Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Mange uskedelingar i flott Haukelirenn.

08.04.2019
Klikk på bilete for full storleik
Uskedelingar som gjorde ein flott innsats i Haukelirennet.
 
I følge arrangørane var 25 uskedelingar på startstreken i ulike klassar i årets Haukelirenn som vart arrangert i nydeleg ver laurdag.  Omlag halvparten gjekk i trimklassen medan resten gjekk i barneskirenn, mosjonsrenn og konkurranseklasse.  Alle hadde ei flott oppleving og fleire hevda seg svært godt i sine klassar med klassesiger og 2.plass som beste resultat.
 
Haukelirennet er eit av få turrenn som går i fristil, det er trassè for både skøyting og klassisk stil.  Start og mål er ved Haukelifjell skisenter.  Anna Elisabeth Samland Eik, Torbjørn Haugland og Karsten Bjørnebøle gjekk ungdomsrennet over 12 km, og alle tre hadde ei god oppleving.  Særleg imponerte Anna Elisabeth som gjennomførte løypa på den sterke tida 39.32,6, og for det vart ho belønna med ein imponerande 2.plass i klassen K-14.  Søskena til Anna Elisabeth, William og Bjørg Amelia S. Eik gjekk barneskirennet.
 
Solveig Haugland, Tor Vidar Sæle, Kari Bråtun og Birk Sæle gjekk alle 32 km.  Etter god innsats gjennomførte alle på rundt 1 t 50 min med Birk som førstemann over mål på 1.49.42, og dei tre andre om lag likt, ca. 5 minuttar bak.  Det var kjende namn som var heilt i toppen av resultatlista.  Landslagsløpar Silje Øyre Slind var suveren i dameklassen medan Vebjørn Turtveit som har hatt ein svært god sesong, vann spurtduellen med verdsmeister Sjur Røthe og Gaute Kvåle.
 
Uskedalen fekk også ein klassesiger.  Den kom ved Stig Framnes som vann klasse M 41-45.  Den utflytta uskedelingen går no for Rustad IL, klubben til brørne Gløersen, og han har dei siste sesongane levert svært sterke turrenn.  I Haukelirennet tilbakela han dei 32 kilometrane på svært sterke 1.35.04, og det heldt altså til ein svært imponerande klassesiger.
 
I mosjonsklassen som gjekk 18 km deltok Velsmøy Haugland, Erlend Bjørnebøle og Helene Huse Bjørnebøle.  I tillegg deltok vel 10 uskedelingar i trimklassen.
 
Bildet over viser nokre av deltakarane frå Uskedalen f.v.: Stig Framnes, Solveig Haugland, Veslemøy Haugland, Anna Elisabeth Samland Eik, William Samland Eik, Kari Bråtun, Karsten Bjørnebøle, Torbjørn Haugland og fremst Bjørg Amelia Samland Eik.
 
Med Haukelirennet er skisesesongen i ferd med å verta avslutta.  Denne sesongen har vel ikkje gruppa med løparar frå UIL vore på sitt største, men likevel har dei unge løparane imponert med flotte plasseringar og aktiv deltaking på kretsnivå.  Fleire løparar har hevda seg heilt i toppen i sine klassar, og vi må nok ganske mange år tilbake for å finna tilsvarande gode resultat i kretssamanheng.  Frå trenarhald får vi også opplyst at fleire unge løparar er i flott utvikling både teknisk og når det gjeld fysisk kapasitet.  Dette gjer at dei ser med spenning og forventning fram mot neste sesong.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Espen Eik
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.07.2019
Uskedalselva er open for fiske fram til mandag kveld.
Uskedal elveeigarlag melder at auka vassføring gjer at Uskedalselva vert opna for fiske att i nokre dagar.  Fisket vert stengt att mandag kl.18.

tid
17.07.2019
Ni seglskuter er førebels påmelde til Cruise in Company
Ni seglskuter er førebels påmelde til seglarsamling i Rosendal i denne veka. Talet vil truleg auka. Dei fleste vil gå Storsund fredag 19. juli med retur dagen etter. Nokre skuter kan koma alt i morgon, torsdag 18. juli. Skutene er delte inn i fire klassar, etter storleik.

kb 
17.07.2019
Siste veka med Sommarkafe på Elins Matgleder.
Thea Soltveit Taranger er inne i si siste veke som kafevert på Elins Matgleder i Uskedalen. Onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag er dei siste dagane i denne omgang. Opningstida er kl. 11 -  17.Silobutikkane er opne i den same tida.

kb
15.07.2019
Dugnad på Kunstgrasbanen onsdag kl. 18.
Det vert invitert til dugnad ved Kunstgrasbanen, onsdag 17. juli, kl. 18. Før det gror til med ugras i det som er planert, vert det fylt på med mold, jevna og gjort klart for såing. Dugnadsgruppa har delvis ferie, men det er viktig å få gjort dette arbeidet no i denne veka. Dugnadsleiar, Pål Haugland, tek mot dei som kjem. Ta med rive.

kb
13.07.2019
Bruk 9 på Myklebust er seld.
Bruk 9 på Myklebust er seld. Det var visning laurdag 16. mars. Eigar har vore Olav Hjetland Bringedal. Eiendomsmegler VEST har stått for salet. Det er lokale kjøparar til eigedomen. Det vert no søkt konsejon før innflytting.

kb
11.07.2019
Ambulansebåten hadde oppdrag i Uskedalen natt til torsdag.
Gulen Skyss sin nye ambulansebåt, Rosedoktoren, hadde eit ordinært oppdrag til person i båt i Uskedalen natt til torsdag 11. juli. Etter vel ein halvtime i Uskedalen kring kl. 01.30 gjekk legeskyssen mot Leirvik.

kb
11.07.2019
Sommarope på Byggeriet.
Opningstidene på Byggeriet i juli månad er: Måndag - fredag: kl. 09 - 16.30. Laurdag: kl. 09 - 13. Dette gjeld både for lager og butikk.

kb
10.07.2019
Sommarjobben min - aktuelle namn.
Kvar sommar skriv Uskedalen.no innlegg til overskrifta Sommarjobben min. Det handlar om ungdom som brukar ferien til jobb. Vi har alt skrive om Thea Soltveit Taranger som driv sommarkafe på Elins Matgleder. Kven andre har sommarjobb ? Meld inn namn og type jobb til redaksjonen og vi tek kontakt. Skriv til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
10.07.2019
Ny lekkasje på nettet.
Uskedal Vassverk melder frå om ny lekkasje på nettet. Det går ut 4 liter pr. sekund meir enn det som er vanleg. Styret bed alle vera merksame og melda frå dersom ein ser vatn som kan koma frå ledningsbrot.. Alle med hytter og naust, som ikkje er i bruk heile året, må vera observant. Sjå  særleg etter inntak og stikk inn til husa. Dersom du ser noko som kan vera ein lekkasje, meld frå til Hans Reidar Kjærland på mobil: 99701819.

Uskedal Vassverk
10.07.2019
Elva er stengd for fiske -lite vatn.
Uskedalselva er mellombels stengd for fiske frå i dag, onsdag 10. juli,  kl. 18. Det vert gjort fordi det er lite vatn i elva.

Elveeigarlaget
Siste Nyhende
21.07.2019
Viktig informasjon om nye vassavgifter frå Uskedal Vassverk.
Det foreligg ny prisliste frå Uskedal Vassverk. Overgangen til ei meir differensiert vassavgift vert gjort med bakgrunn i vedtak på årsmøte 8. mai 2019. Den gamle prislista inneheld prisgrupper som ikkje dekkar dagens behov. Informasjon og ny prisliste vert sendt pr. post til alle abonnentane i desse dagar. Les kva styret skriv:
20.07.2019
Ny Spar-generasjon skaper trivsel.
Spar Uskedalen er vide kjende for at dei gjer handelen triveleg for kundane sine.  Prisar og tilbakemeldingar gjennom åra fortel alt om det!  Mange kundevennlege tiltak har med jamne mellomrom dukka opp.  I dag var det ein ny generasjon Spar Uskedalen, Aurora Nilsen Mathisen og Margrethe Nilsen Hillestad, som tok mot kundane på ein særs koseleg måte.
19.07.2019
Tall Ships Races med venskapsetappen gjennom Storsund.

Venskapsetappen til The Tall Ships Races går frå Fredrikstad til Bergen med nokre utvalde hamner under vegs. Rosendal har vore og er ei såkalla Cruise in Company hamn. Fem staseleg seglskuter har så langt passert Uskedalen og går til kai i Rosendal for kvelden og natta. Sundag må alle dei påmelde fartya vera klar for innsegling til Bergen.
18.07.2019
25 år sidan 7- fjellsturen i Uskedalen på 16 timar.
I juli månad 1994 gjennomførte Steinar Haugland og Bjørn Olav Tveit ein fjelltur av det sjeldne slaget. På 16 timar var dei på alle fjelltoppame rundt Uskedalen. Så langt vi kjenner til har dette aldri vore gjort på ein og same dag. Bjørn Olav Tveit var den gongen 20 år, Steinar Haugland var 22 år. Interessa for fjellturar og spesielle stunt starta tidleg.
17.07.2019
Slik skal det ikkje sjå ut på Kunstgrasbanen.
Bos og attgløymde kle er ein gjengangar på Kustgrasbanen. Problemet endrar seg litt i ferietida då det ikkje er faste treningar. Brukarane er ofte dei same, men utan trenar og foreldre som ser på kampane. I fellesferien kjem det mange turistar, båt- og campinggjester og brukar banen og aktivitetsområde rundt. Dersom ein ikkje plukkar og tek boset med seg, er det ingen andre som gjer det.
16.07.2019
Selstad utvidar produksjonen til landbaserte anlegg.
Utstyrsleverandøren Selstad og design- og ingeniørselskapet Koda har inngått
distribusjonsavtale for kar til smolt- og landbaserte anlegg. Med denne avtalen blir Selstad ein forhandler av både kar, røyr, rørsystem og tilhøyrende teknologi. Med denne distribusjonsavtalen kan Selstad stå for  løysingar for landbaserte anlegg og smoltanlegg utover dei løysngane Selstad alt har i dag innan havbruk.
16.07.2019
Grindbygd halvtekkje med torvtak.
Bjarte Eik er praktisk og hendig. Det siste året har han sett opp ei grindbygd halvtekkje til garasjen. Namnet grindbygg kjem av konstuksjonsmetoden med stavar, bete og skråband. Veggene er kledde med ukanta kledning. På sperra ligg det tro eller vi vil kalla sutak. På laurdag var det torvdugnad der ein skar og la torva på plass.
14.07.2019
Frå Tsjekkia - sundagstur på Manen og Englafjell.
Fyrste turen til Kvinnherad og Uskedalen var i 2015. Det er såleis femte gongen ein reiseoperatør frå republikken Tsjekkia legg inn Manen og Englafjell i Uskedalen som eit årleg turmål. Uskedalen.no nådde i gruppa etter nedstiginga og samling på plenen ved Gamleskulen før retur til Sundal Camping, der gruppa bur.
13.07.2019
Ørnulf Myklebust på tur med ex HALSNØY.
Ørnulf Myklebust bur i Danmark. På torsdag i denne veka var han saman med familien på tur til Roskilde og fekk vera med på tur med MS SAGAFJORD, båten som vi kjenner som MS HALSNØY i Kvinnheradruta i mange år. Johannes Sunde var kaptein, Jan Henrik Hansen var maskinist, Olav Hauge var stuert, alle tre frå Uskedalen. MS HALSNØY, bygd i 1957, gjekk i HSD sine ruter fram til 1981.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS