Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

G15-laget til kretssluttspel.

03.11.2019
Klikk på bilete for full storleik
Desse gutane sikra seg puljesiger og sluttspelplass.
 
Vi kan gratulere G15-laget til Uskedal/Rosendal med ein flott fotballsesong.  Etter at dei laurdag vann 2-1 over Follese/Askøy/Hetlevik, gjekk dei heilt til topps i si pulje, og dei er no klare til å møta andre puljevinnarar til sluttspelkampar.  Vi kryssar fingrar og ønskjer dei lukke til i dei komande kampane.
 
Dei som no er G15-laget, starta opp med organiserte treningar då dei gjekk i første klasse.  Tommy Eidsvik og Kjetil Myklebust har heile tida samarbeidd om trenar- og oppmannsarbeidet, men Kjetil Myklebust gjev Tommy tittelen hovudtrenar. Lenge var dei eit reint Uskedalslag, og i 2017 var dei første reine Uskedalslag som deltok i Norway Cup.
 
Før inneverande sesong trong dei fleire spelarar, og dermed vart det samarbeid med Rosendal turnlag. Då fekk også Kjetil og Tommy med seg Solveig Hus Hansen som oppmann.  No er det spelarar frå heile strekningen frå Uskedalen til Mauranger på laget.
 
Laurdag var laget til Follese, og etter ein jamn kamp sikra dei seg 2-1 siger og 3 viktige poeng etter scoringar av Jonas Næs Huke og Mathias Nilsen Børve.  Dermed var puljesigeren i boks.  Uskedal/Rosendal slutta på 25 poeng medan Østsiden Askøy blei nr. 2 med 22.  Desse spelarane var med i troppen til kampen: Jonas Solli Søllesvik, Eirik Eriksen Steinsvik, Marius Kyrkjeeide Eidsvik, Anders Isdal Myklebust, Tørres Tungesvik Myklebust, Martin Nistad Lea, Jakob Seim Steffensen, Theodor Bartlett Enes Mehl, Jonas Næs Huke, Andreas Hansen, Kristian Da Silva Øvstebø, Mats Kyrkjeeide Eidsvik, Andreas Hauge Myklebust, Mathias Nilsen Børve og Magnus Enes.
 
Vi nemner også at laget sin særdeles talentfulle keeper, Karsten Bjørnebøle, var forhindra i å spela kampen. Han var nemleg opptatt med ei samling for talentfulle keeprar i Bergen.  Jonas Solli Søllesvik vikarierte på ein flott måte.
 
No er altså laget klart for sluttspel mot andre puljevinnarar.  I skrivande stund er det ikkje klart kven dei møter, med etter det vi kjenner til vert det spela både heime- og bortekamp, og vinnar går vidare til neste runde.  Vi ønskjer dei unge, flinke spelarane lukke til.  Vi gratulerer også trenarapparatet, og bøyer oss støvet for Tommy Eidsvik og Kjetil Myklebust som har fulgt opp laget heilt frå dei starta i 1. klasse til dei no er i gang med 10. klasse.  Det blir mange timar innsats!!
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Sigurd Børve.
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen fredag 28.02.
Det blir kveldskøyring i Fjellhaugen skisenter i morgon (fredag 28/2) kl 1700-2100. 

tid
27.02.2020
Møte i stadnamngruppa i dag, Uskedal skule kl. 17.00.
Stadnamngruppa i Kvinnherad Sogelag held fram arbeidet med å retta namn på kart. Ei rekkje ressurspersonar frå ulike bygder er innkalla til nytt møte i dag torsdag 27. februar kl. 17.00 i Uskedal skule. Med på møte vert Peder Gammeltoft frå Universitetet i Bergen, Anita Lykkja og Johan Feet frå Kvinnherad kommune.

kb
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 18. mars kl. 19.00.
Årsmøte i Uskedal Utvikling er onsdag 18. mars kl. 19.00 i Gamleskulen. Leiar, to styremedlemer og tre varamedlemer står på val. To styremedlemer står ikkje på val. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og melding om drifta av nettsida Uskedalen.no. og Gamleskulen.

kb
25.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen i morgon, 26.02.20.
Det er nydelege forhold i Fjellhaugen skisenter, og skitrekket vert ope for kveldskjøring onsdag kl. 17.30 - 21.

tid
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars, straks etter gudstenesta.
Det vert årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars kl. 12, straks etter gudstenesta. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og ein plan for gudstenester og andre aktivitetar i 2020. Møte er ope for alle medlemer i Den norske kyrkja. På sjølve gudstenesta er Arne Nataas liturg. Organist er kantor Eva Megyesi. Offergåva går til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

kb 
25.02.2020
Harald Nilsen Tangen på G19 landslaget.
Harald Nilsen Tangen er tatt ut til landslagssamling med G19 landslaget.  Det er første gong det Uskedals-ætta fotballtalentet er tatt ut på G19, men han har tidlegare hatt heile 31 landskampar for yngre fotballandslag.  Harald har hatt ei svært god sesongoppkjøring med klubben sin Viking.  Han har spelt mykje og scora fleire mål.  Meir om bakgrunnen hans kan de lesa HER.

tid
24.02.2020
Neste allsong på Kafe Tiaren vert tysdag 3. mars.
Dette er ei melding frå Rustne Menn om at allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke, til tysdag 3.mars kl. 12.00. Vi ser fram til lysare tider med vårsongar. Velkomne.

kb
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
Siste Nyhende
28.02.2020
Topp resultat for Dønhaug Gardsbarnehage i foreldreundersøking.
Dønhaug Gardsbarnehage får mest topp karakter i foreldreundersøkinga 2019. Av maks scor på 5 oppnår barnehagen 4,9 mot 4,8 året før. Berre Hatlestrand barnehage er betre med topp plassering på 5 poeng. Uskedal barnehage ligg på landssnittet med ein scor på 4,5. Det er tredje året på rad at Dønhaug Gardsbarehage gjer det så godt.
28.02.2020
30 personar møtte fram til stadnamnsamling i Uskedalen.
Det er merkbart stor interesse for innsamling og rett bruk av stadnamn i Kvinnherad. Etter ei oppstartsamlng for nokre veker sidan, møter nær på 30 ressurspersonar frå heile mommunen til møte nr. 2 i Uskedal skule i går kveld. Audun Eik i Kvinnherad sogelag tek initiativet og leier møte. Peder Gammeltoft frå UiB var sjuk og måtte melda forfall. Johan Feet og Anita Lykkja frå Kvinnherad kommune hadde innleiing.
27.02.2020
2019 - eit godt år for Lio Sag & Treforedling AS
Lio Sag & Treforedling med dagleg leiar, Rune Myklebust frå Uskedalen, kan syna til eit godt driftsår i 2019. Dotter hans, Kristine Heimvik, er avdelingsleiar på Husnes og begge er godt nøgde med omsetnaden og drifta. Plasseringa på Husnes er god. Verksemda er godt synleg frå Fylkesvegen og med endå betre skilting, skal det vera lett å finna Byggtorget.
26.02.2020
Ver merksam på opne vatn og utrygg is på fjellet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma mellom og under.

26.02.2020
FLOR frå Voss inviterer til Kvinnekveld på Dønhaug, i kveld kl. 19.30.
FLOR saman med Landbrukskontoret i Kvinnherad inviterer til Kvinnekveld i Dønhaugkjedlaren i kveld, onsdag 26. februar, kl. 19.30. FLOR frå Voss lagar arbeidskle for kvinner. Dagleg leiar er Kristin Lemme. Ho er bonde og driv verksemda FLOR.
25.02.2020
Hugs søknadsfristen til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad deler ut gåver til ålmennyttige føremål vår og haust. Søknadsfristen for vårtildelinga er tysdag 3. mars 2020. Ferdig skriven søknad med vedlegg må vera stiftinga i hende innan utgangen av tysdagen. Fleire gode prosjekt frå Uskedalen er sidan oppstaten tildelt gåver.
24.02.2020
Morgonstund i Uskedalen.
Marius Mathisen, son av tidlegare redaktør Ola Matti Mathisen, er ein svært dyktig slagverkar, og han har opp gjennom åra spela med ulike band, og med svært mange kjende og dyktige musikarar.  Han har reist svært mykje, men favorittstaden hans når han skal slappa av er utvilsamt Skansen på Neset her i Uskedalen.  No har han sendt oss ein vakker video med musikk til som stadfestar dette.
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS