Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Seminar på Moster om Olav den Heilage som lovgjevar.

14.05.2019
Klikk på bilete for full storleik
Jørn Øyrehagen Sunde vil snakka om Olav den Heilage som lovgjevar på Moster 1. Pinsedag.
 
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har i haust arbeid med tema: Olav den Heilage som lovgjevar. Vi er særs takksame for at Øyrehagen Sunde har valt å presentere resultatet av sitt faglege arbeid på årets Mosterseminar, 1. Pinsedag, 9. juni kl. 13.30 i Amfisalen.
 

På veg til riksjubileum på Moster i 2024, er dei årlege seminara viktige for å gje ei best mogeleg fagleg forankring av jubileet. I tillegg til den faglege tyngda, er Jørn Øyrehagen Sunde kjend som ein glimrande formidlar. På seminaret vert det kulturelt program ved Øystein Lund Olafsen, den nye kantoren i Bremnes og Lykling og Vokalgruppa Kling.
 
I Landslova av 1274 vert det vist til Heilage Olavs lover som sjølve grunnlaget for norsk rett som Magnus Lagabøter bygde vidare på. Snorre Sturlason skriv i Olav den Heilages saga:
 
Han gjorde om lovene etter råd av de kyndigste menn, og tok ut og la til det han syntes trengtes. Kristenretten satte han med råd og hjelp fra biskop Grimkjell og de andre prestene. Han la all makt på å avskaffe hedenskap og gamle sedvaner, som han mente var imot kristendommen. Til slutt samtykket bøndene i dei lovene kongen sette. 
 

Her viser Snorre til det som i ettertid er kjent som kristenretten på Moster frå 1024.
Den var ei samling reglar for korleis ein kristen skulle leva, og korleis eit kristen samfunn skulle organiserast, som innleiar Den eldre Gulatingslova.  
 

Men det kan sjå ut som om Snorre meiner kristenretten berre var ein del av eit større lovarbeid. Kan det vera at Snorre har rett, og at Heilage Olavs lover var meir omfattande enn vi lenge har trudd ? Hadde Magnus Lagabøter rett i at han bygde vidare på ein lovgjevingstradisjon som vart etablert alt med helgenkongen?  
 

 
 

Tekst: Prosten i Sunnhordland 

Foto: Pressefoto 

Nett: Kristian Bringedal
 

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.07.2019
Kvardagstur til Solfjell, onsdag 24. juli.
I regi av Fjellsportgruppa i Kvinnherad Turlag vert det skipa til tur til Solfjell i morgon, onsdag 24. juli kl. 18. Frammøte på Haugland.Turen vert kalla ein kvardagstur og går på ettermiddag/kveld. Solfjell ( 891 moh ) er eit av fjella rundt Uskedalen som er med i NVE sine vurderinga for utbygging av vindkraft.

kb
22.07.2019
Allsong på Tiaren neste tysdag, 30. juli kl. 12.
Etter litt sommarfri vert det Allsong på Kafe Tiaren neste tysdag, 30. juli kl. 12. Nokre av songane handlar om sommaren og den lyse årstida. Neste oppdrag for Rustne Menn er på den store skutefesten i Rosendal 23./24. august.

kb
20.07.2019
Uskedalselva er open for fiske fram til mandag kveld.
Uskedal elveeigarlag melder at auka vassføring gjer at Uskedalselva vert opna for fiske att i nokre dagar.  Fisket vert stengt att mandag kl.18.

tid
17.07.2019
Ni seglskuter er førebels påmelde til Cruise in Company
Ni seglskuter er førebels påmelde til seglarsamling i Rosendal i denne veka. Talet vil truleg auka. Dei fleste vil gå Storsund fredag 19. juli med retur dagen etter. Nokre skuter kan koma alt i morgon, torsdag 18. juli. Skutene er delte inn i fire klassar, etter storleik.

kb 
17.07.2019
Siste veka med Sommarkafe på Elins Matgleder.
Thea Soltveit Taranger er inne i si siste veke som kafevert på Elins Matgleder i Uskedalen. Onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag er dei siste dagane i denne omgang. Opningstida er kl. 11 -  17.Silobutikkane er opne i den same tida.

kb
15.07.2019
Dugnad på Kunstgrasbanen onsdag kl. 18.
Det vert invitert til dugnad ved Kunstgrasbanen, onsdag 17. juli, kl. 18. Før det gror til med ugras i det som er planert, vert det fylt på med mold, jevna og gjort klart for såing. Dugnadsgruppa har delvis ferie, men det er viktig å få gjort dette arbeidet no i denne veka. Dugnadsleiar, Pål Haugland, tek mot dei som kjem. Ta med rive.

kb
13.07.2019
Bruk 9 på Myklebust er seld.
Bruk 9 på Myklebust er seld. Det var visning laurdag 16. mars. Eigar har vore Olav Hjetland Bringedal. Eiendomsmegler VEST har stått for salet. Det er lokale kjøparar til eigedomen. Det vert no søkt konsejon før innflytting.

kb
11.07.2019
Ambulansebåten hadde oppdrag i Uskedalen natt til torsdag.
Gulen Skyss sin nye ambulansebåt, Rosedoktoren, hadde eit ordinært oppdrag til person i båt i Uskedalen natt til torsdag 11. juli. Etter vel ein halvtime i Uskedalen kring kl. 01.30 gjekk legeskyssen mot Leirvik.

kb
11.07.2019
Sommarope på Byggeriet.
Opningstidene på Byggeriet i juli månad er: Måndag - fredag: kl. 09 - 16.30. Laurdag: kl. 09 - 13. Dette gjeld både for lager og butikk.

kb
10.07.2019
Sommarjobben min - aktuelle namn.
Kvar sommar skriv Uskedalen.no innlegg til overskrifta Sommarjobben min. Det handlar om ungdom som brukar ferien til jobb. Vi har alt skrive om Thea Soltveit Taranger som driv sommarkafe på Elins Matgleder. Kven andre har sommarjobb ? Meld inn namn og type jobb til redaksjonen og vi tek kontakt. Skriv til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
Siste Nyhende
23.07.2019
Nytt opplag og nettside om dokter Haugen.
Dokter Haugen ser ut til å vera like ettertrakta i dag, som han var då han var distriktslege i Kvinnherad. I alle fall er første opplaget av boka om han så godt som utseld, og utgjevarane har difor trykt eit nytt opplag. Og ikkje nok med det; denne veka har dei også lansert ei nettside med nye historiar som er komne til etter at boka kom ut første gang i april. Utover hausten vil fleire nye og artige forteljingar bli publiserte på nettsida.
23.07.2019
Ei god fiskehelg i Uskedalselva.
Sist helg må reknast som ei av dei beste fiskehelgane i Uskedalen denne sommaren. Innrapportert fangst var på heile 32 fiskar, fordelt på laks og aure. Etter opninga 1. juni var det mest berre aure. No er laksen på plass og det vert faktisk fiska noko meir laks no enn aure. Den største fangsten denne helga var ein laks på 7,9 kg, teken på sluk av Knut Inge Eidsvik.
22.07.2019
Det lovar godt for båtsesongen i Uskedalen.
Det lovar godt for båtsesongen i Uskedalen. Styremedlem Jan Henrik Hansen er godt nøgd. Det sig på med båtar og mange ynskjer leige over fleire veker. Mange båtgjester brukar Uskedalen som base og let båten liggja, mens ein tek fjellturar og reise i nærområde. Hansen syner til båtfolk med arbeidet sitt i Odda, men som let båten liggja fast i Uskedalen. Trenden er at det aukar på med båtfolk som ynskjer langtidsleige.
21.07.2019
Viktig informasjon om nye vassavgifter frå Uskedal Vassverk.
Det foreligg ny prisliste frå Uskedal Vassverk. Overgangen til ei meir differensiert vassavgift vert gjort med bakgrunn i vedtak på årsmøte 8. mai 2019. Den gamle prislista inneheld prisgrupper som ikkje dekkar dagens behov. Informasjon og ny prisliste vert sendt pr. post til alle abonnentane i desse dagar. Les kva styret skriv:
20.07.2019
Ny Spar-generasjon skaper trivsel.
Spar Uskedalen er vide kjende for at dei gjer handelen triveleg for kundane sine.  Prisar og tilbakemeldingar gjennom åra fortel alt om det!  Mange kundevennlege tiltak har med jamne mellomrom dukka opp.  I dag var det ein ny generasjon Spar Uskedalen, Aurora Nilsen Mathisen og Margrethe Nilsen Hillestad, som tok mot kundane på ein særs koseleg måte.
19.07.2019
Tall Ships Races med venskapsetappen gjennom Storsund.

Venskapsetappen til The Tall Ships Races går frå Fredrikstad til Bergen med nokre utvalde hamner under vegs. Rosendal har vore og er ei såkalla Cruise in Company hamn. Fem staseleg seglskuter har så langt passert Uskedalen og går til kai i Rosendal for kvelden og natta. Sundag må alle dei påmelde fartya vera klar for innsegling til Bergen.
18.07.2019
25 år sidan 7- fjellsturen i Uskedalen på 16 timar.
I juli månad 1994 gjennomførte Steinar Haugland og Bjørn Olav Tveit ein fjelltur av det sjeldne slaget. På 16 timar var dei på alle fjelltoppame rundt Uskedalen. Så langt vi kjenner til har dette aldri vore gjort på ein og same dag. Bjørn Olav Tveit var den gongen 20 år, Steinar Haugland var 22 år. Interessa for fjellturar og spesielle stunt starta tidleg.
17.07.2019
Slik skal det ikkje sjå ut på Kunstgrasbanen.
Bos og attgløymde kle er ein gjengangar på Kustgrasbanen. Problemet endrar seg litt i ferietida då det ikkje er faste treningar. Brukarane er ofte dei same, men utan trenar og foreldre som ser på kampane. I fellesferien kjem det mange turistar, båt- og campinggjester og brukar banen og aktivitetsområde rundt. Dersom ein ikkje plukkar og tek boset med seg, er det ingen andre som gjer det.
16.07.2019
Selstad utvidar produksjonen til landbaserte anlegg.
Utstyrsleverandøren Selstad og design- og ingeniørselskapet Koda har inngått
distribusjonsavtale for kar til smolt- og landbaserte anlegg. Med denne avtalen blir Selstad ein forhandler av både kar, røyr, rørsystem og tilhøyrende teknologi. Med denne distribusjonsavtalen kan Selstad stå for  løysingar for landbaserte anlegg og smoltanlegg utover dei løysngane Selstad alt har i dag innan havbruk.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS