Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Møtte gjestfriheten i Uskedalen på spennande reise.

04.05.2019
Klikk på bilete for full storleik
Med fullpakka bil skal Kine og Thomas reisa rundt i Norge det neste halvåret før turen går vidare til Asia.
 
Sambuarparet Thomas Engh og Kine Svendsbraaten frå Bjølsen i Oslo har gjort alvor av ein draum dei har hatt i mange år.  Dei har tatt permisjon frå jobbane sine for å samla gode reiseopplevingar.  Første halvåret skal dei reise rundt i Norge.  Deretter skal dei bruke 2,5 månad på rundreise i Asia.  No er dei i Uskedalen, og her er dei imponert over både gjestfriheten og naturen.
 
Paret har no vore på reis i ein månad, og på ferda frå Oslo til Uskedalen har dei allereie opplevt mykje.  Minnerike opplevingar frå m.a. Telemark, Hardangervidda, Øystese, Bergen og Fitjar vert ramsa opp når dei fortel om turen så langt.  At Uskedalen er på reiseruta, er nok ikkje tilfeldig.  Thomas er nemleg kollega med Jørgen Nilsen Moberg i UNIL, og dermed kunne han nok ikkje våge å komme tilbake på jobb etter månadsvis på reise utan å ha besøkt den kjære heimbygda til Jørgen.
 
Thomas fortel at dei lenge har drøymt om å ta seg fri frå jobben for å reise, men det var først i fjor sommar at dei bestemte seg for å gjera alvor av draumen.  Dermed var sparinga og planlegginga i gang.  Første halvåret skal dei reisa Norge på kryss og tverrs, frå aust til vest og frå sør til nord.  Reisa vert gjort i ein BMW suv som er godt lasta med både takboks og kasse bak i tillegg til at den er fullpakka inni.
 
- Naturopplevingar med mange skogs- og fjellturar er sentralt på turen.  I takboksen har vi forresten kano. Elles prøver vi å få med oss ulike kulturfasilitetar på stadene vi besøker, fortel dei, og legg til at det er ein lavbudsjett-tur med mange teltovernattingar, og der dei prøver å tøya matbudsjettet med å fiske.
 
 
Etter ein tur innom på Spar vart dei to tilbydd overnatting hos Gunn Mari og Asle Moberg.
 
Dei kom til Uskedalen torsdag kveld, og då var det naturleg å ta turen innom Spar-butikken for å helsa på familien til Jørgen.  Det hyggelege møtet enda med tilbod om overnatting, og no har det hatt to overnattingar på Neset.  Siste døgnet har dei styrt huset åleine sidan vertskapet, Gunn Mari og Asle Moberg, er på planlagt tur til Voss.
- Det er heilt rått å bli møtt av så koselege og gjestfrie folk, seier Thomas om dette, og legg til at dei er imponert over kor mykje hyggelege folk dei har møtt også tidlegare på turen.
- Landet vårt er fullt av hyggelege folk, uttrykkjer dei, - Vi angrar ikkje eitt sekund på at vi har gjort dette.  Det er uttruleg deilig!
 
Det er første gang paret besøker Vestlandet, og dei har fått mange gode tips til besøksmål både frå Jørgen, og frå foreldra hans Gunn Mari og Asle.  Som dei fleste tilreisande lovprisar dei naturen her i Kvinnherad.  Gårsdagen brukte dei til tur til Melderskin, og utsikten der beskriv dei som heilt fantastisk.
 
I dag går turen vidare, og på vegen skal dei besøke Rosendal der ein tur i Baroniet naturleg nok står på programmet.  Dei reknar med å avlutta dagen ved Bondhusvatnet og overnatting i telt.
 
Norgesturen deira vil vara fram til oktober, og då står Asia for tur.
 
Det blir ein heilt annan tur.  Då parkerer dei BMW-en, og byter ut bilen med kvar sin ryggsekk.  Dei beskriv det som ein tusletur med ryggsekk som er i sterk kontrast til A4-bobla i Oslo.
 
I løpet av månadene i Asia reknar dei med å oppleva Thailand, Cambodia, Laos, Vietnam, Kina og India.  Programmet er slett ikkje fastspikra, men i India har dei ein fast post.  Dei skal i eit 5 dagars bryllup i Calcutta.  Ein barndomsvenn av Thomas skal gifta seg med ei indisk dame.  Ei ekstra oppleving som krydrar ein særdeles spennande tur der dei har gripe sjansen for å nyta livet.
 
Den spennande reisa kan vi følgje på instagramkontoen deira:  utekontoret_ .  Der vil vi også finna bilde frå dagane deira her i Uskedalen.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.05.2019
Takk til alle som deltok på Hjertemarsjen.
Takk til alle som var med på Hjertemarsj med quiz i dag. Av 16 rette svar på quizen hadde mange 14 poeng. Etter loddtrekning fekk desse premie: Sekk: Kjell Tungesvik. Refleksvest: Kari Ljosnes.

Styret 
25.05.2019
Til topps i Ulriken Opp.
I år som i fjor vann Kristian Øvstebø frå UIL sin klasse i Ulriken Opp.  Med tida 28.32 forbetra han fjorårets vinnartid med imponerande 2 minutt og 29 sekund.  Norgeseliten i motbakkeløp var på plass, og Kristian plasserte seg som nr.24 totalt mot 46 i fjor.  Imponerande framgang sjølv om vi tar med i betraktning at løpet i fjor gjekk i svært sterk varme!! Løypa i Ulriken Opp er 3,6 km, og den går over 605 høgdemeter.

tid
25.05.2019
Sundagsmøte på Bedehuset, sundag kl. 11.
Det vert møte på Bedehuset i morgon, sundag 26. mai, kl. 11. Talar er Tormod Myklebust. Det er eit møte med nattverd.

kb
25.05.2019
Musikk ved butikken i dag.
Dersom veret held seg slik som no i morgontimane, spelar eit litt redusert Uskedal musikklag ved Spar Uskedalen frå ca. kl.12 i dag.  Spelinga er i samband med Spar-løpet som startar på Sandakaien kl.13 og Hjartemarsjen som Uskedal helselag arrangerer med start frå Sandakaien kl.12.

tid
24.05.2019
God påmelding til SPAR løpet i morgon.
Det er god påmelding til SPAR løpet, med start på Sandakaien i morgon kl. 13. Innan kl 22 i kveld er det påmeldt 50 deltakarar. Etterpåmelding må vera gjort minst ein time før start. Det er fire løypelengder, alt frå 350 meter til over 3000 meter. Alle får premiar frå SPAR. Det er påmelding frå mange bygder i Kvinnherad.

Arr.komiteen
22.05.2019
Nøkkel funnen på Kjærlandssido.
Ein nøkkel er funnen i vegkanten på Kjærlandssido.  Nøkkelen ser ny ut, og det kan sjå ut som den høyrer til ein sykkellås eller ein takboks.  Dei som saknar nøkkelen, kan få den att hos Haldis Aakra.

tid
22.05.2019
Sikringskurs for 12 deltakarar i Hallen.
Frå kl. 18 vert det gjennomført sikringskurs i klatregruppa i Uskedal Idrettslag. Kurset er ein del av utdanninga av 5 nye instruktørar. Instruktørane vil i dag ha sin eksamen og med dette er nye instruktøar klar for å vera med og vidareutvikla klatremiljøet i Uskedalen.

kb
22.05.2019
HV øving frå 22. til 27. mai.
Det vert gjennom HV øving i perioden 22. - 27. mai langs vegane i område Omvikdalen - Matre - Fjellhaugen. Det er som vanleg skytetrening på Midthølen. All militær aktivitet er varsla og skilta.Områdesjef er Tor Vidar Sæle frå Uskedalen.

kb
21.05.2019
Trening til SPAR løpet på onsdag kl. 17.30.
Det vert trening til SPAR løpet onsdag i denne veka kl 17.30 - 18.30. Frammøte på Sandakaien. Alle skal få springa sin løyper. SPAR løpet er på laurdag med start kl. 13. Påmelding på Uskedal Idrettslag si nettside.

kb



20.05.2019
Damejakke funnen på stien mot Solfjell.
Ei damejakke, storleik 46, vart i dag kl. 12 funnen på stien opp mot Solfjell. Jakka er lys/grå og har merke Endurance. Jakka er teken vare på og kan hentast hos Konstanse Tveit, mobil: 95195861.

kb
Siste Nyhende
25.05.2019
Andreas Kristoffersen debuterte og fekk beste tid i SPAR- løpet.
Andreas Kristoffersen hadde startnummer på brystet for fyrste gong i sitt liv. Han sprang i klassen Menn 35 - 39 år på tida 11,42 min i den vel 3 km lange løypa. Knut Olav Myklebust vart nr. 2. Kristoffersen var den store overraskinga. Han fortel til Uskedalen.no at han spring etter sauer i fjellet og trenar på tredemølle i perioden han er på arbeid på plattform i Nordsjøen. SPAR- løpet samla born og vaksne frå heile Kvinnherad. Best deltaking var det i aldersgruppene fram til fylte 10 år.
24.05.2019
Hjertemarsj i forkant av SPAR løpet i morgon.
Uskedal Helselag inviterer alle til å vera med på Hjertemarsj i morgon, laurdag 25. mai, kl. 12, i forkant av starten på SPAR løpet. Det er innlagd quiz med mange kjekke spørsmål. I helsemagasinet Hjerte og Hjerne les vi at mange helselag har gode rutinar på det å arrangera hjertemarsj. No er det Uskedalen sin tur.
23.05.2019
Prosjektkoordinatoren med oppvekst og slekt i Uskedalen.
Kristine Røyrvik med oppvekst og slekt i Uskedalen er prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice. Ho har vore primus motor bak Kvinnheradkonferansen med tema: Nettverk og samhald. Kristine vaks opp og gjekk på skule i Uskedalen. Familien med mor og far, Randi og Svein, flytta til Sunde i 1994.
23.05.2019
40 meter lang forstøtningsmur ved Kunstgrasbanen.
Fire mann frå Ersland Forskaling har den siste veka forskalt og gjort klart for støyping med det som vert ein 40 meter lang mur i eine hjørnet på Kunstgrasbanen. Øystein Ersland er dagleg leiar i firma, som har spesialisert seg på betongarbeid,- forskaling, jernbinding og støyping. Betongen vart i går levert frå Dimmelsvik Betong.
22.05.2019
Flaumfaren i Uskedalselva er kartlagd.
På Kvinnhead kommune si heimeside kan vi lesa om flaumfaren i Uskedalselva. Rapporten er laga av Norconsult AS  og utrekningane er gjort med bakgrunn i gjentaksintervall på 20, 200 og 1000 år. Klimaprofilen syner at det er venta store nedbørsmengder i framtida med meir styrtregn. Om Uskedalen les vi dette i utdrag:
21.05.2019
Ingvar Havnen talar på haustfesten i Ungdomslaget.

Tidlegare ambassadør Ingvar Havnen frå Rosendal har takka ja til å vera talar på haustfesten i Uskedal ungdomslag laurdag 19. oktober. Det er den femte haustfesten etter at ein gjenskapte det som var ein fast tradisjon i ungdomslaget i alle år. Ingvar Havnen, fødd 1951, vaks opp og gjekk på skule i Rosendal til ferdig realskule. Etter gymnaset bar det til Oslo som student.
21.05.2019
Unge lovande løparar frå Holmen i Uskedalen.
Viljar og Amund Berge-Soldal er brør og bur på Holmen. Amund er 12 år og har alt vore ein aktiv løpar nokre år. Viljar er berre 6 år og debuterte på Maileikane i Haugesund i helga som var. Amund vann sin klasse med ny stevnerektord på tida 5.00.5 minuttar.
19.05.2019
Ekstraordinært årsmøte i Uskedal Vassverk 27. mai.
På årsmøte i Uskedal Vassverk 8. mai vart det gjort vedtak om justering av vassavgiftene ved overgang til 8 ulike prisgrupper. Nye vassgifter er bestemt med vanleg fleirtal på årsmøte. Saka på ekstraordinært årsmøte gjeld vedtekstendring § 14. Sjå meir om innkalling og kva styret skriv:
18.05.2019
Grasrotandel til ni lag og organisasjonar i Uskedalen.
Norsk Tipping med Grasrotandelen overfører i desse dagar midlane for første 4 månadene i 2019 til frivillige lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret, tilsaman kr. 860.000 til laga i Kvinnherad. Ni lag i Uskedalen er godkjend for løyving. For perioden 1.januar til 30. april 2019 utgjer summen rundt kr. 60.000,-. Uskedal Idrettslag toppar lista med kr. 32.35,- før Uskedal Skulemusikk med kr. 13.241,-
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS