Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

FAU-basar med mange flotte gevinstar.

01.02.2020
Klikk på bilete for full storleik
Malin og Ann Kristin var blant dei som selde lodd til FAU-basaren på SPAR på laurdag.
 
Gratisprinsippet og tronge budsjett set grenser for kva aktivitetar skulane kan tilby elevane. Det har mellom anna FAU ved Uskedal skule teke konsekvensen av.  Dei yter derfor sine bidrag for at elevane skal få ein kjekk, god og variert skulekvardag.  For å skaffa inntekter arrangerer dei stor basar søndag 16.februar kl.16.30.
 
Klikk på bilete for full storleik
Med plakaten på bildet inviterer FAU til basar.
 
 
No føregår førehandssal av lodd til basaren, og lørdag var FAU-representant Ann Kristin Olsen saman med elev Malin på plass som loddseljarar på SPAR då eg var innom butikken. Dei hadde med seg nokre gevinstar, men kunne fortelja at det berre var eit lite utvalg. Og det er jammen sant!!!  Gevinstlista er svært så rikhaldig og den bør vera veldig fristande på aktuelle loddkjøparar.
 
Gevinstane har dei fått frå rause firma. Her finn vi alt frå dagspass til Festidalen og billettar til Sunde-sprell til bålpanne, mariusgensar, sand/grus, leigebil, dekkhotell, verktøy, service på varmepumpe og mykje, mykje meir.
 
Malin og Ann Kristin fortel at det også vert loddsalg på SPAR neste laurdag.  Dei har fordelt vaktene slik at både elevar og foreldre gjer ein innsats på det feltet.  Dei håpar og trur på godt salg slik at det kan bli til mange gode tiltak for elevane på Uskedal skule. I farten nemner dei sosiale tiltak som elevkveldar, karneval og så håpar dei det kan bli skidag om vergudane spelar på lag. Dei gler seg til basaren og lovar ein skikkeleg basar med åresal og det heile.
 
På basaren vert det også rikeleg med kaffi og kaker. Oppgåvene er delt klassevis, og alle deltar. Det ligg til rette for ein skikkeleg koseleg søndagsettermiddag i Aktivitetshuset frå kl.16.30 og utover den 16.februar.
 
 
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
22.06.2020
Byggeløyve på våningshus med carport, 125/7 - Haugland.
Lina Marie og Tor Håkon Haugland har motteke byggeløyve på våningshus med carprot på 125/7 på Haugland. Ansvarleg søkjar er Norgeshus AS. Byggfirma er Kjell Høyland AS. INTO Røyr har alt røyrarbeidet. Alle formelle godkjenningar er på plass. Arbeidet kan ta til straks.

kb
21.06.2020
Namnet på ny sokneprest vert kunngjord på tysdag.
Det er søkjar til prestestillinga i Uskedalen. Namnet vert kunngjord på tysdag i denne veka. Uskedalen har vore utan eigen sokneprest i tida etter at Lina Håland slutta. Vikarprest og andre sokneprestar har fungert i stillinga. Etter at Reidar Ådnanes slutta, har Kjersti Brakestad Boge vore prest i Uskedalen.

kb
21.06.2020
Indremisjonssamskipnaden med live sending frå Uskedalen i dag.
Indremisjonssamskipnaden ( IMS ) har stopp med live sending på Facebook ved Uskedal Bedehus i dag med ulike aktivitetar i det dei kallar Kjør igjøno basar. Seinare i dag er det stopp på Halsnøy. Dei som ynskjer å kjøpa lodd, kan bruka VIPPS: 102696. Mange fine premiar.

kb
Siste Nyhende
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
03.07.2020
Mange vil bu i Ospelunden.
Det verkar som om interressa for Ospelunden byggjefelt berre aukar.  Det er lett å forstå, for etter kvart som nye deler av byggjefeltet vert tilrettelagt, vert det meir og meir tydeleg kor vanvittig flott utsikt det er.  Ein ser i alle retningar, både innover og utover, og ein har utsikt langt uti leia over dei flotte øyane.  Det forklarar nok den store interessa og aktiviteten.
02.07.2020
Kosa seg med slektstreff på Rabben Feriesenter.
Då eg var nedom Rabben Feriesenter onsdag føremiddag, sat ein fornøgd gjeng og kosa seg skikkeleg med frukosten på den nye flotte uteplassen som campingeigar Magne Heggøy har laga i tilknytning til servicebygget.  Smila sat laust hos den trivelege gjengen av slekt og venner frå Gol og Voss som møttest og nytte gode feriedagar i lag.
01.07.2020
Brødrene Musland byggjer storhall i Børnes.
Frå brørne Tore og Roar Musland etablerte entreprenørverksemda Brødrene Musland Maskin for 15 år sidan, har firma utvikla seg til eit solid og høgt repektert entreprenørselskap i dag.  Jamt og trutt har maskinpark blitt fornya og utvida, og siste store investeringa i selskapet er ein stor lager- og garasjehall som no vert bygt på arealet deira i Børnes industriområde.
29.06.2020
To systerskip gjennom Storsund i dag.
To eller fleire prikk like skip vert kalla systerskip. SEADREAM 1 og SEADREAM 2, bygde i 1984 og 1985 i Finland, går på kystcruise denne sommaren og begge skipa er i Rosendal i dag. Skipa kom frå Oslo via Skagen i Danmark og fyrste destinasjon i Noreg er Rosendal. Cruiseskipa tilhøyrer reiarlaget SeaDream Yacht Club ved Atle Brynestad som eigar.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS