Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Eit samrøystes NEI til vindmøller i Kvinnherad.

28.05.2019
Klikk på bilete for full storleik
Turlagsleiar Kjell Yri saman med Nicolas Rodrigvez frå Bergen Turlag. Bilete på skjermen er frå Mannsvatn med Steinaheiane bak.
 
Det er tverrpolitisk semje om å sei nei til vindkraft i Kvinnherad. Alle partia som møtte fram til folkemøte på Husnes i kveld, var klare på at ein ikkje ynskjer vindmøller i Kvinnhersfjella. Ikkje alle svara like tydeleg på kva standpunkt moderpartia på Stortinget har og kva ein gjer for å påverka opp i systemet. Høyringsfristen går ut 1. oktober og det er høve for alle, privatpersonar, lag/organisasjonar, å senda fråsegner.
 

Uskedalen hadde ein sentral plass i innlegga og drøftingane på folkemøte i kveld. Områda i Kvinnherad er nemleg Solfjell/ Hauglandsfjellet, Ulvanoso, Englafjell, Manen, Husnesfjella, Fjellhaugen og Halsnøy/ Fjelberg. Dette er mellom anna fjella som høyrer til område 51 i Nasjonal rammeplan - Sunnhordland og Haugalandet.

 
Folkemøte samla mykje folk i Kulturhuset Husnes i kveld.

Klatregruppa i Uskedalen ved Veslemøy Haugland og Kristine Reime Frøystein hadde ein sterk appell om å ta vare på dei unike fjella i Uskedalen som er av nasjonal verdi med sine klatreruter og høve for friluftsliv.

 
Klatregruppa i Uskedalen ved Veslemøy Haugland og Kristine Reime Frøystein framførte ein god appell.

Nicolas Rodrigvez frå Bergen Turlag let oss få innsyn i faktagrunnlaget. Mellom anna sa han dette:

 
  • Vindmøllene kan vera opp til 250 meter høge
  • Det trengst 800 meter veg pr. vindturbin
  • Til kvar turbin går det med ein oppstillingsplass med storleik som ein halv fotballbane
  • Private selskap ( ofte utanlandske) tek ut profitten
  • Støy opp mot 110 desibel
  • Farlege iskast frå turbinblada og skade på dyrelivet
  • Turbinane er synlege frå minst 50 km avstand

Det er i dag mest vindmøller i Trøndelag og i Rogaland. 36 prosjekt er bygde. Berre eit av desse ligg i Hordaland Innan 2021 vil det vera utbygd vindkraft tilsvarande 15 Terrawatttimar ( TWh ). Det utgjer 10 % av vårt kraftsystem. 1 TWh tilsvarar straumforbruktet til 50 000 husstandar.

 
 

Rodrigvez kom også inn på faktorar som er avgjerande for om eit område er aktuelt for utbygging. Avstanden til næraste tettstad har  noko å sei.  Det er ikkje aktuelt å ha vindmøller i ein nasjonalpark. Vindstyrken må i snitt vera på 6 meter pr. sekund. Bratte og skredutsette område er ikkje eigna. I tilegg skal det vera ein buffer på 1 km til næraste tettstad. Tek ein med alt dette, står ein att med eit avgrensa område i Husnesfjella, Uskedalen og evt. Fjellhaugen/ Blådalen.

 

Mari Varanes Teigen oppmoda alle om å engasjera seg og senda uttale innan fristen 1. oktober. Skriv innlegg, snakk med folk, ta bilete og legg ut på Facebook og støtt underskriftsaksjonar.

 

Til opning og til slutt las Magne Heien sjølvskrivne dikt. Eit av dei lyder slik:

 

Gjest

Her inne i fjellet er du berre ein gjest. 


Dei som bur her følgjer deg med augo.


Den vesle stien, bekkane og steinane, den bratte grasbakken, dei høge fjellsidene, elva og vatnet, fuglane og dyra er husfolket her. 


Trø audmjukt inn over dørstokken.



Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.08.2019
Humlepungen Bryggjarlag på studietur til Warszawa.
Humlepungen Bryggjarlag er denne helga på studietur til den polske hovudstaden, Warszawa. Det er mellom anna lagt opp til guida sykkeltur, byvandring og opphald på bryggeri i byen. Polen er kjend for godt øl og landet har stor eksport internasjonalt.

kb
23.08.2019
Thaivogna er stengd denne helga.
Thaivogna med matsal er ikkje open denne helga. Eigaren melder at grunnen er sjukdom.

kb
23.08.2019
Terje Bakke er med i NM i bogeskyting
Terje Bakke frå Uskedalen, medlem og leiar i Kvinnherad Bogeskyttarklubb, er ein av 11 deltakarar frå Kvinnherad som er med i NM i såkalla 3D bogeskyting. Meisterskapet går på heimebane i Tveitedalen. Det skal skytast på blink og på postar i terrenget.Terje Bakke er truleg den fyrste frå Uskedalen som nokon gong har hevda seg i landstoppen i bogeskyting.

kb
21.08.2019
Røysterett for Alle startar øvingane i denne veka.
Røysterett for Alle tek til med haustsemesteret i denne veka. Torsdag er fast øvingsdag. Alle er velkomne, men koret treng særleg mannsstemmer. Maria Malmsten er musikalsk leiar. Meir informasjon kan de få ved å kontakta Svein Rimestad på mobil: 91 10 98 68.

kb
21.08.2019
Haustmøte i Uskedal Bedehus 23. - 25. august.
Talar er Ove Sandvik. Det vert song og musikk ved Alf Magnus Tysse m.fl.
Fredag kl.19.00: Møte
Laurdag kl.17.00: Familiemøte og kl.19.00 Møte
Søndag kl.11.00: Avslutnngsmøte
GÅVE TIL MISJONEN.
Det vert kaffi m.m.og søndag vert det servert middag etter møtet.
VEL MØTT FRÅ BYGDENE!

Arr.: Misjonssambandet
20.08.2019
Helselaget si styrketrening startar måndag 2. september.
Styrketrening for vaksne i regi av Uskedal Helslelag tek til måndag 2. september kl. 11 i Gamleskulen. Kom og ver med. Ingen er for ung og ingen er for gamal. Programmet legg mellom anna vekt på styrke- og balansetrening. Treningstida tek om lag ein time.

kb
19.08.2019
Friluftskonserten vert flytta til Strandstovo i Båthamna.
Friluftskonserten, tysdag 20. august, er grunna dårleg ver flytta frå Stemneplassen til Strandstovo i Båthamna. Frammøte med leikar og aktivitetar kl. 18.30. Programmet med Uskedal Musikklag, Rustne Menn og gjest Mari Bjelland tek til kl. 19. Det vert loddsal med inntekt til drifta av Uskedal Friluftslag. Gratis kaffi og kake. Alle er velkomne under tak i Strandstovo.

kb
19.08.2019
Eg byggjer meg eit båt på Bøkkerverkstaden.
Onsdag, torsdag og fredag i denne veka kjem Sunnhordland Museum til Bøkkerverkstaden med undervisningsopplegget Eg byggjer meg ein båt. Progammet er for 6. klassane i kommunen. Elevane lærer mellom anna å byggja ein liten færing, som eit byggesett.

kb
18.08.2019
Hugs fristen for påmelding til Konfirmantjubileum.
Soknerådet minner om fristen 20 august for å melda seg på til Konfirmantjubileum helga 14. og 15. september. To årsklassar til kvart av desse jubilantkulla er inviterte: 70 års jubilantar, 60 års jubilantar og 50 års jubilantar. Skriftleg invitasjon er sendt til alle. Påmelding til Svanhill Haugland på telefon: 90 63 67 56 eller E-post: svanhillhaugland@icloud.com

Soknerådet
17.08.2019
Gratulasjonar til Ingar Kiplesund og bestemor på Haugland!
Endeleg er Kristen Fløgstad sin lengderekord frå 1973 stroken frå rekordbøkene.  Det sytte Ingar Kiplesund for no i ettermiddag då han hoppa heile 8,10 m i Sierra Nevada. Han hadde tre hopp over den gamle rekorden på 8.02.  Vi gratulerer Ingar, mormor Margot Haugland og resten av familien.

tid
Siste Nyhende
23.08.2019
På seglas gjennom Storsund til Skutefest i Rosendal.
Den store skutefesten er i gang.. Over 20 påmelde skuter er på veg frå sør, nord og vest med destinasjon Rosendal. Motorkuttar STRANDLANDET ( ex RIND ) har alt passert Uskedalen og fleire vil gå Storsund i ettermiddag og kveld. Uskedalen.no sin maritime fotograf, Øystein Enæs, er klar med fotoapparatet og vi vil presentera nokre utvalde farty.
23.08.2019
Bøkkerfestivalen - Uskedalen sitt svar på Kaldestadfestivalen.
Festivalomgrepet er i endring frå å vera ei større kulturhending over fleire dagar til å vera ei musikalsk oppleving med fleire artistar gjennomført på ein dag og ofte i eit mindre format med eit avgrensa publikumstal. Det er slik Bøkkerfestivalen står fram etter ei vellukka helg på Rød. Tilbakemeldingane er gode og arrangørane Kjell Einar Thorkildsen og Hallvard Rød vil snart stå fram og sei om festivalen held fram til neste år.
21.08.2019
Strandstovo - ny samlings- og kulturarena i Uskedalen.
Uskedal Båtlag sitt nye båtlagshus kan brukast til meir enn berre å vera ein samlingsplass for båtlagsmedlemer og båtgjester. Det fekk alle oppleva på Uskedal Friluftslag sitt årlege arrangement tysdag kveld, lagt til Strandstovo fordi det var usikkert med veret. 50 menneske var samla og då var det i tillegg plass til Uskedal Musikklag, Rustne Menn og gjesteartisten Mari Bjelland. Ute på plassen var det hesteskokasting og putekrig.
20.08.2019
Krimforfattar Gunnar Staalesen kjem til Uskedalen 4. oktober.

Krimforfattarane Gunnar Staalesen og Lasse Gallefoss

og  jazzgruppa BlueMen vil gje oss intens krimlitteratur og fengande musikk i Uskedalen 4.okt. frå kl.21. Gamal møter ung når krimforfattarane Gunnar Staalesen og Lasse Gallefoss møter kvarandre i Uskedalen til samtale og opplesing denne fredagen. 

20.08.2019
Kom og høyr Mari Bjelland i Strandstovo i kveld kl. 19.
Friluftskonserten, som til vanleg er på Stemneplassen, er grunna veret flytta til Strandstovo i Båthamna. Der sit alle under tak. Dagens gjest, Mari Bjelland frå Sunde, har bestefar, Årstein Eik, frå Kjærland i Uskedalen. Mari er 16 år og vann Festidalen sitt Lambasleppet i år. Mari var oså med på årets UKM. Ho syng og spelar gitar og er for tida elev på musikklina ved Stord Vidaregåande skule.
19.08.2019
Nye Haugen-historiar
Minnene om dokter Haugen vandrar vidare. I dag har vi publisert fem nye historiar på nettsida om han.
19.08.2019
Har du drøymt om hytte i strandkanten ?
Dersom du nokon gong har tenkt at det ville vore fint med hytte i sjøkanten, ja, då har du sjansen no. Fritidseigedom med adresse Uskedalsvegen 710 ligg ute for sal gjennom EiendomsMegler 1. Det er faktisk visning alt i dag, måndag 19. august kl. 17.00. Eigendomen er eit av fleire salsobjekt som er selde på Tveitane i Padlaporsen den siste tida.
18.08.2019
Kyrkjevalet til sokneråd og bispedømeråd er igang.

Etter gudstenesta i dag var det førehandsrøysting til det lokale soknerådet. Det var også høve til å røysta på fire lekmenn til bispedømerådet i Bjørgvin. Det føreligg ei liste til soknerådet og tre alternative lister til bispedømerådet. Røysterett har alle døypte medlemer i Den norske kyrkja. Røystealderen er 15 år, det vil sei alle som fyller 15 år i 2019.
18.08.2019
Stillehavsøsters - også i Uskedalen.
Både Grenda og Kvinnheringen har hatt reportasje frå funn av Stillehavsøsters på Valen, Varaldsøy, Rosendal og på Halsnøy. Alt i mars månad fann Steinar Myklebust bestanden østers ved reingjering av flytekai på Rabben Feriesenter. Østers spreier seg raskt og funnet i Uskedalen kjem truleg frå ein lokalitet på Karmøy.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS