Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ei variert gruppe frivillige gjer ein stor innsats for Festidalen.

30.06.2019
Klikk på bilete for full storleik
Jan H. Sunde, utflytta uskedeling, er ein av mange som kjem til bygda for å vera frivillig.
 
Utan frivillige - ingen Festidal, vert det sagt i mange samanhengar. Frivilliggruppa er stor og variert, heile 150 personar frå lokalmiljøet, men også tilreisande frå eit stort geografisk område. Jan H. Sunde som bur fast i Bergen, kjem kvart år heim til Uskedalen for å vera frivillig på Festidalen, ikkje ein av dagane, men begge. Han er berre ein av mange som gjer ein stor innsats.  
 

Det er fjerde gongen Jan H. Sunde er med på Festidalen. Sunde er kjend frå reiselivet i Bergen, frå 1971 som leiar for bussturane i Run Way Norway, frå 1992 i Run Way Unitur det som frå 2008 vart Tide. Etter han vart pensjonist starta han på nytt slik han starta med Run Way Norway. I tilegg har Jan Sunde vore aktiv i Bergen Næringsråd mellom anna i arbeidet med å skaffa Bergen store og internasjonale kongressar innan tema resieliv.  Den utflytta reiselivsmannen er svært imponert over den gode organiseringa og den flotte stemninga han opplever på Festidalen.  Han møter så mykje kjekke gjester og han poengterer den viktige og gode marknadsføringa denne flott festivalen er av barndomskommunen hans.  Det er tydeleg at Sunde som no har passert 70 med god margin, set stor pris på Festidalen og barndomsbygda si.

 

Sunde er ikkje åleine om å ta vakt begge dagar.  I lokalavisen har vi lese om Tove Skår og Bente Haugen.  På facebook kunne vi lørdag føremiddag sjå at Renate Koløy posta ein status som fortalde at det hadde vore så kjekt å vera vakt fredag at ho hadde bestemt seg for å vera frivillig på lørdag og sjølv om ho kunne gått gratis som gjest.  Søndag fulgte ho opp med å fortelja at ho ikkje hadde angra eit sekund på denne avgjerda.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ei gruppe frivillige på plass i teltet for sal av t-skjorter og andre festivalvarer.

Også mange som er busett andre stader 'dobla'.  Rune Eikeland, frå Stord, som har fritidsbustad på Eikelandet Brygge, var frivillig for første gang i fjor.  I år var han vakt både fredag og lørdag.  Odd Skjoldal frå Samnanger, fast feriegjest på Øyro Camping, har vore trufast frivillig på Festidalen i mange år, både som vakt og i riggegruppa.  I år jobba han i riggegruppa før og etter sjølve festen. I tillegg var han vakt fredag. Katarina Uherek frå Slovakia og Omvikdalen var vakt lørdag i tillegg til at ho jobba i riggegruppa då ho var frivillig før første gang i år.  Dei som er nemnde her er gode eksempel på alle dei flotte frivillige som gjer denne fantastiske sommarfesten mogeleg.  Og alle er med for at dei synes det er så jysla kjekt å vera ein del av dette fellesskapet.

 
William, Ella Karina, Johannes, Nora og Janne Hjønnevåg er eksempel på heile familiar som gjer dugnad for Festidalen.
 

Eit anna flott trekk i frivilliggruppa er heile familiar som stiller opp både før, under og etter festivalen.  Eit døme på dette er familien Hjønnevåg som styrte 'brusbua' på lørdagskvelden.  Fleire andre familiar kunne vore nemnt.  Tenk for ein flott start på ferien, og den felleskjensla det gir!

 

Avlutningsvis sit vi med dårleg kjensle for at vi ikkje har nemnt alle dei nøkkelpersonane som står på for Festidalen gjennom heile året.  Til dei vil vi berre seia: tusen takk for at vi får ta del i denne festen både som frivillige og som gjester.

 
 

Tekst, foto og nett: Kristian O. Bringedal og Thor Inge Døssland

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.07.2019
Uskedalselva er open for fiske fram til mandag kveld.
Uskedal elveeigarlag melder at auka vassføring gjer at Uskedalselva vert opna for fiske att i nokre dagar.  Fisket vert stengt att mandag kl.18.

tid
17.07.2019
Ni seglskuter er førebels påmelde til Cruise in Company
Ni seglskuter er førebels påmelde til seglarsamling i Rosendal i denne veka. Talet vil truleg auka. Dei fleste vil gå Storsund fredag 19. juli med retur dagen etter. Nokre skuter kan koma alt i morgon, torsdag 18. juli. Skutene er delte inn i fire klassar, etter storleik.

kb 
17.07.2019
Siste veka med Sommarkafe på Elins Matgleder.
Thea Soltveit Taranger er inne i si siste veke som kafevert på Elins Matgleder i Uskedalen. Onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag er dei siste dagane i denne omgang. Opningstida er kl. 11 -  17.Silobutikkane er opne i den same tida.

kb
15.07.2019
Dugnad på Kunstgrasbanen onsdag kl. 18.
Det vert invitert til dugnad ved Kunstgrasbanen, onsdag 17. juli, kl. 18. Før det gror til med ugras i det som er planert, vert det fylt på med mold, jevna og gjort klart for såing. Dugnadsgruppa har delvis ferie, men det er viktig å få gjort dette arbeidet no i denne veka. Dugnadsleiar, Pål Haugland, tek mot dei som kjem. Ta med rive.

kb
13.07.2019
Bruk 9 på Myklebust er seld.
Bruk 9 på Myklebust er seld. Det var visning laurdag 16. mars. Eigar har vore Olav Hjetland Bringedal. Eiendomsmegler VEST har stått for salet. Det er lokale kjøparar til eigedomen. Det vert no søkt konsejon før innflytting.

kb
11.07.2019
Ambulansebåten hadde oppdrag i Uskedalen natt til torsdag.
Gulen Skyss sin nye ambulansebåt, Rosedoktoren, hadde eit ordinært oppdrag til person i båt i Uskedalen natt til torsdag 11. juli. Etter vel ein halvtime i Uskedalen kring kl. 01.30 gjekk legeskyssen mot Leirvik.

kb
11.07.2019
Sommarope på Byggeriet.
Opningstidene på Byggeriet i juli månad er: Måndag - fredag: kl. 09 - 16.30. Laurdag: kl. 09 - 13. Dette gjeld både for lager og butikk.

kb
10.07.2019
Sommarjobben min - aktuelle namn.
Kvar sommar skriv Uskedalen.no innlegg til overskrifta Sommarjobben min. Det handlar om ungdom som brukar ferien til jobb. Vi har alt skrive om Thea Soltveit Taranger som driv sommarkafe på Elins Matgleder. Kven andre har sommarjobb ? Meld inn namn og type jobb til redaksjonen og vi tek kontakt. Skriv til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
10.07.2019
Ny lekkasje på nettet.
Uskedal Vassverk melder frå om ny lekkasje på nettet. Det går ut 4 liter pr. sekund meir enn det som er vanleg. Styret bed alle vera merksame og melda frå dersom ein ser vatn som kan koma frå ledningsbrot.. Alle med hytter og naust, som ikkje er i bruk heile året, må vera observant. Sjå  særleg etter inntak og stikk inn til husa. Dersom du ser noko som kan vera ein lekkasje, meld frå til Hans Reidar Kjærland på mobil: 99701819.

Uskedal Vassverk
10.07.2019
Elva er stengd for fiske -lite vatn.
Uskedalselva er mellombels stengd for fiske frå i dag, onsdag 10. juli,  kl. 18. Det vert gjort fordi det er lite vatn i elva.

Elveeigarlaget
Siste Nyhende
21.07.2019
Viktig informasjon om nye vassavgifter frå Uskedal Vassverk.
Det foreligg ny prisliste frå Uskedal Vassverk. Overgangen til ei meir differensiert vassavgift vert gjort med bakgrunn i vedtak på årsmøte 8. mai 2019. Den gamle prislista inneheld prisgrupper som ikkje dekkar dagens behov. Informasjon og ny prisliste vert sendt pr. post til alle abonnentane i desse dagar. Les kva styret skriv:
20.07.2019
Ny Spar-generasjon skaper trivsel.
Spar Uskedalen er vide kjende for at dei gjer handelen triveleg for kundane sine.  Prisar og tilbakemeldingar gjennom åra fortel alt om det!  Mange kundevennlege tiltak har med jamne mellomrom dukka opp.  I dag var det ein ny generasjon Spar Uskedalen, Aurora Nilsen Mathisen og Margrethe Nilsen Hillestad, som tok mot kundane på ein særs koseleg måte.
19.07.2019
Tall Ships Races med venskapsetappen gjennom Storsund.

Venskapsetappen til The Tall Ships Races går frå Fredrikstad til Bergen med nokre utvalde hamner under vegs. Rosendal har vore og er ei såkalla Cruise in Company hamn. Fem staseleg seglskuter har så langt passert Uskedalen og går til kai i Rosendal for kvelden og natta. Sundag må alle dei påmelde fartya vera klar for innsegling til Bergen.
18.07.2019
25 år sidan 7- fjellsturen i Uskedalen på 16 timar.
I juli månad 1994 gjennomførte Steinar Haugland og Bjørn Olav Tveit ein fjelltur av det sjeldne slaget. På 16 timar var dei på alle fjelltoppame rundt Uskedalen. Så langt vi kjenner til har dette aldri vore gjort på ein og same dag. Bjørn Olav Tveit var den gongen 20 år, Steinar Haugland var 22 år. Interessa for fjellturar og spesielle stunt starta tidleg.
17.07.2019
Slik skal det ikkje sjå ut på Kunstgrasbanen.
Bos og attgløymde kle er ein gjengangar på Kustgrasbanen. Problemet endrar seg litt i ferietida då det ikkje er faste treningar. Brukarane er ofte dei same, men utan trenar og foreldre som ser på kampane. I fellesferien kjem det mange turistar, båt- og campinggjester og brukar banen og aktivitetsområde rundt. Dersom ein ikkje plukkar og tek boset med seg, er det ingen andre som gjer det.
16.07.2019
Selstad utvidar produksjonen til landbaserte anlegg.
Utstyrsleverandøren Selstad og design- og ingeniørselskapet Koda har inngått
distribusjonsavtale for kar til smolt- og landbaserte anlegg. Med denne avtalen blir Selstad ein forhandler av både kar, røyr, rørsystem og tilhøyrende teknologi. Med denne distribusjonsavtalen kan Selstad stå for  løysingar for landbaserte anlegg og smoltanlegg utover dei løysngane Selstad alt har i dag innan havbruk.
16.07.2019
Grindbygd halvtekkje med torvtak.
Bjarte Eik er praktisk og hendig. Det siste året har han sett opp ei grindbygd halvtekkje til garasjen. Namnet grindbygg kjem av konstuksjonsmetoden med stavar, bete og skråband. Veggene er kledde med ukanta kledning. På sperra ligg det tro eller vi vil kalla sutak. På laurdag var det torvdugnad der ein skar og la torva på plass.
14.07.2019
Frå Tsjekkia - sundagstur på Manen og Englafjell.
Fyrste turen til Kvinnherad og Uskedalen var i 2015. Det er såleis femte gongen ein reiseoperatør frå republikken Tsjekkia legg inn Manen og Englafjell i Uskedalen som eit årleg turmål. Uskedalen.no nådde i gruppa etter nedstiginga og samling på plenen ved Gamleskulen før retur til Sundal Camping, der gruppa bur.
13.07.2019
Ørnulf Myklebust på tur med ex HALSNØY.
Ørnulf Myklebust bur i Danmark. På torsdag i denne veka var han saman med familien på tur til Roskilde og fekk vera med på tur med MS SAGAFJORD, båten som vi kjenner som MS HALSNØY i Kvinnheradruta i mange år. Johannes Sunde var kaptein, Jan Henrik Hansen var maskinist, Olav Hauge var stuert, alle tre frå Uskedalen. MS HALSNØY, bygd i 1957, gjekk i HSD sine ruter fram til 1981.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS