Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Skulemusikken ønskjer fleire musikarar og fleire til å hjelpa til.

25.08.2019
Klikk på bilete for full storleik
Skulemusikken har vore åleine om å syta for musikk i folketoget på 17.mai dei seinare åra.
 
Uskedal skulemusikk har dei siste åra hatt ein stødig og god ungdomsgjeng blant musikarane, men før denne sesongen er dei slutta i korpset, og dermed er talet på musikarar heilt nede i 7.  Styret har derfor sett i gang tiltak for å rekruttera nye musikarar. Med få musikarar vert og foreldregruppa lita. Derfor håpar dei andre bygdefolk vil hjelpa til med drifta, m.a. strikka til adventskalendaren.
 
At det vert eit stort fråfall denne hausten, er ikkje uventa.  Korpset har hatt ei flott ungdomsgruppe, Ida Marie K. Eidsvik, Thea Soltveit Taranger, Amalie Hovden Rød, Hanna Tvilde og Camilla M. Ripel, som har bidrege særs godt gjennom mange år. No er dei godt i gang med vidaregåande skule i tillegg til at ungdommane er aktive på fleire frontar. 
Styret er svært er svært takksame  for innsatsen deira og seier: 
-Skulemusikken vil takka dåke for flotte år.  De har vore til stor glede både når det gjeld det musikalske og ikkje minst det sosiale. Ein flott gjeng, men det er ei tid for alt.
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Skulemusikken under hovudprogrammet på 17.mai 2016. Camilla M. Ripel(nærast) er nett begynt i eit stort korps i USA.
 
Ei av dei som sluttar, Camilla M. Ripel, skal dette året vere utvekslingsstudent i USA.  Ho har allereie begynt i Missouris største schoolband på Kirkwood High School.  Bandet har rundt 200 medlemmer.  Dette er eit godt bevis på at dei som lærer seg å spela eit messinginstrument, har det med som verdfull baggasje når dei flyttar på seg.  Styret legg også til at dei er svært glade for at Nils Rainer Vågen vil vera med i korpset trass i at han flyttar vekk for å gå på musikklinja.
 
Medlemmene som er att i korpset no, er unge og svært talentfulle, men styret ønskjer fleire.  Derfor set dei no i verk tiltak.  Dei vil denne hausten tilby ei ekstra aspirantopplæring i tillegg til den som føregår i regi av kulturskulen.  Kvar onsdag mellom kl.16.45 og 17.30 vil dei gi ekstra opplæring for nye aspirantar.  Det er dirigenten i skulemusikken, Tor Skeie Olsen, som skal ha opplæringa.  Styret oppfordrar alle som kjenner til nokon som er interessert i å spela eit messinginstrument om å ta kontakt med Monica Hermann(906 35 493).  På denne ordninga treng ein ikkje å vera påmeldt i kulturskulen. 
 
Dersom det skulle vera musikarar som er slutta tidlegare, som vil spela igjen, er dei veldig velkomne tilbake.
 
Styret fortel vidare at dei vil halda fram det gode samarbeidet dei har hatt med Rosendal skulekorps dei siste sesongane. To gonger i månaden vil det vera fellesøvingar.
 
Når talet på musikantar er gått ned, gjeld det same for ei viktig støttegruppe, foreldra.  Å driva eit korps er like mykje arbeid uavhengig av antal musikantar, men det blir færre å fordela arbeidsoppgåver på når foreldregruppa blir mindre. Derfor vil styret i år gå ut og spørja bygdefolket om hjelp. 
 
Hovudinntekta til laget er sal av den populære adventskalenderen. På denne kalenderen har styret tidlegare år fått inn mange fine gevinstar frå bedrifter og privatpersonar. No har dei eit sterkt ynskje om hjelp til kalenderen, og dei spør: 
-Er det nokon som kan tenkja seg å strikka, hekla eller gjere anna handverksarbeid? 
 
Skulemusikken vil kjøpa inn materiell som trengst.  Dersom nokon kan tenkja seg å hjelpa med dette, kan dei ta kontakt med Monica Hermann(90 63 54 93) eller Haldis Åkra(97 04 38 69).
 

Vi i Uskedalen er heldige som har eit driftig styre i skulemusikken som brettar opp ermane for at korpset skal få ein ny opptur.  Vi veit bygdefolket er svært glade i korpset, og er sikker på at mange støttar opp slik at dei unge musikantane får gleda av å spela i korps, og at dei vil halda fram å glede bygdefolket med god og stemningsskapande korpsmusikk slik dei har gjort i 50 år.

 

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.


 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.01.2020
Meld frå om årsmøte.
Det er tid for årsmøte i lag og organisasjonar. Melding om årsmøte er viktig informasjon. Send oss ei melding og vi legg det ut som ei kunngjering.

Red.
16.01.2020
Jørn Øyrehagen Sunde fører Aarebrot tradisjonen vidare.
Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde skal i helga halda Aarebrotførelesinga 2020, 1000 års rettshistorie på 200 minutt, i Aulaen på UiB. Til liks med Frank Aarebrot er Øyrehagen Sunde ein levande og engasjert formidlar. På 200 minutt skal Jørn dra linene frå mellomalderen i Bergen til dagens NAV skandale og riksrettssaka mot Donald Trump.

kb
16.01.2020
Årsmøte i Uskedal Friluftslag, måndag 17. februar.
Dette er ei kunngjering om at Uskedal Friluftslag har sitt årsmøte måndag 17. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. Medlemslaga har møterett med to utsendingar kvar. Leiar, to styrmedlemer og varamedlemer står på val. Bondelaget er valnemnd.

kb
15.01.2020
Ny runde med søknader til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
Søknader om gåver til allmennyttige føremål opnar tysdag 4. februar. Søknadstida er fram til tysdag 3. mars. Alle søkjer elektronisk. Meir informasjon på Facebook og på stiftinga si heimeside.

kb
14.01.2020
Opplæring i aktivitetskalenderen Friskus.
Onsdag 22. januar kl. 17.00 vert det skipa til infokveld og opplæring i friskus.com, på Rådhuset i Rosendal. Friskus er ein digital aktivitetskalender som gjer den enkelt å delta i og organisera frivillig arbeid. Alle må ha med eigen datamaskin. Meir informasjon finn du på kommunen sin heimeside.


kb
12.01.2020
PIONER 10 fots jolle funnen og sikra på Rød.
Torsdag i denne veka vart ein 10 fots PIONER funnen og dregen på land på Rød. Båten ligg på Helge Rød sin eigedom. Eigar kan sjå og henta båten der. Siste: Eigar har meldt seg.

kb
12.01.2020
Saka om brannstasjonen engasjerer.
Redaksjonen har moteke fleire kommentarar og merknader til saka om det som kan føra til nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen. VI føl opp saka med å få fram ulike synspunkt. Dersom du har merknader, skriv kort og send til uskedalen.no@gmail.com

Red.
11.01.2020
Innsamlinga til Ukraina held fram.
Innsamlinga til Ukraina i regi av Tro - Håp - Kjærlighet stiftelsen held fram. Ring 971 47 851 for avtale om levering. Minst kr. 50,- pr. sekk som dekker felleskostnader.

kb
10.01.2020
Frøydis Gjuvsland - søkjar til rådgjevarstilling oppvekst.
Frøydis Gjuvsland ( 45 ) frå Uskedalen er ein av 11 søkjarar til stillinga som rådgjevar for oppvekstsektoren i 100 % stilling. Frøydis er utdanna lærar og har arbeidet sitt innan oppvekst i dag.

kb
10.01.2020
Stabile medlemstal i kyrkja i Kvinnherad.
Kyrkjekontoret melder at medlemstalet i Den norske Kyrkja i Kvinnherad er stabilt. 25 personar melde seg ut, 4 personar melde seg inn. Med mange kyrkjer i Kvinnherad, vil ein ikkje gå ut med tal for kvar sokn. Difor kjenner vi ikkje tala for Uskedalen.

kb
Siste Nyhende
18.01.2020
Jørn Øyrehagen Sunde held Aarebrotførelesinga i morgon, sundag 19. januar.
I morgon, sundag 19. januar, arrangerer Universitetet i Bergen Aarebrotførelsinga 2020 i Aulaen på Museplassen 3. Jørn Øyrehagen Sunde frå Uskedalen er professor i rettshistorie og skal halda årets førelesing. Han skal på 200 minutt førelesa om rettshistoria frå mellomalderen til den moderne rettsstaten. Studentane er med og underheld med song og tablå frå lover i historia.
17.01.2020
Ny garasje er snart på plass etter brannen.
Natt til 1. nyårsdag vart garasjen til Affi Eidsvik totalskadd i brann. Veka etter er tomta rydda. To veker etter vert det reist ny garasje på tomta. Snakk om tempo der alt går som smurt. Uskedalen.no var på plassen i går og fekk snakka med eigaren og snikrane frå Byggefirma Kjell Høyland.
16.01.2020
Tor Erik Eide er tildelt Forsvarsmedaljen.
Tor Erik Eide ( 45 år )  frå Uskedalen er i dag tildelt Forsvarsmedaljen. Markeringa var på Haakonsvern i Bergen og sjefen for Sjøforsvaret, admiral Nils Andreas Stensønes, stod for sjølve overrekkinga. Eit av kreteria for å bli tildelt Forsvarsmedaljen er minst 25 års teneste i Forsvaret. Tor Erik Eide gjekk inn i Forsvaret som 18 åring og har sidan vore i Kongens klede.
16.01.2020
To stormfloer på 24 timar, men ikkje rekord.
Ekstremveret Didrik vart oppgradert med raudt varsel i Sunnhordland. Vasstanden var 70 til 80 centimeter over det normale i går, onsdag. Dermed vart det ikkje rekord. På natta var lite vind, på dagen berre bris styrke. Så langt vi kjenner til er det ikkje gjort skade på bygg eller på andre installasjonar i strandsona.
15.01.2020
Nye veglys og trafikksikring i Korsneset.
Det vert montert nye veglys langs Fylkesvegen ved byggefelta Korsneset og Ospelunden. Tiltaket er ein del av arbeidet med betre trafikksikring.
15.01.2020
Stort engasjement i brannstasjonssaka.
Brannsjefen i Kvinnhead kommune går for altenativ 2/3 til framtidig brannvernorganisering. Framlegget inneber at ein held på tre stasjonar, Husnes, Rosendal og Ølve, og tre såkalla framskotne einingar, Varaldsøy, Åkra og Halsnøy. Brannstasjonen i Uskedalen vert med dette framlegget nedlagd. Uskedalen.no har dei siste dagane motteke innlegg som bed om ei meir fagleg grunngjeving for nedlegging. Særleg dette med responstid er viktig å få fram.
14.01.2020
Uskedal Båtlag med opprop om å sjekka fortøyningane.

Ekstremveret Didrik vil slå til i natt med pålandsvind og vasstand 100 cm over den høgden du finn i tidevasstabellen. Uskedal Båtlag bed alle med båt i Båthamna sjå til at fortøyningane er gode. Alle må stramma opp slik at båten ikkje ligg og slår mot kai og uteliggjar.
14.01.2020
Vindturbinar i Uskedalsfjella ?

Regjeringa sine ungdomsparti stod fram i media med ynskje om vindkraftutbygging. Dette vart gjort trass i at Regjeringa har skrota og lagt bort samla Rammeplan for vindkraft i 13 aktuelle område. Eit av områda omfatta store deler av fjella i Kvinnherad, Sunnhordland og Haugalandet. Vidar Haugland skriv dette innlegget på Uskedalen.no:
13.01.2020
Oransje varsel for høg vasstand.
Det er varsla svært høg vasstand dei to neste dagane. Det vert rekna som oransje varsel. Då er situasjonen alvorleg. Difor må alle sjå etter om det er lause gjenstandar i strandsona. Det same gjeld for det som ikkje er fastbunde i naust og sjøhus. For dei som har båt på sjø, bør sjå etter om fortøyningane er gode. Høg flo kan gå opp mot ein meter over det som er vanleg.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS