Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kan Uskedalen vera plassen for Dagsturhytta ?

08.01.2020
Klikk på bilete for full storleik
Skissen syner korleis dagsturhytta vil sjå ut.
 
Kvinnhead kommune søkte og fekk tilskot til å byggja dagsturhytte på ein dertil eigna plass i kommunen. Atle Skrede er mannen bak tanken og hytta på 15 rutemeter er alt prøvd ut i fleire kommunar. Hytta skal vera eit lågterskeltilbod til turgåarar der ein kan eta maten sin og varma seg. I fyrste omgang vert det bygd ti slike hytter i det som var Hordaland.
 

Kostnaden med kvar hytte er om lag 1 million kr. I finansieringsplanen ligg det inne at det kan søkjast midlar frå fylkeskomunen, spelemidlane og frå andre lokale fonds.

 

I pressemeldinga som gjekk ut før jul vart det sagt at plassen i Kvinnherad ikkje var avklart. Ein føresetnad er at hytta skal vera plassert nær dagleglivet til folk flest. Alle skal kunna nå hytta på ein enkel dagstur. Driftsforma er heller ikkje avklart, men det er naturleg å søkja samarbeid med lokale og frivillige organisasjonar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flåtene i Eikedalen må vera ein aktuell plass for Dagsturhytta.

Uskedalen med si sentrale plassering i kommunen bør vera ein aktuell plass for plassering. Fleire aktuelle turmål peikar seg ut, der det alt i dag er mange turgåarar.

 
  • Flåtene i Eikedalen er ein aktuell stad. Det er lett tilkomst frå begge sider av Eikeelva, både på Eik og frå Nedre Fet
  • Fjellandsbø og Åsaredalen er eit alternativ. Her er det skogsveg og god tilkomst
  • Låganoso er eit populært turmål for mange, ikkje for langt, men sentralt med vakker utsikt mot dalen og fjorden
  • Storhaug, Mannsvatn og Hauglandsfjellet er det mest brukte fjellet i Uskedalen. Her er mange aktuelle plassar for ei dagsturhytte.
 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Illustrasjonsfoto/ Kristian Bringedal

 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Fjellandsbø med Åsaredalen har lett tilskomst og vil vera ein god plass for ei dagsturhytte.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
22.05.2020
MF MATRE er tilbake i Uskedalen.
MF MATRE er tilbake i Uskedalen etter tur til Skånevik og testing på alle dei tre ferjekaiane. Det har nokre dagar vore prøvetur og opplæring på det faste mannskapet som til vanleg er på ferja  Utåker - Matre - Skånevik.

kb
21.05.2020
Minner om Heilagdagsfreden.
Ein lesar minner oss på det som er skrive i Norsk lov om Heilagdagsfreden. I dag på Kristi Himmelfartsdag har det vore mange bensindrivne hagemaskinar å høyra, frå fritidsbustader og frå fastbuande. Det har vore mykje lyd frå kl. 09.00 og utover dagen.

kb
21.05.2020
Nilsen Tangen har fått tilbod om ny kontrakt.
Harald Nilsen Tangen(19), barnebarnet til Hjørdis og Harald på Sanden, har fått tilbod om ny kontroakt med elitedivisjonsklubben Viking.  Trenar Bjarne Berntsen er svært interessert i å ha ungguten med vidare.  Trenaren uttalar til Stavanger Aftenblad at Harald har vore kjempepositiv, han har vore svært god i heile vinter og han tar ein heilt annan plass no.  Harald ønskjer på si side å utvikla seg i Viking, han er tolmodig og håpar på tilbod frå utlandet om 5 år.  Dermed skulle det liggja godt an til at dei blir samde om kontraktforlenging. 

tid
18.05.2020
Høyr den gode 17.mai-talen og andre deler av programmet for dagen!
På kvinnheringen.no finn de ein video med deler av 17.mai-programmet i Uskedalen. Der kan de høyra korpsmusikk med både skulemusikken og den eldre garde, høyra flinke 5.klassingar lesa diktet til Olaf Agnar Gausvik ved Bautasteinen og ikkje minst høyra den gode talen for dagen.  Det var dei tre 18-åringane Thea Soltveit Taranger, Hanna Tvilde og Viljar Simonnes Tveit som heldt talen som var særs god både i framføring og innhald.  Sjå videoen HER.

tid
18.05.2020
Meddommarar i Gulating Lagmannsrett frå 2021.
Kvinnherad kommunestyre har vald desse frå Uskedalen som meddommarar i Lagmannsretten: Brit Hjetland, Esben Zimmer og Marte Kristoffersen Øyjord. Marte har bustadadresse Rosendal. Funksjonen som meddommar gjeld frå 2021.

kb
15.05.2020
God respons på vedlotteriet i Uskedal Friluftslag.
Det er alt rundt 20 innbetalingar til Uskedal Friluftslag sitt vedlotteri for vedlikehald og drift av Stemneplassen. Alle som støttar Friluftslaget med kr. 100,- eller meir innan 1. september, kan vinna 5 sekker bjørkeved. Det vert trekt ut to vinnarar. Bruk anten konto 3460.07.53659 eller VIPPS 605565. Takk til alle for gåva.

Styret
14.05.2020
Høge lesartal i denne veka.
Uskedalen.no kan syna til høge lesartal tysdag 12. mai. Døgeret frå kl. 00.00 til kl. 24.00 vart det registert over 2200 lesarar ( unike brukarar ). Innlegget om leiarskifte på SPAR Uskedalen er årsaka til den store interessa frå ei brei lesargruppe i Kvinnherad og frå regionane Sunnhordland og Hardanger.

Red.
Siste Nyhende
25.05.2020
Næringssjefen oppmodar bygdelaga senda søknad om marknadsføringsmidlar.
Næringssjefen i Kvinnherad, Grethe Solheim, oppmodar bygdelag og utviklingsselskap om å senda søknad på marknadsføringsmidlar. Av eit budsjett på kr. 500.000,- er det alt løyvd kr. 250.000,-. Uskedalen burde vera klar for søknad med bakgrunn i mange gode profileringstiltak som går på kultur- og naturbaserte prosjekt.
24.05.2020
Mykje nedbør og stor snøsmelting.
Snøsmelting med store elvar i Englafjell og Ulvanoso tok til for alvor i denne veka. I natt var det i tillegg mykje nedbør. I neste veke er det rekna temperaturar kring 15 varmegrader. I Pinsehelga kan temperaturen koma opp i over 20 pluss grader.
23.05.2020
Film i trusopplæringsprogrammet innspelt i Uskedalen.
Ein film med bakgrunn i Noah`s Ark er innspelt i Uskedalen og er tenkt for dei yngste borna i trusopplæringa. Filminga er gjort i kyrkja og på Stølavikjo i stranda nedom Uskedal skule. Filmen vart spelt inn på tysdag og onsdag i denne veka, og vart lagt ut på kyrkja si nettside og Facebook-side i går , fredag 22. mai.
22.05.2020
Audun Ljosnes frå Uskedalen med heimelaga betongsprutebil.
Audun Ljosnes kjem frå Kvednavikjo i Uskedalen. No bur han i Sørvågen i Moskenes ( Lofoten ) og driv med beongsprøyting. Ikkje nok me det. Han har konstruert og fått laga sin eigen bil for sprøyting av betong i tunnelar. Han har hatt oppdraget med sprøyting av mange tunnelar i heile landet, mellom anna i Stryn og på Saltfjellet.
20.05.2020
Einebustad med garasje til sals - sentralt i Uskedalen.
Ein einebustad på eit plan i sentrum ligg ute for sal på Finn.no. Huset med garasje er bygd i 1991. Anlegget er velhalde, i god stand og er verdisett til 1,5 mill. kr. Omkostnader på vel kr. 38.000,- kjem i tillegg. Huset ligg i eit etablert bustadfelt, Myro, med gangavstand til butikk og elles alle sentrumsfunksjonar.
19.05.2020
Meddommarar frå Uskedalen, valde i perioden 2021 - 2024.
Etter innstilling frå Valstyret  valde kommunestyret på det siste møte meddommarar i ulike retsinstansar. Valperioden er i tida 2021 - 2024. Nokre av ei valde har vore meddommar før og har lang erfaring. Mange er nye. Meddommarane skal representera breidda i den norske befolkninga, i høve til alder, yrke, sosial bakgrunn og kompetanse. Alle må vera i aldersgruppa 21 til 70 år. Etter valet er Uskedal godt representert i tre rettsutval.
19.05.2020
Ei 17. mai markering med tradisjon og nyskaping.
Innhaldet i årets 17. mai program var tufta på Regjeringar sine retningsliner for smittevern samstundes som ein ville halda på nokre tradisjonar. Restriksjonane utløyste kreativitet og nye tiltak, som til dømes køyretykorteseje og rebusløype. Den tradisjonelle 17. mai vart ivareteken med tale og minnemarkeringane ved Bautasteinen og på Stemneplassen. Komiteen makta ved dette å sameina krava om avstand, mindre folk og smittevern med ei 17. mai vi kjenner oss att i.
18.05.2020
Veteranane Bjørgulv og Gunnvald har spela på 71 og 69 nasjonaldagar.
Nasjonaldag utan korpsmusikk er nærast utenkeleg for oss.  No har vi nett lagt bak oss ei flott markering i Uskedalen etter at årets 17.mai-komite hadde gjort ein glimrande jobb.  Korpsmusikk vart det og!  Dei yngste imponerte stort med gode framføringar, og i den andre enden av aldersskalaen er det nokre karar som kan sjå tilbake på særdeles mange 17.mai-spelingar.
17.05.2020
Vinnarane frå trekkinga på 17. mai.
Her kjem vinnarane frå trekkinga av 17. mai rebusen i tillegg til trekkinga av nummer på programmet.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS