Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Janove og Real Ones til Festidalen

16.04.2019
Klikk på bilete for full storleik
Janove Foto: Grethe Nygaard
 
Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!  
 

Janove

Noreg sin største frontmann gjennom tidene kjem til Uskedalen! Kaizer-universets far, døypar og bøddel, Janove, kjem solo. Etter 20 år som artist gjorde Janove, for første gang, konsertar aleina i fjor. Han slapp «Spindelvevriff EP», og turnerte landet til ståande ovasjonar. «Perfeksjonisme i dempa og rå form» skreiv BA, og trilla ein seksar. Til hausten vert det ny turne, med allereie utselde konsertar eit heilt år i førevegen. Men du får altså sjansen til å oppleva han hos oss i sommar! Dette vert mjukt, meisterleg og minnerikt.
 
RealOnes Foto: Francisco Munoz

Real Ones

Real Ones er eit av dei banda du berre må sjå live. Noko Dagbladet stadfestar, og kåra dei til  « Noregs i særklasse beste liveband». Det er pop og det er folkrock. Det er leikent og rutinert. Det er fleirstemt og fleirfoldig. Men mest av alt, smellvakkert! Klin deg inn med solkrem, rull eit strå inn i munnviken og ein smørblom bak øyra, Real Ones har nemleg kvasse planar om å pusha livskvaliteten til maks!

 

Saftig
Utsegn frå Daidalos:

 
  • Festidalen skal vera eit retteleg kulturbeite. Og servera eit fat proppa med musikalsk kraftfôr. Det har vore mantraet i alle år. Og på dette beite skal me eta oss gladfeite på sosialt samvære og høyra oss oppstemte på musikk.
  • Janove er ein levande legende. Få har påverka både popen og rocken i landet som han. Og satt ein heilt imponerande standar for liveshow. No kjem han i ny drakt. Nesten i adamsdrakta, for no kjem ein heilt inn på han. Detta blir tett og sterkt!
  • Real Ones er storprodusentar av smil. Og feelgood. Du får ein hubbabubba av meg om du finner ein på jordet som ikkje smiler under «Every Dog Has Its Day». 
  • Me vil ha eit arrangement for folket, av folket. Me vil vera det me kvinnheringar er. Å vera frå «bondelandet» er ei heidersnemning! Og det betyr ikkje at me kunn høyrer på køntri eller panpipe-moods. Sjølv om me sjølvsagt gjer det også. Nei, me skal ha nytt og gammalt. Frå alle sjangrar. Men i våre kvinnherske rammer. Festidalen er eit postkort med supersnasen natur som sendes med gode vibbar. 
 
 

Tekst: Pressemelding Festidalen ved Daidalos Dahle 

Janove, Foto: Grethe Nygaard

Real Ones, Foto Francisco Munoz

Nett: Hans Ordin Østebø

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.02.2020
Til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt og i område rundt Mannsvatnet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.

Tverrelva Kraftverk AS

18.02.2020
Vanskar med RiksTV i Uskedalen.
Mange er utan TV signal andre dagen på rad. Det gjeld dei som har RiksTV. Årsaka er straumbrot grunna lynnedslag. Sendaren på Skårhaug er ute av drift. Reparatør er sett på saka med feilretting. Dei som har SmartBox kopla til nettet, kan visst nok sjå TV.

kb
18.02.2020
Mållaget skriv fråsegn til Skyss på rim.
Kvinnherad mållag skriv fråsegn til Skyss på rim. Fråsegna handlar om bruken av ordet Snøggbåt eller Hurtigbåt. Slutten på fråsegna lyder slik:
Kjære Skyss, som driv med slikt - ver no grei og gløgg: Lat båten gå når båten skal og lat han vera snøgg !

kb
17.02.2020
Brannvernet sikra tak på naust i Uskedalen.
110 sentralen melder kl. 16.35 på Twitter at Branntropp Uskedalen rykte ut for å sikra tak på naust. Det er BT som skriv dette i ein notis. Redaksjonen har ikkje meir å leggja til på noverande tidspunkt.

kb
17.02.2020
Meld inn endringar etter årsmøta.
Uskedal utvikling har eit tilbod på nettsida til lag og organisasjonar med informasjon om aktivitetar, styre, nemnder, utleige og medlemsskap. Meld inn endringar etter årsmøta for på den måten å få fram oppdatert og korrekt informasjon. Send til uskedalen.no@gmail.com

Red.

17.02.2020
Hugs årsmøte i Friluftslaget i kveld, måndag kl. 19.30.
Dette er ei påminning om årsmøte på Stemneplassen. Kvart medlemslag bør vera representert med sine to utsendingar. Møte tek til kl. 19.30.

Styret
17.02.2020
Hardangerfjordekspressen brukte Uskedalen som hamn i dag.
Med kuling frå sørvest og tung sjø valde Rødneruta sin båt Hardangerfjordekspressen å bruka Uskedalen som hamn mellom ruteavgangane i dag. Kl. 14.00 gjekk snøggbåten inn Storsund til Rosendal for avgang i ettermiddagsruta til Bergen. På Facebook vert det meldt at ruta sløyfer Os i dag på grunn av mykje vind og høg vasstand.

kb
16.02.2020
Harald scora igjen!
Harald Nilsen Tangen har gjort det godt i sesongoppkjøringa til Viking.  I kampen mot Jerv i dag teikna han seg igjen på scoringslista.  Ungguten scora 2-1 målet etter 36 minutt i ein kamp som Viking vann 3-2.  Johnny Furdal og Yldren Ibrahimaj scora dei andre Vikingmåla i ein kamp der Harald Nilsen Tangen var ein av fire spelarar som spela heile kampen.

tid
16.02.2020
Møteveke på Bedehuset, 19. til 23. februar.
Uskedal Indremisjon har møteveke på Bedehuset onsdag 19. til sundag 23. februar. Talar er Roald Evensen. Song ved Arne Edvard Meling. Onsdag og torsdag: kl. 19. Laurdag: Familiemøte kl. 16. Sundag: kl. 11.

Indremisjonen
16.02.2020
Nytt selskap registrert i januar.
Det er registrert eit nytt selskap i Uskedalen i januar 2020. Det er Dekkservice vest AS. Dekkservice driv med sal av dekk, felgar og andre bilrekvisita.

kb
Siste Nyhende
19.02.2020
Høyrde mora sin vakre, gamle song i nytt arrangement.
Engel Stensletten, fødd på julaftan 1896 med jentenamnet Eik, var kjend for å vera flink å skriva.  Ho etterlet seg mange fine dikt og songar. På slutten av 1940-talet skreiv ho ein vakker song, Eikedalen.  Dei siste tiåra har den vore lite brukt då melodien har vore ukjend.  Siste året har den fått ein renesanse.  Øvinga i musikklaget tirsdag var i så måte ein merkedag.  Då vart songen framført med song og korpsarrangement for nær familie etter Engel Stensletten.
19.02.2020
Yogahelg i Helgheim, 7. og 8. mars.
Det vert yogahelg, mini workshop i Helgheim helga 7. og 8.mars med instruktør Tor Arne Håve. Det er Siv Birgitte Solberg Vamråk frå Yogaflow som arrangerer. Programmet vert også kalla Bioenergetisk kroppsøving der målet er å utvikla skaparkraft og det kreative i menneske.
18.02.2020
Papir- og plastavfall på ville vegar.
Redaksjonen har i dag motteke meldingar om papir og plast som er på ville vegar. I vind med kuling styrke ramlar bosdunkane over ende og papir bles med vinden. Dersom ikkje plast i sekker er festa til papirdunken, kjem dei ofte på avvegar. Dette var godt synleg i dag, tysdag 18. februar, på hentedagen.
18.02.2020
Gjenvalg av styret, men ny leiar.
Heile styret med varafolk vart attvalde, men det vart leiarskifte då Uskedal friluftslag hadde årsmøte i møtelokala på Stemneplassen måndag kveld. Ove Magne Myhre som har vore leiar i ei årrekkje takka for seg, og vart avløyst av ein annan friluftslagsveteran, Kristian Bringedal, i leiarvervet.  Myhre held fram som styremedlem.
17.02.2020
Pubkveld på Dønhaug med Tore Nordahl-Pedersen, fredag 21. februar.
Kom og høyr Pederen med bassen på Dønhaug, fredag 21. februar frå kl. 20.00. Det vert tradisjonell pubkveld i eit koseleg miljø med fyr på grua. Pederen med bassen er Tore Nordahl-Pedersen frå Os, men no busett i Uskedalen. Repetoaret er henta frå generen country og blues, frå Jonnhy Cash til J J Cale, poplåtar frå 1970 talet.
16.02.2020
Nokre bilistar køyrer på raudt ved lysreguleringa på Eikebrua.
Naboar og andre har registrert at nokre bilistar ikkje tek omsyn til lysreguleringa ved Eikebrua. Ved fleire høve vert det køyrt på raudt signal. Det er eit lovbrot på vegtafikklova som medfører ei bot på kr. 6.800,-. Lovbrotet skjer mest på natta, men også i den tida på dagen då det ikkje er arbeid på brua.
15.02.2020
Sigbjørn Rød med 25 år i Store Norske Kullkompani på Svalbard.
Sigbjørn Rød ( f. 1954 ) er den frå Uskedalen som verkeleg kan kalla seg gruvearbeidar. Alt som 22 åring i 1976 reiste han til Svalbard og fekk jobb i gruvene. Fram til 2005 var han reperatør, seinare tradisjonell gruvearbeidar. Han har vore på Svalbard i tre periodar og har vore innom tilsaman fem ulike gruver.
14.02.2020
Bruvedlikehaldet i Uskedalen går mot ferdigstilling.
Mekanisk bruvedlikehald på to bruer i Uskedalen går mot ferdigstilling. Brubekkebrua på Døsslandsida vart opna for køyretøy på dato 6. februar slik det var varsla. Om nokre veker reknar byggeleiar Melake Gebremichael i Fylkeskommunen med at Eikebrua er klar for trafikk i si fulle breidde. Han var sjølv på synfaring onsdag og er godt nøgd med MESTA og Haugland Maskin sitt arbeid.
13.02.2020
Nøyaktige målingar syner at det var høgare vasstand både i 1994 og 2015.
Nøyaktige målingar i Uskedalen syner at det var høgare vasstand både i 1994 og i 2015. Torgeir Øye har målt høg vasstand sidan 1990, tilsaman 12 registreringar. Det vert gjort i naustet hans i Korsnes. Alle måilingane er streka av inne på naustdørkarmen. Registreringane syner at det var 1,5 cm høgare flo 5. desember 1994 og 3,5 cm høgare 10. januar 2015.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS