Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Boka Kjært er minnet med 30 sider frå Uskedalen

06.05.2019
Klikk på bilete for full storleik
Forfattar og journalist Morten Nygård er ute med band 1 av storverket om kyrkjegardane i Kvinnherad.
 
Boka Kjært er minnet – Små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad er no i sal. Forfattar er Morten Nygård. Uskedalen er ein av ni kyrkjegardar som er med i bok 1. I tillegg kjem tre koleragravplassar. Uskedalen er også representert med artikkelen Ei sjømannsgrav på Curacao. Heile 30 sider i boka handlar om eller er relatert til Uskedalen. Les pressemeldinga:

 

Kjært er minnet er fyrste band av to som vil presentera små og store soger frå alle kyrkjegardane i Kvinnherad. I denne boka har forfattar Morten Nygård vitja følgjande kyrkjegardar:  

 

Enes, Rosendal, Uskedalen,Ølve, Valen Asyl, Valen gamle, Holmedal gamle, Varaldsøy gamle, Kaldestad, samt koleragravplassane på Hamarhaug, Svortevik og Toftehagen.

  

Boka tek for seg ein del historiske fakta om bygdene, kyrkjene og kyrkjegardane, men det viktigaste er å fortelja om nokon av dei mange tusen som ligg gravlagde der. Her kan lesarane bli litt meir kjende med folk som levde uvanlege liv, folk som døydde i tragediar, folk som sette spor etter seg, folk som levde nøysame liv, og folksom ofra alt for landet sin fridom.  

  

Kjært er minnet er baset på artikkelserien som stod på prent i Grenda vinteren, våren og sommaren 2018, men dei ulike kapitla er til dels monaleg utvida. Boka er på 270 riktillustrerte sider.  
 

Bok nummer 2, som tek for seg resten av kyrkjegardane, samt ein god del anna relatert og historisk stoff, har ikkje fått nokon utgjevingsdato enno. Planen var opphavleg å lansera ho til hausten, men det er mogleg tida blir for knapp til det. Alternativet er februar/mars 2020.  

  

Kjært er minnet er den andre boka Morten Nygård har skrive. Han har tidlegare gitt ut Det løfter livet. Soga om kunstnaren Johannes L. Ness 1865-1944 i 2006.
 

   

Kjært er minnet er i sal hjå: 

  • Rosendal Bokhandel 
  • Kvinnherad Bok og papir,Husnes 
  • Spar Uskedalen 
  • Joker Ølve 
  • Grenda  
 

Forfattaren signerer bøker: 

  • Varehuset Rosendal, torsdag 9. mai kl. 14.00-16.30 
  • Joker Ølve, fredag 10. mai kl. 13.15-14.40 
  • Spar Uskedalen, fredag 10. mai kl. 16.00-18.00 
  • Kvinnherad Bok og papir,laurdag 11. mai kl. 12.00-14.00
 

  

Tekst: Pressemelding/Kristian Bringedal 

Foto: Morten Nygård/Kristian Bringedal

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Framsida av boka Kjært er minnet - små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.05.2019
Takk til alle som deltok på Hjertemarsjen.
Takk til alle som var med på Hjertemarsj med quiz i dag. Av 16 rette svar på quizen hadde mange 14 poeng. Etter loddtrekning fekk desse premie: Sekk: Kjell Tungesvik. Refleksvest: Kari Ljosnes.

Styret 
25.05.2019
Til topps i Ulriken Opp.
I år som i fjor vann Kristian Øvstebø frå UIL sin klasse i Ulriken Opp.  Med tida 28.32 forbetra han fjorårets vinnartid med imponerande 2 minutt og 29 sekund.  Norgeseliten i motbakkeløp var på plass, og Kristian plasserte seg som nr.24 totalt mot 46 i fjor.  Imponerande framgang sjølv om vi tar med i betraktning at løpet i fjor gjekk i svært sterk varme!! Løypa i Ulriken Opp er 3,6 km, og den går over 605 høgdemeter.

tid
25.05.2019
Sundagsmøte på Bedehuset, sundag kl. 11.
Det vert møte på Bedehuset i morgon, sundag 26. mai, kl. 11. Talar er Tormod Myklebust. Det er eit møte med nattverd.

kb
25.05.2019
Musikk ved butikken i dag.
Dersom veret held seg slik som no i morgontimane, spelar eit litt redusert Uskedal musikklag ved Spar Uskedalen frå ca. kl.12 i dag.  Spelinga er i samband med Spar-løpet som startar på Sandakaien kl.13 og Hjartemarsjen som Uskedal helselag arrangerer med start frå Sandakaien kl.12.

tid
24.05.2019
God påmelding til SPAR løpet i morgon.
Det er god påmelding til SPAR løpet, med start på Sandakaien i morgon kl. 13. Innan kl 22 i kveld er det påmeldt 50 deltakarar. Etterpåmelding må vera gjort minst ein time før start. Det er fire løypelengder, alt frå 350 meter til over 3000 meter. Alle får premiar frå SPAR. Det er påmelding frå mange bygder i Kvinnherad.

Arr.komiteen
22.05.2019
Nøkkel funnen på Kjærlandssido.
Ein nøkkel er funnen i vegkanten på Kjærlandssido.  Nøkkelen ser ny ut, og det kan sjå ut som den høyrer til ein sykkellås eller ein takboks.  Dei som saknar nøkkelen, kan få den att hos Haldis Aakra.

tid
22.05.2019
Sikringskurs for 12 deltakarar i Hallen.
Frå kl. 18 vert det gjennomført sikringskurs i klatregruppa i Uskedal Idrettslag. Kurset er ein del av utdanninga av 5 nye instruktørar. Instruktørane vil i dag ha sin eksamen og med dette er nye instruktøar klar for å vera med og vidareutvikla klatremiljøet i Uskedalen.

kb
22.05.2019
HV øving frå 22. til 27. mai.
Det vert gjennom HV øving i perioden 22. - 27. mai langs vegane i område Omvikdalen - Matre - Fjellhaugen. Det er som vanleg skytetrening på Midthølen. All militær aktivitet er varsla og skilta.Områdesjef er Tor Vidar Sæle frå Uskedalen.

kb
21.05.2019
Trening til SPAR løpet på onsdag kl. 17.30.
Det vert trening til SPAR løpet onsdag i denne veka kl 17.30 - 18.30. Frammøte på Sandakaien. Alle skal få springa sin løyper. SPAR løpet er på laurdag med start kl. 13. Påmelding på Uskedal Idrettslag si nettside.

kb



20.05.2019
Damejakke funnen på stien mot Solfjell.
Ei damejakke, storleik 46, vart i dag kl. 12 funnen på stien opp mot Solfjell. Jakka er lys/grå og har merke Endurance. Jakka er teken vare på og kan hentast hos Konstanse Tveit, mobil: 95195861.

kb
Siste Nyhende
25.05.2019
Andreas Kristoffersen debuterte og fekk beste tid i SPAR- løpet.
Andreas Kristoffersen hadde startnummer på brystet for fyrste gong i sitt liv. Han sprang i klassen Menn 35 - 39 år på tida 11,42 min i den vel 3 km lange løypa. Knut Olav Myklebust vart nr. 2. Kristoffersen var den store overraskinga. Han fortel til Uskedalen.no at han spring etter sauer i fjellet og trenar på tredemølle i perioden han er på arbeid på plattform i Nordsjøen. SPAR- løpet samla born og vaksne frå heile Kvinnherad. Best deltaking var det i aldersgruppene fram til fylte 10 år.
24.05.2019
Hjertemarsj i forkant av SPAR løpet i morgon.
Uskedal Helselag inviterer alle til å vera med på Hjertemarsj i morgon, laurdag 25. mai, kl. 12, i forkant av starten på SPAR løpet. Det er innlagd quiz med mange kjekke spørsmål. I helsemagasinet Hjerte og Hjerne les vi at mange helselag har gode rutinar på det å arrangera hjertemarsj. No er det Uskedalen sin tur.
23.05.2019
Prosjektkoordinatoren med oppvekst og slekt i Uskedalen.
Kristine Røyrvik med oppvekst og slekt i Uskedalen er prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice. Ho har vore primus motor bak Kvinnheradkonferansen med tema: Nettverk og samhald. Kristine vaks opp og gjekk på skule i Uskedalen. Familien med mor og far, Randi og Svein, flytta til Sunde i 1994.
23.05.2019
40 meter lang forstøtningsmur ved Kunstgrasbanen.
Fire mann frå Ersland Forskaling har den siste veka forskalt og gjort klart for støyping med det som vert ein 40 meter lang mur i eine hjørnet på Kunstgrasbanen. Øystein Ersland er dagleg leiar i firma, som har spesialisert seg på betongarbeid,- forskaling, jernbinding og støyping. Betongen vart i går levert frå Dimmelsvik Betong.
22.05.2019
Flaumfaren i Uskedalselva er kartlagd.
På Kvinnhead kommune si heimeside kan vi lesa om flaumfaren i Uskedalselva. Rapporten er laga av Norconsult AS  og utrekningane er gjort med bakgrunn i gjentaksintervall på 20, 200 og 1000 år. Klimaprofilen syner at det er venta store nedbørsmengder i framtida med meir styrtregn. Om Uskedalen les vi dette i utdrag:
21.05.2019
Ingvar Havnen talar på haustfesten i Ungdomslaget.

Tidlegare ambassadør Ingvar Havnen frå Rosendal har takka ja til å vera talar på haustfesten i Uskedal ungdomslag laurdag 19. oktober. Det er den femte haustfesten etter at ein gjenskapte det som var ein fast tradisjon i ungdomslaget i alle år. Ingvar Havnen, fødd 1951, vaks opp og gjekk på skule i Rosendal til ferdig realskule. Etter gymnaset bar det til Oslo som student.
21.05.2019
Unge lovande løparar frå Holmen i Uskedalen.
Viljar og Amund Berge-Soldal er brør og bur på Holmen. Amund er 12 år og har alt vore ein aktiv løpar nokre år. Viljar er berre 6 år og debuterte på Maileikane i Haugesund i helga som var. Amund vann sin klasse med ny stevnerektord på tida 5.00.5 minuttar.
19.05.2019
Ekstraordinært årsmøte i Uskedal Vassverk 27. mai.
På årsmøte i Uskedal Vassverk 8. mai vart det gjort vedtak om justering av vassavgiftene ved overgang til 8 ulike prisgrupper. Nye vassgifter er bestemt med vanleg fleirtal på årsmøte. Saka på ekstraordinært årsmøte gjeld vedtekstendring § 14. Sjå meir om innkalling og kva styret skriv:
18.05.2019
Grasrotandel til ni lag og organisasjonar i Uskedalen.
Norsk Tipping med Grasrotandelen overfører i desse dagar midlane for første 4 månadene i 2019 til frivillige lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret, tilsaman kr. 860.000 til laga i Kvinnherad. Ni lag i Uskedalen er godkjend for løyving. For perioden 1.januar til 30. april 2019 utgjer summen rundt kr. 60.000,-. Uskedal Idrettslag toppar lista med kr. 32.35,- før Uskedal Skulemusikk med kr. 13.241,-
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS