Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Butikk i Uskedalen i fire generasjonar - filmprosjekt på skulen.

04.12.2019
Klikk på bilete for full storleik
Hjørdis Holgersen fortel levande om det å driva handel på Sanden i Uskedalen. Elevane er f.v: Simon Musland og Petter Myklebust.
 
7. klasse i samarbeid med Merethe Offerdal Tveit i Lokalhistorisk filmkurs har laga film om butikkdrifta på Sanden i fire generasjonar. Hjørdis Holgersen fortel på ein meisterlag måte til borna om oppveksten sin og arbeidet i butikken fram til døtrene Kjersti og Gunn Mari og svigerdotter hennar, Bente, overtok 1992. Hjørdis var primus motor i drifta på Nilsen Handel i 27 år.
 

Det var bestefar hennar som starta handel for 155 år sidan i 1863. Far hennar, Mandius, og mora Marta f. Haugland, dreiv vidare. Mandius var medeigar i Sandajekto og han var ofte med i jektefarten mens Marta dreiv handel. Foreldra og heile sju born budde og vaks opp i det vesle kvite huset på kaien. Dei selde for det meste mjøl, smør og sukker. Grønnsaker var det ikkje snakk om. Bøndene den gongen dyrka og hadde det meste av maten heime på garden. Appelsiner var det berre å få til jul. Kaffien vart malt på ei stor kaffikvern.

 

Hjørdis er den yngste i syskenflokken. Far hennar var 61 år då ho vart fødd. Ho kom tidleg med på butikken. Broren, Arne, hadde båtekspedisjonen og tok mot båtane. Ofte, særleg i krigsåra med usikre rutetider, vart stova deira brukt som venterom.

 

Mannen til Hjørdis, Harald var sjømann. Før han slutta å reisa, var det ho som dreiv handel.  Nybygget i 1964 og seinare påbygg har utvikla drifta til slik butikken framstår i dag. Med fleire butikkar i Uskedalen på 1960 talet var Hjørdis tvilande til om det var rett å satsa vidare. Det var alltid eit dilemma dette med tradisjonen og kva som var behovet.

 

Filmen har med fleire tablå, dramatiseringar frå ulike hendingar. Det mest alvorlege var då ei flaske parafin velta og det tok fyr. Då var det nære på at huset og sjøbua kunne gå med i brannen. Elles syner filmen glimt frå handelsbrevet til Marta Myklebust, frå kassaboka i 1963, frå kundar som kjem og handlar kaffi og ikkje minst då ein ropar på Hjørdis om at no er det kundar på døra og at ho må koma ned i butikken.

 

Filmen Butikk i Uskedalen i fire generasjonar er ein av mange i ein serie laga av Merethe Offerdal Tveit. Frå Uskedalen er det før spelt inn ein film frå Haugland skule med elevar i rolle frå ein skuledag på ein krinsskule i eldre tid.

 

Filmen kan de sjå ved å klikka HER.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

Teknisk hjelp: Thor Inge Døssland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.01.2020
Allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke.
Grunna reise er allsongen på Kafe Tiaren utsett ei veke, til tysdag 4. februar kl. 12.

kb
26.01.2020
Straumen har vore borte på Eik/Steinsletto i dag.
Mellom kl. 10 og kl. 13 i dag, sundag 26. januar, har straumen vore borte frå Sekundærstasjonen på Nedre Fet og utover. Straumbrotet var varsla. Årsaka er linjearbeid.

kb
25.01.2020
Linnea Myklebust Ripel vart kretsmeister!
12 år gamle Linnea M. Ripel viste sitt store talent då ho gjekk heilt til topps i Vikingrennet på Voss og vart kretsmeister i dag i hard konkurranse med mange jamaldringar.  13 år gamle Amund Hella Berge-Soldal og 11 år gamle Frøy Sæle gjorde og ein super innsats då dei sikra seg bronsemedaljar i sine klassar.  Fleire andre uskedelingar gjorde og ein god innsats i rennet som gjekk i klassisk stil.  I morgon held kretsmeisterskapet fram på Voss.  Då er det fristil som gjeld i Fanarennet.  Uskedalen.no kjem med meir stoff frå meisterskapshelga.

tid.
24.01.2020
Jazzkveld på Dønhaug laurdag 14. mars.
Kvinnherad Jazzklubb legg ein av sine vårkonsertar til Dønhaugkjedlaren, med den kjende danske saksofonisten Christina Dahl og hennar gruppe på tre musikantar. Det er planlagd til laurdag 14. mars. Meir informasjon frå Jazzklubben kjem seinare.

kb
23.01.2020
Rune Kjærland er søkjar til GIS stilling i kommunen.
Rune Kjærland ( 24 ) er ein av ti søkjarar til stillinga som GIS ansvarleg i Kvinnherad kommune. Stillinga høyrer til drikkevassforsyning og avløpsanlegg. Rune er i dag oppmålingsingeniør i Luster kommune.

kb
22.01.2020
Eigarskifte på Rabben Feriesenter.
Det er gjennomført eigarskifte på Rabben Feriesenter i Uskedalen. Ny eigar er Tove Myklebust Heggøy, dotter til den tidlegare eigaren, Steinar Myklebust. Dagleg leiar vert mannen hennar, Magne L. Heggøy. Med dette vedtaket er drifta sikra og noverande og nye kundar kan sjå fram til gode feriedagar i Uskedalen. Uskedalen.no føl opp denne saka med innlegg og bilete seinare.

kb
22.01.2020
Kvinnhead Sau og Geit har årsmøte i Uskedalen, torsdag 23. januar.
Årsmøte i Kvinnherad Sau og Geit er lagt til Uskedalen, Gamleskulen, torsdag 23. januar kl. 19.00. Bjarne Berge frå Herøysundet er leiar i laget. I tillegg til vanlegge årsmøtesaker vert det faglege drøftingar og servering.

kb
22.01.2020
Ikkje søkjar til prestestillinga i Uskedalen.
Innan fristen er det likevel ikkje søkjar til soknepreststillinga i Uskedalen. Det var heller ikkje søkjar til stillinga i Husnes Prestegjeld. Det er prosten i Sunnhordland som fortel dette til Kvinnheringen. Vikarprestane Pål Dale og Arne Nataas vil hjelpa til for å halda tenesta oppe.

kb
22.01.2020
FAU sel lodd og skal ha basar 16. februar.
FAU på skulen skal ha basar sundag 16. februar kl. 16.30. Loddsalet fram til basaren er i gang. Medlemer frå FAU vil to laurdagar framover vera på SPAR med lodda sine.

kb
21.01.2020
Årsmøte i Kvinnherad mållag, tysdag 11. februar.
Årsmøte i Kvinnherad mållag har dei siste åra vore i Uskedalen. Årsmøte 2020 er lagt til tysdag 11. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert Målblomen tildelt ei verksemd som over tid har synt positiv vilje til å bruka nynorsk internt og ut til brukarane. Kvinnherad Breiband fekk Målblomen 2019.

kb
Siste Nyhende
26.01.2020
VG artikkel om Trygve Leite som pokerspelar i Las Vagas.
VG nett har i dag eit større artikkel om Trygve Leite frå Uskedalen som i 2017 sa opp jobben sin, selde leilegheten og valde å satsa på internasjonalt pokerspel der Las Vegas og den stor verda er jobbplassen. Trygve Leite er 38 år og var tidlegare proff sandvollyballspelar.
25.01.2020
Eigarskifte på populær camping i Uskedalen.
Det er skriven avtale om eigarskifte på Rabben Feriesenter, ein populær camping som no vert driven vidare i tredje generasjon. Tove Myklebust Heggøy er ny eigar. Mannen hennar, Magne Heggøy, er direktør og dagleg leiar. Ekteparet har lenge vore engasjerte i drifta i Uskedalen. No har dei planar om fornying og utvikling av plassen.
24.01.2020
For lite venteskur i busslomma ved skulen.
I Torleif J.Hellesøy si ordførartid, på 1990 talet, vart busslomma ved skulen og barnehagen bygd. Straks etter kom venteskur i betong. No er venteskuret for lite, særleg på den tida skulebussen kjem frå dalen i 08 tida på morgonen og det er overgang til ungdomsskulebussen mot Rosendal. Dei fleste står ute. I vind og dårleg ver vert elevane våte på kort tid før ein kjem seg på plass på neste buss.
23.01.2020
Endra plangrense for detaljregulering Børnes næringsområde.
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar kommunen med dette utviding av plangrense for detaljregulering for Børnes næringsområde, 134/34 m.fl., PlanID 20190006. Varsel om oppstart er tidlegare kunngjort i Kvinnheringen 28.6.2019, og partar er tidlegare varsla i eige brev. Nytt varsel er no sendt på avgrensa høyring til råka grunneigarar, Fylkesmannen i Vestland og Vestland fylkeskommune som fylkesvegmynde.
23.01.2020
Idrettslaget med Grasrotandel på over kr. 100.000,-
Uskedal Idrettslag toppar lista for lag og organisasjonar i Uskedalen som er tildelt tilskot frå Grasrotandelen. Heile kr. 101.576,- er overført laget sin konto. Samla grasrotandel til 9 uskedalslag er rundt kr. 190.000,-. Det er ein merkbar auke frå 2018. Den neste på lista er Uskedal skulemusikk med ei overføring på knappe kr. 40.000,-
23.01.2020
Ekstra overløp skal hindra vasskade i Beinavikjo.
Kvinnherad kommune har ferdigstilt arbeidet med å etablera eit ekstra overløp frå ein kum i Beinavikjo. Bakgrunnen for denne etableringa er for å få sikra overløpet i periodar med høg springflo. Dette betyr at i vanleg drift vil røyret ikkje vera i bruk, men berre vera som ei ekstra sikring. Det er einingsleiar for Vatn og avløp, Egil Eide, som fortel dette til Uskedalen.no

22.01.2020
Strålande innsats av unge langrennsløparar.
8 unge langrennsløparar frå Uskedal idrettslag deltok i helga i det tradisjonsrike Røldalsrennet. Saman sytte dei for ein super laginnsats, og fleire av dei kunne klatra opp på sigerspallen etter flotte løp der dei konkurrerte med løparar frå Rogaland, Vestland og Vestfold og Telemark fylke.
22.01.2020
Uskedalen bør ha status som ei framskoten eining i Kvinnherad brann og redning.
Jan Fausk er utflytta kvinnhering og har yrkesbakgrunn både frå politiet og brannvern. Han har til no engasjert seg mykje i saka om ny brannstasjonsstruktur i Kvinnherad. Brannsjefen går inn for modell 3 med tre brannstasjonar i Rosendal, Ølve og Husnes. I tilegg kjem tre framskotne einingar i Åkra, Halsnøy og Varaldsøy. Jan Fausk vil også ha med Uskedalen som ei framskoten eining. Les kva Fausk skriv:
21.01.2020
Stord Airshow på Stord Lufthamn, laurdag 13. juni.
Stord lufthamn markerer 35 års jubileum med å arrangera Stord Airshow 2020, laurdag 13. juni. I den anledning er det med stor glede me no kan annonsera at det Latviske oppvisningsteamet «The Baltic Bees» kjem til Stord Airshow 2020. Jan Morten Myklebust frå Uskedalen er lufthamnsjef på Sørstokken.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS