Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kjenner du til lokale tradisjonar knytta til Lucia 13. desember ?

13.12.2019
Klikk på bilete for full storleik
Finst det lokale tradisjonar knytta til Lucia og lussinatta 13. desember ?
 
Luciadagen vert som oftast markert i barnehagane med prosejon. Denne gongen vel Uskedalen.no ei anna løysing, nemleg å få fram bakgrunnen og tradisjonen med Lucia i Norden og i Sunnhordland. Knut Rage er tidlegare biblioteksjef på Tysnes, no aktiv i Tysnes Sogelag og med eigne lokalhistoriske artiklar. Knut Rage har sagt ja til at Uskedalen.no kan få bruka det han skriv på si Facebookside. Dersom du kjenner til historiar og seiemåtar om Luciadagen 13. desember, er redaksjonen takksam for ei tilbakemelding.
 

I dag er det fredag 13. og me feirar ikkje mindre enn to helgenar, St. Lucia frå Syrakus og St. Magnus Orknøyjarl. I heile Norden galdt Lucianatta for å vera den lengste natta i året, dvs. vintersolverv. Nokre stader kalte dei natta for midtvinterdagen, sikkert fordi den vart rekna som solverv.

 

Her i Sunnhordland meinte dei at bjørnen snudde seg i hiet denne dagen. På Stord sa dei: Kua rauta då midt på natta og sa: Lussinotto e longe. Veren breka til svar: Ja, ho er som to.

 

Luciadagen har ein altså feira langt tilbake i tida, men vår tids Lucia er av nyare dato. Det er ein svensk skikk frå seint på 1800-talet. Det første Lucia-opptoget fann faktisk ikkje stad før i 1927. Lucia levde på 300-talet og var i følge legenden ei velståande jente frå Syrakus. Mora hadde lova henne vekk til ein heidensk mann. Men då mora vart sjuk og helbreda for sjukdommen ville Lucia som takk gje vekk alt ho eigde til dei fattige, men vart i staden angjeven som kristen av friaren og kasta i fengsel.

 

Legenden fortel at ho stod støtt som eit fjell då dei ville tvinga henne inn på eit bordell, og etter at dei hadde prøvd å drepa henne på så mange slags vis, utan å lukkast fordi Herren verna henne, vart ho til sist hoggen ned med sverd, men med jomfrudommen i behald.

 

I tidlegare tider feira folk Monsmesse eller Mongsmessenatt. Og kven var denne Mons? Jo, det var den heilage Magnus Orknøyjarl, som vart dyrka som ein helgen etter sin død i 1115, men faktisk ikke saligkåra før i 1898. Skikken var at den eigentlege juleperioden byrja med denne natta. Då skulle alt grovarbeid vera ferdig, som tresking og spinning osv. Mange stader var det også ein fast regel at julegrisen skulle vera slakta innan denne dagen. I staden var tida inne for å ta fatt på lysestøyping og ølbrygging, og hestane skulle ha vintersko.

 

Så anten den 13. desember er vigd St. Magnus eller St. Lucia så er nok dette ein eldgammal skikk at denne dagen vert markert – ja, godt mogleg lenge før kristen tid.

 
 

Tekst: Knut Rage

Foto: Kunstbilete

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
03.08.2020
Mayesha Samiha ynskjer jobb.
Mayesha Samiha (30 år) bur på Eik og har jobba som reinhaldar i  Båtlaget sitt sanitærbygg i sommar. Om to veker vert arbeidet avslutta for sesongen. No er ho ledig for nye oppdrag. Det kan vera reinhald, rydding, matlaging, butikk m.m. Mayesha kjem frå Bangladesh. Ho snakkar litt norsk. Skal gå på norsk på Vaksenopplæringa. Ho har tidlegare studert ved universitetet i Oslo. Interesserte kan kontakta henne på mobil: 466 60 972.

kb
30.07.2020
DNT Ung med tur til Englafjell laurdag 1. august.
DNT Ung Kvinnherad skipar til tur til Englafjell f.k. laurdag 1. august. Toppen på Englafjell ligg 1200 moh. Her er flott utsikt frå Haugalandet i sør til kommuane nord for Bergen.  Likeins ser ein langt ut i Nordsjøen og ikkje minst mot Folgefonna og Hardangerfjorden. Kle deg etter veret. Ta med rikeleg med niste. Meir info på Kvinnherad Turlag si heimeside. Siste: Turen vart avlyst p.g.a for lita påmelding.

kb
29.07.2020
Familien Eskil Moen sitt hus totalskadd i brannen på Husnes.
Det var familien Eskil Moen sitt hus som brann på Husnes tysdag i denne veka. Eskil budde ei tid på Ljosnes i Uskedalen. Han er mellom kjend frå engasjementet sitt som folkevald i Kvinnherad kommunestyre for Framstegpartiet. Det er Kvinnheringen som skriv dette på si nettavis.

kb
28.07.2020
Røykdykkarane frå Uskedalen fekk oppgåva med å ta ut pytonslangane.
TV 2 si nyhetssending i kveld vil truleg ha innslag frå brannen på Husnes i går. Det er kjend at to røykdykkarar frå branntroppen i Uskedalen fekk oppgåva med å ta ut pytonslangane frå kjellaren i huset. Innslaget på TV 2 vil handla om dette oppdraget. Meir info kjem på Uskedalen.no

kb
27.07.2020
Branntroppen rykte ut til storbrannen på Husnes i dag.
Branntroppen i Uskedalen har vore involvert i sløkking av brannen på Husnes i dag. I kveld og i natt er mannskap frå Uskedalen med på vakthald og sikring av brannobjektet.

kb
26.07.2020
Rustne Menn, open butikk og grilling samla mykje folk på Huglo.
Trass dårleg ver var frammøte over all forventing på Huglo i dag, faktisk eit publikumstal på langt over 100. Koronalista talde heile 120 namn. Det vart seld 80 hamburgarar. I striregn la Rustne Menn litt om på programmet. Etter framføringa var gruppa samla til sosialt samvære på hytta til Anne Berit og Magne Huglen.

kb
24.07.2020
Thaivogna er stengd i to veker.
Thaivogna med matsal er stengd i to veker. Fyrste opningsdag er fredag 7. august.

kb
23.07.2020
Begge SEADREAM skipa i Storsund i dag.
Både SEADREAM 1 og SEADREAM 2 har Rosendal som destinasjon i dag, torsdag 23. juli. Det eine skipet kom inn Storsund i dag tidleg på seglas frå Bergen til Oslo. Systerskipet går Storsund i ettermiddag og er på veg frå Oslo til Tromsø. Begge cruisebåtane går på sør i Storsund i kveld. Det er den andre gongen i sommar at begge skipa har stopp i Rosendal på ein og same dag.

kb
22.07.2020
Turkoppen, designa av Monica Hansen, sel godt.
Turkoppen Ut på tur i Uskedalen sel godt. I dag var det om lag 15 koppar att i salskorga på SPAR. Turkoppen er designa og utforma av Monica Hansen. Det same er handlenettet frå Uskedalen med gardsnamna skrivne inn.

kb
18.07.2020
Ny Søndagskafe i morgon, søndag 19. juli.
Det er ny Søndagskafe i morgon på Elins Matgleder i Uskedalen. Opningstida er kl. 10 - 16. Det er høve til å kjøpa nysteikte brød, bollar, kaker, suppe m.m. Silobutikkane er opne. Kom og møt Linnea og Thea bak disken.

kb
Siste Nyhende
03.08.2020
50 år sidan det har vore mjølkekyr på Leite.
Det er 50 år sidan Emma og Johannes Kjærland hadde mjølkekyr på Leite. No er 14 kyr på plass i båsane sine i det som var eit redskapshus, ei mellombels løysing i påvente av at flor laga til for lausdrift med robot er klar på Kjærland. Det er Hans Reidar Kjærland som investerer stort i landbruket for å gjera alt meir effektivt og rasjonelt ut frå dagens krav til dyrevelferd og drift.
03.08.2020
Gong- og sykkelveg til Steinsletto må stå øvst på prioriteringslista.
Det må vera eit folkekrav at gong- og sykkelvegen frå Uskedal Bru til Steinsletto vert prioriert som nr. 1 på lista av trafikksikringstiltak i Kommunedelplan samferdsle i Kvinnherad. Ein viktig del av planen er tiltak for gåande og syklande. Torkel Stensletten er engasjert. Han har fritidshus på Steinsletto og bur deler av året i Uskedalen. Han har merka seg alt som er skrive om trafikksikring, fartsgrenser og skilting den siste tida. Mest kritisk er det på strekninga frå sentrum til Teigen ( Steinsletto ). Les kva Torkel Stensletten skriv:
02.08.2020
Varm middag levert frå Dill, også i Uskedalen.
Dill Catering på Halsnøy tek til med levering av varm middag i område Uskedalen - Rosendal. Oppstart vert i haust med utkøyring to gonger i veka. Det er porsjonspaking for kjøleskåp dei andre dagane. Komlemiddagen er som vanleg på torsdagen, men det er meny tilpassa kunden sitt behov. Dagleg leiar, Siv Anita Brovold, fortel til Uskedalen.no at det no er ei kartlegging av interessa. Starten kan bli i september månad.
31.07.2020
Leppefiske opna 17. juli i år.
Frå 17. juli er det opna opp for leppefiske langs kysten. To lag driv leppefiske i Uskedalen. Jostein Legland er ein av dei. Bergnebb, grønegylt og berggylte er tre av seks artar som går under samleomgrepet leppefisk. Det vert også kalla reinsefiske mot lus i oppdretsanlegga. Dei to, som driv leppefiske i Uskedalen, leverer til Eide Fjordbruk.
30.07.2020
Eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice.
Det er eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice. Ronny Kroka er ny dagleg leiar. Med seg ute i arbeid har han Geir Vimme. Den formelle overtakinga var 1. oktober 2019. Tidlegare eigar var Arvid Hjelmeland. Lager og kontor er på Børnes Industriområde. Det er god tilgang på arbeid, alt frå hytter, boligar til serviceoppdrag. Kroka har også godkjenninga, som skal til, for å ta industrirøyrlegging.
30.07.2020
Kulturkonsulenten tileignar seg kunnskap til ny kulturminneplan.
I juni månad var Anita Lykkja, kulturkonsulent i kommunen, på Haugland skulemuseum og på Bygdetunet Rød for å få kunnskap og dokumentasjon som skal brukast i ny kulturminneplan. Planen har status som kommunedelplan og vert skriven med bakgrunn i Plan og Bygningsloven. Ein ferdig plan med handlingsprogram legg grunnlaget for lokal kulturminneforvaltning og kommunen sitt ansvar for kulturminne.
29.07.2020
For høg fart etter opphevingsskilt på Døsslandssido.
Statens Vegvesen har gjort justeringar på skiltinga på Fylkesveg 48 ( 500 ) for å ikkje skapa usikkerhet med omsyn til farten gjennom sentrum. Det går særleg på opphveving. På Døsslandssido og Kjærlandssido er vegen skilta 50 km/t fram til Djupehølen og litt forbi Myklebustsvingen. Så er det opphevingsskilt frå 50 km til 80 km, sjølv om vegen ikkje er laga for så høg fart.
28.07.2020
Roy Døssland og Kristian Haugen var med og henta ut pytonslangane.
Roy Døssland og Kristian Haugen er røykdykkarar i Branntropp Uskedalen. Dei, saman med Magne Heggøy frå Husnes, fekk oppdraget med å henta ut pytonslagane ved brannen i Kleivavegen på Husnes i går. Roy Døssland fortel til Uskedalen.no at oppdraget var spesielt, men ikkje farleg eller skummelt. Syster hans, Trude Helen, dreiv i si tid dyrebutikk, også med reptilar og andre krypdyr. Han var med på det og tileigna seg kunnskap og erfaring med eit variert utval av dyr. Dessutan er han oppvaksen på gard. I dag har han eige bruk og driv med hest og sau.
27.07.2020
Investerer 10,5 mill. kr i ny driftsbygning på Haugland.

Haugland Mjølk og Maskin DA investerer 10, 5 millionar kroner i ny driftsbygning med robot og automatisk foring. Eigarane er Stian Haugland og Tor Ove Haugland. Dei er brør og eig 50 % kvar i det nye driftsselskapet. Den nye driftsbygningen på totalt 980 rutemeter med plass til 43 kyr gjer at mjøkekvoten aukar frå no 145 000 liter til 278 000 liter. I tillegg er det plass til kviger, stutar og kalvar.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS