Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Søndag vert det ei skikkeleg flott konsertoppleving i Uskedalen!

20.03.2019
Klikk på bilete for full storleik
Det blir ein veldig flott konsert i kyrkja på søndag!
 
Det ligg an til ei særdeles flott musikkstund når Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin held konsert saman med to svært unge, men musikalske gjester, i Uskedal kyrkje komande søndagskveld.  Etter å ha fått med meg glimt frå øvingane, kan eg lova topp innslag både frå dei tre professjonelle musikarane og frå dei to usedvanleg flinke og sjarmerande barna.
 
Klikk på bilete for full storleik
Yuko Shuto og Kirill Zimin øver til konserten der dei presenterer eit nytt og flott program.
Kvinnherad kulturskule har mange flinke musikarar i staben sin, og svært mange av dei har internasjonal bakgrunn.  Tre av dei som har kome til dei siste åra, er rektor, klarinettist og saxofonist Kirill Zimin, pianisten Yuko Shuto og tubaisten Dmitrii Kuzmin.  Dei er alle klassemusikarar som kan sjå tilbake på mange store opplevingar.
 
 
Kirill Zimin er ein meister på saxofonar og klarinettar.  Han har allereie markert seg i det kvinnherske musikkliv, m.a. i det store Pink Floyd-prosjektet nyleg, og sist helg på jazzkonserten på Husnes i samarbeid med m.a. Husnes musikklag.  Han har også opptredd i Uskedal kyrkje ein gong tidlegare.  At Kirill er klassemusikar, vert understreka av det faktum at han etter 15 år i Norge, vert henta heim til St. Petersburg for å vera solist på store konsertar.  Han lovar ein spennande konsert som musikarane har sett saman spesielt for denne anledningen. Det vert stor breidde i programmet frå flotte klassiske stykke til musikk som nærmar seg jazzsjangeren.
 
Yuko Shuto kom til Kvinnherad sist haust då ho byrja som pianolærar i kulturskulen.  Ho har solid musikkutdanning frå både heimlandet Japan, Griegakademiet i Bergen og Musikkhøgskulen i Oslo.  Etter berre eit godt halvår er mange musikkelskande kvinnheringar blitt svært glade i denne solstråla av ein japansk pianist.  På den store pianokonserten i Valen kyrkje nyleg var Yuko Shuto svært sentral og trollbatt publikum med vakre musikkstykke. No er vi så heldige å få oppleva ho i Uskedalen. Neste månad skal ho ein tur heim til Japan, og der skal ho halde konsert saman med to andre musikarar.
 
Tredjemann, Dmitrii Kuzmin, er tubaist og har berre jobba i kulturskulen sidan nyttår.  Også han har svært så solid utøvarbakgrunn og utdanning.  Han har jobba som tubaist i symfoniorkesteret Musica Aeterna i Perm i Russland.  Dessutan har han brei internasjonal erfaring som utøvande musikar m.a. frå studietida i Tyskland og frå han jobba meir enn fem år i Storbritannia.  Han har også dirigert ulike store orkester.  Konserten i Uskedalen vert den første offisielle solistopptredenen hans i Kvinnherad.  Dette vert spennande, for han er opplagt ein klasseutøvar på instrumentet sitt.
 
Det er eit stort pluss for musikklivet i Kvinnherad at kulturskulen hentar inn lærarar som også er på så høgt nivå som utøvande musikarar.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Dei flinke søskena Artur og Avrora kjem heilt sikkert sjarmere publikum, usedvanleg flinke som dei er.
 
Med tre så dyktige musikarar burde den store, gode opplevinga vera sikra.  Det er ho òg!!  Likevel kan kanskje det to gjestene bli rosina i pølsa.  7 år gamle Artur Zimin debuterte på bekken i skulekorpsuniform i 17.mai-tog i Åndalsnes 3 år gammal.  No har han allereie lagt mykje øving bak seg på trommesettet, og han skal spele trommer på to av låtane saman med dei andre musikarane.  Søstera Avrora Zimina er berre 5 år og ho gler seg veldig til å syngja på konserten.  Og det er ikkje nokon vanleg barnesong ho skal syngja.  For første gong skal ho framføra den kjende amerikanske tradjazzlåten «All of me» på konsert.  Det vil heilt sikkert svinga godt! Artur og Avrora vert ekstra krydder i ein allereie særs velsmakande rett!
 
Konserten er lagt til kl.18 slik at også interesserte barn skal kunna få denne fine opplevinga.  Som vanleg er det ikkje inngangsbillett ved konsertane i Uskedal kyrkje, men det vert høve til å gi gåve ved utgang.
 
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto:  Privat og Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.04.2019
Kafe Tiaren på sin faste vekedag, tysdagen.
Kafe Tiaren har sine rutinar med sin faste kafedag i Gamleskulen, tysdagen frå kl. 11. Det er feil å sei at Kafe Tiaren startar opp i dag etter påske. Kafe Tiaren hadde nemleg ope i påskeveka. I dag er det ny samling med god mat til ein utruleg rimeleg pris, kr. 10 pr. eining. Difor: Du vil ikkje angra på å ta turen. Alt smakar like godt.

kb
22.04.2019
Rosar ungdomen for fin framferd på låvedansen
Innehavar av Dønhaug Gjestegard og arrangør av den årlege påskedansen, Magne Huglen, takkar og rosar ungdomen for fin framferd og god stemning. Det er kjekt å ha så fine ungdomar på besøk på Dønhaug. Truleg vert det same opplegget i påsken 2020, skriv Huglen på si FB side.

kb
22.04.2019
GRETZKY BR vann Habibs Minneløp på Bjerke Travbane.
Travhesten GRETZKY BR vann enno ein gong eit viktig løp på Bjerke Travbane, Habibs Minneløp for 4 - 6 åringar. Trude Helen Døssland og samburaren eig hesten saman med tre venepar. Kusken var Magnus Telen Gundersen. GRETZKY BR vann med minst 4 hestelengder på konkurrentane.

kb
22.04.2019
Gutar 14 arrangerer sykkelrebus onsdag 1. mai.
Den årlege sykkelrebusen rundt dalen er lagt til onsdag 1. mai  frå kl. 11. Start og mål er ved Uskedal skule. Det er fotballaget G 14 Rosendal/Uskedalen som er arrangør. I løypetraseen er det postar med oppgåver. Det er tre fine premiar til vinnarane. Inntekta går til dekking av kostnad med reise og deltaking på Norway Cup.

kb
21.04.2019
Kveldsgudsteneste med songkvintett.
Det er kveldsgudsteneste i dag, 1. Påskedag, i Uskedal kyrkje kl. 19.30. Prest er Arne Nataas. Organist: Kantor Eva Megyesi. Ein songkvintett frå kyrkjekoret Nordsaang vert med på gudstenesta. Dei syng mellom anna salmen Under krossen stod med tåra, tekst frå før 1306, omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1927. Velkomne til gudsteneste i kveld.

kb
20.04.2019
Den årlege påskefesten på Skorpo er i full gang.
Den store påskefesten på Skorpo er i full gang med påskerebus, tur på Skorpefjellet, grilling og leikar for born og vaksne. Festen kvar påske samlar over 100 hyttefolk og fastbuande i alle aldrar, mange av dei kledde i gule påskedrakter. Festen er lagt til Marit og Oskar Langballe sitt tun, ved flaggstonga der det gamle gardshuset stod.

kb
20.04.2019
Trygve Leite spelar poker i Dublin.
Trygve Leite frå Uskedalen er rangert som ein av Noregs beste pokerspelarar, etter gode prestasjonar i inn- og utland. I påskehelga er han på turnering i Dublin. Trygve Leite satsar på pokerspel på heiltid.

kb
19.04.2019
Plagar svanene med båtkøyring.
Redaksjonen har i dag, langfredag, motteke melding frå Eikelandet om at ein liten grå båt med høg fart køyrer tett på svanene og plagar fuglane med sjøskvett. Plassen er mellom Holmen og Stølavikjo. Slik båtkøyring vert ikkje akseptert. Dersom det held fram, vert saka meldt til Politiet. Plaginga pågjekk i om lag 10 minuttar. Hendinga er filma.

Red.
17.04.2019
21 konfirmantar i Uskedalen 12. mai.
Heile 21 ungdomar vert konfirmerte i Uskedalen sundag 12. mai. Det høge talet gjer at konfirmantane vert delte i to grupper, kl. 11 og kl 13. Tidlegare sokneprest i Uskedalen. Lina Håland, er prest. Kantor Eva Meyesi er organist. Soknerådet helsar konfirmantane med bokgåve, Uskedal kyrkje 1914 - 2014.

kb
16.04.2019
Godt billettsal til påskedansen på Dønhaug.
Påskedansen på Dønhaug med Gunslingers er like populær som det har vore i mange år. Måndag morgon var det berre att 70 av totalt 400 billettar. Dermed vert truleg alle billettane selde før dansen tek til onsdag.

kb
Siste Nyhende
23.04.2019
TV programmet Helt naturlig startar i morgon, onsdag 24. april.
Programserien Helt naturlig med innslag om Johannes Hauge på Skorpo startar i morgon, onsdag 24. april, på NRK1. Det naturfotografen og produsenten Jan Grønseth som er ansvarleg for naturporgrammet som vert sendt på datoane 24. april, 1. mai og 15. mai. Johannes Hauge døydde 24. mars i år og hans bortgang vil bli lagt inn i rulleteksten på skjermen.
20.04.2019
Båtens Verden med artikkel om Uskedal Båtlag
Der båtlag møter bygd er tittelen på ein fire siders artikkel i båtmagasinet Båtens Verden. Båtmagasinet har avtale med Kongelige Norske Båtforening ( KNBF ) og når ut til mange tusen lesarar, anten i abonnement eller i laussal i kioskar eller butikkar. SPAR Uskedalen sel Båtens Verden. Tre utgåver i året går ut til alle medlemene i KNBF, eit tal på 37000 medlemer. Artikkelen om båthamna i Uskedalen har såleis stor profilerings- og marknadsføringsverdi for bygda og for heile kommunen.
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
16.04.2019
Janove og Real Ones til Festidalen
Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!  
16.04.2019
Kven saknar denne pengepungen ?


Det er i dag, tysdag 16. april, levert inn på SPAR ein pengepung med eit kattemotiv på. Sjå på bilete. Den vart funnen utanfor Gamleskulen, i den tida det var Kafe Tiar. Dersom du er eigaren, kan du ta kontakt med butikken.


Siste: Mor til eigaren har meldt frå. Det var ei lita jente med namnet Julia, som la pengepungen frå seg mens ho leikte på leikeplassen ved Gamleskulen. Mor og dotter er takksame for hjelpa.




Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunn Mari Moberg
16.04.2019
Gult i gult og god påskestemning på Gro`s Blomster.
I påsken skal det vera gule blomar, anten det er ute- eller inneplanter. Som i  jula, er påsken ei viktig høgtid for alle som driv med blomehandel. For det fyrste skal det pyntast på gravene med påskeliljer, lyng og stemorsblomar. Så er det planting og pynting heime, ute og inne i huset. I innspurten til påsken kjem alle som kjøper påskeblomar som ei gåve og helsing til kjære og kjende.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS