Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kan Børneset Næringsområde vera aktuelt for Felleskjøpet.

31.01.2020
Klikk på bilete for full storleik
Skissen syner Felleskjøpet sine standard bygg - eksteriør.
 
Etter at Fylkesmannen har varsla motsegn til plassering av Felleskjøpet på Ridebanetomta sentralt i Rosendal, har utbyggjar lagt planane bort. Lokal motstand har også medverka til at plasseringa er skrinlagd. Slik det kjem fram i media, vurderer Fellskjøpet ny plassering og ser seg om etter ei eigna tomt i kommunen. Uskedalen.no kjenner til at plassering på Børneset Næringsområde har vore drøfta på medlemsmøte i Felleskjøpet Rogaland, utan at dette alternativet har fått støtte i leiinga.
 

Bonde og medlem Arne Johannes Haugland stadfestar at han og fleire har fremja dette synet to gonger på medlemsmøte, både i 2018 og 2019. Så seint som for to veker sidan vart det dessutan gjennomført ein underskriftssaksjon mot plassering på den tiltenkte tomta i Rosendal og at ein burde sjå på andre alternativ. Underskriftslista er sendt til styret i Felleskjøpet, direktør og til dagleg leiar i Kvinnherad.

 

Frå Uskedal Bondelag er det bekrefta at landbruket som næring ikkje har hatt saka om plassering oppe.

 
Klikk på bilete for full storleik
Børnes Næringsområde og tomtane slik dei er oppdelte i dag.

Børneset Næringssområde ligg sentralt i kommunen og er godt eigna til Felleskjøpet sine føremål. Arbeidet med ny detaljregulering er venta å vera sluttført i inneverande år. Problemet med ei plassering på Børneset kan vera at noverande areal langt på veg er delte opp i tomter, som igjen er selde. Nokre tomteeigarar har alt konkrete planar for kva arealet skal brukast til.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

Skisser: Henta frå ulike plandokument

 
Klikk på bilete for full storleik
Felleskjøpet sin logo - butikken.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
22.02.2020
Tomtegrop i Halsabrotet skal sikrast.
Ei tomtegrop på 122/8 i Halsabrotet skal sikrast, slik det går fram av brev frå seksjon forvaltning i Kvinnherad kommune til eigar. Arbeidet skal gjerast innan 1. mars 2020. Det skal setjast opp eit permanent gjerde for å hindra fall eller utforkøyring i bratt skrent ned til byggetomter.

kb
22.02.2020
Thaivogna er stengd i dag, laurdag 22. febr.
Den sterke vinden i går påførte Thaivogna skader. Skadene vert utbetra straks. Det fører til at innehavar må halda stengd i dag, laurdag 22. februar. Thaivogna opnar alt i morgon, sundag, med ordinære opningstider kl. 14 - 20.

kb
21.02.2020
Lenge leve Kong Harald - flagging på skulen.
Uskedal skule syner respekt for vår folkekjære Kong Harald som fyller 83 år i dag. Trass dårleg ver er flagget på plass, slik det skal vera på alle ofenntlege bygg i dag. Ros til rektor, elevar og tilsette.

kb
21.02.2020
Minner om pubkvelden på Dønhaug i kveld frå kl. 20.
Veret er inga hindring. Kom og ver med på pubkveld med Tore Nordahl-Pedersen på Dønhaug i kveld, fredag 21. februar, frå kl. 20.00. Pederen med bassen er klar med sitt fyrste sett kl. 21.00. Det er koseleg stemning i Dønahaugkjedlaren med fyr på grua i kveld.

kb
20.02.2020
Magne Huglen er tilbake i politikken.
Magne Huglen går inn som vararepresentant på Ap si liste i Kommunestyret. Bakgrunnen er at Tor Thorsen har søkt og fått fritak frå politiske verv. Vibeke Fredheim går inn på fast plass og Huglen vert varamedlem. Magne Huglen har før vore fast medlem i ein periode. Dessutan var han leiar i utvalet for Oppvekst og kultur.

kb
20.02.2020
Thaivogna opnar i morgon, fredag 21. februar, kl. 14.00.
Thaivogna Poon Tip`s Thai opnar for sesongen i morgon fredag 21. februar kl. 14.00. Opningstidene er: Fredag - sundag kl. 14 - 20. For tingingar: Ring 970 68 597.

kb

19.02.2020
Til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt og i område rundt Mannsvatnet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.

Tverrelva Kraftverk AS

Siste Nyhende
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
22.02.2020
Koseleg pubkveld med blues, rock, pop og country.
Borti 50 personar fann vegen til Dønhaug i går kveld for å høyra Tore Nordahl-Pedersen. Artistnamnet er Pederen med bassen og repetoaret er alt frå 60 tals Elvis til J J Cale og Eric Clapton. Teddybjørnens vise solo av Alf Prøysen er ikkje vanleg på ein pub, men Tore likar teksten og gjestene i Dønhaugkjedlaren sette pris på framføringa.
21.02.2020
Vart heidra med minikonsert på 75 årsdagen.
Veteranane i Uskedalen musikklag er ein aktiv gjeng.  Dei har mange spelingar i året, og kvar veke møtest dei til ei frivillig øving i tillegg til den faste øvingsdagen. Frammøtet til den frivillige øvinga fortel det meste om den gode stemninga i bandet. Mest alltid er det 100%!  Torsdag hadde dei ei svært hyggeleg speling då solokornettist Per Myklebust feira 75 årsdagen sin heime i det ærverdige 200 år gamle Bakkehuset i Dimmelsvik.
20.02.2020
Representantar frå Uskedalen valde inn i politiske utval.
Etter vedtak i Kommunestyret i kveld vert det ikkje samanslåing av Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Jostein Saghaug fekk fast politisk plass i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Magne Huglen fekk fast plass i Eldrerådet. Møyfrid Kristoffersen vart varamedlem i Eldrerådet.
20.02.2020
THK innsamling til Ukraina med stopp i Uskedalen, 9 mars.
Måndag 9. mars kjem THK – trailaren til Kvinnherad. På vårparten er det tradisjon med innsamling til Ukraina i bygdene her.Traileren har stopp i Rosendal, Uskedalen og Husnes. I over eit år har vi samla inn sekker og utstyr på lageret i Uskedalen. Dette er eit tilbod for folk som ryddar, eller har ting dei vil gje til Ukraina, og som vil ha det ut av huset.
20.02.2020
FAU takkar alle for gevinstar og god støtte.
No har vi endeleg landa etter Basaren vår på søndag. Fyrst vil vi nytta høvet til å takka: Tusen takk til alle bedrifter og privatpersonar som bidrog med gevinster til både loddbok og åresalg, vi måtte ein fantastisk givarglede. Tusen takk til Arvid Nes i Rosendal Turnlag for god hjelp. Tusen takk til alle som baka herlege kaker.Tusen takk til alle som kom på basar, kjøpte lodd og årer
19.02.2020
Høyrde mora sin vakre, gamle song i nytt arrangement.
Engel Stensletten, fødd på julaftan 1896 med jentenamnet Eik, var kjend for å vera flink å skriva.  Ho etterlet seg mange fine dikt og songar. På slutten av 1940-talet skreiv ho ein vakker song, Eikedalen.  Dei siste tiåra har den vore lite brukt då melodien har vore ukjend.  Siste året har den fått ein renesanse.  Øvinga i musikklaget tirsdag var i så måte ein merkedag.  Då vart songen framført med song og korpsarrangement for nær familie etter Engel Stensletten.
19.02.2020
Miniworkshop - Bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, 7. og 8. mars.
Det vert mini workshop med bioenergetiske kroppsøvingar - grunning i Helgheim, helga 7. og 8.mars med instruktør Tor Arne Håve og Hale Tasli. Programmet legg mellom anna vekt på enkle grep og øvingar for å få tilgang til meir ro, vitalitet og ei sterkare sjølvkjensle.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS