, andre farlege kjemikaliar, og det er gassfare.  Ved ein brann er det mange stressa dyr som skal ut, og dette er eit svært krevjande arbeid.
 

UTRYKKINGSTID                                                                                                                
I forslaget er det troppane i Rosendal og på Husnes som skal sløkkje i Uskedalen. Teoretisk er det kanskje mogeleg å nå Uskedalen sentrum innanfor kravet til utrykkingstid på 20 min.  Men han som har gått gjennom isen på Fjellandsvatnet, har ikkje håp om hjelp før det er gått langt over 30 min. 
 

4 januar 2020 omkom 4 personar i brann i Bergen. Brannvesenet brukte 12 min frå alarm til røykdykkarane gjekk inn i huset. Dei kom frå bemanna stasjon i Fana og måtte køyra ca 10 km. I ei slik tragisk ulykke tel kvart sekund.12 minutt vart for lenge.  
 

Når alarmen går i Uskedalen må mannskapa fyrst køyre (etter fartsgrensa) til Brannstasjonen. Dette vil normalt ta om lag 5 min. Så skal dei frå Husnes køyre ca 5 km lenger enn i Bergen. Frå Rosendal er det litt kortare, men her er langt fleire fartshumpar. Og husk: Brannbilen er ein lastebil.  
 

Vert Brannstasjonen i Uskedalen lagt ned, og vi ikkje kan forvente hjelp før det er gått 20-30 min, kan vi ta dårlege val. Vi må vera våre eigne brannmenn, og prøver sjølv å redda ut folk og dyr. Vi har ikkje verneutstyret eller kunnskapen til brannmannskapet. Eller legg administrasjonen opp til at kvart gardsbruk må ha sitt eige sløkkjeutstyr?  

 

Branntroppen rykkjer og ut til trafikkulykker, og  har fått opplæring på hjartestartar.  Det er viktig å vite at hjelpa er nær, og at det er håp sjølv når hjarta stoppar. Ved  nedlegging av stasjonen i Uskedalen vert det heilt klart mindre trygt å bu i Uskedalen. Når administrasjonen seier at det ikkje er pengar til Uskedalen Brannstasjon, må vi trekkja fram Maslows behovspyramide. Fyrst  kjem mat, vatn, søvn og liknande, så TRYGGHET, så får det andre koma etterpå.

 

Branntroppen i Uskedalen tel 8 unge menn, som vi har stor tillit til. Dei er alle røykdykkarar, og har teke mange kurs som brann og redningsmenn. Dei har hatt øving på gardsbruk, og innehar viktig lokalkunnskap om Uskedalen. Då troppen fekk ny bili 2013, sa dei frå seg godtgjersle, arbeidde over 900 dugnadstimar på Stasjonog bil for å få ting på stell. Og næringslivet i sløkkjeområdet støtta arbeidet med kr 36 000,-.  

 

Kjære politikarar: Vi kan ikkje sei opp denne fantastiske, motiverte, hardtarbeidande troppen.

 

Konklusjon: Med ei utrykkingstid på 20-30 min MÅ  menneske og dyr vera ute av den brennande bygningen lenge før branntroppen kjem fram. Dette er ikkje godt nok. Det er lov å vere betre enn dei dårlegaste.

 
 
 

Tekst:/foto: Uskedal Bondelag

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
22.02.2020
Tomtegrop i Halsabrotet skal sikrast.
Ei tomtegrop på 122/8 i Halsabrotet skal sikrast, slik det går fram av brev frå seksjon forvaltning i Kvinnherad kommune til eigar. Arbeidet skal gjerast innan 1. mars 2020. Det skal setjast opp eit permanent gjerde for å hindra fall eller utforkøyring i bratt skrent ned til byggetomter.

kb
22.02.2020
Thaivogna er stengd i dag, laurdag 22. febr.
Den sterke vinden i går påførte Thaivogna skader. Skadene vert utbetra straks. Det fører til at innehavar må halda stengd i dag, laurdag 22. februar. Thaivogna opnar alt i morgon, sundag, med ordinære opningstider kl. 14 - 20.

kb
21.02.2020
Lenge leve Kong Harald - flagging på skulen.
Uskedal skule syner respekt for vår folkekjære Kong Harald som fyller 83 år i dag. Trass dårleg ver er flagget på plass, slik det skal vera på alle ofenntlege bygg i dag. Ros til rektor, elevar og tilsette.

kb
21.02.2020
Minner om pubkvelden på Dønhaug i kveld frå kl. 20.
Veret er inga hindring. Kom og ver med på pubkveld med Tore Nordahl-Pedersen på Dønhaug i kveld, fredag 21. februar, frå kl. 20.00. Pederen med bassen er klar med sitt fyrste sett kl. 21.00. Det er koseleg stemning i Dønahaugkjedlaren med fyr på grua i kveld.

kb
20.02.2020
Magne Huglen er tilbake i politikken.
Magne Huglen går inn som vararepresentant på Ap si liste i Kommunestyret. Bakgrunnen er at Tor Thorsen har søkt og fått fritak frå politiske verv. Vibeke Fredheim går inn på fast plass og Huglen vert varamedlem. Magne Huglen har før vore fast medlem i ein periode. Dessutan var han leiar i utvalet for Oppvekst og kultur.

kb
20.02.2020
Thaivogna opnar i morgon, fredag 21. februar, kl. 14.00.
Thaivogna Poon Tip`s Thai opnar for sesongen i morgon fredag 21. februar kl. 14.00. Opningstidene er: Fredag - sundag kl. 14 - 20. For tingingar: Ring 970 68 597.

kb

19.02.2020
Til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt og i område rundt Mannsvatnet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.

Tverrelva Kraftverk AS

Siste Nyhende
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
20.02.2020
Representantar frå Uskedalen valde inn i politiske utval.
Etter vedtak i Kommunestyret i kveld vert det ikkje samanslåing av Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Jostein Saghaug fekk fast politisk plass i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Magne Huglen fekk fast plass i Eldrerådet. Møyfrid Kristoffersen vart varamedlem i Eldrerådet.
20.02.2020
THK innsamling til Ukraina med stopp i Uskedalen, 9 mars.
Måndag 9. mars kjem THK – trailaren til Kvinnherad. På vårparten er det tradisjon med innsamling til Ukraina i bygdene her.Traileren har stopp i Rosendal, Uskedalen og Husnes. I over eit år har vi samla inn sekker og utstyr på lageret i Uskedalen. Dette er eit tilbod for folk som ryddar, eller har ting dei vil gje til Ukraina, og som vil ha det ut av huset.
20.02.2020
FAU takkar alle for gevinstar og god støtte.
No har vi endeleg landa etter Basaren vår på søndag. Fyrst vil vi nytta høvet til å takka: Tusen takk til alle bedrifter og privatpersonar som bidrog med gevinster til både loddbok og åresalg, vi måtte ein fantastisk givarglede. Tusen takk til Arvid Nes i Rosendal Turnlag for god hjelp. Tusen takk til alle som baka herlege kaker.Tusen takk til alle som kom på basar, kjøpte lodd og årer
19.02.2020
Høyrde mora sin vakre, gamle song i nytt arrangement.
Engel Stensletten, fødd på julaftan 1896 med jentenamnet Eik, var kjend for å vera flink å skriva.  Ho etterlet seg mange fine dikt og songar. På slutten av 1940-talet skreiv ho ein vakker song, Eikedalen.  Dei siste tiåra har den vore lite brukt då melodien har vore ukjend.  Siste året har den fått ein renesanse.  Øvinga i musikklaget tirsdag var i så måte ein merkedag.  Då vart songen framført med song og korpsarrangement for nær familie etter Engel Stensletten.
19.02.2020
Miniworkshop - Bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, 7. og 8. mars.
Det vert mini workshop med bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, helga 7. og 8.mars med instruktør Tor Arne Håve og Hale Tasli. Programmet legg mellom anna vekt på enkle grep og øvingar for å få tilgang til meir ro, vitalitet og ei sterkare sjølvkjensle.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS