Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Nytt opplag og nettside om dokter Haugen.

23.07.2019
Klikk på bilete for full storleik
Boknemnda er klar med utsending av det andre opplaget av boka om dokter Haugen.
 
Dokter Haugen ser ut til å vera like ettertrakta i dag, som han var då han var distriktslege i Kvinnherad. I alle fall er første opplaget av boka om han så godt som utseld, og utgjevarane har difor trykt eit nytt opplag. Og ikkje nok med det; denne veka har dei også lansert ei nettside med nye historiar som er komne til etter at boka kom ut første gang i april. Utover hausten vil fleire nye og artige forteljingar bli publiserte på nettsida.
 

–Slik vert det eit levande lokalhistorisk arkiv på nettet, skriv utgjevarane Thor Inge Døssland, Kristian Olav Bringedal og Kristian Hus.
 
 
Det er klart for nettside om dokter Haugen. Slik ser sida ut på laptop.

Opptakten til boka byrja som ein serie på nettstaden uskedalen.no før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar o ginnsendarar av historiar. Døssland og Bringedal var initiativtakarar og seinare kom Kristian Hus med i nemnda. Dei tre har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom samtalar med slekt, tidlegare kollegaer, vener og andre som hugsar Endre Haugen.
 

Bokutgjevarane har også fått innsyn i Haugen sine personlege betraktningar om livet som lege.
 
 

Historisk verdi
 

–Med eit vidt distrikt, i ei tid med vanskelege kommunikasjonar og veglause grender, skjøtta han den viktige jobben på ein framifrå måte, skriv boknemnda i føreordet. Dei håpar og trur at boka vil ha historisk verdi, då ho kastar ljos over dei store endringane som har vore på ulike område etter Haugen si tid.
 
 

Boka er på 200 sider og er trykt i totalt 1200 eksemplar (800 av førsteutgåva, 400 av andreutgåva). Ho er rikt illustrert med mange bilete og teikningar frå ulike hendingar.
 
 

Kristian Hus er utgjevar under føretaket Skimtvis, medan den grafiske utforminga er gjort av Multipleks design. Dette er den fjerde boka far og son Hus samarbeider om.
 
 

–Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa om den fargerike distriktslegen. Dokter Haugen stod for verdiar som aldri går ut på dato, seier Døssland, Bringedal og Hus.
 
 

Her er adressa til nettsida: www.dokterhaugen.no
 
 
 
Foto: Pressemelding  
Foto/illustrasjonar: Kristen Børje Hus/Solveig Helgeland Hus 
Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Nettsida om dokter Haugen på nettbrett.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
06.12.2019
Møte på Bedehuset, sundag 8. desember kl. 11.
Uskedal Indremisjon inviterer til møte på Bedehuset sundag 8. desember kl. 11.00. Talar er Erling Guddal. Alle er velkomne.

kb
06.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 6.des. 2019.
Eigar av kalendar med nr. 388 har i dag vunne spark med nisse, medan boka Hundestrikk går til den som har nr. 340.  Vi gratulerer vinnarane!!

Usm.
05.12.2019
RYGERFONN til kai på Børneset i dag.
Sterk vind og høg sjø gjorde at Hardangerfjordekspressen RYGERFONN la seg til i Uskedalen i dag, torsdag 5. desember, i tida mellom ruteavgangane. På Facebook melder Rødne at båten i ettermiddagsruta går til Os, ikkje Bergen. Det vert buss for båt mellom Os og Bergen.

kb
05.12.2019
Tildeling av kulturstipend til Aleksander Rebaudo i dag.
Tildeling av Kvinnherad kulturstipend 2019 til Aleksander Rebaudo er i dag, torsdag 5. desember på Kulturhuset Husnes. Det same gjeld for tildeling av Frivilligprisen til Røde Kors Omsorg.

kb
05.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 5.des. 2019
Julestrikk og tennbrikettar er vunne av eigar av kalendar nr. 194, medan eigaren av nr. 402 har vunne strikkesokkar.  Vinnarane kan henta gevinstane på Auto 88 som vanleg.  Vi gratulerer så mykje!!

Usm.
04.12.2019
Førjulskonsert i dag på Bedehuset.
Singing Tweens og Rosendal Barnekor inviterer til Førjulskonsert i dag, onsdag 4. desember, kl. 17.00 i Uskedal Bedehus. Det vert mykje song, andakt ved Toril Langeland og høve til å gi ei gåve GI HÅP, sundagsskulen sitt misjonsprosjekt i India. Alle er velkomne.

kb
04.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 4.des. 2019
Eigar av skulemusikken sin adventskalendar nr. 413 har vunne boka Sjømat på alle fat, gjeven av Lerøy Sjøtroll.  Den andre gevinsten i dag er strikkesokkar, og dei går til eigaren av kalendar nr. 310.  Gratulasjonar til begge dei heldige!

Usm.
03.12.2019
Styret i FAU på Uskedal skule.
Kvar skule har eit Foreldreråd. Desse er med i arbeidsutvalet: Silje Irene Myklebust er leiar. Styremedlemer: Roar Musland, Marianne Korsvold, Renate Koløy, Therese Haugland Bondhus, Malin Haavik Tungesvik og Ann Kristin Olsen.

kb
03.12.2019
Nordsaang til Rosendalstunet på Syng med oss.
I dag, tysdag 3. desember, vert kyrkjekoret Nordsaang med på Syng med oss på Rosendalstunet. Syng med oss er 2. kvar tysdag kl. 16.30. Samlinga er open for alle,- brukarar, pårørande, besøksvener og heimebuande pensjonistar.

kb 
03.12.2019
Julemøte i Uskedal Helselag i kveld, tysdag 3. desember kl. 19.
Det er lagsmøte i Uskedal Helselag i kveld, tysdag 3. desember, kl. 19.00 i Gamleskulen. Det er siste møte før jul. Det vert pakking av julegåver, lagssaker og julekos. Alle medlemene i helselaget er velkomne.

Styret
Siste Nyhende
06.12.2019
Røysterettkonsert i regn og blest.
Og det regna! Og det bles! Riktig så hustre var det ute, og berre på den vesle turen frå bilen til kyrkjedøra vart eg våt, sjølv om eg gjekk i regnfrakk. Men inne? Her var det varmt og godt og koristane var kledde i raudt og svart, ei lun og god stemning. Me var altså i den vesle kyrkja i Uskedalen på konsert i går kveld, og det var Røysterett for Alle, bygda sitt eige kor, som gav oss den musikalske opplevinga - saman med to flinke småjenter som spelte julesongar på kornett.
06.12.2019
Frisk song å høyra frå Singing Tweens og Rosendal Barnekor.
Barnekora i Uskedalen og Rosendal var samla i Uskedal Bedehus onsdag kveld til førjulskonsert i regi av Uskedal Sundagsskule og Singing Tweens. Om ikkje talet medlemer er så høgt, så er songen desto betre. Frimodige barnerøyster med friske songar kan vera det beste vi høyrer av det som vert presentert av korsong i førjulstida. Begge kora har dyktige leiarar og kantor Eva Megyesi står for tonefylgje.
05.12.2019
Fotograf og filmskapar frå Uskedalen med høge mål.
Aleksander Rebaudo fekk i kveld overlevert Kvinnherad kulturstipend på kr. 50.000,- Aleksander takka for tildelinga og fortalde at midlane skal brukast til innkjøp av nytt filmutstyr .Han driv i dag sitt eige fima med namnet litenFilm.no og har alt produsert reklamefilmar, mellom anna for Telenor. Aleksander Rebaudo står for nyskaping og kreativitet og han vil at oppveksten og heimstaden Uskedalen skal vera eit grunnlag for vidare utvikling.
05.12.2019
AURORA kjem til Festidalen 2020.
Første sjans til å oppleva AURORA på ei scene i Hordaland i 2020, vert på Dønhaug. Det er også den einaste festivalen ho gjer i fylket dette året. Eventyrleg og eksklusivt.
AURORA er framleis berre 23 år. Likevel har ho alt blitt streama over 200 millionar gonger, fått hylla full av prisar, og lagt land og utland for sine føter. Og ho er berre så vidt i gong.
04.12.2019
Butikk i Uskedalen i fire generasjonar - filmprosjekt på skulen.
7. klasse i samarbeid med Merethe Offerdal Tveit i Lokalhistorisk filmkurs har laga film om butikkdrifta på Sanden i fire generasjonar. Hjørdis Holgersen fortel på ein meisterlag måte til borna om oppveksten sin og arbeidet i butikken fram til døtrene Kjersti og Gunn Mari og svigerdotter hennar, Bente, overtok 1992. Hjørdis var primus motor i drifta på Nilsen Handel i 27 år.
03.12.2019
Røysterettmaraton - Husnes, Uskedalen, Ølve, Uskedalen.
Røysterett for Alle med dirigent Maria Malmsten får røyna kondisen i desse dagar:Tre fulle julekonsertar i eigen regi på 12 dagar. I tillegg skal dei delta på soknerådet sin tradisjonelle julekonsert 15. desember i Uskedal kyrkje. På programmet finn vi mellom anna Trygve Hoff sine tekstar Nordnorsk julesalme og Et lys i mørketida, men også tradisjonelle julesongar som Jeg synger julekvad og Glade jul.

03.12.2019
FAU - to skular er ikkje vegen å gå.
Etter vedtak i Kvinnherad kommunestyre er framlegget frå Kommunedirektøren om å slå saman skular alt frå 2020 røysta ned. Politikane kjøper seg tid og bed om ei utgreiing om skule- og barnehagestrukturen. Bakgrunnen for utgreiinga er dramatisk nedgang i elevtalet. FAU ved Uskedal skule skriv i dette innlegget at to skular er ikkje vegen å gå.
02.12.2019
Lystenning i myrketida med musikk, julerebus, nisse og matsal.
Lystenninga fyrste sundag i advent samla mykje folk både i kyrkja og ved Grano. Programmet med julegrantenning, julerebus, nisse og kafe i Gamleskulen må seiast å vera ei god løysing. Det fortel at ein maktar i sameina tradisjon og fornying. Heile 80 personar gjekk rebusløypa og mange, både born og vaksne, møtte fram i kjellaren på Gamleskulen til møte med Børsdalsnissen.
02.12.2019
På veg fram til klargjering av kjellaren i Gamleskulen.
Born og vaksne, som var innom kjellaren i Gamleskulen i går på Julegrantenninga, fekk ei uventa oppleving. Renoveringa den siste tida er godt synleg og kjellarlokale er godt eigna til ulike aktivitetar. Ung arbeidskraft frå Byggmester Stensletten har dei siste tre vekene plata, kledd og lista. Egil Myhre og fleire frå styret i Uskedal Utvikling har mellom anna reingjort, målt taket, rydda og klargjort kjellaren til bruk no i helga.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS