Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

FAU - to skular er ikkje vegen å gå.

01.12.2019
Klikk på bilete for full storleik
FAU ved Uskedal skule skriv fråsegn om skulestrukturen.
 
Etter vedtak i Kvinnherad kommunestyre er framlegget frå Kommunedirektøren om å slå saman skular alt frå 2020 røysta ned. Politikane kjøper seg tid og bed om ei utgreiing om skule- og barnehagestrukturen. Bakgrunnen for utgreiinga er dramatisk nedgang i elevtalet. FAU ved Uskedal skule skriv i dette innlegget at to skular er ikkje vegen å gå.
 

Vi var glade for å lesa i Kvinnheringen torsdag 14.november at politikerne har bestemt seg for å freda skulane i denne omgang. Men som FAU-representantar ved Uskedalen skule kjenner vi på ei uro for framtida for skulen vår. Dette fordi vi veit med sikkerhet at debatten om skulestrukturen kjem opp att, og det om ikkje lenge. Vi ser utfordringa med at elevtalet er på veg ned, og innser at noko må gjerast med strukturen. Samtidig vil vi slå ring om Uskedalen skule, for vi meiner det er eit feilgrep å vurdera å legge ned denne skulen som ligg midt i den langstrakte kommunen. Vi ser mange fordeler med å behalda denne fine skulen vår.

 

Uskedal skule er ein gåskule der ein kan gå eller sykla til skulen på ein trygg og forsvarlig måte. Dette gjev gevinster både for folkehelsa og miljøet. Det fremjar klimapolitikken.

 
Uskedal skule med aktivitetstshus, kunstgrasbane og utstyr for fysisk aktivitet er eit sentralt anlegg i Kvinnherad kommune.

Beliggenheten til Uskedalen skule, vil vi påstå, er heilt unik. Vi har stranda 15 meter fra skuleveggen. Elevane har ved fleire anledninger fått nytta denne til bading i skuletida. Dei har fått fiska, dreve med havprosjekt, forskning, vore på kurs i utesvømmetrening (coasteering) og opplæring i korleis ein skal ferdast trygt ved sjøen. No som det er eit nasjonalt fokus på nettopp dette, har vi i Uskedalen ypperlige høve til å gjennomføra dette utan ekstra kostnader. Sameleis har vi Uskedalselva der elevane ved fleire anledningar har nytta til kanopadling.

 

I tillegg har vi ein stor og innhaldsrik skuleplass med kunstgrasbane, klatrepark, leikeapparat, asfaltert rulleskiløype, friområde og skaterampe. Elevane får i skulesamanheng bruka fjell- og turstiar i område kvar veke. I eit folkehelseperspektiv er det ein kjempefordel at dei i tidlig alder får mulighet til å bli glad i fysisk aktivitet i naturen. Dette kan kanskje forebyggja trenden med stillesitjande ungdom.

 

Uskedalen har ein bolig- og infrastruktur som er godt tilrettelagt, og potensialet er større for vidare vekst. Utbygging av Ospelunden opnar for tilflyttarar og kanskje eit auka elevtal. Kvinnherad kommune har i dei siste åra satsa på å få folk til å flytta heim att gjennom Kom heimprosjektet. Ved å legga ned skulen, vil bygda bli mykje mindre attraktiv å flytta til. FAU har snakka med fleire familier som ville ha revurdert å flytta til Uskedalen dersom der ikkje var eit skuletilbud i bygda.

 

Uskedalen er ein attraktiv stad å bu, og er kjent for si gode dugnadsånd. Her kan ein få til mykje. Vi har eit godt tilbud, og det vi treng for å få nye folk til bygda vår. Vi nevner butikk, frisør, blomsterforretning, bensinutsalg, kafè og meir. Og heldigvis den flotte skulen som er ein samlingsplass for bygda i dei fleste anledninger. Skulen er her med på å skapa eit godt samhald og eit trygt miljø for barna å veksa opp i.

 

Skulen nyttar og den flotte aktivitetshallen med klatrevegg til mange aktivitetar. Det er per i dag ei prosjektgruppe som arbeidar med å laga eit klatresenter tilknytta skulen. Dette vil i så fall forsterka skulebygget og lokalitetane ytterligere.

 

Vi må og løfta fram det fantastiske samarbeidet mellom dei to barnehagene i bygda og skulen vår. Nærleiken til skulen gjev ei trygg og god overgang fra barnehage til skule.

 

FAU er bekymra for tanken på kun 2 storskuler i ein så langstrakt kommune. Vi trur ikkje det er vegen å gå for å skape trygge skulebarn og meinar det vil koma i konflikt med kommunen sin visjon om eit aukande innbyggjartal. Det fratar oss verdien ved å bu på små plasser.

 

FAU meinar at Uskedalen som bygd og Uskedalen skule har mykje å tilby, både for sine eigne og ikkje minst for bygdene rundt.

 
 

 
 

Helsing styret i FAU ved Uskedal skule

 

Foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Aktivitetshuset vart oppgradert med nytt tak i 2018.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
30.07.2020
DNT Ung med tur til Englafjell laurdag 1. august.
DNT Ung Kvinnherad skipar til tur til Englafjell f.k. laurdag 1. august. Toppen på Englafjell ligg 1200 moh. Her er flott utsikt frå Haugalandet i sør til kommuane nord for Bergen.  Likeins ser ein langt ut i Nordsjøen og ikkje minst mot Folgefonna og Hardangerfjorden. Kle deg etter veret. Ta med rikeleg med niste. Meir info på Kvinnherad Turlag si heimeside. Siste: Turen vart avlyst p.g.a for lita påmelding.

kb
29.07.2020
Familien Eskil Moen sitt hus totalskadd i brannen på Husnes.
Det var familien Eskil Moen sitt hus som brann på Husnes tysdag i denne veka. Eskil budde ei tid på Ljosnes i Uskedalen. Han er mellom kjend frå engasjementet sitt som folkevald i Kvinnherad kommunestyre for Framstegpartiet. Det er Kvinnheringen som skriv dette på si nettavis.

kb
28.07.2020
Røykdykkarane frå Uskedalen fekk oppgåva med å ta ut pytonslangane.
TV 2 si nyhetssending i kveld vil truleg ha innslag frå brannen på Husnes i går. Det er kjend at to røykdykkarar frå branntroppen i Uskedalen fekk oppgåva med å ta ut pytonslangane frå kjellaren i huset. Innslaget på TV 2 vil handla om dette oppdraget. Meir info kjem på Uskedalen.no

kb
27.07.2020
Branntroppen rykte ut til storbrannen på Husnes i dag.
Branntroppen i Uskedalen har vore involvert i sløkking av brannen på Husnes i dag. I kveld og i natt er mannskap frå Uskedalen med på vakthald og sikring av brannobjektet.

kb
26.07.2020
Rustne Menn, open butikk og grilling samla mykje folk på Huglo.
Trass dårleg ver var frammøte over all forventing på Huglo i dag, faktisk eit publikumstal på langt over 100. Koronalista talde heile 120 namn. Det vart seld 80 hamburgarar. I striregn la Rustne Menn litt om på programmet. Etter framføringa var gruppa samla til sosialt samvære på hytta til Anne Berit og Magne Huglen.

kb
24.07.2020
Thaivogna er stengd i to veker.
Thaivogna med matsal er stengd i to veker. Fyrste opningsdag er fredag 7. august.

kb
23.07.2020
Begge SEADREAM skipa i Storsund i dag.
Både SEADREAM 1 og SEADREAM 2 har Rosendal som destinasjon i dag, torsdag 23. juli. Det eine skipet kom inn Storsund i dag tidleg på seglas frå Bergen til Oslo. Systerskipet går Storsund i ettermiddag og er på veg frå Oslo til Tromsø. Begge cruisebåtane går på sør i Storsund i kveld. Det er den andre gongen i sommar at begge skipa har stopp i Rosendal på ein og same dag.

kb
22.07.2020
Turkoppen, designa av Monica Hansen, sel godt.
Turkoppen Ut på tur i Uskedalen sel godt. I dag var det om lag 15 koppar att i salskorga på SPAR. Turkoppen er designa og utforma av Monica Hansen. Det same er handlenettet frå Uskedalen med gardsnamna skrivne inn.

kb
18.07.2020
Ny Søndagskafe i morgon, søndag 19. juli.
Det er ny Søndagskafe i morgon på Elins Matgleder i Uskedalen. Opningstida er kl. 10 - 16. Det er høve til å kjøpa nysteikte brød, bollar, kaker, suppe m.m. Silobutikkane er opne. Kom og møt Linnea og Thea bak disken.

kb
17.07.2020
Ideell fiskeelv i helga.
Med regn i dag og i morgon går det mot ei ideell fiskeelv i helga. Alt i dag er fiskarane på plass. Reknar med det aukar på med fiskarar i morgon og på sundag. Meir informasjon på elveguiden.no.

kb
Siste Nyhende
03.08.2020
Gong- og sykkelveg til Steinsletto må stå øvst på prioriteringslista.
Det må vera eit folkekrav at gong- og sykkelvegen frå Uskedal Bru til Steinsletto vert prioriert som nr. 1 på lista av trafikksikringstiltak i Kommunedelplan samferdsle i Kvinnherad. Ein viktig del av planen er tiltak for gåande og syklande. Torkel Stensletten er engasjert. Han har fritidshus på Steinsletto og bur deler av året i Uskedalen. Han har merka seg alt som er skrive om trafikksikring, fartsgrenser og skilting den siste tida. Mest kritisk er det på strekninga frå sentrum til Teigen ( Steinsletto ). Les kva Torkel Stensletten skriv:
02.08.2020
Varm middag levert frå Dill, også i Uskedalen.
Dill Catering på Halsnøy tek til med levering av varm middag i område Uskedalen - Rosendal. Oppstart vert i haust med utkøyring to gonger i veka. Det er porsjonspaking for kjøleskåp dei andre dagane. Komlemiddagen er som vanleg på torsdagen, men det er meny tilpassa kunden sitt behov. Dagleg leiar, Siv Anita Brovold, fortel til Uskedalen.no at det no er ei kartlegging av interessa. Starten kan bli i september månad.
31.07.2020
Leppefiske opna 17. juli i år.
Frå 17. juli er det opna opp for leppefiske langs kysten. To lag driv leppefiske i Uskedalen. Jostein Legland er ein av dei. Bergnebb, grønegylt og berggylte er tre av seks artar som går under samleomgrepet leppefisk. Det vert også kalla reinsefiske mot lus i oppdretsanlegga. Dei to, som driv leppefiske i Uskedalen, leverer til Eide Fjordbruk.
30.07.2020
Eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice.
Det er eigarskifte i Uskedal Røyr & Multiservice. Ronny Kroka er ny dagleg leiar. Med seg ute i arbeid har han Geir Vimme. Den formelle overtakinga var 1. oktober 2019. Tidlegare eigar var Arvid Hjelmeland. Lager og kontor er på Børnes Industriområde. Det er god tilgang på arbeid, alt frå hytter, boligar til serviceoppdrag. Kroka har også godkjenninga, som skal til, for å ta industrirøyrlegging.
30.07.2020
Kulturkonsulenten tileignar seg kunnskap til ny kulturminneplan.
I juni månad var Anita Lykkja, kulturkonsulent i kommunen, på Haugland skulemuseum og på Bygdetunet Rød for å få kunnskap og dokumentasjon som skal brukast i ny kulturminneplan. Planen har status som kommunedelplan og vert skriven med bakgrunn i Plan og Bygningsloven. Ein ferdig plan med handlingsprogram legg grunnlaget for lokal kulturminneforvaltning og kommunen sitt ansvar for kulturminne.
29.07.2020
For høg fart etter opphevingsskilt på Døsslandssido.
Statens Vegvesen har gjort justeringar på skiltinga på Fylkesveg 48 ( 500 ) for å ikkje skapa usikkerhet med omsyn til farten gjennom sentrum. Det går særleg på opphveving. På Døsslandssido og Kjærlandssido er vegen skilta 50 km/t fram til Djupehølen og litt forbi Myklebustsvingen. Så er det opphevingsskilt frå 50 km til 80 km, sjølv om vegen ikkje er laga for så høg fart.
28.07.2020
Roy Døssland og Kristian Haugen var med og henta ut pytonslangane.
Roy Døssland og Kristian Haugen er røykdykkarar i Branntropp Uskedalen. Dei, saman med Magne Heggøy frå Husnes, fekk oppdraget med å henta ut pytonslagane ved brannen i Kleivavegen på Husnes i går. Roy Døssland fortel til Uskedalen.no at oppdraget var spesielt, men ikkje farleg eller skummelt. Syster hans, Trude Helen, dreiv i si tid dyrebutikk, også med reptilar og andre krypdyr. Han var med på det og tileigna seg kunnskap og erfaring med eit variert utval av dyr. Dessutan er han oppvaksen på gard. I dag har han eige bruk og driv med hest og sau.
27.07.2020
Investerer 10,5 mill. kr i ny driftsbygning på Haugland.

Haugland Mjølk og Maskin DA investerer 10, 5 millionar kroner i ny driftsbygning med robot og automatisk foring. Eigarane er Stian Haugland og Tor Ove Haugland. Dei er brør og eig 50 % kvar i det nye driftsselskapet. Den nye driftsbygningen på totalt 980 rutemeter med plass til 43 kyr gjer at mjøkekvoten aukar frå no 145 000 liter til 278 000 liter. I tillegg er det plass til kviger, stutar og kalvar.
27.07.2020
Kantoren som reiste til Berlevåg for å spela konsert.
Organisten i Uskedalen, kantor Eva Megyesi, ville sjå landet, møta menneske og dyr og drog mot nord med Berlevåg i Finnmark som reisemål. Der hadde ho ei venninne med namnet Melinda Fodor. Det var festival på plassen og kantoren slo like godt til med gratis konsert i Berlevåg kyrkje fredag 17. juli med eit program sett saman av salmar, klassisk musikk og gospel. Berlevåg er kjend for mannskoret sitt. Eva har invitert Berlevåg Mannskor til Kvinnherad.

Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS