Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Vi minnest Asbjørn Eik (Brulsen) som døydde i denne veka.

28.11.2019
Klikk på bilete for full storleik
Asbjørn Eik, til dagleg kalla Bruslen, døydde på Jondal Sjukeheim i denne veka.
 
Asbjørn Eik, som i det daglege vart kalla Brulsen, døydde på Jondal Sjukeheim i denne veka. Han var ein eventyrar, reiste jorda rundt og fekk oppleva mykje andre berre kan drøyma om. Før han fylte 40 hadde han vore sjømann i mange år, bygd sin eigen seglbåt på 40 fot, vore i Australia på opalleiting, arbeidd på ammunisjonsfabrikk i Vietnam og i Syd Amerika prøvde han seg som bilseljar. I samråd med dotter hans, Gro Heidi Åsen, legg Uskedalen.no ut minneorda hennar som vert lesne ved båra i Uskedal kyrkje i dag, 29. november.
 

19.mars 1945 kom Asbjørn til verda. Han var yngst av to brør, og vaks opp på Eik. Faren og mora skilde etter kvart lag, og dei to brørne vart buande på Eik saman med faren medan mora reiste til Oslo. Mange gonger har han fortalt om den frie og fine barndommen dei hadde. 
 
 

Asbjørn har hatt kallenamnet Brulsen heilt frå barndomen. Han var ikkje noko A4-menneske, og hadde tidleg bestemt seg for å reisa til sjøs. 14 år gamal stilte han klar til å reisa, men det vart oppdaga at han prøvde å lyga på seg eit år, og dei sende han difor heimatt. I neste forsøk, som 15-åring og dermed gamal nok, fekk han mønstra på.
 

Asbjørn har reist over heile verda. Han har levd draumen sin, og opplevd meir enn vi andre kan drøyma om. Det han har snakka mest om til meg er Syd-Amerikalinja, Grekenland, Golfen - og ikkje minst favorittstaden hans: Australia. Dit har han lengta mykje tilbake, til både folkeslaget, kulturen og klimaet. 
 

Han elska livet som sjømann; alle folka og kulturane han møtte, og stadane han fekk oppleva. Men etter ei tid var det ei lita jente som drog han tilbake til Uskedalen. Han tok på seg foreldreansvar, og sjøfarten vart litt etter litt erstatta med bygging av leikehytte, demning, badedam, fiskedam, husfiksing på Nesttun, pianospeling, kjøring til trening, sykkelreparasjonar og turar i inn- og utland. Båtbygging vart det og, alt med Heidi på slep. MS Havlengsel til dømes - den rustraude jernbåten, var eit landemerke på Eikelandet i mange år.
 

Kallenamna var fleire. Brulsen er vel det mest kjende, men han levde også opp til tilnamnet Skrubben. Han var alltid møkk skitten, og kjeledressane kunne stå av seg sjølv. Sjølv kunne han ikkje brydd seg mindre om nett det. 
 

Asbjørn hadde så mange gode eigenskapar. Omsorgsfull og snill, rettferdig, hadde alltid god tid og hjelpte til så godt han kunne. Alle problem kunne løysast. Det var viktig å læra seg til ting tidleg, meinte han. 12 år var til dømes passande alder for Heidi å læra seg å køyra bil. Og då ho fylte 15 var det nødvendig å læra seg å skifta bremseskiver. Kanskje ikkje verdas mest nyttige ting å læra då, men moralen var ein nyttig reiskap å få. Det blei folk av henne og. Som han sjølv ville sagt det  i english-lesson med Isabella: You did a good job. 


 

I slutten av 90-åra valte han å reisa frå heimbygda etter samlivsbrot. I Vats fann han tumleplass for hobbyen han hadde drive med nokre år; kopar. Og i Rutledal fann han tilbake til eit gamalt venskap med Klara, som han tidlegare hadde reist mykje til sjøs med. Etter nokre år døydde Klara av kreft, og Asbjørn fekk ein skikkeleg nedtur. No måtte han ha noko å gjera på, han vart endå meir rastlaus. Han la ned kopargeskjeften og reiste mykje, utan at nokon visste heilt kvar han tok vegen.  


 
Brulsen var ein god formidlar og fortalde levande frå opplevingane sine. I bakgrunnen: Seglbåten bygd i stål, 40 fot lang. Faksimile frå avisa til Uskedalsdagane 1986.

Han reiste ofte langt utanfor allfarveg, der det ikkje fanst andre turistar. På ei av reisene hans ville vi melda han sakna. Han hadde sagt han skulle til Burma, og lova å ringa heim jamnleg. Etter fire veker utan livsteikn bad vi politiet om å få han etterlyst internasjonalt. Det var bortkasta. Han ringte heim same dag etterlysninga skulle sendast ut, og fekk seg ein god latter. Det var jo sjølvsagt ikkje noko gale, berre ikkje noko telefon å oppdriva. Men etter dette skjedde det faktisk ein liten revolusjon: han fekk seg mobiltelefon. 
 

Den seinare tid har han hatt mange fine år i Vindafjord, møtt gode kameratar å løysa verdsproblem med. Men i november 2012 kom det fram at det var noko alvorleg gale med helsa hans. Det første hjarteinfarktet avdekka alvorleg hjartefeil, og han måtte ha ny hjarteklaff - to gonger. Pacemaker og stent kom på plass, men helsa byrja verkeleg å skranta. Dette irriterte han voldsomt, han syns det var urettferdig at dette skulle ramma han. 
 

Det var likevel ikkje aktuelt å trappa ned på arbeidsmengda. Å ta omsyn til helsa si var eit ukjend uttrykk i hans øyrer (han høyrde jo forresten ikkje heller.) Han jobba på i same duren, fiksa på bilar, bygde verkstad - og det mest fy-fy ein kunne gjera i hans tilstand: sveisa.  


I åra som følgde tok helseplagene nærast over livet hans. Han reiste oftare til Jondal, og fann glede i å vera med barnebarna Adrian, Sigurd og Isabella. Opp gjennom åra har han vore med på Sabeltann-show og dyreparkbesøk, lært dei å sykla, vore lærar på lese-og skrivetrening før skulestart, stilt som frisørmodell og leikekamerat. Assebessen har alltid vore der, med sine high-five, kaptein-helsingar og historier. 


 

Alle stadar han har vore, har han fått nye bekjentskapar. Jovisst var han ein original, men han var godt likt likevel. Han var hjelpsam, og ikkje redd for å ta i eit tak. Det vart difor ein heilt uvant situasjon for han då han vart avhengig av medisinar, og endå verre då det var han som måtte ha hjelp for å koma seg gjennom kvardagen. Å bli sengeliggande vart reine pinsla for han, vi kunne sjå at gnisten gradvis forsvann. 

 

Det var godt du fekk kvila no. Du har hjelpt oss fram i livet, no vil vi hjelpa deg til siste kvilestad. Vi er rike på minne, men sit likevel litt tomme att. Som det står i dødsannonsa: 
 


 

Ein eventyrar sitt hjarta  

har slutta å slå. 

Vi unnar deg kvilen,  

men saknar deg så. 


 

Kvil i fred og takk for den du var.
 
Heidi
 
 
Tekst: Heidi Åsen
Foto: Privat/faksimile frå Uskedalsavisa 1986
Nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
04.06.2020
Kommunal drift av Kalkdoseraren - sak i F.skapet i dag.
Etter forhandlingar med Fylkeskommunen er det no klart for kommunal drift av Kalkdoseraren på Haugland i Uskedalen. Avtalen skal godkjennast av Fomannsskapet i møte, som er i dag, torsdag 4. juni.

kb
03.06.2020
17. mai: Alle vinnarane har meldt seg.
Alle vinnarane frå 17. mai lotteriet har meldt seg. Dermed er alle gevinstane leverte til dei rette personane.

kb
30.05.2020
Thaivogna open i dag, pinseafta, og 2. pinsedag.
Thaivogna er open i dag, pinseafta, laurdag 30. mai og måndag, 2. pinsedag. Stengd i morgon 1. pinsedag grunna arrangement.

kb
29.05.2020
Musikk ved SPAR på pinseaftan.
Frå 12-tida og om lag ein halv times tid utover vert det musikk utanfor Spar Uskedalen på laurdag.  Det er den aktive veterangjengen i Uskedal musikklag som stiller med lette og underhaldande blåsetonar i det fine sommarveret.

tid.
28.05.2020
Døssland bru stengt i perioden 3. - 5. juni.
MESTA melder at Døssland bru vert stengd i perioden 3. - 5. juni. Årsaka er klargjering til asfaltering og sjølve asfalteringa. Tiltaket vert skilta. Omkøyring på kommunevegen via Kjærlandssido.

kb
28.05.2020
Gåveutdeling i morgon, fredag 29.mai.
Vårens gåveutdeing frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert i morgon, fredag 29. mai på Husnes. Lag og organisasjonar, som vert tildelt midlar, er tilskrivne og inviterte til utdelinga.

kb
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
22.05.2020
MF MATRE er tilbake i Uskedalen.
MF MATRE er tilbake i Uskedalen etter tur til Skånevik og testing på alle dei tre ferjekaiane. Det har nokre dagar vore prøvetur og opplæring på det faste mannskapet som til vanleg er på ferja  Utåker - Matre - Skånevik.

kb
Siste Nyhende
04.06.2020
Ny Viking-kontrakt for Harald Nilsen Tangen.
Viking-talentet Harald Nilsen Tangen kan sjå tilbake på ein svært god treningsvinter og ei sesongoppkjøring med mykje speletid og scoringar før koronaen sette ein stoppar også for elitefotballen.  No nærmar det seg start på elitefotballen, og Harald har nett signert ein ny 3-årskontrakt.  Dermed har han kontrakt med klubben ut 2022-sesongen.
04.06.2020
Hus og fritidseigedomar selde i Uskedalen den siste tida.
Det er etter tilhøva god omsetnad på hytter og hus i Uskedalen. Ei hytte og ein fritidseigedom på Skorpo er seld i vår og nyleg er det seld to hus i sentrum. Uskedalen er på mange måtar ei attraktiv bygd i Kvinnherad, ytterst i Hardangerfjorden og fint plassert i høve til regionane Hardanger og Sunnhordland. Mange ynskjer å bu sentralt med kort veg til butikk, skule, barnehage og andre sentrumsfunksjonar.
03.06.2020
Skulemusikk i medvind ønskjer fleire aspirantar.
Uskedal skulemusikk er i god medvind, og etter eit generasjonskifte for eitt år sidan, har dei i løpet av året dobla medlemstalet.  No er dei 14 svært glade musikantar, og dei håpar å få fleire med på laget.  Korpset er så heldige at dei kan gå mot ein ny sesong med dyktige Tor Skeie Olsen som dirigent, og ikkje nok med det!  Dei får dette året også to flinke, kjekke, unge instruktørar som tidlegare har spelt i korpset!
02.06.2020
Elvefiske kan ta til i veke 26, ei veke seinare enn i 2019.
Uskedalselva opnar truleg for fiske i veke 26, kring 23. juni. Det er ei veke seinare enn i 2019. Opninga har samanheng med omorganisering av Elveeigarlaget frå å vera eit lag med begrensa ansvar til å bli eit Samvirkeføretak. Omorganiseringa har vore tema i laget i fleire år. Det er eit krav frå Brønnøysundregisteret. No vert det gjort og alt det formelle skal vera på plass innan nokre veker.
02.06.2020
Skjortefodno i Eikedalen ligg til langt ut i juni månad.
Snøen kom seint i år og den markerte og tydlege Skjortefodno i Eikedalen let venta på seg, men frå februar har fodno vore på plass. Dersom Skjortefodno var stor, sa dei gamle på Eik: Ho er dryge Skjortefodno i år. Det varme veret den siste veka med stor snøsmelting har ført til at fennene rundt Uskedalen minkar dag for dag.
31.05.2020
Samarbeid om bubilplassering har skapt god PR for bygda.
Det går mot ei rekordheld når det gjeld gjester i båthamner og camping i Uskedalen. Vi kan knapt minnast at det har vore så mange tilreisande. Stor pågang av gjester i bubil gjorde at Uskedal Båtlag opna opp for å bruka grøntarealet ved servicebygget til parkering. Dette vart gjort for å avhjelpa Rabben Camping og dermed finna plass til så mange som mogeleg. Parkeringsplassen ved Vertshuset vart også brukt.
30.05.2020
30.000 til flott dugnadsprosjekt.
For eit par år sidan vart det etablert ei dugnadsgruppe etter initiativ frå Pål Haugland.  Gruppa har hatt fast møtetid om torsdagane, og har hatt mange prosjekt til nytte for Uskedalen.  Fredag ettermiddag vart dei tildelt 30.000 kroner frå Sparebankstiftinga Kvinnherad til eit prosjekt som vil bli til stor glede for turgåarar; - gapahuk på Flåtene.
30.05.2020
Startar opp med gudstenester etter koronastenging.
Vi har vore gjennom ei spesiell tid der alle gudstenester i kyrkjene har vore avlyst. Kyrkja har stått saman med resten av samfunnet i den store dugnaden for å avgrensa smitte av korona. Når vi no på nytt kan invitera til gudsteneste, må vi gjera vårt til at det kan skje på ein trygg måte. I Uskedal kyrkje er benkene merka for å halda på ein meters avstand.
30.05.2020
Solskinsmusikk ved Spar!
Det har vore ei strålande pinstiafta, og det passa då svært godt at veteranane i Uskedal musikklag brukte litt av dagen til å spreie glede med glade blåsetonar ved Spar Uskedalen. Musikken samla godt med tilhøyrarar som ved applaus og tilbakemeldingar viste at dei sette pris på den uformelle konserten på ni nummer.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS