Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Viktig informasjon om nye vassavgifter frå Uskedal Vassverk.

21.07.2019
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal Vassverk sender i desse dagar ut informasjon og ny prisliste for vassavgifta i åra framover.
 
Det foreligg ny prisliste frå Uskedal Vassverk. Overgangen til ei meir differensiert vassavgift vert gjort med bakgrunn i vedtak på årsmøte 8. mai 2019. Den gamle prislista inneheld prisgrupper som ikkje dekkar dagens behov. Informasjon og ny prisliste vert sendt pr. post til alle abonnentane i desse dagar. Les kva styret skriv:
 

Vi har etter samråd med kommunen innført ei prisgruppe 100 for bustader under 80 m2, og leilegheiter under 80 m2. I denne gruppa finn ein også utleigeleilegheit i eigen bustad, kårhus, fritidshus, hytter, naust, hytttenaust og vasspost ute. 
 

I prisgruppe 200 kjem alle bustader over 81 m2, også leilegheiter over 81 m2.
 
Bilete syner dagens vassbehandlingsanlegg i Eikeelva.

Det er verd å merka seg at abonnentar i gruppe 100 og 200, som har naust eller utleigekontor, har fått ei eiga gruppe 300 for naustet eller utleigekontoret.

  

Som ein ser, så vil nokon få lågare avgift medan andre vil få ein auke. Som dokumentasjon for om bustaden er under 80 m2, så må vi be om å få tilsendt teikningar eller oppmåling utført av kommunen i samband med innføring av eigedomskatt. Når det gjeld om huset vert definert som fritidshus, så må matrikkelen til eigedommen leggjast til grunn. Her står det kva husværet er registrert som.
Den enkelte abonnent må sjølv undersøkja dette før dei tek kontakt med vassverket, så skal vi retta opp fakturaen som no er sendt ut.
 

Når det gjeld arealet bygningen skal reknast ut etter, så nyttar ein bruksareal – BRA . Dette er innvendig areal frå innsida av yttervegg. Areal der takhøgda er lågare enn 1.9 meter vert ikkje rekna med.

  

Dette kan synast noko omstendelig, men vassverket har ikkje denne informasjonen. Vi bed derfor om at den enkelte abonnent tek kontakt, så skal vi få dette retta opp, dersom det er feil fakturabeløp.
 
Vi har retta dei abonnentar vi kjenner til og som alt har vore i kontakt med oss. Det er heilt sikkert også andre som skal endrast til gruppe 100.

  

Under Kartverket og Se eiendom på nettet, finn den enkelte opplysningar om sin eigedom.

  

Vassverket ynskjer også å få til eit betre varslingssystem når vi f. eks. har leidningsbrot. Vi tek sikte på å få på plass ei varsling med sms i framtida. Vi treng difor di hjelp til å få registrert det mobilnummeret som det skal varslast til.
 

Likeeins vil vi få til ei utsending av faktura med e-post frå neste år av. Her treng vi også di hjelp til å få registrert ei e-postadresse på det enkelte abonnement.
 

Har du spørsmål om korleis du skal gå fram for å finna ut om ditt abonnement er i riktig prisgruppe, kontakt Hans Reidar Kjærland på tlf 997 01 819 eller e-post
hr.kjaer@online.no
 
Når det gjeld mobilnummer og e-postadresse, så kan den sendast til Terje Myklebust på sms til tlf. 958 75 543 eller e-post
temyk@online.no
.
 

 
 

Tekst: Uskedal Vassverk                                                                                
Foto: Hans Reidar Kjærland/ Kristian Bringedal
Nett: Kristian Bringedal
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Høgdebassenget og vassbehandlingsanlegget ligg på Sørestølen på Eik.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
06.12.2019
Møte på Bedehuset, sundag 8. desember kl. 11.
Uskedal Indremisjon inviterer til møte på Bedehuset sundag 8. desember kl. 11.00. Talar er Erling Guddal. Alle er velkomne.

kb
06.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 6.des. 2019.
Eigar av kalendar med nr. 388 har i dag vunne spark med nisse, medan boka Hundestrikk går til den som har nr. 340.  Vi gratulerer vinnarane!!

Usm.
05.12.2019
RYGERFONN til kai på Børneset i dag.
Sterk vind og høg sjø gjorde at Hardangerfjordekspressen RYGERFONN la seg til i Uskedalen i dag, torsdag 5. desember, i tida mellom ruteavgangane. På Facebook melder Rødne at båten i ettermiddagsruta går til Os, ikkje Bergen. Det vert buss for båt mellom Os og Bergen.

kb
05.12.2019
Tildeling av kulturstipend til Aleksander Rebaudo i dag.
Tildeling av Kvinnherad kulturstipend 2019 til Aleksander Rebaudo er i dag, torsdag 5. desember på Kulturhuset Husnes. Det same gjeld for tildeling av Frivilligprisen til Røde Kors Omsorg.

kb
05.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 5.des. 2019
Julestrikk og tennbrikettar er vunne av eigar av kalendar nr. 194, medan eigaren av nr. 402 har vunne strikkesokkar.  Vinnarane kan henta gevinstane på Auto 88 som vanleg.  Vi gratulerer så mykje!!

Usm.
04.12.2019
Førjulskonsert i dag på Bedehuset.
Singing Tweens og Rosendal Barnekor inviterer til Førjulskonsert i dag, onsdag 4. desember, kl. 17.00 i Uskedal Bedehus. Det vert mykje song, andakt ved Toril Langeland og høve til å gi ei gåve GI HÅP, sundagsskulen sitt misjonsprosjekt i India. Alle er velkomne.

kb
04.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 4.des. 2019
Eigar av skulemusikken sin adventskalendar nr. 413 har vunne boka Sjømat på alle fat, gjeven av Lerøy Sjøtroll.  Den andre gevinsten i dag er strikkesokkar, og dei går til eigaren av kalendar nr. 310.  Gratulasjonar til begge dei heldige!

Usm.
03.12.2019
Styret i FAU på Uskedal skule.
Kvar skule har eit Foreldreråd. Desse er med i arbeidsutvalet: Silje Irene Myklebust er leiar. Styremedlemer: Roar Musland, Marianne Korsvold, Renate Koløy, Therese Haugland Bondhus, Malin Haavik Tungesvik og Ann Kristin Olsen.

kb
03.12.2019
Nordsaang til Rosendalstunet på Syng med oss.
I dag, tysdag 3. desember, vert kyrkjekoret Nordsaang med på Syng med oss på Rosendalstunet. Syng med oss er 2. kvar tysdag kl. 16.30. Samlinga er open for alle,- brukarar, pårørande, besøksvener og heimebuande pensjonistar.

kb 
03.12.2019
Julemøte i Uskedal Helselag i kveld, tysdag 3. desember kl. 19.
Det er lagsmøte i Uskedal Helselag i kveld, tysdag 3. desember, kl. 19.00 i Gamleskulen. Det er siste møte før jul. Det vert pakking av julegåver, lagssaker og julekos. Alle medlemene i helselaget er velkomne.

Styret
Siste Nyhende
06.12.2019
Røysterettkonsert i regn og blest.
Og det regna! Og det bles! Riktig så hustre var det ute, og berre på den vesle turen frå bilen til kyrkjedøra vart eg våt, sjølv om eg gjekk i regnfrakk. Men inne? Her var det varmt og godt og koristane var kledde i raudt og svart, ei lun og god stemning. Me var altså i den vesle kyrkja i Uskedalen på konsert i går kveld, og det var Røysterett for Alle, bygda sitt eige kor, som gav oss den musikalske opplevinga - saman med to flinke småjenter som spelte julesongar på kornett.
06.12.2019
Frisk song å høyra frå Singing Tweens og Rosendal Barnekor.
Barnekora i Uskedalen og Rosendal var samla i Uskedal Bedehus onsdag kveld til førjulskonsert i regi av Uskedal Sundagsskule og Singing Tweens. Om ikkje talet medlemer er så høgt, så er songen desto betre. Frimodige barnerøyster med friske songar kan vera det beste vi høyrer av det som vert presentert av korsong i førjulstida. Begge kora har dyktige leiarar og kantor Eva Megyesi står for tonefylgje.
05.12.2019
Fotograf og filmskapar frå Uskedalen med høge mål.
Aleksander Rebaudo fekk i kveld overlevert Kvinnherad kulturstipend på kr. 50.000,- Aleksander takka for tildelinga og fortalde at midlane skal brukast til innkjøp av nytt filmutstyr .Han driv i dag sitt eige fima med namnet litenFilm.no og har alt produsert reklamefilmar, mellom anna for Telenor. Aleksander Rebaudo står for nyskaping og kreativitet og han vil at oppveksten og heimstaden Uskedalen skal vera eit grunnlag for vidare utvikling.
05.12.2019
AURORA kjem til Festidalen 2020.
Første sjans til å oppleva AURORA på ei scene i Hordaland i 2020, vert på Dønhaug. Det er også den einaste festivalen ho gjer i fylket dette året. Eventyrleg og eksklusivt.
AURORA er framleis berre 23 år. Likevel har ho alt blitt streama over 200 millionar gonger, fått hylla full av prisar, og lagt land og utland for sine føter. Og ho er berre så vidt i gong.
04.12.2019
Butikk i Uskedalen i fire generasjonar - filmprosjekt på skulen.
7. klasse i samarbeid med Merethe Offerdal Tveit i Lokalhistorisk filmkurs har laga film om butikkdrifta på Sanden i fire generasjonar. Hjørdis Holgersen fortel på ein meisterlag måte til borna om oppveksten sin og arbeidet i butikken fram til døtrene Kjersti og Gunn Mari og svigerdotter hennar, Bente, overtok 1992. Hjørdis var primus motor i drifta på Nilsen Handel i 27 år.
03.12.2019
Røysterettmaraton - Husnes, Uskedalen, Ølve, Uskedalen.
Røysterett for Alle med dirigent Maria Malmsten får røyna kondisen i desse dagar:Tre fulle julekonsertar i eigen regi på 12 dagar. I tillegg skal dei delta på soknerådet sin tradisjonelle julekonsert 15. desember i Uskedal kyrkje. På programmet finn vi mellom anna Trygve Hoff sine tekstar Nordnorsk julesalme og Et lys i mørketida, men også tradisjonelle julesongar som Jeg synger julekvad og Glade jul.

03.12.2019
FAU - to skular er ikkje vegen å gå.
Etter vedtak i Kvinnherad kommunestyre er framlegget frå Kommunedirektøren om å slå saman skular alt frå 2020 røysta ned. Politikane kjøper seg tid og bed om ei utgreiing om skule- og barnehagestrukturen. Bakgrunnen for utgreiinga er dramatisk nedgang i elevtalet. FAU ved Uskedal skule skriv i dette innlegget at to skular er ikkje vegen å gå.
02.12.2019
Lystenning i myrketida med musikk, julerebus, nisse og matsal.
Lystenninga fyrste sundag i advent samla mykje folk både i kyrkja og ved Grano. Programmet med julegrantenning, julerebus, nisse og kafe i Gamleskulen må seiast å vera ei god løysing. Det fortel at ein maktar i sameina tradisjon og fornying. Heile 80 personar gjekk rebusløypa og mange, både born og vaksne, møtte fram i kjellaren på Gamleskulen til møte med Børsdalsnissen.
02.12.2019
På veg fram til klargjering av kjellaren i Gamleskulen.
Born og vaksne, som var innom kjellaren i Gamleskulen i går på Julegrantenninga, fekk ei uventa oppleving. Renoveringa den siste tida er godt synleg og kjellarlokale er godt eigna til ulike aktivitetar. Ung arbeidskraft frå Byggmester Stensletten har dei siste tre vekene plata, kledd og lista. Egil Myhre og fleire frå styret i Uskedal Utvikling har mellom anna reingjort, målt taket, rydda og klargjort kjellaren til bruk no i helga.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS