Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

God song av vakre salmar.

14.10.2019
Klikk på bilete for full storleik
Eva Megyesi og Kristian Bringedal er sentrale i song- og musikklivet i Uskedal kyrkje.
 
Uskedal sokneråd har siste åra arrangert i alle fall ein salmekveld i halvåret, og kantor Eva Meyesi har vore primus motor for desse saman med Kristian O. Bringedal. Til salmekvelden mandag hadde dei valt ut salmar som omhandla Guds stordom, Guds skaparverk og Guds omsorg.  Dei hadde gjort eit svært godt utval, og mange av salmane var nye for mange av dei frammøtte.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kyrkjekoret Nordsaang under leiing av Eva Megyesi deltok med 3 songar.
 
Kvelden vart opna med Engelvals av J. Bret, meisterleg framført at kantor Eva Megyesi på orgel.  Deretter forflytta den dyktige tangentmusikaren seg til pianoet.  Derfrå akkompagnerte ho 10 salmar i eit fellessongprogam som ho leia saman med Kristian Brigedal.  Dei fleste salmane var nye for underteikna, men nokre var også velkjende.  Prologsalmen i den nye salmeboka, Herre Gud ditt dyre namn og ære av Peter Dass vart framført til tre ulike folketonar. I tillegg høyrde Hans A. Brorson sin Overmåte fullt av nåde til dei vi kjenner godt.
 
Med den nye salmeboka har vi også fått inn mange nye vakre salmar.  Kvelden baud på mange smakebitar av desse.  Sjølv om Edvard Hoem er blant våre fremste noverande salmediktarar og han har 10 salmar i salmeboka, tenkjer vi ikkje først og fremst på han som salmediktar.  Som siste fellessong i kveld song vi Når heile verda syng for Gud av Hoem med Henning Sommero si vare tonesetjing.  Før det hadde vi mellom anna sunge gjennom nydelege salmar både av Henrik Wergeland og Einar Skjæråsen.
 
Kristian og Eva batt det heile fint saman, og dei fortalde litt om både tekstforfattarane og komponistane. Ledig, godt og interessant! Dei to er viktige ressursar for kulturlivet i bygda, og salmekveldane er berre noko av det dei bidrar med.
 
Kyrkjekoret Nordsaang bidrog også. Innimellom fellesnummera krydra dei med to afrikanske songar før dei avslutta den vellukka kvelden med argentinske Gloria, gloria, gloria.
 
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.11.2019
Lysmesse og Julegrantenning sundag 1. desember.
1. sundag i Advent vert det både Lysmesse og Julegrantenning i Uskedalen. Kl. 16.00: Lysmesse i Uskedal kyrkje der konfirmantane deltek. KL. 17.00: Julegrantenning med Uskedal Musikklag, kafe, julerebus og Børsdalsnissen. Nøyaktig program vert kunngjort seinare.

kb
19.11.2019
Soknerådet har møte på torsdag, 21. november kl. 19.
Soknerådsarbeid er ei offentleg oppgåve. Møta er opne for alle og saklista skal kunngjerast på vanleg måte. Soknerådsmøte er torsdag 21. november kl. 19 i kyrkja. Viktige saker er: Innkjøp av klappstolar, betre lys, ta bort nokre benker for å gje plass til rullestol og leikekrok. Soknerådet er opne for innspel til vårplanen. Sokneprest i Kvinnherad Prestegjeld, Kjersti Brakestad Boge, vert med på møte.

Soknerådet
18.11.2019
Nabomerknad til byggesøknad i Halsabrotet.
Nabomerknad til søknad om å byggja hus og garasje i Halsabrotet gjer at Forvaltningskomiteen utsette saka til ein har vore på synfaring. Kommunedirektøren ville gje løyve som omsøkt utan å ta omsyn til merknader frå naboane. Merkandene går på utsikt og innsyn. No vert det synfaring før vedtak i komiteen.

kb
18.11.2019
Forvatningskomiteen sa ja til advokatkontor for 2. gong.
Forvaltningskomiteen hadde saka om advokatkotor på Døssland oppe for 2. gong, etter at Fylkesmannen rådde frå å gje løyve. Eit samrøystes utval sa ja til utbygging slik Kommunedirektøren tilrådde.

kb
17.11.2019
Møteveke i Uskedal Bedehus.
Det vert møteveke i Uskedal Bedehus frå onsdag 20. til sundag 24. november, bortsett frå laurdag. Då er det ikkje møte. Talar er misjonær Sverre Hovda. Møtetid: Kvardagar kl. 19. Sundag: kl. 11. Song og musikk. Gåve til misjonen. Alle er velkomne.

Arr: Misjonssambandet
17.11.2019
Fest for frivillige på Kafe Tiaren.
Onsdag i denne veka vert det Frivilligfest for alle som hjelper til på Kafe Tiaren. Kafe Tiaren er ein sentral kulturell og sosial møteplass i Uskedalen med brukarar både frå bygda og frå andre bygder. Tilbodet er ope og i drift kvar tysdag heile året. Alle har motteke personleg invitasjon og det er påmelding til Berit H. Døssland på mobil: 913 07 384.

Kafe Tiaren
15.11.2019
Julebakst på Elins Matgleder i dag, fredag 15. november.
Det er høve til å få kjøpt brune pinnar på Elins Matgleder, Uskedalen og Rosendal, i dag fredag 15. november.

kb
14.11.2019
Alle aktørane er klar for julekonserten 15. desember.
Arbeidet med innslaga på julekonserten i kyrkja sundag 15. desember er i boks. Av kor/korps og enkeltaktørar vert desse med på konserten: Røysterett for Alle, Leif Inge Heimvik, GLIMRAH, kantor Eva Megyesi,  Uskedal musikklag og Uskedal skulemusikk. Gjester er borna Artur Zimin og Avrora Zimina. I tilegg kjem tre salmar.

kb
13.11.2019
FAU på skulen planlegg basar i februar 2020.
FAU på Uskedal skule vil laga til basar i februar månad. Utvalet spør om nokon vil laga gevinstar og premiear. Det kan vera noko frå strikking, sying eller frå sløyden. Ta kontakt med Isabell Stensletten på mobil 480 58 703.

FAU
13.11.2019
Ubemanna julebutikk i Skålagato.
Elins Matgleder melder på si Facebookside at det vert ubemanna Julabutikk og Cafe Hylleblomen i Skålagato i Rosendal. Det vert gjort slik døra er ulåst, kunden går inn og handlar det ein ynskjer for så å betala på Restaurant Fiolen. Det er ikkje ofte vi høyrer om ulåste butikklokale slik Elin Enes gjer det.

kb
Siste Nyhende
21.11.2019
Frivilligsfest der Arnhild overraska med munnspelet sitt.
Arnhild Myklebust ( 83 ) var ein av mange gjester på Frivilligfesten for Kafe Tiaren  onsdag kveld i Gamleskulen. Ho takka for maten, men ikkje nok med det. Ho tok fram munnspelet sitt og overraska alle med melodiane til Nidelven og Jeg går og rusler på Ringerike. Den årlege festen samlar frivillige som legg ned eit stort arbeid for drifta gjennom heile året.
20.11.2019
Delte ut gåver på 6,2 mill. på vel halvannan time.
Uskedal Utvikling (190.000 kr) og Uskedal ungdomslag ved hytta Fjelly(25.000 kr) var dei to Uskedals-laga som mottok gåver då Sparebankstiftinga Kvinnherad hadde haustens store gåvedryss i Kulturhuset Husnes i kveld.  I tillegg vil uskedelingar ha glede av tildelingar til lag som ikkje er reine Uskedalslag.
20.11.2019
Konsert med eit variert program i Uskedal kyrkje, måndag 25. november.
Måndag 25. november er det på nytt konsert i Uskedal kyrkje kl. 19.00. Programmet inneheld 17 innslag, variert med alt frå korsong, orgel, fløyte, saksofon til allsong med O. happy day. Kantor Eva Megyesi har regien og med seg har ho kyrkjekoret Nordsaang, Kristine Hestad, Kirill Zimin, Svein Rimestad og Kristian Bringedal.
19.11.2019
Kora i Kvinnherad treng rekruttering ved eit ungdomskor.
Røysterett for Alle har fremja ein sak som går på rekruttering og fornying av kora i Kvinnherad. Styret og den musikalske leiaren, Maria Malmsten, skriv om bakgrunnen i pressemeldinga og er konkret på ei løysing. Dette er ei sak som gjeld alle kora i Kvinnherad og kva ein kan gjera for å snu ein trend der medlemsalderen er høg. Maria er klar for denne oppgåva. Ho er songpedagog og har lang erfaring frå arbeid med barne- og ungdomskor.
19.11.2019
Ikkje topplag på vegen til Fjellandsbø i denne omgang.
Det kjem ikkje topplag på vegen frå Friheim til Fjellandsbø i denne omgang. Det stadfestar Per Inge Naterstad i Kvinnherad kommune. Så lenge det ikkje bur nokon fast på Fjellandsbø vert vegen sett i stand med eit forsterkingslag, grøftereins og utskifting av nokre stikkrenner. Forsterkingslaget er frest asfalt frå arbeidet med Opsongersvegen og som har vore mellomlagra på Børneset.
18.11.2019
Skulefrukost med sunn og god mat.
Ein gong i halvåret lagar Elevrådet på Uskedal skule til måltid for alle elevane. Elevrådet ynskjer å utvida ordninga til to gonger i semesteret. Elevrådet tel tilsaman 14 medlemer og Hilde Bringedal er elevrådskontakt. Uskedal Helselag støttar skulefrukosten med kr. 20,- pr. elev.
17.11.2019
Motbakkeløp til Ådnaklett for 30 år sidan.
På Grenda si framside for 30 år sidan kan vi lesa om motbakkeløp til Ådnaklett. Tormod Myklebust minnest løpet. Han var sjølv med i det Grenda kallar styrkeprøven med start på Uskedal skule og mål i enden av den nylaga skogsvegen frå Myklebust til Ådnaklett. Knut Olav Myklebust ( 9 år den gongen ) var også med. Margun Eik ( Uskedal IL ) vann kvinneklassen.
16.11.2019
Uskedalen er med i nasjonal drikkevasstudie.
Folkehelseinstituttet har invitert personar frå heile landet til å delta i ei spørjegransking om samanhengen mellom drikkevatn og magesjuke. Truleg har mellom 10 og 15 personar i Uskedalen takka ja til å vera  med i dette forskingsprosjektet. Ein gong i månaden svarar deltakarane på eit elektronisk spørjeskjema på E-post. Spørjegranskinga går over 12 månader.
15.11.2019
Røysterett for Alle med heile tre julekonsertar.
Røysterett for Alle går inn i ei travel førjulestid med heile tre julekonsertar i tre bygder, Husnes, Uskedalen og Ølve. På Husnes er Frode Kaldestad med på piano. I Uskedalen er Irene Simonsen akkompagnatør. Konserten inneheld 15 songinnslag. Av desse er nokre nye og har ikkje vore framført før. Koret vil mellom anna framføra Jeg synger julekvad, etter eit opphavleg tysk arrangement.


Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS