Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Smøremat i barnehagen med fiskerettar frå Hjønnevåg.

03.04.2019
Klikk på bilete for full storleik
Matlaging er ein viktig del av barnhagen sitt arbeid for god og sunn kost.
 
Gode matvaner blir danna alt i tidlig i barndommen. Personalet i barnehagen har eit medansvar for at barna får i seg sunn, god og næringsrik mat medan foreldrene er på arbeid. Ein stor del av dei måltida barnet skal ha i løpet av dagen, får barnet servert i barnehagen. Difor har det stor tyding  kva vi tilbyr av mat, drikke og korleis vi arbeidar med måltida. Vi ynskjer at barna skal få eit sunt og variert kosthald. Som ein viktig del av dette arbeidet er å la barna få smaka på ulike matvarer/produkt  som dei kanskje ikkje har smakt på tidligare.  

 

 

Måltidet i barnehagen er eit pedagogisk verkty. Godt tilrettelagte måltider utvikar matgleda og gjer at barna utvidar sitt spekter av mat som dei et. Det er få verkemidel som fungerer beter enn at barnet får delta i å laga maten, og ser kva andre barn eta når det kjem til å våga og prøva å eta nye ting. 

 

Riktig og næringsrik mat har positive effekter i forhold til blant anna helse, læring, vekst, utvikling, tannhelse og forebygging av overvekt. Her må vi heller ikkje gløyma all læringa, og det sosiale samspelet som ligg i å få vera med å planlegge eit måltid, laga maten, venta på tur, hjelpa kvarandre, dekka på bordet og rydda opp etter måltidet. 


Mestringskjensla barnet opplever når maten ligg ferdig på fatet, og barnet/barna kan seia: Sjå, kva vi har laga til mat i dag, må heller ikkje underkjennast.

 
Silda ver gjort klar for servering.

Gåve frå Brødrene Hjønnevåg og smøremat i barnehagen

Torsdag er dag for smøremat i Uskedalen barnehage. Planlegging av måltida ein skal ha byrjar alt tidleig i veka. Det vart bestemt at havregrynsgraut skulle kokast og serverast til frukost. Til middag skulle vi ha fiskekarer, grønsaker og makaroni. Dette er noko alle barna i barnehagen likar veldig godt.


Det passa fantastisk bra når Marit leiar for Brødrene Hjønnevåg fekk høyrde om at vi hadde planlagd fisk til middag i barnehage, og ynskte i denne samanheng å gje oss ei kulinarisk smaksoppleving i form av ulike fiskeprodukt. Så KJEKT.

I barnehagen hadde vi no eit variert utval av fiskeprodukt:

 

Røykesild – Varmrøykt Krydderlaks – fiskekaker og fiskeburger.

 

Så kom torsdagen. Barna gleda seg til smøremat, men mest av alt gleda dei seg til å få laga maten. Fiskeprodukta vart lagt fram. Barna viste at det skulle steikast fiskekaker, men at vi også skulle ha røykesild og varmrøykt krydderlaks var ei overrasking. Kva er dette? Mange av barna hadde aldri smakt verken varmrøykt krydderlaks, eller røykesild. Ungane syntes at røykesilda lukta ganske sterkt og kva var det eigentleg som låg oppå laksen? Dette var spennande og kanskje litt skumelt.

 

Ungane snakka seg i mellom:  Tørr eg å smaka? Eg trur ikkje eg likar sånn. Eg har aldri smakt sånn fisk før. Bestefaren min han ete sånn fisk. Eg har smakt sånn fisk, og det er kjempe godt.

 

Fulle i forventningar starta ungane og dei vaksne med å førebu matlaginga. Fyrst av alt må alle vaske hendene sine. Så var det bare å setje i gang.  Kva skal vi gjera med fiskekakene, laksen og silda? Kva tilbehør treng vi ? Og kva reiskapar må vi finna fram? Kven skal steika fiskekakene, og kven skal skrella gulrøtene? Nokon må dekka på bordet. Kor mange fat må vi finna fram? Kva skal vi drikka? Viktige avgjersler vart teke, og ansvarsoppgåver vart fordelt. Alle måtte hjelpa kvarandre, venta på tur og samarbeida.


Resultatet vart kjempebra. Stolte kokkar kunne setja seg til bords.  På fatet låg det ein smak av laks, sild og fiskekake, samt grønsaker og makaroni. Mange ulike smaksopplevingar.

 

I barnehagen vår er det ikkje greitt å seia: ÆSJ det likar eg ikkje. Eller det er ekkelt.

Under mottoet vårt:

 Det er lov å smake og ikkje lika maten, men det er ikkje lov og ikkje lika maten før du har smakt

 

Skulle alle saman smaka på dei ulike fiskerettane.. Vi har og ein regel som seier det er lov å spytta ut det ein ikkje likar, og det er lov å få meir av den maten ein likar. Så var både små og store klar til nye smaksopplevingar.

 

Mange av barna var veldig tvilande til å smaka røykesilda, men alle smakte. Enkelte likte det så godt at dei ville berre eta røykesild etterpå, medan andre hadde laks, eller fiskekake som favoritt. Dei fleste ungane syntes også at vamrøykt laks varma i steikeomnen, var betre en kald varmrøyk laks. 


Dette vart eit vellukka måltid. Ungane var samde i at dette var kjempegodt. All fiskematen var nesten heilt oppeten. Det låg kun ein liten bit med varmrøykt laks igjen på fatet og litt makaroni.

 
 

Vi vil takka Brødrene Hjønnevåg ved Marit Hjønnevåg for eit fantastisk måltid, og nye smaksopplevingar.

 
 

Tekst/foto: Ann Irene Sæle

Nett/redigering: Kristian Bringedal

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Fiskematen er komen på fat og er klar for servering.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.07.2019
Uskedalselva er open for fiske fram til mandag kveld.
Uskedal elveeigarlag melder at auka vassføring gjer at Uskedalselva vert opna for fiske att i nokre dagar.  Fisket vert stengt att mandag kl.18.

tid
17.07.2019
Ni seglskuter er førebels påmelde til Cruise in Company
Ni seglskuter er førebels påmelde til seglarsamling i Rosendal i denne veka. Talet vil truleg auka. Dei fleste vil gå Storsund fredag 19. juli med retur dagen etter. Nokre skuter kan koma alt i morgon, torsdag 18. juli. Skutene er delte inn i fire klassar, etter storleik.

kb 
17.07.2019
Siste veka med Sommarkafe på Elins Matgleder.
Thea Soltveit Taranger er inne i si siste veke som kafevert på Elins Matgleder i Uskedalen. Onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag er dei siste dagane i denne omgang. Opningstida er kl. 11 -  17.Silobutikkane er opne i den same tida.

kb
15.07.2019
Dugnad på Kunstgrasbanen onsdag kl. 18.
Det vert invitert til dugnad ved Kunstgrasbanen, onsdag 17. juli, kl. 18. Før det gror til med ugras i det som er planert, vert det fylt på med mold, jevna og gjort klart for såing. Dugnadsgruppa har delvis ferie, men det er viktig å få gjort dette arbeidet no i denne veka. Dugnadsleiar, Pål Haugland, tek mot dei som kjem. Ta med rive.

kb
13.07.2019
Bruk 9 på Myklebust er seld.
Bruk 9 på Myklebust er seld. Det var visning laurdag 16. mars. Eigar har vore Olav Hjetland Bringedal. Eiendomsmegler VEST har stått for salet. Det er lokale kjøparar til eigedomen. Det vert no søkt konsejon før innflytting.

kb
11.07.2019
Ambulansebåten hadde oppdrag i Uskedalen natt til torsdag.
Gulen Skyss sin nye ambulansebåt, Rosedoktoren, hadde eit ordinært oppdrag til person i båt i Uskedalen natt til torsdag 11. juli. Etter vel ein halvtime i Uskedalen kring kl. 01.30 gjekk legeskyssen mot Leirvik.

kb
11.07.2019
Sommarope på Byggeriet.
Opningstidene på Byggeriet i juli månad er: Måndag - fredag: kl. 09 - 16.30. Laurdag: kl. 09 - 13. Dette gjeld både for lager og butikk.

kb
10.07.2019
Sommarjobben min - aktuelle namn.
Kvar sommar skriv Uskedalen.no innlegg til overskrifta Sommarjobben min. Det handlar om ungdom som brukar ferien til jobb. Vi har alt skrive om Thea Soltveit Taranger som driv sommarkafe på Elins Matgleder. Kven andre har sommarjobb ? Meld inn namn og type jobb til redaksjonen og vi tek kontakt. Skriv til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
10.07.2019
Ny lekkasje på nettet.
Uskedal Vassverk melder frå om ny lekkasje på nettet. Det går ut 4 liter pr. sekund meir enn det som er vanleg. Styret bed alle vera merksame og melda frå dersom ein ser vatn som kan koma frå ledningsbrot.. Alle med hytter og naust, som ikkje er i bruk heile året, må vera observant. Sjå  særleg etter inntak og stikk inn til husa. Dersom du ser noko som kan vera ein lekkasje, meld frå til Hans Reidar Kjærland på mobil: 99701819.

Uskedal Vassverk
10.07.2019
Elva er stengd for fiske -lite vatn.
Uskedalselva er mellombels stengd for fiske frå i dag, onsdag 10. juli,  kl. 18. Det vert gjort fordi det er lite vatn i elva.

Elveeigarlaget
Siste Nyhende
21.07.2019
Viktig informasjon om nye vassavgifter frå Uskedal Vassverk.
Det foreligg ny prisliste frå Uskedal Vassverk. Overgangen til ei meir differensiert vassavgift vert gjort med bakgrunn i vedtak på årsmøte 8. mai 2019. Den gamle prislista inneheld prisgrupper som ikkje dekkar dagens behov. Informasjon og ny prisliste vert sendt pr. post til alle abonnentane i desse dagar. Les kva styret skriv:
20.07.2019
Ny Spar-generasjon skaper trivsel.
Spar Uskedalen er vide kjende for at dei gjer handelen triveleg for kundane sine.  Prisar og tilbakemeldingar gjennom åra fortel alt om det!  Mange kundevennlege tiltak har med jamne mellomrom dukka opp.  I dag var det ein ny generasjon Spar Uskedalen, Aurora Nilsen Mathisen og Margrethe Nilsen Hillestad, som tok mot kundane på ein særs koseleg måte.
19.07.2019
Tall Ships Races med venskapsetappen gjennom Storsund.

Venskapsetappen til The Tall Ships Races går frå Fredrikstad til Bergen med nokre utvalde hamner under vegs. Rosendal har vore og er ei såkalla Cruise in Company hamn. Fem staseleg seglskuter har så langt passert Uskedalen og går til kai i Rosendal for kvelden og natta. Sundag må alle dei påmelde fartya vera klar for innsegling til Bergen.
18.07.2019
25 år sidan 7- fjellsturen i Uskedalen på 16 timar.
I juli månad 1994 gjennomførte Steinar Haugland og Bjørn Olav Tveit ein fjelltur av det sjeldne slaget. På 16 timar var dei på alle fjelltoppame rundt Uskedalen. Så langt vi kjenner til har dette aldri vore gjort på ein og same dag. Bjørn Olav Tveit var den gongen 20 år, Steinar Haugland var 22 år. Interessa for fjellturar og spesielle stunt starta tidleg.
17.07.2019
Slik skal det ikkje sjå ut på Kunstgrasbanen.
Bos og attgløymde kle er ein gjengangar på Kustgrasbanen. Problemet endrar seg litt i ferietida då det ikkje er faste treningar. Brukarane er ofte dei same, men utan trenar og foreldre som ser på kampane. I fellesferien kjem det mange turistar, båt- og campinggjester og brukar banen og aktivitetsområde rundt. Dersom ein ikkje plukkar og tek boset med seg, er det ingen andre som gjer det.
16.07.2019
Selstad utvidar produksjonen til landbaserte anlegg.
Utstyrsleverandøren Selstad og design- og ingeniørselskapet Koda har inngått
distribusjonsavtale for kar til smolt- og landbaserte anlegg. Med denne avtalen blir Selstad ein forhandler av både kar, røyr, rørsystem og tilhøyrende teknologi. Med denne distribusjonsavtalen kan Selstad stå for  løysingar for landbaserte anlegg og smoltanlegg utover dei løysngane Selstad alt har i dag innan havbruk.
16.07.2019
Grindbygd halvtekkje med torvtak.
Bjarte Eik er praktisk og hendig. Det siste året har han sett opp ei grindbygd halvtekkje til garasjen. Namnet grindbygg kjem av konstuksjonsmetoden med stavar, bete og skråband. Veggene er kledde med ukanta kledning. På sperra ligg det tro eller vi vil kalla sutak. På laurdag var det torvdugnad der ein skar og la torva på plass.
14.07.2019
Frå Tsjekkia - sundagstur på Manen og Englafjell.
Fyrste turen til Kvinnherad og Uskedalen var i 2015. Det er såleis femte gongen ein reiseoperatør frå republikken Tsjekkia legg inn Manen og Englafjell i Uskedalen som eit årleg turmål. Uskedalen.no nådde i gruppa etter nedstiginga og samling på plenen ved Gamleskulen før retur til Sundal Camping, der gruppa bur.
13.07.2019
Ørnulf Myklebust på tur med ex HALSNØY.
Ørnulf Myklebust bur i Danmark. På torsdag i denne veka var han saman med familien på tur til Roskilde og fekk vera med på tur med MS SAGAFJORD, båten som vi kjenner som MS HALSNØY i Kvinnheradruta i mange år. Johannes Sunde var kaptein, Jan Henrik Hansen var maskinist, Olav Hauge var stuert, alle tre frå Uskedalen. MS HALSNØY, bygd i 1957, gjekk i HSD sine ruter fram til 1981.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS