Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

På Viking-kamp der Furdal storspela.

25.11.2019
Klikk på bilete for full storleik
På Viking-kamp med bestefar.
 
Søndag spela Viking sin siste heimekamp for sesongen då dei møtte Rosenborg, og blant dei 13.500 på tribunen var 87 år gamle Bjørgulv Eik som har vore Viking-patriot i rundt 70 år, saman med dottera Kjellrun og barnebarna Ingrid og Eirik. Som vi tidlegare har skrive, var han invitert som gjest på kampen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Lars Johan Myklebust i Viking tok seg svært godt av dei besøkjande. Legg merke til at drakt nr.87 er klar.
 
 
Tidleg søndag morgon hadde Bjørgulv pakka Viking-drakta si med nr.87 på ryggen, og sette kursen mot Stavanger saman med dottera Kjellrun Eik og barnebarna Ingrid og Eirik.  Bjørgulv fortel at dei vart møtt av uskedelingen Lars Johan Myklebust, og han tok seg svært godt av dei.
 
-Før kampen var vi på omvisning.  Lars Johan tok seg svært så godt av oss.  Vi fekk med oss alt.  Vi var på kontora, i spelargarderoben og på matta.  Servering fekk vi alt vi kunne eta og drikke. Vi sat også berre nokre meter frå trenarane Bjarne Berntsen og Eirik Horneland då dei snakka til sponsorane som hadde julemiddag før kampen, fortel ein svært fornøgd Bjørgulv som legg til at dei fekk helsa på mange kjende ansikt i Viking-apparatet og nemner både marknadssjef Kjartan Salvesen og dagleg leiar Eirik Henningsen.
 
Kampen vart også av det spennande slaget med god underhaldningsverdi.  Den fekk seksar på terningen på VG-børsen.  For Bjørgulv og følgjet hans var det ekstra kjekt at Johnny Furdal storspelte og verkeleg sette sitt preg på kampen.
 
-Han scora jo det første målet og hadde ein flott pasning på det andre, beskriv han innsatsen til omvikedelingen i kampen som enda uavgjort 2 – 2.
 
Han synes òg det var kjekt at det vart gjort stas på veteranen Andrè Danielsen som spelte sin siste heimekamp, og no er oppe i 553 Viking-kampar.  Dermed toppar han lista og har gått forbi Bjørgulv sin favorittspelar Svein Kvia som hadde 551 kampar for laget.
 
-Eg må sei eg er imponert av det store apparatet som var i sving rundt laget og kampen.  Mottakinga var heilt super, og det vart eit veldig kjekt minne, avsluttar den 87-årige Viking-tilhengaren som også var fornøgd med resultatet. Uavgjort mot Rosenborg vert nok av dei fleste lag nærast rekna som ein siger.
-Det var ein jamn og spennande kamp som kunne ha bikka begge veier.
 
 
Lars Johan, Bjørgulv, Eirik og Ingrid hadde ein super dag på søndag.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kjellrun Eik
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
14.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 14.des. 2019
I dag er eigarane av kalendarane med nr. 350 og 444 dei heldige vinnarane.  Nr. 350 får eit gåvekort, verdi 300,-kr, frå Gros Blomster medan nr. 444 får ei trillebår for born, verdi 300,-kr, gjeven av Elins Matgleder.  Gratulasjonar til begge vinnarane!

Usm.
13.12.2019
Opningstider på Spar Uskedalen i helga.
Laurdag 14.12. skal Spar Uskedalen ha eit velfortent julebord, og derfor stenger dei ein time tidlegare enn vanleg.  Derimot vert butikken open denne søndagen.  Dei stenger altså kl.19 på laurdag medan opningstida søndag er kl.14 - 19.  Dei ønskjer alle kundar velkommen til kjekk julehandel!

tid
13.12.2019
Førjulsbesøk på Husnestunet måndag 16. desember kl. 16.
Rustne Menn legg opp til førjulsbesøk på Husnestunet måndag 16. desember kl. 16.00.Samlinga vert i dagstova i 2. høgda, det som var den sosiale samlingsplassen før ein fekk kantine. Reidar Myklebust, medlem i gruppa fram til han vart sjuk, ser fram til at det kjem gjester frå Uskedalen. Det er ope for andre til å vera med og delta i programmet.

kb
13.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 13.des. 2019
To heldige vinnarar er trekt ut også i dag.  Gåvekort på 300,-kr hos Poon Tips er vunne av eigar av kalendar nr. 15, og Duffel bag (Helly Hansen), gjeven av Spar Uskedalen er vunnen av nr.222.  Vi gratulerer dei to heldige!

Usm.
12.12.2019
Utvida førjulsopning hos Gros Blomster.
Frå neste veke vert det utvida opningstid hos Gros Blomster.  Heile veka, også laurdag, vert opningstida kl. 9 - 18.  Søndag 22.12. er det ope frå kl. 14 - 18, veslejulaftan er opningstida kl. 9 - 18, medan det er ope frå kl. 9 til kl. 12 på julaftan.  Då eg var innom, var det vanvittig mykje fint i butikken, og produksjonen av fleire nydelege juledekorasjonar gjekk for fullt!

tid
12.12.2019
Ope møte i Senioruniversitetet i dag kl. 11.00.
Det er ope møte i Kvinnherad Senioruniversitet i dag, torsdag 12. desember, kl. 11 på Rosendal Fjordhotell. Førelesar er kunsthistorikar Gunnar Danbolt med tema Jula i kunsten. Uskedal musikklag spelar juletonar. 10 års jubileet vert markert. Tallerkenrett og kaffi. Inngang: kr. 150/100.

Styret
12.12.2019
Uskedal Bondelag 70 år i 2020.
På bondelagsmøte i går kveld i Gamleskulen vart det av leiar Lars Haugland informert om at Uskedal Bondelag er 70 år i 2020. Laget vart skipa 1. april 1950. Jubileet vert mellom anna markert med ein studietur til Jæren i mars månad.

kb
12.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 12.des. 2019
På Uskedal skulemusikk sin adventskalendar deler vi ut eit skrujernsett (verdi: 249,-), gjeve av Farge og interiør - Lio sag og treforedling til den haldige vinnaren som har nr. 391.  Eigar av nr. 282 får gavekort på 300,-kr, gjeve av Brødskreppa og kan handla godsaker for det der.  Gratulasjonar til begge!

Usm.
11.12.2019
Gul kajakk funnen og sikra på Korsneset.
Det er funnen ein gul kajakk på utsida av Korsneset. Kajakken med to svarte lokk er sikra og dregen på land i stranda ved Marit Røssland sitt hus. For meir informasjon: Ta kontakt med Leif Jarle Bergstø på mobil 995 20 870.

kb
11.12.2019
Julemøte i Uskedal Bondelag i kveld, i Gamleskulen.
I kveld, onsdag 11. desember, er det julemøte i Uskedal Bondelag med graut og program. Hans Reidar Kjærland skal ha innlegg om tida si som salssjef i Harding, tidlegare Bjørke Båtbyggeri i Rosendal.

kb
Siste Nyhende
13.12.2019
Kjenner du til lokale tradisjonar knytta til Lucia 13. desember ?
Luciadagen vert som oftast markert i barnehagane med prosejon. Denne gongen vel Uskedalen.no ei anna løysing, nemleg å få fram bakgrunnen og tradisjonen med Lucia i Norden og i Sunnhordland. Knut Rage er tidlegare biblioteksjef på Tysnes, no aktiv i Tysnes Sogelag og med eigne lokalhistoriske artiklar. Knut Rage har sagt ja til at Uskedalen.no kan få bruka det han skriv på si Facebookside. Dersom du kjenner til historiar og seiemåtar om Luciadagen 13. desember, er redaksjonen takksam for ei tilbakemelding.
12.12.2019
Uskedal Musikklag skapte julestemning på møte i Senioruniversitetet.
Uskedal Musikklag skapte julestemning med sine tonar på Rosendal Fjordhotell då  meir enn 100 studentar møtte fram til det siste møte i Kvinnherad Senioruniversitet i 2019. Alle kom for å høyra kunsthistorikar Gunnar Danbolt si førelesing om det vi finn av kunst frå ulike tidsperiodar skapt med bakgrunn i Jesu fødsel. Kristen kunst i katakombene med heilagkongane, som leitar etter Jesus, går tilbake til 200 talet.
12.12.2019
Pris til LAB Entreprenør med driftssjef frå Uskedalen.

LAB Entreprenør AS i Bergen vart i går kåra til den beste riggansvarlege bedrift i 2019 i Bergensområde. Driftssjef er Vegard Eik ( f. 1976 ) frå Uskedalen, no busett i Bergen. LAB Entreprenør med 200 tilsette har mange store byggeprosjekt i Bergen, mellom anna på Haukeland sjukehus. I grunngjevinga for prisen vert det sagt at LAB Entreprenør ein aktør som syner ansvar og tilbyr arbeidarane gode brakkeforhold.
11.12.2019
Bok frå krigsåret 1940 med skildring av kampane i Uskedalen og Herøysundet.
Boka Hordaland i krig er skriven av den unge lokalhistorikaren Vegard Toska. Boka har undertittelen Krigsåret 1940 sett frå den tyske sida. Aprildagane i Herøysundet og Uskedalen er omtalt på fleire sider, dag for dag frå 18. til 20. april. Aldri før har krigshendingane vorte presentert så detaljert i ei bok med bakgrunn i tyske dagbøker og kjelder.
10.12.2019
Humlepungen Bryggjarlag i magasin ut til 50 000 lesarar.
Hardangerfjordmagasinet med ansvarleg redaktør Sigurd Vikøren kjem ut to gonger i år i eit opplag på 50 000, Distribusjonen går til kommunane i Sunnhordland og Hardanger, i tillegg til ferjer, snøggbåtar, turistkontor, båthamner, bensinstasjonar og overnattingsplassar i regionen. I ein lengre artikkel om jul og mattradisjonar finn vi ei heilside med bilete og informasjon om Humlepungen Bryggjarlag frå Uskedalen.
09.12.2019
Knoppsvaner på Fjellandsbøvatn, også på vinterstid.
Dei siste åra har det dukka opp svaner på Fjellandsbøvatn på vinteren. Det er ikkje vanleg. Svanene aukar i talet, men ein kjenner ikkje nøyaktig til kvifor arealet deira vert utvida. I fjor vinter vart der observert knoppsvaner på Fjellandsbø i flokkar på to til seks. På det jevne er det seks svaner der gjennom vinteren.
08.12.2019
Helselaget held på tradisjonen med julepakkar og juleblom.
Julepakkane og juleblomane er klar for levering i denne veka. Det er Uskedal Helselag som held oppe ein lang tradisjon med å gje julepakkar til Valen sjukehus og juleblom til alle frå Uskedalen som bur på sjukheim og til alle heimebuande over 90 år. Talet julepakkar i år er 50 og 24 mottek juleblom med helsing.
07.12.2019
Kunstførelesing og korpsmusikk på julemøte i Senioruniversitetet.
Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til ope møte torsdag 12. desember kl. 11:00 på Rosendal Fjordhotell. Denne gongen er det kunsthistoriker Gunnar Danbolt som skal gje oss eit innblikk i kva jula har betydd for kunsten, og korleis dei same motiva har endra seg over tid. Det vert i forkant av førelesinga minikonsert med Uskedal Musikklag.
06.12.2019
Røysterettkonsert i regn og blest.
Og det regna! Og det bles! Riktig så hustre var det ute, og berre på den vesle turen frå bilen til kyrkjedøra vart eg våt, sjølv om eg gjekk i regnfrakk. Men inne? Her var det varmt og godt og koristane var kledde i raudt og svart, ei lun og god stemning. Me var altså i den vesle kyrkja i Uskedalen på konsert i går kveld, og det var Røysterett for Alle, bygda sitt eige kor, som gav oss den musikalske opplevinga - saman med to flinke småjenter som spelte julesongar på kornett.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS