Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Mindre observert Kjempebjørnkjeks i år.

07.08.2019
Klikk på bilete for full storleik
Noko av den giftige planten Kjempebjørnkjeks ved Kunstgrasbanen vart fjerna ved opprydding og grusing.
 
Det er registrert langt mindre av planten Kjempebjørnkjeks i Uskedalen denne sommaren. Den giftige planten, som ofte vert forveksla med Tromsøpalmen, har det vore mykje av kring kunstgrasbanen, langs gjerde mot Neset og i Strandvegen på Stølavikjo. Planten inneheld giftig plantesaft og ved kontakt kan ein få kraftig hudutslett med sterk svie.
 

I Bergen vart det tilegare i sommar registrert seks område der planten var å finna. Kjempebjørnkjeks formeirar seg raskt, særleg i vegkantane. Kantklypping og sprøyting  held planten nede.

 

Ved opprydding langs gjerde mellom Kunsten og Neset vart de fjerna fleire planter. Sjølve gangvegen skal asfalterast men tett i gjerde må ein rekna med at nye planter kjem tilbake alt neste år.

 

Ved berøring av Kjempebjørnkjeks kan du i verste fall rekna med å få store væskefylte blemmer. Reaksjonen utviklar seg over eit til tre døger. Dersom ein merkar reaksjon, er det viktig å vaska seg og unngå sollys i to døger. Dekk til huda eller bruk solkrem med høg faktor.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringdal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
12.10.2019
Berre 15 ledige billettar til haustfesten i ungdomslaget.
Det er uvanleg god påmelding til haustfesten i ungdomslaget neste laurdag. Ei veke før er det berre 15 ledige billettar. Alt ligg til rettes for ein kjempefest slik vi hugsar det frå glanstida i Uskedal Ungdomslag. Ver rask og send påmelding til Rigmor Rasmussen ( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
12.10.2019
Kom og ver med som bøsseberar på TV aksjonen.
Helene Bjørnebøle er rodeleiar i år også. Innsamlinga går mellom kl. 16 og kl. 18, sundag 20. oktober. Meld frå om du kan vera bøsseberar på mobil: 971 56 309. Det er trong for 15 bøsseberarar. Frammøteplassen for bøsseberarane er Uskedal skule.

kb
10.10.2019
THK stifitnga med innsamling til Ukraina.
THK-stiftinga hjelper fattige i Ukraina. Stiftinga har eige lager i Uskedalen
Vi samlar kontinuerleg inn brukte klede, sko, sportsutstyr, sengkle, tepper, gardiner, leiker m.m. Det er for tida stor trong for sko til born og vaksne. Ring tlf nr 97147851 for avtale om levering. Kr. 50.- pr sekk i transportstøtte. Les meir på: WWW.thk.no

Tormod Myklebust
10.10.2019
Er du interessert i tur til Bayern, sept. 2020.
Det er 12 ledige plassar til 7 dagars turen frå Haugesund til Bayern i Tyskland, september 2020. Turen går mellom anna til heimplassen til Siggi Klemm, som mange kjenner frå mange år med turgrupper frå Tyskland til Uskedalen. Dersom du vil vita meir om turen, kan du ta kontakt med Tove Høgemark eller møta henne i Uskedalen i helga. Mobilen hennar er: 996 19 340.

kb
10.10.2019
Kreftkafe i Gamleskulen, tysdag 5. nov. kl. 18.
Uskedal Helselag inviterer til Kreftkafe i Gamleskulen tysdag 5. november kl. 18. Aud Sørheim Myklebust vert med og fortel frå sitt liv med kreft. Marit Sjøwangen frå Kvinnherad komunne svarar på spørsmål. Det vert tid til prat, kaffi og noko å bita i. Kreftkafeen er open for alle interesserte.

Styret
09.10.2019
Vassbrot i Korsneset Nord.
Vassverket melder om vassbrot i Korsneset Nord. Ein brukar er utan vatn. Vassbrotet er berre delvis lokalisert. Det vert iverksett arbeid med utbetring i morgon, torsdag 10. oktober.

kb
07.10.2019
Salmekveld i Uskedal kyrkje måndag 14. oktober.
Soknerådet saman med kantor Eva Megyesi og kyrkjekoret Nordsaang skipar til konsert og salmekveld i kyrkja neste måndag, 14. oktober kl. 19. Salmane er stort sett henta frå kap. 2 i Norsk salmebok med tema: Guds stordom, Guds skaparverk og Guds omsorg. Salmekvelden har overskrifta: Frå Petter Dass til Edvard Hoem.

kb
07.10.2019
Innspel til Kommuneplanen med frist 1. november.
Fristen for å koma med innspel til samfunnsdelen i Kommuneplanen er 1. november. Det er lagt opp til ein open prosess med innspel og medverknad. Det kan gjerast mellom anna ved opne møte, ved den nye forma gjestebod og ved personlege merknader.Det vert arbeidd med å få til ope møte i regi av Uskedal Utvikling.

kb
07.10.2019
God påmelding til haustfesten i ungdomslaget.
Påmeldinga til haustfesten i ungdomslaget laurdag 19. oktober er god. Over 50 billettar er alt tinga. Maks plassar er 100. Det er to veker fram til festen. Haustfestkomiteen ynskjer påmelding til anten Rigmor Ramussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ). Festen tek til kl. 19. Frå kl. 18.30 vert det taffelmusikk og song av Rustne Menn og GLIMRAH.

kb
04.10.2019
Gutar 15 spelar heimekamp på Heio i morgon.
Gutar 15 kan syna til ein flott sesong og toppar gruppa si. I morgon spelar dei den siste heimekampen på Heio kl. 13.15. Trenar er Tommy Eidsvik. Hjelpetrenarar er Kjetil Myklebust og Endre Myklebust. Laget har to bortekampar att før endeleg status.

kb
Siste Nyhende
13.10.2019
Frå Petter Dass til Edvard Hoem - Salmekveld i Uskedal kyrkje.
Det vert ny salmekveld i Uskedal kyrkje i morgon, måndag 14. oktober kl. 19. Salmekvelden vert skipa til i regi av Uskedal sokneråd i samarbeid med kantor Eva Megyesi og kyrkjekoret Nordsaang. Overskrifta er Frå Petter Dass til Edvard Hoem, utvalde salmar frå ein tidsperiode på over 300 år.
12.10.2019
Aktivitetsdag i Hallen, sundag 27. oktober.
Ingunn Vikse er tilbake i Uskedalen sundag 27.oktober. Ho vil ha to timar aktivitetsprogram i Aktivitetshuset.Det blir aktivitetar med fokus på basic styrke og puls. Vi jobbar i par, på stasjonar og åleine. Det vert lagt opp til aktivitetar på tid og i rundar. Vikse sine øvingar høver for alle. 
11.10.2019
Kvardagssoga vert fortald i Kvinnhersminne 2019.
Frå det fyrste Kvinnhesminne i 1982 til no har det kome ut 19 lokale sogeskrift i regi av Kvinnherad Sogelag. Skriftstyret med Lars Jostein Rørvik som redaktør har medvitne halde på same format og bokbunad. Kvinnhersminne kjem ut 2. kvart år, nokre gonger som temahefte, andre gonger utan den raude tråden. Nytt med hefte i år er at ungdomen slepp til. Solveig Haugland ( 20 år ) har delt ei oppgåve ho skreiv frå utdanninga si, med tittelen Korleis vart kvardagslivet i Uskedalen prega av andre verdskrigen.
10.10.2019
Usikkerhet og registrert auka fart trass fartsreduksjon.
Skilting og fartsgrenser engasjerer. Det er noko Uskedalen.no registrerer og som redaksjonen har motteke meldingar om. Farten i sentrum er 40 km/t. Dei som bur og driv næring langs Fylkesvegen har ikkje merka noko til redusert fart. Farten er den same. På Uskedalsvegen mot Steinsletto med oppheva fartsgrense utom Uskedal Bru er farten merkbart høgare. Ikkje så merkeleg så lenge bilistane trur opphevinga er til 80 km/t. Her er det heller ikkje gule striper.
09.10.2019
Mathias er 9 år - fekk 10 årsmerke i Kvinnheradløpet.
Mathias Haavik Tungesvik er 9 år og vart tildelt 10 årsmerke i Kvinnheradløpet i helga. Far hans, Kjell Harald Tungesvik, fortel at Mathias vart trilla i vogn berre 3 månader gamal for 10 år sidan. Etter det har guten vore med foreldra sine på alle løpa. Mathias saman med 6 andre frå Uskedalen var klar for 10 års merke. Det var elles gode prestasjonar av fleire uskedelingar som sprang på tid.
08.10.2019
Ølbok med inspirasjon frå Dønhaug.
Robert Smidt-Hald er kjend for mange i Uskedalen, frå konsert- og pubkveldar på Dønhaug. NRK dokumentaren Robert Smidt-Hald underveis med musikk og øl vart i store trekk produsert på Dønhaug. Han har vore tilbake mange gonger og er ein personleg ven med vertsskapet Anne Berit og Magne Huglen. Det vert boklansering og pubkveld i Dønhaugkjedlaren fredag 8. november.
08.10.2019
Kystkultur med Dag Lindebjerg i Senioruniversitetet, torsdag kl. 11.
Torsdag 10. oktober kjem Dag Lindebjerg til Kvinnherad Senioruniversitetet og Rosendal med eit program om reisene sine i norsk kystkyltur. Møtet vert halde i samfunnshuset. Dag Lindebjerg er kjend som programleiar i ei rekkje NRK-program om kystkulturen. I TV- seriane Der fartøy flyte kan, Den leiken den ville han sjå, Lysglimt i mørke, Norskekysten og Vesterhavsøyene er det båten, fyra og fiskeri som er gjennomgangstema.
07.10.2019
MK LINHOLM er flytta til Tælavåg i Sund kommune.
For ei veke sidan vart MK LINHOLM ( 52 fot ) flytta frå Beinavikjo til Tælavåg i Sund kommune. Hardangerkutteren LINHOLM, bygd i Kvinnherad 1920, kom frå Sagvåg til Uskedal Trelastlager sin kai for eit halvt år sidan. Arbeidet med renoveringa var godt i gang, men hamnetilhøva var ikkje dei beste. Vind frå nord og nordvest med slag mot kaien var årsaka til at fartyet vart flytta til Sund. Nokre ungdomar i Tælavåg var dessutan klar for å vera med på det vidare arbeidet med oppussing.
06.10.2019
Ei fagleg og kulturell oppleving i Dønhaugkjedlaren.
Vidar Haugland får det til. Sist var det Jon Fosse kveld. No var overskrifta Krim og Jazz, eller skal vi sei Krim og Blues. Ein fullsett Dønhaugkjedlar fekk ei fagleg og kulturell oppleving med innsyn i det å skriva krim på eit høgt litterært nivå. Gunnar Staalesen markerer 50 år som forfattar. Lasse Gallefoss med sin bakgrunn som journalist og dokumentarfilmskapar kom ut med si fyrste bok, Krigernes fred, i år.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS