Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ta turen til Mauranger på lørdag.

02.08.2019
Klikk på bilete for full storleik
Kristian Øvstebø er ein av dei som ser fram til Folgefonna Opp
 
Laurdag 10.august vert det populære motbakkeløpet Folgefonna Opp arrangert, og løpet går inn som ein del av årets Norges Cup.  I tillegg til sjølve motbakkeløpet vert det også folkefest med kjekke aktivitetar på Sandarvollen.  Her er Mauranger Bygdelag arrangør, medan dei har Uskedal idrettslag som medarrangør i motbakkeløpet.
 
Det har alt meldt seg ein del uskedelingar til å vera med å hjelpa til blant anna som løypevakter, men Cathrine Haugland i arrangementskomiteen seier at det er veldig kjekt om det blir fleire.  Det er berre å kontakta henne(mobil 957 73 534) og sjølvagt er ho glad for å få melding så snart som mogeleg.  Det er kjekt å kombinera å vera frivillig med både tur og familieaktivitetane på Sandarvollen.  Der vert det både servering og ulike aktivitetar som barkebåtløp, støvelkasting, øksekasting, mjølkespannhalding, ansiktsmaling og quiz.  Det vert og musikk av B-gjengen i Rosendal musikklag.
 
Sjølve motbakkeløpet samlar heile norgeseliten.  Løypa følgjer Isvegen innover Bondhusdalen, deretter oppover den frodige Hillarslia med sine mange hårnålssvingar, til Gardshammar (745 moh). Vidare følgjer løparane den T-merka stien inn i eit alpint landskap, og kjem i mål etter 11 km ved Fonnabu turisthytte (1.460 moh). I år er det 8. gongen dette løpet vert arrangert, og det er blitt svært populært.  Det er første gongen det er tatt inn i norgescupen i motbakkeløp, og det er også første gong Uskedal idrettslag er medarrangør.
 
I tillegg til det gode ryet Folgefonna Opp har fått i løparkretsar, har også arrangørane hausta mange lovord for det kjekke familiearrangementet som dei legg opp til parallellt.  Derfor er det absolutt god grunn for å anbefala Mauranger-tur nettopp denne dagen!
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Jan Øvstebø
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.08.2019
Hugs fristen for påmelding til Konfirmantjubileum.
Soknerådet minner om fristen 20 august for å melda seg på til Konfirmantjubileum helga 14. og 15. september. To årsklassar til kvart av desse jubilantkulla er inviterte: 70 års jubilantar, 60 års jubilantar og 50 års jubilantar. Skriftleg invitasjon er sendt til alle. Påmelding til Svanhill Haugland på telefon: 90 63 67 56 eller E-post: svanhillhaugland@icloud.com

Soknerådet
17.08.2019
Gratulasjonar til Ingar Kiplesund og bestemor på Haugland!
Endeleg er Kristen Fløgstad sin lengderekord frå 1973 stroken frå rekordbøkene.  Det sytte Ingar Kiplesund for no i ettermiddag då han hoppa heile 8,10 m i Sierra Nevada. Han hadde tre hopp over den gamle rekorden på 8.02.  Vi gratulerer Ingar, mormor Margot Haugland og resten av familien.

tid
17.08.2019
Gudsteneste i Uskedal kyrkje, sundag 18. august.
Det vert gudsteneste i Uskedal kyrkje komande sundag 18.08 kl. 11.00. Det er tidlegare meldt at det i denne gudstenesta vert innsetjing av ny sokneprest. Vi kan no melda at det ikkje vert innsetjing i gudstenesta 18.08. Stian Helland er sjukemeldt. Han melder at han har fått diagnosen ME, at han framleis er motivert for tenesta som sokneprest i Uskedal og håper å bli frisk så han kan gjera presteteneste i Kvinnherad.
På gudstenesta i Uskedal er det dåp og nattverd. Reidar Algerøy er organist og prost Svein Arne Theodorsen er liturg og predikant.

Prosten i Sunnhordland
16.08.2019
Hjønnevåg med leveranse til Sildabordet i Haugesund.
Hjønnevåg leverer sildekaker og røykt sildefilet til Årets sildebord i Haugesund, i morgon laurdag 17. august. Sildebordet i Haraldsgato er eit fast innslag i samband med Havndagene. Hjønnevåg har hatt denne leveransen i mange år.

kb
15.08.2019
Krim - Jazz på Dønhaug fredag 4. oktober.
Den kjende krimforfattaren, Gunnar Staalesen, saman med Lasse Gallefoss og BlueMen kjem til Dønhaug fredag 4. oktober. Det vert ein kveld med krimlitteratur og jazz. Billettar kan alt no tingast ved å ta kontakt med Vidar Haugland (48891464) eller Magne Huglen (97040153). Meir informasjon og omtale kjem seinare.

kb
15.08.2019
Start på trim og treningar i Hallen.
Crossmix: Mandag 19.08 kl 20.00
Step: Onsdag 21.08 kl 20.00
Kettlbell: Torsdag 22.08 kl 19.30
Dametrimmen: Mandag 02.09 kl 19.00

Janne
15.08.2019
Bøkkerfestivalen med nokre programjusteringar.
Mykje regn på laurdag gjer at aktivitetane for born kl. 13 går ut. Programmet elles går etter oppsett plan. Programmet tek til kl. 18 med velkomst og framføring av Olaf Agnar Gausvik sitt dikt: Jens Bøkkar. Billettane er selde på førehand. Spørsmål kan rettast til Hallvard Rød på mobil: 91 83 40 15.

kb
15.08.2019
Brørne Viljar og Amund Berge-Soldal gjer det godt i friidrett.
Amund Berge Soldal vann både 600 meter, 1500 meter og tresteg på Stordleikane i helga. Han vart nummer fire i høgde. Alle resultata er nye personlege rekordar for han. Broren Viljar var med i rekruttklassen og persa på 40 meter, 600 meter og i lengde. Uskedalen har med dette to unge og lovande friidrettsutøvarar.

kb
14.08.2019
Vert høyringssaka om vindkraft utsett ?
Politiske signal i kveld tyder på at høyringssaka i Formannsskapet i morgon vert utsett. Grunnen skal vera at ei tverrpolitisk arbeidsgruppe vil førebu og utarbeida ei fråsegn frå Kvinnherad kommunen. Tida er knapp. Saka må vera klar til møte i Kommunestyret torsdag 29. august.

kb
13.08.2019
Førehandsrøysting til Kyrkjevalet 2019, sundag kl. 12.
Etter gudstenesta i kyrkja, sundag 18. august kl. 12, vert det førehandsrøysting til Kyrkjevalet 2019. Alle medlemer i Den norske kyrkja har røysterett. Ved Kyrkjevalet 2019 skal ein velja sokneråd og fire medlemer til Bispedømerådet. Det er også lagt opp til førehandsrøysting i perioden 14. august - 6. september på Kyrkjekontoret i Valen.

kb 
Siste Nyhende
18.08.2019
Kyrkjevalet til sokneråd og bispedømeråd er igang.

Etter gudstenesta i dag var det førehandsrøysting til det lokale soknerådet. Det var også høve til å røysta på fire lekmenn til bispedømerådet i Bjørgvin. Det føreligg ei liste til soknerådet og tre alternative lister til bispedømerådet. Røysterett har alle døypte medlemer i Den norske kyrkja. Røystealderen er 15 år, det vil sei alle som fyller 15 år i 2019.
18.08.2019
Stillehavsøsters - også i Uskedalen.
Både Grenda og Kvinnheringen har hatt reportasje frå funn av Stillehavsøsters på Valen, Varaldsøy, Rosendal og på Halsnøy. Alt i mars månad fann Steinar Myklebust bestanden østers ved reingjering av flytekai på Rabben Feriesenter. Østers spreier seg raskt og funnet i Uskedalen kjem truleg frå ein lokalitet på Karmøy.
16.08.2019
Bøkkerfestivalen - ei nyskaping på Rød laurdag 17. august.
Alt er klart for Bøkkerfestivalen på Rød i morgon, laurdag 17. august. Kjell Einar Thorkildsen og Hallvard Rød er arrangørar og fleire artistar innan generen vise, visepop og country er booka inn. Det er enno nokre ledige billettar Ta kontakt med Hallvard Rød på mobil: 91 83 40 15.
15.08.2019
Flagget til topps for 1. klasse på Uskedal skule.
Presis kl. 09.00 i dag var alle fyrsteklassingane med foreldre på plass på Uskedal skule. Med flagget til topps møtte rektor Odd Steinar Arnesen, kontaktlærar Elisabeth Amundsen og assistent Gunnbjørg Eik 13 forventningsfulle elevar på deira fyrste skuledag. Elevtalet held seg stabilt nokre år framover. Så er det nedgang, noko som er ein nasjonal trend. Personalgruppa er om lag som i fjor. Tanja Bringedal frå Herøysundet er nytilsett lærar i år. Elevtalet er 102 og skulen er fulldelt.
15.08.2019
God potethausting i blomeurne
Fire potetgroer vart til mange poteter, og det i ei blomeurne. Åshild Sjøwall har alltid sett og hausta poteter. Det er likevel fyrste gongen ho gjer det på denne måten og resultatet er betre enn poteter på friland. Berre i dag har ho hausta meir enn 10 poteter. Då er det meir att i blomekassen.
13.08.2019
Døssland Advokatfirma med byggeplanar på heimegarden.
Døssland Advokatfirma har no drive i eitt år frå tunet på Døssland. Publikum har respondert positivt på at firmaet har etablert seg på eit gardstun midt i Kvinnherad, og det har vore nok å gjera for advokatane. Firmaet har no bestemt seg for å byggja eit nytt bygg. Arkitekt Signe Torill Skogseth i Archidea AS på Sandvoll har laga skisser og planteikningar.
12.08.2019
Tårnagentkoret med nytt namn og ny aldersgruppe.
Tårnagent-koret har forandra både namn og alder i haust. Vi heiter SINGING TWEENS. Tweens betyr 'mellom'; ei aldersgruppe frå 9 - 12 år. Vi har sett alderen frå 4 - 7 klassetrinn. VELKOMEN TIL DEG SOM LIKAR Å SYNGJA. Syngja saman og åleine, men hovudmålet er at vi skal ha det kjekt ilag. Tweensarar/ born frå 4. til 7. klasse i andre bygder er velkomne til å vera med i Uskedalen.
12.08.2019
Rår til å ta Uskedalsfjella ut av Nasjonal ramme for vindkraft.
Kommunedirektøren i Kvinnherad rår til at områda i Kvinnherad, bortsett frå fjella i Åkra, vert tekne ut av den nasjonale rammeplanen for vindkraftutbygging. Av desse er fjella rundt Uskedalen. Konfliktgraden ved ei evt. utbygging vert definert som svært høg med mange ulemper. Tilrådinga til kommunedirektøren er bakgrunn for sak til Formannsskapet på torsdag.
10.08.2019
Favorittsigrar i kjempekjekt arrangement.
Det vart favorittsigrar både i herre- og dameklassen då Folgefonna Opp vart arrangert som 4. løp i norgescupen i motbakkeløp i dag.  Siger vart det også absolutt for dei dyktige arrangørane som måtte gjera grep i høve til den opphavelege planen grunna vermeldingane.  Resultatet vart særs vellukka både for motbakkeløpet og for familiedagen.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS