Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Med sterk interesse for veteranbussar.

07.07.2019
Klikk på bilete for full storleik
Vinnarbussen, Scania 110, i årsklassen 1970 - 74.
 
Leif Jarle Bergstø og Lars Wang frå Uskedalen er to av mange bussentusiaster med interesse for veteranbussar. Veteranbusslaget har nyleg vore på veterantreff i Hønefoss og kom heim med premie for den beste bussen i årsklassen 1970 - 1974. På samlinga i Ulsteinvik i fjor vann dei  beste prisen for bussen med merke Volvo 615 frå 1964.
 

Lars Wang fortel til Uskedalen.no at bussentusiastene hadde ein flott tur til Hønefoss. Snø på Hardangervidda og lysproblem på den eine bussen er ikkje noko problem så lenge ein har med dugande sjåførar og mekanikarar.

 

Med på turen til Hønefoss var Thor Arne Nygård, Leif Jarle Bergstø, Jan Hellås, Arne Magnar Monsen og Lars Wang. Med på desse turane er også Bjarne Hauge, Odd Hauge, Bjørn Utne og Jan Guddal. Odd Hauge frå Dimmelsvik, bur på Bømlo, stiller med eigen buss. Bjarne Hauge sit på med syskenbarnet sitt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Bussane frå Kvinnherad og Norheimsund på veterantreff i Hønefoss.

I vinterhalvåret vert det jobba buss. På sommaren er ein ute og syner fram bussane og tek oppdrag i samband med arrangement, til dømes skal ein vera med på Tysnesfest i helga.

 

Vinnarbussen har skiltet SN 53881. Det er ein Scania 110 som gjekk i rute like fram til 1985. Alt er originalt på bussen. Ein annan buss, Volvo 615 frå 1964, vann besteprisen i Ulsteinvik i fjor. No er det karantenetid på denne bussen i fem år og kan såleis ikkje ta fleire premiar. Den tredje bussen, R-7001, høyrer til Norheimsund, men er ein del av eit felles veteranlag.

 

Ein av desse bussane, Volvo 615, har veteranlaget brukt 10 på år fram til ferdig restaurering.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Lars Wang/Grenda

 
Klikk på bilete for full storleik
To av bussentusiastane frå Kvinnherad. Lars Wang og Thor Arne Nygård. ( Arkivfoto - Grenda ).
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.05.2020
Fylkesmannen vil vita kva plan som gjeld i Halsabrotet.
Fylkesmannen i Vestland spør om kva plan som vert lagt til grunn for å gje dispensasjon i byggesak, Halsabrotet byggefelt i Uskedalen, anten reguleringsplan eller kommunedelplan. Saka om utnyttingsgrad har vore oppe i Forvaltningskomiteen to gonger. Fylkesmannen ynskjer svar frå kommunen.

kb
24.05.2020
Elins Matgleder er medskipar av Visit Rosendal.
Elins Matgleder er ein av 15 aktørar som er med på skipinga av nytt reiselivsselskap, Visit Rosendal. Selskapet er under planlegging. Målet er mellom anna godt samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar og eit målretta arbeid med å utvida sesongen. Det er er Grenda som melder dette i denne veka. Selskapet er alt løyvd kr. 100.000,- i marknadsføringsmidlar.

kb
23.05.2020
Bok 2 om kyrkjegardane kjem om to veker.
Boka Elska og sakna kjem i bokhandelen om to veker. Det er bok 2 i ein serie på tre bøker om kyrkjegardane i Kvinnherad. Innhaldet vil også vera om den gamle kyrkjevegen, historiske kyrkjegardar og nokre segner. Morten Nygård, journalist i Grenda, er forfattaren. Grenda er utgjevar.

kb
22.05.2020
MF MATRE er tilbake i Uskedalen.
MF MATRE er tilbake i Uskedalen etter tur til Skånevik og testing på alle dei tre ferjekaiane. Det har nokre dagar vore prøvetur og opplæring på det faste mannskapet som til vanleg er på ferja  Utåker - Matre - Skånevik.

kb
21.05.2020
Minner om Heilagdagsfreden.
Ein lesar minner oss på det som er skrive i Norsk lov om Heilagdagsfreden. I dag på Kristi Himmelfartsdag har det vore mange bensindrivne hagemaskinar å høyra, frå fritidsbustader og frå fastbuande. Det har vore mykje lyd frå kl. 09.00 og utover dagen.

kb
21.05.2020
Nilsen Tangen har fått tilbod om ny kontrakt.
Harald Nilsen Tangen(19), barnebarnet til Hjørdis og Harald på Sanden, har fått tilbod om ny kontroakt med elitedivisjonsklubben Viking.  Trenar Bjarne Berntsen er svært interessert i å ha ungguten med vidare.  Trenaren uttalar til Stavanger Aftenblad at Harald har vore kjempepositiv, han har vore svært god i heile vinter og han tar ein heilt annan plass no.  Harald ønskjer på si side å utvikla seg i Viking, han er tolmodig og håpar på tilbod frå utlandet om 5 år.  Dermed skulle det liggja godt an til at dei blir samde om kontraktforlenging. 

tid
18.05.2020
Høyr den gode 17.mai-talen og andre deler av programmet for dagen!
På kvinnheringen.no finn de ein video med deler av 17.mai-programmet i Uskedalen. Der kan de høyra korpsmusikk med både skulemusikken og den eldre garde, høyra flinke 5.klassingar lesa diktet til Olaf Agnar Gausvik ved Bautasteinen og ikkje minst høyra den gode talen for dagen.  Det var dei tre 18-åringane Thea Soltveit Taranger, Hanna Tvilde og Viljar Simonnes Tveit som heldt talen som var særs god både i framføring og innhald.  Sjå videoen HER.

tid
18.05.2020
Meddommarar i Gulating Lagmannsrett frå 2021.
Kvinnherad kommunestyre har vald desse frå Uskedalen som meddommarar i Lagmannsretten: Brit Hjetland, Esben Zimmer og Marte Kristoffersen Øyjord. Marte har bustadadresse Rosendal. Funksjonen som meddommar gjeld frå 2021.

kb
15.05.2020
God respons på vedlotteriet i Uskedal Friluftslag.
Det er alt rundt 20 innbetalingar til Uskedal Friluftslag sitt vedlotteri for vedlikehald og drift av Stemneplassen. Alle som støttar Friluftslaget med kr. 100,- eller meir innan 1. september, kan vinna 5 sekker bjørkeved. Det vert trekt ut to vinnarar. Bruk anten konto 3460.07.53659 eller VIPPS 605565. Takk til alle for gåva.

Styret
14.05.2020
Høge lesartal i denne veka.
Uskedalen.no kan syna til høge lesartal tysdag 12. mai. Døgeret frå kl. 00.00 til kl. 24.00 vart det registert over 2200 lesarar ( unike brukarar ). Innlegget om leiarskifte på SPAR Uskedalen er årsaka til den store interessa frå ei brei lesargruppe i Kvinnherad og frå regionane Sunnhordland og Hardanger.

Red.
Siste Nyhende
27.05.2020
Har nokon kjennskap til Andreas Christian Wernøe frå krigsåra.
Motstandsmannen Andreas Christian Wernøe var i Kvinnherad i 1943, truleg også i Uskedalen. Artikkelen Menneske, tiden og tanken er skriven i Uskedalen 28. oktober 1943, eit halvt år før han omkom. Han vart arrestert april 1944 og sat på Gestapohuset  i Bergen. For å ikkje røpa viktig informasjon om etterretningstenesta og motstadnsorganisasjonen kasta han seg ut frå eit vindauga i stor høgde og døydde av skadene. Han er gravlagd på Møllendal kyrkjegard, Bergen.
26.05.2020
Klatre- og fjellsportsamling i Uskedalen, 12. - 14. juni
Det vert klatre- og fjellsportsamling  i Uskedalen 12. til 14. juni. Samlinga er for  klatrarar og dei som vil utforska fjella i område til fots. På heimesida til Bergen og Hordaland Turleg les vi at Uskedalen i Kvinnherad byr på alt frå korte til lange, alt frå lette til vanskelege klatreruter på bombefast granitt. Helga vert brukt til å utforska fjellveggene i vakre omgivnader.
25.05.2020
Næringssjefen oppmodar bygdelaga senda søknad om marknadsføringsmidlar.
Næringssjefen i Kvinnherad, Grethe Solheim, oppmodar bygdelag og utviklingsselskap om å senda søknad på marknadsføringsmidlar. Av eit budsjett på kr. 500.000,- er det alt løyvd kr. 250.000,-. Uskedalen burde vera klar for søknad med bakgrunn i mange gode profileringstiltak som går på kultur- og naturbaserte prosjekt.
24.05.2020
Mykje nedbør og stor snøsmelting.
Snøsmelting med store elvar i Englafjell og Ulvanoso tok til for alvor i denne veka. I natt var det i tillegg mykje nedbør. I neste veke er det rekna temperaturar kring 15 varmegrader. I Pinsehelga kan temperaturen koma opp i over 20 pluss grader.
23.05.2020
Film i trusopplæringsprogrammet innspelt i Uskedalen.
Ein film med bakgrunn i Noah`s Ark er innspelt i Uskedalen og er tenkt for dei yngste borna i trusopplæringa. Filminga er gjort i kyrkja og på Stølavikjo i stranda nedom Uskedal skule. Filmen vart spelt inn på tysdag og onsdag i denne veka, og vart lagt ut på kyrkja si nettside og Facebook-side i går , fredag 22. mai.
22.05.2020
Audun Ljosnes frå Uskedalen med heimelaga betongsprutebil.
Audun Ljosnes kjem frå Kvednavikjo i Uskedalen. No bur han i Sørvågen i Moskenes ( Lofoten ) og driv med beongsprøyting. Ikkje nok me det. Han har konstruert og fått laga sin eigen bil for sprøyting av betong i tunnelar. Han har hatt oppdraget med sprøyting av mange tunnelar i heile landet, mellom anna i Stryn og på Saltfjellet.
20.05.2020
Einebustad med garasje til sals - sentralt i Uskedalen.
Ein einebustad på eit plan i sentrum ligg ute for sal på Finn.no. Huset med garasje er bygd i 1991. Anlegget er velhalde, i god stand og er verdisett til 1,5 mill. kr. Omkostnader på vel kr. 38.000,- kjem i tillegg. Huset ligg i eit etablert bustadfelt, Myro, med gangavstand til butikk og elles alle sentrumsfunksjonar.
19.05.2020
Meddommarar frå Uskedalen, valde i perioden 2021 - 2024.
Etter innstilling frå Valstyret  valde kommunestyret på det siste møte meddommarar i ulike retsinstansar. Valperioden er i tida 2021 - 2024. Nokre av ei valde har vore meddommar før og har lang erfaring. Mange er nye. Meddommarane skal representera breidda i den norske befolkninga, i høve til alder, yrke, sosial bakgrunn og kompetanse. Alle må vera i aldersgruppa 21 til 70 år. Etter valet er Uskedal godt representert i tre rettsutval.
19.05.2020
Ei 17. mai markering med tradisjon og nyskaping.
Innhaldet i årets 17. mai program var tufta på Regjeringar sine retningsliner for smittevern samstundes som ein ville halda på nokre tradisjonar. Restriksjonane utløyste kreativitet og nye tiltak, som til dømes køyretykorteseje og rebusløype. Den tradisjonelle 17. mai vart ivareteken med tale og minnemarkeringane ved Bautasteinen og på Stemneplassen. Komiteen makta ved dette å sameina krava om avstand, mindre folk og smittevern med ei 17. mai vi kjenner oss att i.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS